1. Samandrag
- 1.1 Føremål og hovudoversikt
- 1.2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå
- Kap. 1700 Forsvarsdepartementet
- Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
- Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
- Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet
- Kap. 4719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet
- Kap. 1720 Felles leiing og kommandoapparat
- Kap. 1723 Nasjonalt tryggingsorgan
- Kap. 4723 Nasjonalt tryggingsorgan
- Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben
- Kap. 1731 Hæren
- Kap. 4731 Hæren
- Kap. 1732 Sjøforsvaret
- Kap. 1733 Luftforsvaret
- Kap. 4733 Luftforsvaret
- Kap. 1734 Heimevernet
- Kap. 1735 Etterretningstenesta
- Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon
- Kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon
- Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg
- Post 1 Driftsutgifter
- Post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del
- Post 45 Større utstyrsskaffingar og vedlikehald
- Post 48 Fellesfinansierte bygge- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del
- Post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for sikkerheit
- Kap. 4760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg
- Kap. 1761 Nye kampfly med baseløysing
- Kap. 1790 Kystvakta
- Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta
- Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta
- Kap. 1792 Norske styrker i utlandet
- Kap. 4792 Norske styrker i utlandet
- Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål
- Kap. 4795 Kulturelle og allmennyttige formål
- 1.3 Bestillingsfullmakter
- 1.4 Til informasjon
I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2013. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2013 vart vedteke.
På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verkty for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, vert såleis handsama samla og formalisert på rett måte. Regjeringa er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som kravet om realistisk budsjettering vert handsama.
Omgrupperingsproposisjonen for 2013 tek føre seg budsjettekniske endringar. I tillegg vert meirinntekter for 2013 føreslått formalisert. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 181,847 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke enkelte bestillingsfullmakter.
Som følgje av at Statsministerens kontor (SMK) har flytta inn i Forsvarsdepartementet sine lokale, er det i 2013 behov for ein oppgradering av Forsvarsdepartementet sin IT-infrastruktur, som SMK er ein del av. Det er føreslått på denne bakgrunn at forsvarsramma på kap. 1760, post 45, vert auka med 2,000 mill. kroner i 2013.
Det er gitt tilsegn om norske bidrag til oppfølging av Sikkerheitsrådsresolusjon 2118 (2013) om destruksjon av kjemiske våpen frå Syria. Regjeringa stiller til disposisjon eit norsk kommersielt lasteskip som vil kunne vera tilgjengeleg for transport av syriske kjemikaliar ut av Syria og for ev. seinare transportbehov. Forsvaret stiller til disposisjon ein fregatt til eskorte av lasteskip, samt diverse støttefunksjonar som vakt og sikring om bord i lasteskipet. På denne bakgrunn er det føreslått gitt ei tilleggsløyving på 30,000 mill. kroner til å dekkje Forsvaret sine meirutgifter i samband med eskorteskip og vakt og sikring i ein månad.
I samband med utarbeidinga av forsvarsbudsjettet for 2002, blei det rammeoverført 2,060 mill. 2002-kroner frå kap. 1700, post 1, til Utanriksdepartementet for oppretting av ein spesialrådgivarstilling ved ambassaden i Madrid. Stillinga vart avvikla med verknad frå 1. september 2013, og midlane skal såleis førast tilbake til forsvarsbudsjettet. Omrekna beløp utgjer som heilårsverknad 2,756 mill. 2013-kroner. Rammeoverføring for 2013 utgjer fire månader, og Utanriksdepartementet har samtykt i ei rammeoverføring på 0,919 mill. kroner i 2013.
Det vises til Prop. 207 S (2012–2013) der det vart føreslått at spørsmålet om eventuell inndekning over Forsvarsdepartementet sitt budsjett av meirutgiftene på 254 mill. kroner skal handsamast i nysalderinga av statsbudsjettet for 2013. Regjeringa føreslår at 120,000 mill. kroner av løyvinga som føreslått i Prop. 207 S (2013–2014) vert dekka innanfor Forsvaret si ordinære ramme ved ein reduksjon av løyvinga på kap. 1760, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.
For å finansiere ekstraordinært store utbetalingar forbundne med kompensasjonsordninga i 2013, vert det beløp som er halde tilbake for kampflyinvesteringa for etterfølgjande år, redusert med 120 mill. kroner.
Grunnlaget for omgrupperinga er vedteke budsjett for 2013, midlar overførte frå 2012 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2013.
Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2013, kjem fram slik (i 1 000-kroner):
Saldert budsjett 2013 | 42 224 299 |
Innst. 333 S (2012–2013) til Prop. 77 S (2012–2013) Tiltak for å styrke samfunnssikkerheten og politiberedskapen | 2 520 |
Innst. 486 S (2012–2013) til Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 (RNB) | 481 760 |
Innst. 488 S (2012–2013) til Prop. 167 S (2012–2013) Endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap» («soldatproposisjonen») | 7 404 |
Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2013 | 203 195 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 42 919 178 |
+ Midlar overførte frå 2012 | 3 551 145 |
= Disponible midlar i 2013 før omgrupperinga | 46 470 323 |
Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2013, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Saldert budsjett 2013 | 5 207 644 |
Innst. 486 S (2012–2013) til Prop. 149 S (2012–2013) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 (RNB) | 370 385 |
= Løyvingar før omgruppering | 5 578 029 |
I høve til saldert budsjett for 2013, med dei seinare endringane gjort av Stortinget, vert det ei meirinntekt på 282,488 mill. kroner der 268,928 mill. kroner vert føreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet si meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2012–2013) under romartalsvedtak II.
Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytt til omgrupperinga for 2013.
Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):
Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førte til utgiftssida | 268 928 |
Tilleggsløyvingar | 32 000 |
Rammeoverføring frå Utanriksdepartementet | 919 |
Reduksjon av løyvinga på kap. 1760, post 45 | - 120 000 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 181 847 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 42 919 178 |
= Samla løyvingar etter omgrupperinga | 43 101 025 |
+ Midlar overførte frå 2012 | 3 551 145 |
= Samla disponible midlar i 2013 etter omgrupperinga | 46 652 170 |
Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):
Meirinntekter | 282 488 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 5 578 029 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 5 860 517 |
På bakgrunn av dette føreslår regjeringa under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 181,847 mill. kroner, og at inntektsramma vert auka med 282,488 mill. kroner.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 378 016 | 379 726 | 380 645 |
Løyvinga på posten vert foreslått auka med 0,919 mill. kroner.
Auken på posten skuldast tidlegare rammeoverførte midlar til Utanriksdepartementet som i samband med at ei stilling ved ambassaden i Madrid no er lagt ned, vert førte attende til Forsvarsdepartementet.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 3 060 316 | 3 093 434 | 3 137 934 |
46 | Ekstraordinært vedlikehald og komponentutskifting | 62 980 | 162 980 | 160 180 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 44,500 mill. kroner.
Auken på posten skuldast behov for nødvendige tiltak på Nasjonale Festningsverk (13,500 mill. kroner) og eit auka behov på pensjonsforpliktingar hos Forsvarsbygg (51,000 mill. kroner).
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 2,800 mill. kroner.
Posten er føreslått auka i samband med nødvendig utbetring av råteskader ved Fredrikstad artilleri- og infanterikaserne (4,200 mill. kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon på posten grunna omdisponering av midlar til post 1 for delvis dekking av auka pensjonsforpliktingar (27,000 mill. kroner).
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 3 909 425 | 3 912 925 | 3 924 668 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 11,743 mill. kroner.
Auken gjeld verkinga av lønsoppgjeret i 2013.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 237 931 | 239 212 | 229 047 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | 15 000 | 15 000 | 13 271 |
71 | Tilskudd til organisasjonar | 69 435 | 69 435 | 68 515 |
78 | Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett | 240 000 | 240 000 | 268 500 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 10,165 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast mindrebehov på nasjonale militære stillingar i Belgia (4,500 mill. kroner), mindrebehov for arbeidet med Forsvars- og sikkerheitssektorreform (5,400 mill. kroner), reduksjon på utvalsarbeid i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet (0,090 mill. kroner), reduksjon på utgifter til forsvarsattachéar og militære rådgjevarar (0,500 mill. kroner), reduksjon på utgifter til heilskapleg gjennomføringsplanlegging Forsvarsbygg (0,425 mill. kroner), redusert utbetaling til støtte til analyse-, plan- og utviklingsarbeid (4,500 mill. kroner) samt utsett tilsetting av stilling i EU-kommisjonen (0,500 mill. kroner).
Posten er vidare auka grunna meirutgifter i samband med 8. mai-markeringa og nasjonal veterankonferanse (0,900 mill. kroner). Posten er òg auka for oppdragsfinansierte aktivitetar i Forsvarsbygg (4,550 mill. kroner). Posten er auka med meirinntekter (0,300 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av utgiftsramma, jf. FDs generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4719, post 1.
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 1,729 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast omdisponering til høgare prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet.
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 0,920 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast omdisponering til høgare prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet.
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 28,500 mill. kroner.
Auken skuldast høgare utgifter til NATO sitt driftsbudsjett enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsinntekter | – | – | 300 |
Posten vert føreslått løyvd med 0,300 mill. kroner.
Auken skuldast momsrefusjonar og fører til ein parallell auke av utgiftsramma, jf. FDs generelle meirinntektsfullmakt.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 3 112 185 | 2 984 462 | 2 988 117 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 3,655 mill. kroner
Auken skuldast ei teknisk endring i betaling for FISBasis (27,405 mill. kroner).
Det er vidare føreslått ein reduksjon av posten knytt til fellesoperative øvingar (8,650 mill. kroner), ein reduksjon knytt til vertslandsstøtte på Ørland i samband med øvingane Artic Tiger og Brilliant Arrow (6,500 mill. kroner) og ein reduksjon av posten som er føreslått overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (3,917 mill. kroner). Posten er vidare føreslått redusert grunna omdisponering til høgare prioritert verksemd i Forsvaret (2,787 mill. kroner), ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (0,782 mill. kroner), ein reduksjon knytt til HV-09 si deltaking på øving Rein (0,750 mill. kroner), ein reduksjon knytt til personell i internasjonal teneste (0,268 mill. kroner) og ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll overføres frå horisontal samhandlingsfinansiering (HS) til løyvingsfinansiering (0,096 mill. kroner).
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 176 772 | 178 308 | 187 108 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 8,800 mill. kroner.
Auken skuldast meirinntekter. Inntektene fører til ein parallell auke av Nasjonalt tryggingsorgan si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4723, post 1.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 2 771 | 2 771 | 11 571 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 8,800 mill. kroner.
Auken skuldast refusjon av reiseutgifter (0,700 mill. kroner), refusjon av lønsutgifter (3,100 mill. kroner), innbetaling av kursavgifter (2,400 mill. kroner) samt større innbetalingar frå eksterne betalande medlemer og partnarar i NorCERT enn lagt til grunn i budsjetteringa (2,600 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 2 022 720 | 2 064 320 | 2 094 165 |
50 | Overføring Statens pensjonskasse | – | 2 300 | 1 300 |
70 | Renter låneordning | 5 670 | 5 670 | 8 608 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 29,845 mill. kroner.
Auken skuldast finansiering av meirutgifter knytt til avgang med redusert løn, bonus avdelingsbefal og venteløn (41,361 mill. kroner), meirutgifter ved å leige inn befalsforlegningar i Oslo-området (13,422 mill. kroner), auka reinhaldsutgifter ved overtaking av befalsforlegningane på Linderud og Huseby (4,267 mill. kroner), ein auke knytt til årsverk for det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (3,282 mill. kroner) og ein auke for ein fast liaisonstilling i USA frå august 2013 (0,715 mill. kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klienter (4,708 mill. kroner), ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (1,267 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til midlertidige øvingslokale for Marinemusikken i Horten (1,000 mill. kroner). Vidare er det føreslått ein reduksjon knytt til overføring av stillingar frå kap. 1725 til kap. 1795 som gjeld overføring frå Oslo garnisonsforvalting til FAKT stab (0,625 mill. kroner), ein reduksjon knytt til personell i internasjonal teneste (0,302 mill. kroner) og ein reduksjon av midlar som vert omprioritert til kap. 1710, post 1, for dekking av meirutgifter til pensjonsforpliktingar i Forsvarsbygg (25,300 mill. kroner).
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 1,000 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast lågare utgifter knytt til førtidspensjon av sivile enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet. Midlane er føreslått omdisponert til høgare prioritert verksemd.
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 2,938 mill. kroner.
Auken skuldast høgare utgifter knytt til rentestønad i Befalets låneordning enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 5 607 269 | 5 708 331 | 5 703 193 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 5,138 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (13,100 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4731, post 1. Vidare er posten føreslått auka som følgje av meirbehov på grunnlønsutgifter ved internasjonal teneste (9,300 mill. kroner), dekking av justert inntektskrav som følgje av tidligare overført eigedom, bygg og anlegg til kap. 1795 der justering av inntektskravet ikkje vart gjort på kap. 4731 (3,800 mill. kroner) og ein auke knytt til fellesoperative øvingar (1,300 mill. kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som vert overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (15,841 mill. kroner). Vidare er det forslått ein reduksjon av posten knytt til reinhaldsutgifter ved at ansvaret for befalsforlegningane på Linderud og Huseby er flytta (4,267 mill. kroner), ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (4,108 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (3,210 mill. kroner), ein reduksjon i samband med personell i internasjonal teneste (2,336 mill. kroner), ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klienter (1,626 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (1,250 mill. kroner).
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 61 642 | 61 642 | 74 742 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 13,100 mill. kroner.
Auken skuldast endring i inntektskravet knytt til sal ved Hærens messer (10,200 mill. kroner), blindgjengarrydding på Hjerkinn (3,500 mill. kroner), refusjon etter søkeoperasjon på Senja (1,200 mill. kroner), refusjon for eigendel ved velferdsturar (1,300 mill. kroner) og taps-/skademeldingar (0,700 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Det er vidare føreslått ein reduksjon av inntektskravet som følgje av tidlegare overført eigedom, bygg og anlegg til kap. 1795 der justering av inntektskrav ikkje vart tatt vare på (3,800 mill. kroner).
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 3 610 045 | 3 678 620 | 3 686 081 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 7,461 mill. kroner.
Auken skuldast meirbehov på fellesoperative øvingar (1,300 mill. kroner) og ein auke for dekning av høgare drivstoffutgifter enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet (20,000 mill. kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som er overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (8,332 mill. kroner). Vidare er det ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klientar (2,249 mill. kroner), ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (1,651 mill. kroner) og ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (0,958 mill. kroner), ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (0,469 mill. kroner) og ein reduksjon som følgje av overføring av ei stilling frå kap. 1732 til kap. 1734 (0,180 mill. kroner).
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 4 298 998 | 4 355 431 | 4 600 356 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 244,925 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (108,637 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4731, post 1. Vidare er det føreslått ein auke knytt til overføring av midlar frå kap. 1790 der midlane vert nytta til operativ testing og evaluering av NH 90 (50,000 mill. kroner), ein auke knytt til vertslandsstøtte på Ørland i samband med øvingane Artic Tiger og Brilliant Arrow (6,500 mill. kroner) og ein auke knytt til fellesoperative øvingar (3,100 mill. kroner). Det er føreslått ein auke for dekking av høgare drivstoffutgifter enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet (58,526 mill. kroner) og ein auke knytt til meirutgifter ved kjøp av tenester frå AIM SF Norway (29,749 mill. kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som er overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (7,024 mill. kroner), ein reduksjon knytt til utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (1,901 mill. kroner), ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klientar (1,305 mill. kroner), ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (1,028 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til personell i internasjonal teneste (0,329 mill. kroner).
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 171 363 | 171 363 | 280 000 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 108,637 mill. kroner.
Auken skuldast inntekter frå samhandlingsavtalen om drift av flyplassar med AVINOR (52,600 mill. kroner), inntekter frå Rygge sivile lufthamn AS (26,050 mill. kroner), generelle leigeinntekter (27,000 mill. kroner) og inntekter frå garnisonstenester (2,987 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 1 093 503 | 1 150 322 | 1 144 818 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 5,504 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten knytt til fellesoperative øvingar (2,450 mill. kroner), ein auke knytt til HV-09 si deltaking på øving Rein der midlane er overførte frå kap. 1720 (0,750 mill. kroner) og ein auke som følgje av at ei stilling er overført frå kap. 1732 til kap. 1734 (0,180 mill. kroner).
Det er føreslått ein reduksjon av posten som er omdisponert til høgare prioritert verksemd i Forsvaret (3,918 mill. kroner), ein reduksjon som er overført frå kap. 1725 for å dekke deler av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus avdelingsbefal og venteløn (1,313 mill. kroner), ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,494 mill. kroner), ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klientar (2,212 mill. kroner), og ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (0,947 mill. kroner).
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
21 | Spesielle driftsutgifter | 1 115 214 | 1 136 255 | 1 134 706 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 1,549 mill. kroner.
Reduksjonen er knytt til budsjettekniske omdisponeringar.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 2 044 686 | 2 156 408 | 2 184 465 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 28,057 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (24,721 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4740, post 1. Det er vidare føreslått aukingar som følgje av at ammunisjonskontroll er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (7,137 mill. kroner), fellesoperative øvingar (0,500 mill. kroner) og AIM SF Norway (3,349 mill. kroner), der FLO har meirutgifter i samband med ferdigstilling av testcelle for flymotorar.
Det er føreslått ein reduksjon som er overført til kap. 1725 for å dekke deler av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (2,511 mill. kroner), ein reduksjon av posten knytt til auka utgifter ved leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (3,040 mill. kroner), ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klientar (1,474 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (0,625 mill. kroner).
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 127 577 | 165 812 | 190 533 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 24,721 mill. kroner.
Det er føreslått å auke inntektskravet på kapitlet som følgje av sal av drivstoff til eksterne og allierte (17,000 mill. kroner), auka salsinntekter ved kjøkken og leieinntekter på Base Kjeller (3,835 mill. kroner), sal av ammunisjon til politiet (2,000 mill. kroner), refusjonar knytt til prosjekt for attraktive våpen og ammunisjon (1,200 mill. kroner), sal av renovert kvartermateriell (0,500 mill. kroner) og ved refusjonar frå Statens Landbruksforvalting i høve program ØKO-mat i Forsvaret (0,186 mill. kroner). Inntektene fører med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. FD si generelle meirinntektsfullmakt.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 881 538 | 1 008 024 | 1 059 583 |
44 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar, nasjonalfinansiert del | 31 923 | 37 923 | 41 923 |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald | 6 998 359 | 6 897 320 | 6 645 815 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar, fellesfinansiert del | 67 000 | 67 000 | 67 000 |
75 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar,Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for sikkerheit | 88 135 | 82 135 | 74 281 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 51,559 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten knytt til styrking av investeringsevna gjennom tilsetting av personell (21,000 mill. kroner), ein auke knytt til kjøp av produksjonskapasitet ved FLO TV MAR til P6088 Nye fregattar, der utgifta treff post 1 ved horisontal samhandel (11,000 mill. kroner), og ein auke knytt til justering av Nasjonalt tryggingsorgan sin del av investeringsbudsjettet (0,700 mill. kroner). Vidare er det føreslått å auke posten knytt til ei teknisk justering frå kap. 1760, post 45 (20,000 mill. kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som er overført frå kap. 1725 for å dekke deler av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (0,660 mill. kroner), ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,325 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (0,156 mill. kroner).
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 4,000 mill. kroner.
Auken er knytt til fleire oppdrag enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet.
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 251,505 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (60,450 mill. kroner). Inntektene fører med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4760, post 45. Det er føreslått ein auke av posten grunna auka behov for IT-infrastruktur etter at Statsministerens kontor flytta inn i Forsvarsdepartementet sitt lokal (2,000 mill. kroner).
Post 45 er føreslått redusert grunna kjøp av produksjonskapasitet ved FLO til P6088 Nye fregattar der utgifta treff post 1 ved horisontal samhandel, midlane er føreslått overførte til kap. 1760, post 1 (11,000 mill. kroner). Vidare er det ein reduksjon for å dekke bl.a. meirutgifter for drivstoff og meirutgifter ved kjøp av tenester frå AIM SF Norway (162,255 mill. kroner), og ein teknisk reduksjon for tilpassing av utgifter til Nasjonalt tryggingsorgan på kap. 1760, post 1 (0,700 mill. kroner). Vidare er det føreslått å redusere posten knytt til ein teknisk justering til 1760, post 1 (20,000 mill. kroner) og ved ein reduksjon på 120,000 mill. kroner for finansiering av utbetalingar til kompensasjonsordninga for skadde veteranar som ikkje var kjent på budsjetteringstidspunktet, ref. Prop. 207 (2013–2014).
I behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2012 slutta Stortinget seg til, som eit eingongstiltak, at det ville vera behov for å halde tilbake midlar på posten frå formål under kap. 1760, post 45, slik dei var angitt i Prop. 1 S (2011–2012) for Forsvarsdepartementet. Desse skulle bli omdisponert til kampflyinvesteringa for etterfølgjande år. For å finansiere ekstraordnært store utbetalingar forbundne med kompensasjonsordninga i 2013, vert det beløp som er halde tilbake for kampflyinvesteringa for etterfølgjande år, redusert med 120 mill. kroner.
Løyvinga på posten vert føreslått netto vidareført.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (24,400 mill. kroner). Inntektene fører med seg ein parallell auke av Forsvarets utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4760, post 44. Posten er vidare føreslått redusert med 24,400 mill. kroner til dekking av meirbehov på kap. 1719, post 78.
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 7,854 mill. kroner.
Utbetalingane på posten er avhengig av den totale produksjonen i alle dei 28 medlemslanda i NATO, og kan i svært lita grad verte påverka av Noreg. Prognosen er basert på mindre innbetalingskrav frå NATO i 2013 enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet. Midlane er omdisponerte til balansering av budsjettet.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
45 | Store nyskaffingar | – | 25 961 | 86 411 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter | 67 000 | 67 000 | 91 400 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 60,450 mill. kroner.
Auken gjeld meirinntekter knytt til Royalty (11,698 mill. kroner) og sal som følgje av oppgradering av Sting Ray mod 0 torpedo (0,128 mill. kroner), sal av KNM Horten (14,256 mill. kroner), sal av missil til Chile (24,853 mill. kroner), inntekter knytt til konvensjonalbøter (1,901 mill. kroner), inntekter knytt til P4387 Multinational Geospatial Co-production Program (1,359 mill. kroner) og erstatning frå UNITEAM (6,255 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 24,400 mill. kroner.
Auken skuldast sluttoppgjer på gjennomføringa av Sindre 1 og Sørreisa NATO Air Defence Ground Environment.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 70 000 | 70 426 | 65 169 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 5,257 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast mindre reiseutgifter enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet. Midlane er føreslått overførte til andre områder for balansering av budsjettet.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 1 001 965 | 1 023 076 | 1 012 945 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 10,131 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten grunna meirutgifter på patruljedøgn for helikopterberande farty (6,774 mill. kroner), ein auke som følgje av meirutgifter knytt til reparasjon av hovudmotor på Nornen-klassen (6,500 mill. kroner) og ein auke som følgje av meirutgifter ved innføring av ny arbeidstidsavtale i Forsvaret (ATF) (6,000 mill. kroner). Vidare er det føreslått ein auke knytt til høgare drivstoffutgifter enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet (21,600 mill. kroner), og 0,585 mill. kroner knytt til meirutgifter ved kjøp av tenester frå AIM SF Norway.
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som følgje av ein teknisk justering der midlane er førte på kap. 1733 og knytt til operativ testing og evaluering av NH 90 (50,000 mill. kroner). Vidare ein reduksjon som er overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (1,465 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,125 mill. kroner).
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 573 382 | 849 394 | 867 308 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 17,914 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke på posten grunna meirutgifter ved kjøp av tenester frå AIM SF Norway (17,914 mill. kroner). Ved opprettinga av AIM SF Norway vart det føresett at Justis- og beredskapsdepartementet sin del av utgiftene til drift av redningshelikoptertenesta ikkje skulle belastas meirutgifter grunna etableringa av AIM SF Norway. Auken er derfor tillagt Forsvaret sin del av driftsutgiftene.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 511 148 | 785 241 | 787 078 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 1,837 mill. kroner.
Auken gjeld verkinga av lønsoppgjeret i 2013.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 1 162 524 | 1 065 653 | 1 074 291 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 8,638 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (26,000 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor til ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4792, post 1. Det er føreslått ein auke av posten knytt til lønsutgifter for personell i internasjonal teneste (3,235 mill. kroner). Det er gitt tilsegn om norske bidrag til oppfølging av Sikkerheitsrådsresolusjon 2118 om destruksjon av kjemiske våpen frå Syria. Det er føreslått stillt til disposisjon eit norsk kommersielt lasteskip som vil kunne vera tilgjengeleg for transport av syriske kjemikalier ut av Syria og for evt. seinare transportbehov. Forsvaret stiller til disposisjon ein fregatt til eskorte av lasteskip, samt diverse støttefunksjonar som vakt og sikring om bord i lasteskipet. På denne bakgrunn er det føreslått gitt ei tilleggsløyving på 30,000 mill. kroner til å dekkje Forsvaret sine meirutgifter i samband med eskorteskip og vakt og sikring.
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten som følgje av ny innretting i Afghanistan og generell innsparing på driftsutgiftene (40,452 mill. kroner). Desse frigjorte midlane er brukt til å finansiere oppfølging av vedtatt ambisjon i langtidsplanen. I denne regjeringa sin politiske plattform er det lagt opp til at nye operasjonar i utlandet skal løyvast i tillegg til ordinær ramme samt at regjeringa vil sørgje for at Forsvaret får tilstrekkelege og stabile rammer. Posten er føreslått redusert som følgje av auka grunnlønsutgifter til norsk personell som deltar i internasjonale teneste (9,300 mill. kroner), ein reduksjon knytt til oppretting av fast liaisonstilling i USA (0,715 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,130 mill. kroner).
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 10 368 | 10 368 | 36 368 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 26,000 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av inntektskapitlet som følgje av Noregs Lead Nation-rolle og derav refusjonar frå andre nasjonar gjennom inngått MOU i Afghanistan knytt til forpleiing, forlegning og drift (26,000 mill. kroner). Inntektene fører med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartement si generelle meirinntektsfullmakt.
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 260 651 | 267 801 | 271 489 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 3,688 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein tilsvarande auke av inntektskapitlet (2,500 mill. kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4795, post 1. Vidare er det føreslått ein auke av posten knytt til midlertidige øvingslokale for Marinemusikken i Horten (1,000 mill. kroner) og ein auke knytt til overføring av stillingar frå kap. 1725 til kap. 1795 som gjeld overføring frå FAKT Oslo garnisonsforvalting til FAKT stab (0,625 mill. kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon som er overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus avdelingsbefal og venteløn (0,298 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,139 mill. kroner).
(i 1 000 kr) | ||||
Post | Kategori | Saldert budsjett 2013 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 9 057 | 9 057 | 11 557 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 2,500 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten som følgje av inntekter ved billettsal og støtte ved arrangering av konsert knytt til Forsvarets musikk (1,800 mill. kroner) og inntekter ved guiding og sal i butikken på Akershus slott (0,700 mill. kroner). Inntektene fører med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartement si generelle meirinntektsfullmakt.
Regjeringa foreslår ein auke av bestillingsfullmakter i 2013:
Bestillingsfullmakter under kapittel 1732 Sjøforsvaret, post 1 Driftsutgifter, vert føreslått auka med 240,000 mill. kroner, frå 810,000 mill. kroner til 1 050,000 mill. kroner. Auken gjeld inngåing av langsiktige kontraktar for oppgradering og vedlikehald av dei ulike våpensystema på Sjøforsvaret sine ulike farty. Dette gjer anskaffinga meir pårekneleg, gjev høgare prioritering mot leverandøren og lågare kostnader enn dei tidlegare kortsiktige kontraktane.
Bestillingsfullmakter under kapittel 1733 Luftforsvaret, post 1 Driftsutgifter, vert føreslått auka med 100,000 mill. kroner, frå 750,000 mill. kroner til 850,000 mill. kroner. Auken kjem som følgje av vedlikehaldsavtalar for transportflya C-130J og dei nye maritime helikoptra NH 90.
Bestillingsfullmakter under kapittel 1791 Redningshelikoptertenesta, post 1 Driftsutgifter, vert føreslått auka med 10,000 mill. kroner, frå 60,000 mill. kroner til 70,000 mill. kroner grunna auke i forpliktingar med Agusta Westland i samband med prosjektet Sea King 2020. Føremålet er å halde Sea King operativ fram til 2020.
I Prop. 207 S (2012–2013) er det fremma forslag om tilleggsløyving til dekking av utgifter etter den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar med psykiske belastningsskadar som følgje av deltaking i internasjonale operasjonar.
Tilleggsløyvinga skal dekke utgifter etter ordninga ut 2013. Til saman er det føreslått ein auke på løyvinga på 254 mill. kroner. Det er opplyst i proposisjonen at det i statsråd 23. august vart gjeve samtykke til at Forsvarsdepartementet kunne overskride gjeldande løyving med inntil 100 mill. kroner inntil Stortinget fekk handsama forslaget om tilleggsløyving. Etter at proposisjonen vart framlagd, er det i statsråd 25. oktober gjeve samtykke til at Forsvarsdepartementet kan overskride gjeldande løyving med inntil 254 mill. kroner.