Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2013 under Landbruks- og matdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 66 S (2013–2014)
  • Kildedok: Prop. 17 S (2013–2014), kap. 1137
  • Dato: 05.12.2013
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 1
  • PDF

Innhold

Til Stortinget

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1137 post 50 med 1,5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av statsbudsjettet for 2013 under kap. 1115 post 23. Auken er retta mot etablering av eit matpilot-anlegg i regi av Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) og Nofima med nødvendig utstyr som er viktig for forskinga på mattryggleik.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen, Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert Haugen Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, viser til proposisjonen og har ingen merknader.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2013 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1137

Forsking og innovasjon

50

Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd, vert auka med

1 500 000

frå kr 233 893 000 til kr 235 393 000

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 5. desember 2013

Trond Giske

Anne Tingelstad Wøien

leiar

ordførar