1. Innledning
Regjeringa foreslår lovendringar på skatte-, avgifts- og tollområdet:
Overgangsregelen til endringa i friinntekta i petroleumsskatten for samla prosjekt for utbygging og transport blir utvida. Det blir òg foreslått å innføre ei tidsavgrensing slik at overgangsregelen endeleg sluttar å gjelde frå og med inntektsåret 2021.
Inntekter som har sitt opphav i solidaransvaret for arbeidsgivarplikter etter skipsarbeidslova, overfor arbeidstakarar m.m. i ikkje tillaten verksemd eller overfor arbeidstakarar m.m. om bord på ikkje tillatne fartøy, skal skattleggjast på lik linje med finansinntekt innanfor reiarlagskatteordninga.
Meirverdiavgiftsreglane for frivillig registrerte for utleige av fast eigedom m.m.: Søknadskravet for allereie avgiftsregistrerte blir oppheva. Verknadstidspunktet blir endra slik at utleigarane får noko lengre tid til å områ seg.
Likningslova § 8-8: Opplysningar om kven som har søkt i skattelista blir tilgjengeleg for skattytar elektronisk på skatteetaten.no.
Offentleglova § 26: Opplysningar i aksjonærregisteret unnatekne frå innsyn.
Folketrygdlova § 23-2: Offentleggjering av differensiert arbeidsgivaravgift.
A-opplysningslova § 12 a gir departementet heimel til i forskrift å fastsetje særskilde reglar om tilpassa innføring og prøvedrift.
Likningslova § 2-1: Departementet kan nemne opp særskilde skattekontor for handsaming av bestemde grupper av skattytarar.
Klargjeringar og opprettingar utan realitetsendringar i lovtekst.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Lisbeth Berg-Hansen, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Marianne Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Tom E. B. Holthe og Hans Andreas Limi, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre Terje Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, viser til at regjeringens vurderinger og forslag er utfyllende omtalt i Prop. 94 LS (2013–2014). For nærmere omtale av bakgrunnen for og vurderingene knyttet til de ulike forslagene, vises det til selve proposisjonen. I kapitlene nedenfor begrenses saksomtalen til oppsummerende sammendrag.
Komiteen viser for øvrig til Innst. 260 S (2013–2014) kapittel 4 der regjeringens forslag til avgiftsendringer i Prop. 94 LS (2013–2014) kapittel 5 (båtmotoravgift), kapittel 6 (avgiftsfrie innførselskvoter) og kapittel 7 (elavgift) behandles.