2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S. Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, viser til at Sametinget si årsmelding 2012 vart vedteken av Sametinget i plenum 28. februar 2013, og at Meld. St. 48 (2012–2013) vart lagt fram av regjeringa Stoltenberg II.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at staten Noreg opphavleg er etablert på territoriet til to folk, samar og nordmenn, og at begge folka har den same retten til og det same kravet på å kunne utvikle sin kultur og sitt språk. Samane er eit urfolk som har folkerettsleg krav på eit særleg kulturvern.
Fleirtalet viser til at stortingsmeldinga peikar på viktige utfordringar som handlar om samisk språk og kultur, og at bevaring og styrking av dei samiske språka står sentralt i den samiske kulturen si framtid.
Fleirtalet har også merka seg at det i stortingsmeldinga blir vist til at kunnskap og kompetanse er grunnlaget for utvikling og styrking av samisk samfunn, og at Sametinget si hovudmålsetjing innanfor kunnskapssektoren er at den samiske befolkninga skal ha kunnskap, kompetanse og ferdigheiter for å utvikle og styrkje sitt samfunn.
Fleirtalet har merka seg at Sametinget er i dialog med sentrale myndigheiter, kommunar, fylkeskommunar og andre aktørar i arbeidet for å sikre helse-, sosial- og barnevernstilbod til det samiske folket.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, viser til at det er viktig og berikande for Noreg å ta vare på samisk språk, kultur og tradisjonar.
Dette fleirtalet viser til at norsk og samisk er likeverdige språk.
Dette fleirtalet viser til at regjeringa vil utvikle samisk næringsliv og reiseliv som er knytt til samisk kultur og til dei tradisjonelle samiske næringane. Dette fleirtalet viser også til at regjeringa vil bevare Sametinget og konsultasjonsordninga mellom Sametinget, Stortinget og regjeringa og etablere eit samarbeid på tvers av grensene når det gjeld samiske språk.
Et tredje flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, viser til at Sametinget i sin språkmelding har foreslått en rekke endringer i dagens modell for arbeidet med samisk språk, og at Sametinget foreslår å legge det overordnede ansvaret for utviklingen av samisk språk til Sametinget. Dette flertallet mener at spørsmål knyttet til språk og utdanning er svært sentrale i politikkutformingen for den samiske befolkningen, og merker seg at departementet legger opp til å vurdere forslaget fra Sametinget i forbindelse med de planlagte konsultasjonene om eventuell revisjon av samelovens språkregler. Stortinget må holdes godt orientert om framdriften i dette arbeidet.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at konsultasjonsordninga mellom statlege myndigheiter og Sametinget er eit av dei viktigaste rammeverka for å sikre samane sin folkerettslege rett til deltaking i saker som vedkjem dei.
Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, viser til omtalen i Sametingets årsmelding 2012 av oppdraget som er gitt Helse Nord om å gjennomføre en bedre tolketjeneste i helsetjenesten til den samiske befolkningen. Sametinget er opptatt av at tiltak som er startet opp gjennom dette tolkeprosjektet videreføres ut over den avtalte prosjektperioden, som utløp ved årsslutt 2012. Dette flertallet understreker betydningen av å sikre tilgangen på samiske tolker ved helseinstitusjonene og legger vekt på at Helse- og omsorgsdepartementet og Sametinget i sitt videre arbeid kommer fram til gode løsninger for å sikre tilfredsstillende tolketjenester.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at Sametinget prioriterer kulturføremålet høgt. Nytt bygg for det sørsamiske museet Saemien Sitje er det som er kome lengst av dei samiske kulturbyggprosjekta.
Fleirtalet viser også til at det i stortingsmeldinga blir peika på at hovudmålsetjinga til Sametinget sin areal- og miljøpolitikk er å sikre eit langsiktig og berekraftig perspektiv i all forvalting av ressursar og areal.
Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, viser til at komiteens flertall i budsjettinnstillingen, jf. Innst. 16 S (2013–2014), framhever betydningen av at det nye museumsbygget for Saemien Sitje blir realisert.
Realisering av dette tiltaket, som kulturinstitusjon, formidlingsarena og reiselivsmål, vil være viktig for regional kultur- og næringsutvikling og framstå som et fyrtårn for den sørsamiske kulturen.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at disse medlemmer foreslo en oppstartsbevilgning på 5 mill. kroner i 2014.
Komiteens medlem fra Venstre viser til at planene for det nye museet er ferdig, og byggeprosessen kan starte så raskt bevilgningene for dette formålet er klare. Det nye museumsbygget skal plasseres på Horjemstangen ved Snåsavannet i Snåsa kommune. Dette medlem viser til Venstres alternative statsbudsjett for 2014 hvor oppstartsbevilgning for dette prosjektet er prioritert.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at det i stortingsmeldinga blir peika på at primærnæringane er dei viktigaste næringane for sysselsetjing i dei samiske områda. Fleirtalet har merka seg at Sametinget sitt hovudmål for næringsutvikling er å skape eit sterkt og allsidig næringsliv, eit næringsliv som byggjer på og tek omsyn til samisk kultur, natur og miljø, og å skape eit næringsliv som legg grunnlaget for livskraftige lokalsamfunn der menneske ønskjer å bu.
Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, viser til at Stortinget den 27. mai 2013 vedtok en endring av reindriftsloven som innebærer en avvikling av områdestyrene og overføring av områdestyrets oppgaver til Fylkesmannen. Hensikten med endringene var å få en mer oversiktlig og effektiv forvaltning, som også kan inngå i et bredere faglig miljø. Dette flertallet viser til at Reindriftsstyret under den nye organiseringen videreføres som tidligere, og skal bidra til å sikre samisk medvirkning i den offentlige forvaltningen av reindriften.
Dette flertallet er kjent med at det i løpet av 2012/2013 ble gjennomført konsultasjoner med Sametinget, men at det ikke ble oppnådd enighet mellom partene.
Dette flertallet merker seg at regjeringen Solberg ikke følger opp konsultasjonsordningen, jf. siste endringer vedrørende sammenslåing av Reindriftsforvaltningen med Statens Landbruksforvaltning. Dette flertallet mener det er beklagelig at regjeringen Solberg ikke følger opp konsultasjonsordningen med Sametinget og således svekker ordningen.
Dette flertallet understreker at reindriften står overfor betydelige utfordringer med å nå det tredelte målet om økologisk, økonomisk og kulturell bærekraft, og gjennom den pågående reintallstilpasningen. I denne situasjonen er det svært viktig at reindriftsforvaltningens arbeid er av en kvalitet som ivaretar rettssikkerheten for de berørte aktørene, og at forvaltningen har tillit og legitimitet i befolkningen. Av denne grunn er det også viktig at reindriftspolitikken konsulteres med Sametinget, og forankres i Stortinget. Dette flertallet ber derfor regjeringen legge fram en sak for Stortinget om reindriftspolitikken, med en evaluering av reindriftsloven med sikte på å ivareta små aktører i reintallstilpasningen i større grad enn det man gjør i dag, og med en vurdering av organiseringen av reindriftsforvaltningen.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser også til at Sametinget ønskjer å utvikle politikken for vekst i kulturnæringane og gjorde i 2012 vedtak om å setje i gong eit prosjekt i eigen regi for å oppnå dette.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, peikar på at det i stortingsmeldinga blir vist til at primærnæringane er dei viktigaste næringane for sysselsetjinga i dei samiske områda. Det blir også peika på at rovvilt er ei stor utfordring for reindrifta. Dette fleirtalet viser til at reindrifta er ein avgjerande del av den samiske kulturen, og at rovviltutfordringane kan true den sørsamiske kulturen i desse delane av landet om det totale rovviltpresset blir for stort.
Dette fleirtalet viser til at det i rovviltforliket, som eit samla storting vedtok i juni 2011, står at rovvilt ikkje skal representere skadepotensial i prioriterte beiteområder og kalvingsområde for tamrein, og at det skal setjast i verk nødvendige tiltak både innafor rovdyrforvaltinga og reindrifta med sikte på å sikre situasjonen for sørsamisk tamreinsdrift. Dette fleirtalet meiner det er viktig at desse punkta i rovviltforliket blir gjennomført på ein god måte.
Dette fleirtalet har også merka seg at sametinga i Noreg, Sverige og Finland har oppnemnt kvar sitt medlem i ein komité som skal utforme ein felles rovviltpolitikk og føreslå reglar for forvaltinga.
Et tredje flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, vil understreke at en god kommuneøkonomi er viktig for at det skal kunne gis likeverdige tjenester til den samiske befolkningen, særlig i forvaltningsområdet for samisk språk. Dette flertallet peker på at meldingen skisserer utfordringer når det gjelder kostnader for tospråklige kommuner, mangel på personell med samisk språk og kulturkompetanse, uklarhet om finansieringsansvar, negative holdninger og liten kunnskap, og mangel på rutiner som ivaretar samiske hensyn.