Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

13. Petroleumsskatt – særregel for avskriving av investeringer i nytt LNG-anlegg

Selskapa som driv utvinning og røyrleidningstransport av petroleum på norsk kontinentalsokkel, blir skattlagt etter særreglane i petroleumsskattelova.

Kostnader til erverv av røyrleidning og produksjonsinnretning med dei installasjonar som er ein del av eller tilknytt slik innretning, kan avskrivast lineært med inntil 16 2/3 pst. per år, dvs. over 6 år, jf. petroleumsskattelova § 3 b andre punktum.

For å sikre utbygging av Snøhvit-feltet i Barentshavet blei det i 2001 vedteke ein særleg regel for avskriving med inntil 33 1/3 pst. per år, dvs. over 3 år, av investeringar i nytt storskala LNG-anlegg, jf. Ot.prp. nr. 16 (2001–2002). Ordninga blei klaga inn for EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) med ein påstand om at ho var i strid med statsstøttereglane. For å sikre ei rask avklaring, og for å klargjere rammevilkåra for Snøhvit-utbygginga, blei særregelen i petroleumsskattelova endra til å gjelde nytt storskala LNG-anlegg som ligg i Finnmark fylke eller i kommunane Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa eller Kvænangen i Troms fylke, jf. petroleumsskattelova § 3 b tredje punktum.

Departementet viser til Ot.prp. nr. 84 (2001–2002) for ein nærare omtale av den geografisk avgrensa særregelen i petroleumsskattelova. Ordninga blei godkjent av ESA i 2002 og 2006 som ei regional støtteordning etter EØS-avtalen artikkel 61 tredje ledd.

Gjeldande retningslinjer frå ESA om regionalstøtte gjeld fram til 30. juni 2014. På det same tidspunktet fell godkjenninga frå ESA om støtte etter petroleumsskattelova § 3 b tredje punktum bort.

Regjeringa ønskjer å vidareføre den geografiske avgrensa særregelen i petroleumsskattelova. Da må ordninga notifiserast og bli godkjend av ESA for ein ny periode.

ESA har fastsatt nye retningslinjer for regionalstøtte med verknad frå 1. juli 2014. Energisektoren er ikkje lenger omfatta av dei nye retningslinjene for regionalstøtte. Støtte til denne sektoren skal i staden bli handsama etter retningslinjene for miljø- og energistøtte. Retningslinjene frå EU-kommisjonen av 9. april 2014 om miljø- og energistøtte fastset likevel at oppstraums petroleumsverksemd ikkje er omfatta av reglane.

Utviklinga i reglane om tillaten statsstøtte gjer det usikkert om ordninga i petroleumsskattelova vil bli godkjend av ESA for ein ny periode med verknad frå 1. juli 2014. Regjeringa fortset arbeidet med å kartleggje handlingsrommet for støtte til energisektoren med sikte på å få støtteordninga i petroleumsskattelova godkjend etter reglane i EØS-avtalen om statsstøtte.

Komiteen tar omtalen til orientering.