Samferdselsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg til endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova) som skal leggje til rette for gjennomføringa av EØS-reglar om busspassasjerrettar, og vere ei nasjonal tilpassing til, europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 181/2011 om busspassasjerrettar og om endring av rådsforordning (EF) nr. 2006/2004 (forordninga).

EU har vedteke forordningar som sikrar rettar for passasjerar som reiser med fly, tog, buss og sjøtransport. Forordning 181/2011 om busspassasjerrettar vart vedteken i EU 16. februar 2011 og tredde i kraft i EU 1. mars 2013. Forordninga er enno ikkje teken inn i EØS-avtalen. Det er venta at EØS-komiteen vil vedta å innlemme forordninga i EØS-avtalen, med atterhald om samtykke frå Stortinget på vanleg måte.

EUs forordning om busspassasjerrettar set minstekrav til kva rettar busspassasjerar skal ha. Forordninga legg plikter på medlemsstatane, transportørar, bussterminaloperatørar, reisebyrå og reisearrangørar. Forordninga pålegg òg plikter for underleverandørar som billettutferdarar og for undertransportørar.

Forordninga tek sikte på å betre passasjerrettane innanfor busstransport, og skal særleg betre rettane til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne. Vidare skal forordninga sikre ikkje-diskriminering i samband med dei transportvilkåra transportørane tilbyr, i tillegg til å gje assistanse til personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne.

Etter forordninga har passasjerar med nedsett funksjons- eller rørsleevne rett til transport på ikkje-diskriminerande vilkår. For det første kan ein transportør, eit reisebyrå eller ein turoperatør ikkje nekte å akseptere ei førehandstinging, utferde ein billett eller nekte ein passasjer å gå om bord på grunn av nedsett funksjons- eller rørsleevne. For det andre har personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne krav på å kunne gjere reservasjonar og kjøpe billettar utan ekstra kostnad.

Forordninga tek òg sikte på å fastsetje kva rettar passasjerane har ved ulykker, og reglar om erstatningsansvar og plikter hos transportørane ved kansellering og forseinkingar. Det er sett minstekrav til informasjon og krav til handsaming av klager. Forordninga har òg generelle reglar om klagehandsaming og handheving.

Forordninga gjeld for passasjerar som nyttar rutetransport som er open for alle, og der passasjerane stig om bord eller går av på området til ein medlemsstat. Forordninga gjeld for rutetransport når den planlagde ruteavstanden er på 250 km eller meir. Delar av forordninga gjeld òg for rutetransport utan omsyn til ruteavstand.

Nokre av reglane i forordninga gjeld òg for tilfeldig transport. Forordninga opnar for nokre unnatak.

Gjennomføring av forordninga inneber ei harmonisering av busspassasjerrettar innan EØS. Vidare inneber forordninga ei harmonisering av rettane til passasjerar som nyttar ulike transportformer.

Norsk rett

Norsk rett har ikkje ei samla regulering av busspassasjerrettar, men har ikkje reglar som er direkte i strid med forordninga.

Dei nemnde EU-reglane som er, eller vil verte, gjennomførte i norsk rett sikrar rettar for passasjerar med alle transportslag med unnatak av trikk, T-bane og bybane. Passasjerar som reiser med trikk, T-bane og bybane, har likevel etter norsk rett langt på veg dei same materielle rettane som busspassasjerar.

Departementet peika i høyringa på at det i samband med forskriftsendringane som gjennomfører forordninga om busspassasjerrettar i norsk rett, kan vere aktuelt å utvide ansvarsområdet til Transportklagenemnda til òg å omfatte klager på transportvilkåra frå passasjerar med trikk, T-bane og bybane.

Om lovframlegget og iverksetjing

Yrkestransportlova rettar seg mot dei som mot vederlag driv eller vil drive persontransport med motorvogn eller fartøy. Framlegget gjeld berre transport med motorvogn.

Det vert gjort framlegg om heimel i yrkestransportlova, jf. forslag til «Ny § 32 a skal lyde» 32 a passasjerrettar:

  • 1. Ny § 32 a første ledd i yrkestransportlova skal gje departementet heimel for gjennomføring og utfylling av reglar om busspassasjerrettar som er tekne inn i EØS-retten. Føresegna gjev departementet heimel for å gjennomføre forordning 181/2011 om busspassasjerrettar, samt framtidige EØS-reglar på området, i forskrift.

  • 2. Andre ledd skal gje departementet heimel for å peike ut terminalar der reisande med nedsett funksjons- eller rørsleevne kan få assistanse. Departementet får heimel til å gje nærare forskrift på området. Heimelen opnar både for at departementet kan peike ut terminalar direkte, og for at departementet kan fastsetje i forskrift kva vilkår som må vere til stade for at ein terminal skal få slike plikter.

  • 3. Tredje ledd skal gje heimel for departementet til å opprette eit nasjonalt klageorgan for løysing av tvistar mellom passasjerar og den som driv persontransport med motorvogn i rute, og andre som har plikter overfor passasjerane i samband med rutetransport. Dette inneber at i tillegg til den som driv persontransport i rute, medrekna selskap med transportøransvar som administrerer rutesamband i fylka, vil òg ansvarlege for drift av bussterminalar, reisebyrå som formidlar bussreiser, turoperatørar som sel billettar for reiser med rutebuss og underleverandørar som til dømes dei som sel billettar, kunne verte omfatta av klageordninga. Klageorganet kan handsame både klager etter EØS-regelverket og klager på transportørane sine transportvilkår. Føresegna gjev departementet heimel til å gje nærare forskrift om at klageorganet heilt eller delvis skal finansierast gjennom gebyr frå den som driv persontransport med motorvogn i rute, andre som er omfatta av ordninga, og klagarane. Departementet kan òg gje nærare forskrift om innkrevjing av gebyr. Departementet får dessutan heimel til å gje forskrift om oppnemning av klageorganet, verkeområde, samansetjing, organisering, sakshandsaming og tilhøvet til valdgiftsklausular i samsvar med luftfartsloven § 10-44 andre ledd nr. 1 til 3 og nr. 5 og 6. Det vert òg fastsett at reglane i luftfartsloven §§ 10-45 til 10-47 gjeld tilsvarande. Avgjerdene i klageorganet skal ikkje vere rettsleg bindande.

  • 4. Fjerde ledd skal gje heimel for at departementet kan fastsetje at den som driv persontransport med motorvogn i rute i, til eller frå Noreg, eller andre som i samband med slik transport har pliktar overfor passasjerane, skal vere omfatta av klageordninga i tredje ledd. Det er i hovudsak dei som driv rutetransport med buss, medrekna selskap med transportøransvar som administrerer rutesamband i fylka, som vil verte pålagde å vere omfatta av klageordninga. Dersom personbil (taxi) vert nytta til å utføre transport i rute, vil den som driv verksemda òg verte omfatta av reglane. Departementet kan òg fastsetje at andre som i samband med rutetransport har plikter overfor passasjerane, skal vere omfatta av klageordninga.

  • 5. Femte ledd skal gje departementet heimel for å peike ut eit nasjonalt handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglane i første til fjerde ledd vert følgde. Føresegna skal òg gje heimel for at handhevingsorganet kan gje pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på reglane i første til fjerde ledd ved brot på EØS-reglane. Vidare gjev føresegna departementet heimel til å gje forskrift om at handhevingsorganet utan omsyn til teieplikta kan krevje innsyn og informasjon frå den som mot vederlag driv persontransport med motorvogn i rute, eller andre som i samband med slik transport har plikter overfor passasjerane.

Iverksetjing

Det vert lagt opp til at lovendringa skal tre i kraft frå den tid Kongen fastset.

Tidspunktet lova skal tre i kraft kan då tilpassast det tidspunktet forordninga om busspassasjerrettar vert teken inn i EØS-avtalen, og nødvendige forskrifter er fastsette.

Høyring

Samferdselsdepartementet sende 18. desember 2013 saka ut på høyring. Høyringa er nærare omtala i pkt. 2.2 i proposisjonen.

Av dei høyringsinstansane som har svart, er det elleve som ikkje har merknader til saka. Fire høyringsinstansar gjev uttrykk for at dei er positive til framlegget utan å gå nærare inn i detaljane. Tolv høyringsinstansar har substansielle merknader til saka. Alle høyringsinstansane med substansielle merknader i saka er i hovudsak positive til framlegget om å utvide rettane for busspassasjerar.

Merknadene frå høyringsinstansane er tekne inn i pkt. 7 i proposisjonen.

Framlegget til lovendringar som no vert fremma, skal vere eit rammeverk for reglar om busspassasjerrettar. Dei nærare reglane om busspassasjerrettar vil verte fastsette i forskrift.

Økonomiske og administrative konsekvensar

I høyringsnotatet viste departementet til at gjennomføringa av forordninga om busspassasjerrettar i norsk rett vil innebere økonomiske og administrative konsekvensar både for private aktørar og for det offentlege. Konsekvensane vil først oppstå når sjølve forordninga vert implementert i forskrift.

Dei største kostnadene for private vil oppstå på dei terminalane som vert peika ut til å etablere ei assistanseordning for personar med nedsett funksjons- eller rørsleevne. Dette kan føre til at dei som driftar terminalane, må auke talet på tilsette for å ta vare på tilbodet til desse passasjergruppene.

Dei auka kostnadene for dei private aktørane vil kunne dekkjast både gjennom eiga effektivisering, auke i billettprisane og tilpassing av rutetilbodet.

For det offentlege vil kostnadene vere knytte til handhevingsorganet, fylkeskommunane og Transportklagenemnda. Statens vegvesen vil få utvida arbeidsoppgåvene sine når det gjeld tilsyn med passasjerrettar.

Fylkeskommunane kan, som kjøpar av kollektivtransport, få auka utgifter som følgje av at transportørane får eit høgare kostnadsnivå etter at forordninga er gjennomført.

Økonomiske og administrative konsekvensar for kommunesektoren vil verte nærare omtala i samband med forskriftsarbeidet. For Transportklagenemnda vil innlemming av klager frå busspassasjerar føre til endringar.

Detaljane rundt finansieringa av klagenemnda vil verte nærare omtalte i samband med forskriftsarbeidet. Eventuelle økonomiske konsekvensar for staten vert dekka innan ordinære budsjett eller sett fram som eigne budsjettframlegg.