Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra finanskomiteen om overenskomst mellom Norge og Niue om opplysninger i skattesaker

Innhold

Til Stortinget

Ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Niue om opplysningar i skattesaker blei underskriven Oslo 9. september, og i Alofi 19. september 2013. På grunn av den lange avstanden blei underskrivinga ordna per post. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 24. mai 2013. Overeinskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av finansminister Sigbjørn Johnsen og på vegne av Niue av stats- og utanriksminister Toke T. Talagi. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime i medlemslanda, men peikte òg på behovet for å treffe sameinte mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.

Innan utløpet av 2005 var alle skatteregimer i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida blei det teke kontakt med alle jurisdiksjonar som ein meinte var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som vil kunne bli utsett for mottiltak.

Niue er på OECDs skatteparadisliste, men er ein lite brukt jurisdiksjon. Etter oppmoding frå Niue vedtok dei nordiske landa likevel å inngå avtaler bygd på OECD sin modellavtale. Denne forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, og frå bankar, finansinstitusjonar, advokatar og andre rådgjevarar.

For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske landa større tyngd i forhandlingane, vedtok Nordisk ministerråd i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar av slike avtaler. Det er nå gjennomført slike felles forhandlingar med alle jurisdiksjonane på skatteparadislista. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa, medrekna Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne. Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti, Finansdepartementet. Han har òg leia styringsgruppa for prosjektet.

Avtala er inngått på engelsk, jf. vedlegg til proposisjonen.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Lisbeth Berg-Hansen, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Marianne Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Tom E. B. Holthe og Hans Andreas Limi, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre Terje Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, viser til proposisjonens kapittel 2 for regjeringens merknader til de enkelte bestemmelsene i avtalen.

Komiteen samtykker til at overenskomsten mellom Norge og Niue om opplysninger i skattesaker settes i kraft.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til at overenskomsten mellom Norge og Niue om opplysninger i skattesaker settes i kraft.

Oslo, i finanskomiteen, den 12. desember 2013

Hans Olav Syversen

Siri A. Meling

leder

ordfører