4. Programkategori 21.50 Jernbaneformål
- 4.1 Jærbanen – Sandnes–Stavanger og Ganddal godsterminal
- 4.2 Vestfoldbanen – Farriseidet–Porsgrunn
- 4.3 Ofotbanen – forsterka straumforsyning
- 4.4 Steinberg stasjon
- 4.5 Brannsikringstiltak i Oslotunnelen
- 4.6 Nytt dobbeltspor Oslo–Ski
Prosjekta Sandnes–Stavanger og Ganddal godsterminal er sist omtalte i Prop. 1 S (2013–2014), med kostnads- og styringsrammer på høvesvis 2 577 og 2 567 mill. kroner for Sandnes–Stavanger, og 759 og 674 mill. kroner for Ganddal godsterminal. Desse kostnads- og styringsrammene var baserte på eit sikringsanlegg av type Merkur som Statens jernbanetilsyn ikkje godkjente for generell bruk.
Ganddal godsterminal blei sett i drift i januar 2008 med manuell togstyring utan signalanlegg og sikra som sidespor, medan Sandnes–Stavanger blei sett i drift i november 2009 med det signalanlegget som var på strekninga før utbygginga. Nytt signal- og sikringsanlegg skulle kjøpast samtidig for dei to prosjekta.
Jernbaneverket har gjennomført ei ny planlegging av permanente sikringsanlegg basert på inngått rammeavtale med Thales. Behovet for midlar til dei to prosjekta i 2014 er om lag 120 mill. kroner lågare enn budsjettert, medan behovet i 2015 aukar tilsvarande. Midlane i 2014 blir omdisponert til prosjektet dobbeltspor Farriseidet–Porsgrunn.
Etaten tilrår at kostnads- og styringsramma for Sandnes–Stavanger blir auka til høvesvis 2 675 mill. kroner og 2 642 mill. kroner, medan kostnads- og styringsramma for Ganddal godsterminal ikkje blir endra.
Samferdselsdepartementet foreslår at kostnads- og styringsramma for Sandnes–Stavanger blir auka i tråd med tilrådinga frå Jernbaneverket.
Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til regjeringa sine vurderingar.
Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2013–2014), med ei kostnadsramme på 6 998 mill. kroner og ei styringsramme på 6 507 mill. kroner.
Med rasjonell framdrift for inngåtte kontraktar er behovet for midlar i 2014 auka med 200 mill. kroner frå det som er sett av i Prop. 1 S (2013–2014). Behovet for midlar i 2015 blir redusert tilsvarande. Prognose for sluttkostnad og tidspunkt for når prosjektet blir ferdig er uendra.
Det auka behovet for midlar i 2014 blir dekt opp m.a. ved å omdisponere frå prosjektet Sandnes–Stavanger og Ganddal godsterminal og Steinberg stasjon.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet, har ingen merknader og sluttar seg til regjeringa sine vurderingar.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser til Innst. 209 S (2013–2014), jf. Dokument 8:42 S (2013–2014) om Steinberg stasjon på Sørlandsbanen, der stortingsfleirtalet beståande av Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre ikkje ønskjer å gjennomføre ei fullstendig oppgradering av Steinberg stasjon.
Prosjektet er omtalt i Prop. 1 S (2013–2014), med førebelse kostnads- og styringsrammer på 142 mill. kroner og 125 mill. kroner. Jernbaneverket har gått gjennom prosjektet på nytt. Dette har resultert i at fleire løysingar og tilrådingar i hovudplanen er endra.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke kostnadsramma til 173 mill. kroner og styringsramma til 155 mill. kroner.
Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til regjeringa sine vurderingar.
Steinberg stasjon ligg på Sørlandsbanen i Nedre Eiker kommune. Det er 3 km til stasjonane både i Hokksund og Mjøndalen.
I det omfattande arbeidet med å legge om og forbetre heile rutesystemet på Austlandet frå desember 2012 blei det klart at utan infrastrukturinvesteringar på om lag 100 mill. kr måtte Steinberg stasjon leggjast ned for å frigjere kapasitet.
Stasjonen blei mellombels stengd og fekk eit busstilbod betalt gjennom Samferdselsdepartementets trafikkavtale med NSB AS. I Prop. 1 S (2013–2014) er det lista opp fleire konkrete tiltak som må gjennomførast før stasjonen kan opnast på nytt. Vidare må Jernbaneverket gjennomføre ei trafikksimulering av ruteplanen for å sikre at løysingane er robuste. Alle tiltaka er kostnadsrekna til om lag 200 mill. kroner.
Jernbaneverket har gjennomført trafikksimuleringar og meiner at det ikkje er mogleg å sjå isolert på Steinberg stasjon.
Regjeringa ønskjer ikkje å prioritere ny opning av Steinberg stasjon i 2014 framfor å gjere det mogleg å auke trafikktilbodet på Sørlandsbanen. I staden for å opne Steinberg stasjon for ordinær trafikk i grunnruta legg regjeringa opp til at innsatstog morgon og ettermiddag kan stoppe på stasjonen. Av løyvinga for 2014 vil det bli brukt midlar til å gjennomføre sikringstiltak for å betre tryggleiken på Steinberg stasjon, tiltak for å betre punktlegheita og leggje til rette for at innsatstog kan stoppe på stasjonen. Vidare vil det bli sett av midlar til å starte utgreiing/planlegging av dobbeltspor mellom Drammen og Hokksund som skal vere framtidige knutepunktstasjonar. I budsjettet for 2014 er det sett av 130 mill. kroner. Av dette blir om lag 65 mill. kroner brukt på dei nemnde aktivitetane. Resten vil bli brukt til å sikre rasjonell framdrift på investeringsprosjektet Farriseidet–Porsgrunn.
Komiteen viser særleg til at proposisjonen omtalar Steinberg stasjon. Komiteen viser i denne samanhengen til at Steinberg stasjon har vore til særskilt handsaming i Stortinget i samband med Dokument 8:42 S (2013–2014), og viser til merknadene i Innst. 209 S (2013–2014).
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser til Innst. 209 S (2013–2014), jf. Dokument 8:42 S (2013–2014) om Steinberg stasjon på Sørlandsbanen, der stortingsfleirtalet beståande av Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre ikkje ønskjer å gjennomføre ei fullstendig oppgradering av Steinberg stasjon i tråd med tidligare vedtak i Stortinget.
Desse medlemene vil vise til at det i samband med Stortinget si behandling av Prop. 1 S (2013–2014) for Samferdselsdepartementet blei løyvd 130 mill. kroner til prosjekt i tilknyting til Steinberg stasjon, og at følgjande står under kap. 1350 Jernbaneverket, post 30 Investeringar i lina:
«Prosjektet planlegges gjennomført med sikte på ruteendring i desember 2014, og tiltakene ferdigstilles i 2015. I sum er kostnadene for tiltakene på Steinberg, Hokksund og Rødgata foreløpig beregnet til om lag 200 mill. kr. Det foreslås 130 mill. kr til prosjektet i 2014.»
Desse medlemene har merka seg at regjeringa foreslår å omdisponere 65 mill. kroner av dei 130 mill. kroner som var løynd til Steinberg stasjon i statsbudsjettet til investeringsprosjektet Farriseidet–Porsgrunn på Vestfoldbanen. Desse medlemene har vidare merka seg at regjeringa skriv at:
«Regjeringa ønskjer ikkje å prioritere ny opning av Steinberg stasjon i 2014 framfor å gjere det mogleg å auke trafikktilbodet på Sørlandsbanen».
Desse medlemene vil understreke at dei er opptekne av å auke tilbodet på Sørlandsbanen. Desse medlemene synes det er merkeleg at regjeringa, dersom den er oppteken av å styrke Sørlandsbanen, ikkje har foreslått auke i midlar til Sørlandsbanen når dei foreslår å omprioritere midlar som er løyvd til tiltak i tilknyting til Steinberg stasjon.
Desse medlemene vil vise til sitt forslag i Innst. 209 S (2013–2014), jf. Dokument 8:42 S (2013–2014); som er som følgjer:
«Stortinget ber regjeringen følge opp Stortingets vedtak i statsbudsjettet for 2014 med bevilgning til oppgradering av Steinberg stasjon på Sørlandsbanen i Nedre Eiker, slik at stasjonen kan gjenåpnes for trafikk som planlagt i desember 2014 og tiltakene kan ferdigstilles i 2015.»
Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2013–2014). Etter tilsyn frå Oslo Brann- og redningsetat i 2011 fekk Jernbaneverket pålegg om å byggje m.a. røykventilasjonsanlegg og brannvassleidning i Oslotunnelen og å lage planar for ytterlegare tiltak for å betre tryggleiken ved evakuering. Planane blei leverte i januar 2014 og viste at det mest tenlege tiltaket er å byggje ein ny nødutgang ved Elisenberg stasjon. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til prosjektet når det ligg føre nærare planavklaring.
Komiteen har ingen merknader og sluttar seg til regjeringa sine vurderingar.
Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2013–2014). For 2014 er det sett av 1 220 mill. kroner til vidare prosjektering, grunnerverv, førebuande arbeid og eventuell anleggsstart. Det er lagt fram ei førebels kostnadsramme for prosjektet på om lag 24,1 mrd. kroner og ei styringsramme på om lag 20,6 mrd. kroner (omrekna til 2014-kroner), ekskl. bygging av parkeringsanlegga på Ski stasjon. Arbeidet med den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet blei avslutta i april 2014.
Samferdselsdepartementet tilrår at det i det vidare arbeidet med prosjektet blir lagt til grunn ei kostnadsramme på 26,3 mrd. kroner og ei styringsramme på 24,4 mrd. kroner.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, er positiv til at Follobanen nå skal utbyggjast, og sluttar seg til den auka kostnads- og styringsramma.
Fleirtalet føreset at det vert planlagt og bygd ein kapasitetssterk påkopling av Østfoldbanens østre linje til Follobanen. Fleirtalet føreset vidare at «Vevelstadavgreininga» fortsatt ligg inne i prosjektet som eit avgreiningspunkt for ei eventuell seinare høgfartsutbyggjing mot Europa.
Medlemene i komiteen frå Høgre og Fremskrittspartiet har ingen merknader og sluttar seg til regjeringa sine vurderingar.