Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Det vises til Prop. 1 S (2013–2014) for omtale av norsk svalbardpolitikk og nærmare omtale av forslag til svalbardbudsjett for 2014 samt forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet. Det vises til Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) for omtale av reduksjon av svalbardbudsjettet med 290 000 kroner. Reduksjonen gjeld kap. 3 post 70 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 anerkjenner norsk suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justis- og beredskapsdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2014 er 455 326 000 kroner. Dette er 138 036 000 kroner eller 43,5 prosent auke i forhold til vedtatt budsjett for 2013. Den største aukinga gjeld løyvinga til Sysselmannens transportteneste. Underskotet på svalbardbudsjettet for 2014 var stipulert til 322 955 000 kroner, jf. Prop. 1 S (2013–2014) med Tillegg 1 (2013–2014). Ved vedtak i Stortinget 26. november 2013 ble det fastsatt til 322 780 000 kroner og blir inndekt gjennom eit tilskot over Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap. 480 post 50 Tilskudd.

Justis- og beredskapsministeren sendte den 27. november 2013 et brev angående korrigering under pkt. 1.1 i Prop. 1 S (2013–2014). Brevet er vedlagt innstillingen.