Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen, og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S. Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i denne innstillinga forslag om løyvingar på statsbudsjettet for 2014 under dei kapitla og postane som er fordelte til komiteen under rammeområda 1, 6 og 18.

Komiteen har ved vedtak i Stortinget 24. oktober 2013 og 8. november 2013 fått tildelt kapittel under rammeområde 1 (Statsforvaltning), rammeområde 6 (Innvandring, regional utvikling og bustad) og rammeområde 18 (Rammeoverføringar til kommunesektoren mv.), jf. Innst. 18 S (2013–2014). Ved Stortingets vedtak 26. november 2013 er netto utgiftsramme for rammeområde 1 fastsatt til kr 5 557 909 000, for rammeområde 6 fastsatt til kr 15 133 159 000 og for rammeområde 18 fastsatt til kr 157 843 413 000, jf. Innst. 2 S (2013–3014).

Komiteen viser til at i samsvar med Stortingets forretningsorden § 43 femte ledd skal berre dei forslaga som summerer seg til ramma for rammeområda 1, 6 og 18, og som er vedteken ved handsaminga av Innst. 2 S (2013–3014), bli tatt opp til votering ved handsaminga av denne innstillinga.

Komiteen viser til at Kommunal- og regionaldepartementet 1. januar 2014 skiftar namn til Kommunal- og moderniseringsdepartementet og brukar såleis Kommunal- og moderniseringsdepartementet som namn på departementet i denne innstillinga.

Komiteen viser vidare til at Nærings- og handelsdepartementet 1. januar 2014 skiftar namn til Nærings- og fiskeridepartementet og brukar såleis Nærings- og fiskeridepartementet som namn på departementet i denne innstillinga.

Komiteen viser til brev av 23. oktober 2013 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om retting av feil i Prop. 1 S (2013–2014) (vedlagt).