5. Tilråding frå komiteen
Tilrådinga frå komiteen til romartal I vert fremma av ein samla komité.
Tilrådinga frå komiteen til romartal II vert fremma av Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.
Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
I
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre desse investeringsprosjekta som er omtala i Prop. 97 S (2013–2014):
1. E16 Sandvika–Wøyen innanfor ei kostnadsramme på 4 210 mill. kroner
2. E39 Eiganestunnelen innanfor ei kostnadsramme på 3 170 mill. kroner
3. E6 Indre Nordnes–Skardalen innanfor ei kostnadsramme på 1 210 mill. kroner
4. dobbeltspor Sandnes–Stavanger innanfor ei kostnadsramme på 2 675 mill. kroner
5. forsterka straumforsyning på Ofotbanen innanfor ei kostnadsramme på 173 mill. kroner
6. nytt dobbeltspor Oslo–Ski innanfor ei kostnadsramme på 26 300 mill. kroner.
II
Stortinget ber regjeringa fremje ein strategi for bruk av offentleg-privat samarbeid i utbygging av infrastrukturtiltak, og orientere Stortinget om denne på eigna måte.