Samandrag

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår i proposisjonen ein heimel i pasientskadelova for at Kongen i forskrift kan bestemme kva for institusjonar under den kommunale helse- og omsorgstenesta som skal vere omfatta av pasientskadelova.

Pasientskadelova gjeld i dag skade påført i institusjon under kommunehelsetenesta, det vil seie sjukeheimar og døgnplassar for akutt hjelp. Lova omfattar i dag ikkje institusjonar som tidlegare var omfatta av sosialtenestelova, det vil seie barnebustader, rusinstitusjonar og aldersheimar.

Ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester tok til å gjelde 1. januar 2012, og samstundes blei sosialtenestelova og kommunehelsetenestelova oppheva. I samband med den nye lova om kommunale helse- og omsorgstenester blei det vedteke ei endring av pasientskadelova § 1 første ledd bokstav a. Endringa innebar at omgrepet «kommunehelsetenesta» skulle erstattast av omgrepet «den kommunale helse- og omsorgstenesta», slik at lova skulle gjelde skade påført i institusjon under spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta. Etter ordlyden innebar endringa ei utviding av verkeområdet for pasientskadelova til også å omfatte institusjonar som tidlegare var regulerte i sosialtenestelova, det vil seie barnebustader, rusinstitusjonar og aldersheimar.

Forslaget må sjåast i samanheng med Helse- og omsorgsdepartementet sitt forslag til forskrift, der det går fram at alle institusjonar etter helse- og omsorgstenestelova, også barnebustader, rusinstitusjonar og aldersheimar, skal reknast som institusjon etter pasientskadelova.

Forslag om ein heimel i pasientskadelova for at Kongen i forskrift kan bestemme kva som skal reknast som institusjon under den kommunale helse- og omsorgstenesta, vart sendt på høyring i desember 2012 med høyringsfrist i februar 2013. 27 høyringsinstansar har kome med realitetsmerknader.

Forslaget vil i seg sjølv ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet finn grunn til å tru at ei utviding av pasientskadelova til å omfatte barnebustader, aldersheimar og rusinstitusjonar vil få svært avgrensa økonomiske konsekvensar. Eventuelle erstatningsutbetalingar knytte til institusjonane som no blir foreslått omfatta av pasientskadeordninga, vil bli dekte gjennom innbetalingar frå kommunane tilsvarande andre erstatningsutbetalingar knytte til kommunale institusjonar.