Sammendrag
- Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet
- Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane
- Kap. 3410 Rettsgebyr
- Kap. 413 Jordskiftedomstolane
- Kap. 3413 Jordskiftedomstolane
- Kap. 430 Sentralforvaltninga for kriminalomsorga
- Kap. 3430 Sentralforvaltninga for kriminalomsorga
- Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
- Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
- Kap. 441 Oslo politidistrikt
- Kap. 442 Politihøgskulen
- Kap. 3442 Politihøgskulen
- Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
- Kap. 455 Redningstenesta
- Kap. 460 Spesialeininga for politisaker
- Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
- Kap. 467 Norsk Lovtidend
- Kap. 468 Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker
- Kap. 470 Fri rettshjelp
- Kap. 3470 Fri rettshjelp
- Kap. 471 Statens erstatningsansvar
- Kap. 472 Valdsoffererstatning og rådgiving til offer for kriminalitet
- Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning
- Kap. 3473 Statens sivilrettsforvaltning
- Kap. 474 Konfliktråd
- Kap. 3474 Konfliktråd
- Kap. 475 Bubehandling
Justis- og beredskapsdepartementet legger i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2013.
Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter i Justis- og beredskapsdepartementet.
Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 400 post 1 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 430 post 1, jf. omtale under kap. 430.
For å sikre riktig postbruk vert det foreslått å auke løyvinga med 2,3 mill. kroner knytt til utgifter for konsulentar og utval under kap. 400 post 1 mot tilsvarande reduksjon under kap. 440 post 1.
Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 400 post 1 med 1,3 mill. kroner.
Løyvinga dekker utgifter til faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar.
I samanheng med Stortingets vedtak i Innst. 275 L (2010–2011) om innføring av datalagringsdirektivet, vert løyvinga til domstolane auka med 12 mill. kroner til ei vaktordning ved Oslo tingrett. Tidspunktet for når lova trer i kraft er utsett.
På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 410 post 1 med 12 mill. kroner.
Løyvinga dekker utgifter som etter rettsgebyrlova er inkludert i rettsgebyret, jf. kap. 3410.
I samanheng med at det lovbestemte kravet om kunngjering blei fjerna, er halvårsverknaden av innsparinga på 26,5 mill. kroner. På grunn av etterslep av fakturering for kunngjeringane, vert innsparing for 2013 mindre enn forventa.
På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga med 5,9 mill. kroner.
På posten vert det ført inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretning, skifte, konkurs m.m.
I Prop. 1 S (2012–2013) blei det foreslått å gebyrlegge notarialforretningar inkl. vigslar i domstolane og oppbevaring av testament i domstolane frå 1. april 2013. Løyvinga under kap. 3410 post 1 blei derfor auka med 20,6 mill. kroner i saldert budsjett 2013.
Forseinkingar med lovarbeidet gjorde at lova trådde i kraft først frå 1. juli 2013. Som eit resultat av utsetjinga og noko høgare gebyrsatsar i det endelege lovforslaget i Prop. 148 L (2012–2013) blei løyvinga redusert med 2 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2013.
I samanheng med Stortingets behandling av Prop. 148 L (2012–2013) blei det avgjort at vigslar likevel ikkje skal gebyrleggjast. Dette fører til ein årleg inntektsreduksjon på 12 mill. kroner (Prop. 148 L (2012–2013)). Halvårsverknaden er 6 mill. kroner. Rekneskapstala viser i tillegg ein nedgang i inntektene som det også må takast høgde for.
Det vert på denne bakgrunnen foreslått å nedjustere løyvinga med 24 mill. kroner.
Løyvinga dekker faste og variable lønnsutgifter.
Løyvinga vert foreslått auka med 3 mill. kroner, til kjøp av teknisk utstyr til jordskiftedomstolane.
Jordskifteretten har heimel til å kreve inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene vert førd i eigne saksrekneskap, og utgifter og inntekter skal vere i balanse når saka er fullstendig.
På bakgrunn av rekneskapstal vert løyvinga under kap. 3413 post 2 foreslått auka med 3 mill. kroner. Kap. 413 post 21 vert følgeleg foreslått auka med tilsvarande sum.
Løyvinga på posten omfattar inntekter ved at partane i saka betaler gebyr.
I samanheng med overgang til eit felles rekneskapssystem, er det inntektsført 6 mill. kroner ekstra som jordskiftedomstolane har hatt som reserve tidlegare. Følgeleg vert løyvinga foreslått auka med 6 mill. kroner.
Løyvinga på posten er knytt til tilsvarande utgifter under kap. 413 post 21.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 3413 post 2 foreslått auka med 3 mill. kroner.
Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 og kap. 3430 post 3 med 2 mill. kroner, og løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 4. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 og kap. 3430 post 4 med 0,6 mill. kroner.
Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) vart skild ut frå Justis- og beredskapsdepartementet i juni 2013. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013 vart det følgjeleg overført 20 årsverk til direktoratet. Seinare er det bestemt at tre årsverk i tillegg skal overførast KDI.
Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 400 post 1.
Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 3,6 mill. kroner.
Løyvinga dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslatne frå forvaring og varetektssurrogat. I 2013 er det venta ein reduksjon i utgiftene under kap. 430 post 60, og det vert derfor foreslått å redusere løyvinga med 36 mill. kroner.
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 3430 post 3 med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga under kap. 430 post 1.
Løyvinga dekker tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid under EØS finansieringsmekanismane.
Tilskot til samarbeid med EØS er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2013. Prosjektmidlar blir gjort tilgjengeleg for kriminalomsorga etterskotsvis etter innsendt dokumentasjon av utgifter. Utbetalingane i 2013 er venta å bli 2,7 mill. kroner.
Det vert derfor foreslått å auke løyvingane under kap. 3430 post 4 og kap. 430 post 1 med 0,6 mill. kroner.
Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskulen).
Regjeringa vil styrke returarbeidet og auke innsatsen for retur av kriminelle utlendingar. For å kunne auke talet på uttransporteringar av utlendingar utan lovleg opphald med ytterlegare 700, vert det foreslått å auke løyvinga til saman 16,1 mill. kroner, av dette 3,1 mill. kroner under kap. 440 post 1.
Politiets Utlendingseinig må auke innsatsen på registrering når det kjem fleire asylsøkjarar. Prognosane syner at det vil kome 2 000 fleire asylsøkjarar i 2013 enn tidlegare lagt til grunn. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga med til saman 8,6 mill. kroner, av dette 4,9 mill. kroner under kap. 440 post 1.
Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 45,6 mill. kroner, herunder både omdisponeringar og parallelljusteringar.
Løyvinga dekker sideutgifter som politi- og lensmannsetaten har i samband med asylsaker, under dette utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker. Regjeringa foreslår å auke måltalet for uttransporteringar med 700 i 2013, til 5 800. Det vert foreslått å auke løyvinga med til saman 16,1 mill. kroner, av dette 13 mill. kroner under kap. 440 post 21.
Politiet må auke innsatsen på registrering når det kjem fleire asylsøkjarar. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga med til saman 8,6 mill. kroner, av dette 3,7 mill. kroner under kap. 440 post 21.
Regjeringa vil òg styrke innsatsen for soningsoverføring og retur av kriminelle utlendingar. Regjeringa foreslår å avsette midlar til å finansiere heimtransport av 15 innsette slik at dei kan halde fram med soning i heimlandet (soningsoverføring). Det vert derfor foreslått å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner.
Samla vert løyvinga under kap. 440 post 21 foreslått auka med 17,2 mill. kroner.
Løyvinga dekker utgifter til søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag. Løyvinga på posten dekker også nokre personellutgifter og eventuelle utgifter til å betre søkjemetodane.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 22 med 1,9 mill. kroner.
Løyvinga dekker sideutgifter i samband med dei sivile gjeremåla. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 23 med 7 mill. kroner.
Løyvinga dekker inntekter frå innbyte og sal av utskifta køyretøy m.m. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440 post 3. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440 post 3 med 18,6 mill. kroner.
Løyvinga dekker eingongsgebyr til dekking av utgifter ved behandling av søknader og gebyr ved feilalarmar der politi- og lensmannsetaten rykkjer ut. Posten dekker også gebyr for Oslo politidistrikt. Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440 post 4. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440 post 4 med 9,2 mill. kroner.
Løyvinga dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring og løyve for arbeid, busetting og utdanning. Som følge av redusert gebyr og sakstilgang, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440 post 6 med 3,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440 post 1.
Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Oslo politidistrikt.
Samla vert det som følgje av omdisponeringar, foreslått å redusere løyvinga under kap. 441 post 1 med 33,3 mill. kroner.
Oslo politidistrikt har fått midlar til ulike anskaffingar for køyretøy, helikopterutstyr og spesialutstyr i 2013. For at Oslo politidistrikt skal kunne foreta bestillinger av nytt materiell som kjem til utbetaling neste år, vert det foreslått ei bestillingsfullmakt på 25 mill. kroner under kap. 441 post 1, jf. forslag til vedtak.
Løyvinga dekker lønnsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskulen.
Samla vert det foreslått som følgje av endra inntektsanslag og omdisponeringar, å auke løyvinga under kap. 442 post 1 med 4,2 mill. kroner.
Løyvinga dekker inntekter frå drifta av Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern. På bakgrunn av endra inntektsanslag vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3442 post 3 med 5 mill. kroner.
DSB administrerer helikopterberedskapen for skogbrann i Noreg. Løyvinga dekker kostnadane tilknytta flytimar. Vidare dekker posten tilskot til SINTEF/Norges brannlaboratorium.
Skogbrannane i Noreg har medført meirutgifter på 0,5 mill. kroner som følge av meir omfattande bruk av skogbrannhelikopter enn venta. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga på kap. 451 post 21 med 0,5 mill. kroner.
Løyvinga dekker utgifter til å engasjere private selskap, til dømes helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i det enkelte redningstilfellet, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell mv. Forbruket på posten er vanskeleg å anslå. Utgiftene varierer med mengde og omfang av redningsaksjonar. Det har m.a. vore ei generell auke i talet på hendingar.
Rekneskapstal hausten 2013 viser at det har vore eit vesentleg meirforbruk på posten i siste halvår 2013. Dette kjem av at hendingane har kravd større bruk av sivile helikopter- og flyressursar enn før. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 455 post 21 med 5 mill. kroner.
Løyvinga dekker diverse investeringar til Hovudredningssentralen, og enkelte investeringar knytt til COSPAS-SARSAT. Løyvinga dekker også investeringar i redningshelikoptertenesta. Investeringane under posten er ein føresetnad for å ivareta dei nasjonale og internasjonale forpliktingane i redningstenesta.
I budsjettet for 2013 er det tatt høgd for utbetaling i samband med inngåing av kontrakt om nye redningshelikopter i samsvar med vanlig prosedyre i slike avtalar. Løyvinga er lagt til kap. 2309 Tilfeldige utgifter grunna forhandlingane.
På bakgrunn av oppdaterte anslag på utbetalingar knytt til inngåing av kontrakt vert løyvinga på kap. 455 post 45 foreslått auka med 939 mill. kroner. Løyvinga på kapittel 2309 vert foreslått redusert i samsvar med oppdatert anslag.
Løyvinga dekker tilskot til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta.
I Prop. 77 S (2012–2013), jf. Innst. 448 S (2012–2013) vart dei frivillige organisasjonane tatt opp som brukarar i Naudnett, og får dekt sine kostnadar knytt til Naudnett.
Kjøpet av radioterminalar til dei frivillige organisasjonane i Naudnett i 2013 er avslutta, men det er ikkje forventa at faktura vil forfalle til betaling i 2013. På denne bakgrunn vert det foreslått at løyvinga under kap. 455 post 71 blir redusert med 3,246 mill. kroner.
Løyvinga dekker mellom anna tilskot til Telenor for den samfunnspålagde tenesta som Telenor utfører i samanheng med Kystradioen si naud- og sikkerheitsteneste.
Det er venta eit mindreforbruk på 1,3 mill. kroner på posten. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner.
Løyvinga dekker driftsutgifter til Spesialeininga for politisaker.
Det vert foreslått å redusere kap. 460 post 1 med 200 000 kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410 post 21.
Løyvinga dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjering til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnd av retten i den einskilde saka eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekker òg tapt arbeidsforteneste til tolkar og sakkunnige som ikkje har krav på salær i straffesaker. Løyvinga dekker vidare visse utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon, som honorar/godtgjering og reise- og kursutgifter. Løyvinga dekker dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, visse utgifter i sivile saker og utgifter i Justis- og beredskapsdepartementet til omsetting i rettsoppmodings- og utleveringssaker.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 466 post 1 med 47 mill. kroner.
Norsk Lovtidend inneheld kunngjeringar av lover, forskrifter og ein del andre vedtak. Løyvinga på posten dekker utgifter til tilverking av manuskript og arbeidet med den elektroniske utgåva av Norsk Lovtidend.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 467 post 1 med 1 mill. kroner.
Løyvinga dekker godtgjersle til kommisjonens medlemer og anna godtgjersle, lønn til medarbeidarane til sekretariatet samt andre driftsutgifter knytt til sekretariatet til kommisjonen.
Det vert foreslått å redusere kap. 468 post 1 med 1,3 mill. kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410 post 21.
Løyvinga dekker utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakføring. Grunna ordninga sin karakter er det vanskeleg å vurdere utgiftene.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 1 med 2 mill. kroner.
Løyvinga dekker utgifter til advokat m.m. i saker der det er gitt heil eller delvis fri sakførsle.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 70 med 38 mill. kroner.
Løyvinga dekker utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gitt fritt rettsråd.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470 post 71 med 13,5 mill. kroner.
Løyvinga dekker primært tilskot til rettshjelpsverksemd.
Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 470 post 72 med 0,5 mill. kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410 post 1.
Sakskostnader tilkjend staten i benefiserte saker vert førd under denne posten.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å nedjustere løyvinga under kap. 3470 post 1 med 2 mill. kroner.
Utbetalingar som følger av at staten er erstatningsansvarleg etter dei alminnelege erstatningsreglane eller har inngått forlik utan å vedgå ansvar, vert belasta denne posten. Løyvinga dekker ikkje utbetalingar som følger av staten sitt ansvar i kontrakttilhøve og ansvar i samband med staten si forretningsdrift.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471 post 71 med 55 mill. kroner.
Løyvinga dekker driftsutgifter til Kontoret for valdsoffererstatning og Rådgivingskontora for offer for kriminalitet.
Det vert foreslått å redusere kap. 472 post 1 med 1 mill. kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410 post 21.
Løyvinga er ei regelstyrd overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova, m.a. sakskostnader i samband med søknaden og klagebehandlinga.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 472 post 70 med 178 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til Statens sivilrettsforvaltning og godtgjersle, reise- og kursutgifter til medlemer av utvala for rettferdsvederlag og Erstatningsnemnda for valdsoffer, samt driftsutgifter til Den rettsmedisinske kommisjon.
Det vert foreslått å redusere kap. 473 post 1 med 1,1 mill. kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410 post 21.
Det vert foreslått å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner.
Samla vert det foreslått å redusere kap. 473 post 1 med 0,9 mill. kroner.
Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgifter som Den rettsmedisinske kommisjon har i samanheng med kurs og eventuelle andre inntekter.
Det vert foreslått å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner.
Løyvinga dekker drifta av 22 konfliktråd og Sekretariatet for konfliktråda.
Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 474 post 1 med 0,5 mill. kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410 post 21.
Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 474 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3474 post 2. Kap. 3474 post 2 er foreslått redusert med 2,1 mill. kroner, forslaget for kap. 474 post 1 vil derfor vere tilsvarande.
I sum vert det foreslått å redusere kap. 474 post 1 med 2,6 mill. kroner.
Inntekter på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene til konfliktråda i samband med kurs og konferansar.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3474 post 2 med 2,6 mill. kroner.
Løyvinga dekker staten sine regelstyrte utgifter i samband med behandling av saker om tvangsoppløysing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 475 post 1 med 12 mill. kroner.