Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Programkategori 21.50 Jernbaneformål

I 2013 har det vore mange hendingar med flaum og ras langs fleire jernbanestrekningar. Dette gjeld m.a. på Bergensbanen, Dovrebanen, Rørosbanen, Hovudbanen, Kongsvingerbanen og Østfoldbanen.

Jernbaneverket reknar med at kostnaden til å byggje opp att Dovrebanen vil bli om lag 300 mill. kroner, og at minimum 100 mill. kroner kjem til betaling i 2013.

På Bergensbanen har det også vore fleire ras med skadar på infrastrukturen. Jernbaneverket reknar med at meirkostnaden som følgje av rasa, blir om lag 30 mill. kroner. Om lag 20 mill. kroner av dette kjem til betaling i 2013.

30 mill. kroner vil gå til å dekkje utgifter etter flaum og ras på dei andre strekningane som er nemnde ovanfor.

På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1350 Jernbaneverket, post 23 Drift og vedlikehald, med 150 mill. kroner

Jernbaneverket si tidlegare forretningseining BaneService blei gjort om til aksjeselskap i 2005, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2 (2004–2005). Baneservice AS er størst i Noreg innan jernbanetekniske tenester målt i omsetning og tal på tilsette. Baneservice har dei siste åra hatt ei negativ økonomisk utvikling på grunn av redusert etterspurnad og prispress i marknaden.

Som følgje av investeringar i anleggsmiddel, redusert omsetning og lønnsemd er eigenkapitalen i morselskapet redusert frå 161 mill. kroner i 2009 til 102 mill. kroner i 2012. Planlagt aktivitetsnivå i Nasjonal transportplan 2014–2023, jf. Meld. St. 26 (2012–2013), legg opp til ein stor vekst for dei aktivitetsområda som Baneservice driv innafor.

Samferdselsdepartementet fekk hausten 2013 gjennomført ei verdivurdering av Baneservice. Styret i Baneservice har på bakgrunn av den vanskelege økonomiske situasjonen i selskapet og tilrådinga i den eksterne verdivurderinga, bedt om at eigar tilfører 30 mill. kroner i ny eigenkapital. Eigenkapitalen i selskapet er rekna til å vere i overkant av 90 mill. kroner pr. 31. desember 2013. Banken krev som minimum ein eigenkapital på 100 mill. kroner. Tilførsel av eigenkapital til selskapet er etter Samferdselsdepartementets vurdering å sikre staten sine verdiar i selskapet.

Departementet foreslår å løyve 30 mill. kroner på nytt kap. 1355 Baneservice, post 96 Eigenkapital.

Ved omdanninga av Jernbaneverket si forretningseining BaneService til aksjeselskap i 2005 blei det gitt 45,55 mill. kroner i tilskot til restruktureringsforpliktingar i selskapet, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2 og Budsjettinnst. S. nr. 13 (2004–2005). Tilskotet blei gitt med atterhald om at Samferdselsdepartementet kan krevje heile eller delar av tilskotet tilbakebetalt dersom det ikkje blei disponert etter føresetnadene. Selskapet har ikkje nytta 16,221 mill. kroner av tilskotet. I forslaget om å tilføre 30 mill. kroner i ny eigenkapital for å gi selskapet ein teneleg kapitalstruktur, er det teke høgd for at selskapet tilbakebetaler gjenståande restruktureringsforpliktingar til staten. Departementet foreslår å løyve 16,221 mill. kroner på nytt kap. 4355 Baneservice AS, post 71 Tilbakebetaling av tilskot til restruktureringsforpliktingar.

Komiteen slutter seg til forslaget til bevilgning i Prop. 21 S (2013–2014) til bevilgning under kap. 1350 post 23 Drift og vedlikehold.

Komiteen viser for øvrig til behandlingen i finanskomiteen av Prop. 29 S (2013–2014) Ny saldering av statsbudsjettet 2013, jf. Innst. 100 S (2013–2014).

Komiteen slutter seg til forslagene til bevilgninger under kap. 1350 post 23 Drift og vedlikehold og under kap. 1355 (nytt) Baneservice (inntekter) og kap. 4355 (nytt) Baneservice (inntekter).