3. Ein bustadpolitikk for velferd
- 3.1 Sammendrag
- 3.2 Komiteens merknader
Det blir i meldinga vist til at bustaden er ein føresetnad for å kunne ta del i arbeidslivet, for å ta utdanning og for å kunne ta vare på helsa. Bustaden er også viktig for å ha eit sosialt liv og for å vere ein del av eit lokalmiljø. Saman med arbeid, utdanning og helse er bustaden grunnleggjande for velferda til kvar einskild. Dette blir òg slått fast i menneskerettserklæringa til FN der det heiter at bustad er ein menneskerett på linje med mat, klede, helseomsorg og naudsynte sosiale ytingar.
Det blir vist til i meldinga at i Noreg bur dei aller fleste godt og trygt. Åtte av ti eig bustaden sin – ein eigardel som har halde seg stabil i mange år. Tal tyder på at ein bur romslegare enn for 10–15 år sidan og at bustandarden blir stadig betre. Fire av fem har lett tilgang til turområde, og nesten sju av ti har tilgang til eit trygt leike- og rekreasjonsområde.
Bustad er likevel eit gode som ikkje er likt fordelt. Det blir i meldinga peikt på at å førebyggje og løyse bustadproblem er å redusere skilnader i levekåra, styrkje folkehelsa og auke livskvaliteten til den einskilde.
Velferd kan definerast som å få dekt dei grunnleggjande behova ein har. Å bu godt og trygt er eit slikt behov.
For dei fleste set økonomien skrankar for kvar og korleis ein bur. Visse bustader i visse område er meir attraktive enn andre.
I Noreg er fordelinga av inntekt særs jamn samanlikna med dei fleste andre land. Noreg skil seg ut som eit land der folk flest bur romsleg, med fleirtalet i einebustad og med ein bustadmasse av god kvalitet.
I internasjonal samanheng er det ein liten del av den norske befolkninga som har låginntekt. Prosentdelen barn og barnefamiliar med låginntekt har auka dei seinare åra, og dette kan dels forklarast med auken i innvandrarbefolkninga.
Det er ein klar samanheng mellom inntekt og om ein eig eller leiger bustad. Det er 96 pst. av hushalda med dei høgaste inntektene som eig bustaden sin, medan det same er tilfellet for 32 pst. av hushalda med dei lågaste inntektene.
I utgangspunktet fører ikkje det å eige eller leige i seg sjølv til forskjellar i levekår. Samstundes har Noreg ein forholdsvis liten leigesektor. Utleigebustadene er ofte små og av låg kvalitet. Leigarar har i større grad ustabile og uføreseielege buforhold enn dei som eig bustaden sin. Å eige bustaden betyr for mange å byggje opp ein formue og ha skattefordelar. Bustadkjøpet er for dei fleste den største investeringa dei gjer. Når bustadprisane går ned eller renta går opp, eller ved inntektsnedgang, kan eige av bustad innebere ein risiko. Risikoen kan vere vanskelegast å bere for personar med låg inntekt og låg eigenkapital.
Storleiken på bustaden i høve til talet på personar i hushaldet, fortel noko om bustandarden. At folk bur trongt, er likevel ein indikasjon på at bustadmarknaden ikkje er tilpassa behovet hushalda har, og det reflekterer eit prisnivå som hindrar nokre grupper i å skaffe seg ein eigna bustad.
I Noreg bur folk meir romsleg enn i dei andre nordiske landa. Unge med låginntekt er dei som oftast bur trongt. Barnefamiliar med låginntekt bur oftare trongt enn barnefamiliar generelt.
Fukt og ròte i bustaden er ein annan indikator som blir brukt for å seie noko om bustandard. Det er åtte pst. av alle vaksne som rapporterer at dei bur i ein bustad med anten ròte eller fuktskadar. Av sosialhjelpsmottakarar svarer 24 pst. at dei har desse problema, medan 21 pst. av dei unge langtidssjuke melder om det same.
For eitt av fem hushald er buutgiftsbøra høg, det vil seie at hushaldet har utgifter til husleige og renter og avdrag som utgjer 25 pst. eller meir av den totale inntekta etter skatt. Men det er berre ein av ti som opplever buutgiftene som særs tyngjande, og nokre fleire som opplever buutgiftene som noko tyngjande.
I meldinga går det fram at vanskelegstilte på bustadmarknaden kan seiast å vere personar som slit med å finne seg ein tilfredsstillande stad å bu og å bli buande. Det finst ikkje éin fast definisjon av vanskelegstilte på bustadmarknaden, og omgrepet er blitt operasjonalisert på fleire måtar i statistikk og analysar.
Bustadutvalet (NOU 2011:15) fekk gjennomført ein analyse av kor mange som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, og kven dei er. Analysen inkluderte to grupper: (1) Personar med låginntekt, som anten budde i ein ueigna bustad eller hadde høg buutgiftsbelasting, og (2) bustadlause. På grunnlag av analysen meinte utvalet at rundt 150 000 personar kan reknast som vanskelegstilte. Analysen viser at dei fleste vanskelegstilte leiger bustaden sin, dei som bur aleine er overrepresenterte, og mange av dei vanskelegstilte bur i Oslo. Tre av fire av dei vanskelegstilte har vedvarande låginntekt.
Overslaget som utvalet gjorde er usikkert.
Ein annan måte å identifisere kven som slit på bustadmarknaden, er å sjå på kva evne hushald har til å betene buutgifter. I ei slik tilnærming er forholdet mellom ressursane til hushalda og buutgifter viktige.
Det blir nytta ulike indikatorar for å seie noko om situasjonen for etablerte hushald og om føresetnader for å etablere seg på bustadmarknaden.
Data om bustøttemottakarar er ei kjelde til å få kunnskap om situasjonen for personar med særs låge inntekter og høge buutgifter. Om lag 128 000 husstandar får statleg bustøtte kvart år. Utrekningar viser at av dei som fekk bustøtte for desember 2011, hadde 72 pst. hovudinntekt frå pensjon eller trygd. Mange av dei andre får økonomisk sosialhjelp. Det er 75 pst. som bur aleine, medan det er barn i 23 pst. av husstandane. Det er 79 pst. som er leigarar, og nær halvparten av dei leiger ein kommunal bustad. Utrekninga viser òg at to av fem mottakarar framleis har høge buutgifter i forhold til inntekta etter at dei har fått bustøtte. Buutgiftsbøra er størst for dei som bur i Oslo og Akershus. Børa er størst for dei som leiger privat, og minst for dei som leiger ein kommunal bustad. Einslege forsørgjarar har den høgaste buutgiftsbøra, medan eldre over 65 år har lågast bør. Det siste gjeld særleg eldre som eig bustaden. Barnefamiliar har høge buutgifter og er den gruppa som får lagt minst av dei faktiske buutgiftene sine til grunn når det blir utmålt bustøtte. Barnefamiliar er også blant dei mottakarane der flest bur trongt.
Den siste kartlegginga av bustadlause frå 2008 viser at om lag 6 100 personar ikkje har ein fast stad å bu. Dei fleste treng hjelp både til å skaffe bustad og til å bli buande. Det er 60 pst. som har eit rusproblem, 40 pst. som har ei psykisk liding, og nesten ein av fire som har både rusproblem og psykisk liding. Av dei bustadlause er to pst. definerte som personar utan ordna overnatting for den komande natta. Nesten 40 pst. oppheld seg mellombels hjå familie og vener, medan ein tredjedel oppheld seg på ulike døgnovernattingsstader. Kvar fjerde bustadlaus sonar i fengsel eller oppheld seg på institusjon og skal frigjevast eller skrivast ut innan to månader utan ein stad å bu.
Det blir i meldinga peikt på at rettferdig fordeling og utjamning er grunnleggjande verdiar for regjeringa, og gjev innbyggjarane likare høve til å få utdanning, jobb, god helse og ein trygg bustad. Barn har behov for å bu godt og trygt, og derfor må barnefamiliar sikrast tilfredsstillande buforhold. Bustaden og bumiljøet har innverknad på velferda til barnet her og no, og som vaksen.
Sjølv om det er klare samanhengar mellom bustad, arbeid, utdanning og helse, er det ikkje alltid mogleg å slå fast kva som påverkar kva.
Det blir i meldinga peikt på at eit allment tilgjengeleg utdanningssystem med god kvalitet gjev jamnare fordeling. Utdanning har mykje å seie for den framtidige inntekta og dermed også for den økonomiske evna som trengst om ein skal skaffe seg tilfredsstillande buforhold.
Det er ein klar samanheng mellom manglande arbeidstilknyting, låginntekt og ulike bustadproblem. Regjeringa har eit overordna mål om å sikre høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse også i framtida. Ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk og eit inkluderande arbeidsliv er derfor verkemiddel for å betre buforholda til den einskilde. For dei som ikkje kan arbeide, skal offentlege overføringar og skattesystemet gje økonomisk tryggleik og medverke til jamnare fordeling.
Helsa blir skapt der folk lever og bur. Det betyr at omsynet til bustaden, bumiljøet, nærmiljøet og lokalsamfunnet må inkluderast i arbeidet for god folkehelse. Å ha ein god og trygg bustad er i seg sjølv bra for helsa. Bustadene må også vere utforma slik at dei kan førebyggje sjukdom og skadar, og slik at dei utgjer ei ramme for helsefremjande og førebyggjande arbeid.
Høg sysselsetjing, stabil økonomisk vekst og berekraftige velferdsordningar skal førebyggje og motverke fattigdomen. Tiltak for å skape gode og trygge buforhold er ein del av dette arbeidet. Regjeringa la i 2007 la fram ein handlingsplan mot fattigdom.
Alle styresmakter har eit sjølvstendig ansvar for å utvikle ein politikk for heile befolkninga og for å tilpasse tenestetilbodet til brukarane sine behov. Politikken skal syte for at alle får brukt ressursane sine og kan ta del i fellesskapet.
Det blir i meldinga vist til at hovudprinsippet for den statlege styringa av kommunesektoren er økonomisk og juridisk rammestyring. Rammestyringa inneber at kommunane har handlingsrom til å gjere lokale og individuelle tilpassingar av tenestene og ta eigne vegval.
Staten bruker juridiske, økonomiske og pedagogiske verkemiddel for at kommunane skal kunne løyse dei bustadpolitiske oppgåvene. Det finst ikkje nokon særlov om bustadpolitikk, men både den generelle lovgjevinga og særlover har innverknad på politikkområdet.
Det blir i meldinga vist til at kommuneplanen er den viktigaste reiskapen kommunane har for å planleggje og å finne tilstrekkeleg areal til bustadbygging. Samfunnsdelen i kommuneplanen skal synleggjere kva problem og utfordringar kommunen står overfor, mellom anna kva behov kommunen har for tomter til bustadutbygging. Kommunen kan setje mål for bustadbygging og prioritere mellom område og tomter for utbygging. Arealdelen til kommuneplanen skal vise bruken av areala og kvar bustader kan byggjast i framtida.
Gjennom Husbanken tilbyr staten fleire økonomiske verkemiddel som skal hjelpe kommunen i den lokale bustadpolitikken. Det blir i meldinga vist til at det er store skilnader mellom kommunane når det gjeld premissane for den lokale bustadpolitikken, omfanget og samansetjinga av utfordringar og korleis dei bustadpolitiske oppgåvene er organiserte. Nokre kommunar har oppgåver som krev omfattande utviklingsarbeid, og ein del av dei gjer dette arbeidet saman med Husbanken. Her har dei økonomiske verkemidla ei viktig rolle. Kommunane skal administrere den statlege bustøtta. Utover det er dei ikkje pålagde å bruke dei statlege økonomiske verkemidla.
Rettleiing og dialog står sterkt i den statlege styringa av kommunane. Husbanken har dei siste åra fått ei klarare rolle som støttespelar for kommunane, både fagleg og økonomisk. Husbanken har bustadpolitisk kompetanse og legg til rette for erfaringsutveksling mellom kommunane. Departementet vil arbeide for at denne rolla til Husbanken blir vidareutvikla og forsterka.
Konsultasjonsordninga mellom staten og KS er den mest formaliserte dialogarenaen mellom regjeringa og kommunesektoren. Samarbeidsavtalen om bustadsosialt arbeid, der fem departement er ansvarlege frå staten si side, er eit døme. Sidan 2007 har KS og Kommunal- og regionaldepartementet arrangert årlege bustadsosiale leiarkonferansar for å fremje dialog mellom kommunane og statlege instansar.
Kommunen har både ei rolle som samfunnsutviklar og som tenesteytar i bustadpolitikken.
Gjennom arealplanlegginga kan kommunen leggje til rette for naudsynte og føremålstenlege areal til bustadformål. Bustadene skal ikkje berre vere eit gode i seg sjølv, men skal også fremje tilgjengeleigheit og godt utemiljø. Det skal vere grøntstruktur i byggjesona, tilgjenge til skule og andre offentlege tenester.
Kommunen kan òg setje krav til bustadstorleik og nærområde for å motverke at det blir store skilnader i levekåra. Kommunane kan òg bruke arealplanlegginga til å utvikle den kommunale bustadmassen. Dersom kommunane vil leggje til rette for at kommunale leigarar kan kjøpe bustaden sin, kan det gjerast gjennom arealplanlegging og bustadkjøp i nye utbyggingsområde. Gjennom utbyggingsavtalar kan kommunane sikre seg forkjøpsrett til bustader.
Utvikling av gode bu- og nærmiljø er først og fremst eit kommunalt ansvar. I område med store levekårsutfordringar kan det vere krevjande for kommunane å styrkje bu- og nærmiljøkvalitetane. Staten har derfor gjeve tilskot til bustad-, by- og områdeutvikling sidan 2007. Tilskotet er forvalta av Husbanken.
Det pågår tverrsektorielle satsingar i område med levekårsutfordringar i Oslo, Bergen og Trondheim. Den største satsinga er i Groruddalen i Oslo, der arbeidet med bustad-, by- og stadutvikling inneber tiltak som skal betre dei fysiske og sosiale forholda i nærmiljøet, som til dømes opprusting av parkar, vegundergangar, nye møteplassar og leikeareal. Satsinga i Groruddalen er vurdert etter dei første åra, og totalvurderinga er at ho er på rett veg.
Områdeløftet har utløyst engasjement og skapt resultat som innbyggjarane verdset. Som pådrivar og samarbeidspartnar for bydelane blir Husbanken opplevd som verdifull, men det er også klart at områdeløft inneber kompliserte og tidkrevjande prosessar. Satsingane i Bergen og Trondheim starta opp i høvesvis 2011 og 2012.
Å setje i verk helsefremjande tiltak er ein del av ansvaret til fylkeskommunane og kommunane.
Lova om folkehelsearbeid frå 2012 skal medverke til ei samfunnsutvikling som styrkjer folkehelsa, og som jamnar ut sosiale skilnader i helse og levekår. Kunnskap om demografien og helsetilstanden og om forhold som påverkar helsa til folk, bør liggje til grunn for planlegginga i kommunane. Det blir no årleg publisert folkehelseprofilar for alle kommunar og fylke. Regjeringa vil vurdere å inkludere indikatorar for ulike bustadforhold i folkehelseprofilane, slik som bustadtypar, hushaldssamansetjing og fordelinga av leigde og eigde bustader.
Det blir i meldinga peikt på at fylkeskommunane og kommunane bør planleggje slik at dei sikrar areal til fysisk aktivitet. Bustadmiljø skal også ha møteplassar og gje høve til avkopling og ro. Det skal òg planleggjast slik at negativ verknad på helsa blir minst mogleg.
Regjeringa vil våren 2013 leggje fram ei stortingsmelding om ein nasjonal folkehelsestrategi.
Prinsippet om universell utforming er nedfelt i føremålsparagrafen i plan- og bygningslova, noko som inneber ein langsiktig nasjonal strategi for å gjere samfunnet tilgjengeleg for alle og hindre diskriminering. Universell utforming bør med i den overordna planlegginga, i detaljplanlegginga, i byggjesakshandsaminga og i arbeidet med kontroll og tilsyn. Føremålet er at samfunnet skal vere slik at alle menneske skal ha høve til å ta del i lokalsamfunnet og oppleve trygge og inkluderande miljø.
Plan- og bygningslova krev universell utforming av publikums- og arbeidsbygningar og uteareal opne for allmenta. Nye bustader skal vere brukande og tilgjengelege. Krava i byggteknisk forskrift vil variere for ulike typar bustader. I kommunale planar kan kommunane fremje tilgjengelegheit i bustader ved å gje føresegner om planløysing og fordeling av bustadtypar.
Det blir i meldinga peikt på at det framleis er eit stort potensial for fortetting. Fortetting gjer at ein kan ta vare på produktive landbruksområde, verne om artsmangfaldet og om verdifulle natur- og kulturmiljø, og redusere transportbehovet. Det blir i meldinga peikt på at byar og tettstadskommunar bør leggje vekt på fortetting og transformasjon i sentrum og rundt knutepunkt for å motverke byspreiing.
Ved all bustadutvikling skal dei nasjonale måla og prinsippa for ei berekraftig by- og stadutvikling liggje til grunn. Vidare har regjeringa, som varsla i klimameldinga, som mål at veksten i persontransporten i storbyane skal møtast med kollektivtransport, sykkelvegar og gangvegar. Det er ikkje mogleg å nå dette målet utan å planleggje for fortetting, effektive kollektivknutepunkt og gang- og sykkelvegnett.
Nye bygg, bustader, næringslokale og arbeidsplassar i byane skal lokaliserast i eksisterande bygningsmiljø og nær kollektivknutepunkt. Fortetting og omforming skal skje på ein måte som tek vare på og vidareutviklar eksisterande kvalitetar, grøntstruktur, offentlege uterom og kulturmiljø.
Det bør vere kort avstand frå bustadområda til grøntområde for rekreasjon.
Det treng ikkje vere ein motsetnad mellom fortetting og kvalitet med omsyn til lys, luft og uteområde.
Fortetting er i første rekkje eit prinsipp som gjeld bustadutviklinga i byar og på tettstader. I distrikta har folk betre høve til å bu for seg sjølve. Det blir i meldinga peikt på at det er god ressursutnytting i å ta landet i bruk og ta vare på bustadene og kulturlandskapet i distrikta. Det skal vere rom for å busetje seg mindre sentralt.
Regjeringa ynskjer fleire bygg der omsynet til energi- og materialbruk, byggjeavfall, inneklima, forureining og klimatilpassing blir sett i ein heilskapleg samanheng. Det er viktig å sikre at energikrav ikkje går ut over andre forhold, som til dømes inneklima. I tillegg skal bygga ha god funksjonell og visuell utforming.
Bustadsosialt arbeid kan seiast å omfatte alt ifrå å skaffe bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden, til å auke føresetnaden den einskilde har for å meistre buforholdet. Bustadutvalet (NOU 2011:15) skilde mellom operative og strategiske oppgåver i det bustadsosiale arbeidet. Dei operative oppgåvene handlar om å skaffe bustader, gje økonomisk støtte til buutgifter og gje oppfølging i bustad. Dei strategiske oppgåvene kan vere å fastsetje mål for ulike verkemiddel, setje av økonomiske og faglege ressursar til arbeidet, og å avgjere kvar og av kven dei ulike operative oppgåvene skal løysast. I tillegg inneber dei strategiske oppgåvene å sikre rapportering og evaluere effekten av arbeidet.
Bustadutvalet (NOU 2011:15) lyfta fram fem suksesskriterium for det bustadsosiale arbeidet: samordning, forankring og eigarskap, overordna strategi for det bustadsosiale arbeidet, bustadsosial kompetanse og økonomiske ressursar. I sitt høyringssvar til NOU 2011:15 meinte Samarbeidsforum mot fattigdom at utvalet også burde trekkje med brukarmedverknad som eit suksesskriterium.
Med institusjonsomsorg er det ei direkte kopling mellom bustad og tenester, medan ein ved å byggje ned institusjonsomsorga koplar bustaden fri frå tenestene. Mange har behov for hjelp til å få ein eigna stad å bu og for tenester i heimen. Det blir i meldinga vist til at det derfor er viktig å sjå folk sitt totale behov i samanheng for å kunne gje best mogleg hjelp og oppnå best mogleg resultat.
Mangfaldet av bustadbehov forklarer kompleksiteten i arbeidet. Det blir i meldinga vist til at det er viktig med samordning på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.
Både kommunane og staten må ha gode styringsdata for å kunne førebyggje og avhjelpe bustadproblem på ein målretta og effektiv måte. Rapportering i KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering) og på verkemidla til Husbanken gjev styringsinformasjon. Fleire kommunar ser likevel behov for å vidareutvikle datatilfanget. I dag må kommunen hente data frå ulike kjelder som Nav-kontoret, pleie- og omsorgstenesta, flyktningkontoret, bustadkontoret og eigedomsforvaltninga.
Oslo kommune har, mellom anna i samarbeid med Husbanken, utvikla eit sakshandsamingssystem for bustadsosialt arbeid. Systemet skal takast i bruk i 2013. Det kjem til å gje betre kontinuitet i sakshandsaminga og betre oversikt over behova og effekten av tiltaka. Systemet er tilgjengeleg for også andre kommunar, og Husbanken vil medverke til å gjere det mogleg å ta det i bruk.
Bustadutvalet (NOU 2011:15) føreslo å tydeleggjere og utvide ansvaret som kommunane har for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Utvalet meinte at kommunane allereie har eit ansvar for å skaffe bustader til dei som ikkje sjølve er i stand til det. Lovverket er likevel komplisert og vanskeleg å få oversikt over, og det er uklart kva kommunane faktisk er pålagde å gjere. Utvalet meinte at ei sterkare lovforankring i større grad vil likestille det bustadpolitiske feltet med andre velferdsområde som helse, utdanning og inntektssikring. Utvalet hadde tre konkrete framlegg om lovendringar. Nærare omtale av lovframlegga finn ein i NOU 2011:15 s. 133–136.
I høyringa av NOU 2011:15 var det mange instansar som hadde synspunkt på lovframlegga. Det var ei lita overvekt av instansar som støtta framlegga. Blant kommunane var det fleire som gjekk imot framlegga, enn som var for. KS støtta det mindretalet i utvalet som gjekk imot lovframlegget om rett til naudsynt bistand til å få eit forsvarleg butilbod.
Kommunal- og regionaldepartementet har fått gjennomført ei utgreiing om moglege konsekvensar av framlegga til utvalet. Utgreiinga konkluderer med at lovframlegga i varierande grad vil ha rettsleg verknad for kommunane.
Departementet er samd i fleire av dei momenta som utvalet grunngav i framlegget om å lovfeste det kommunale ansvaret for å skaffe bustader til vanskelegstilte. Bustaden er grunnleggjande for den einskilde si helse, verd og moglegheit for eit aktivt liv. Viss ei lovendring skal innebere ei reell auke i dei rettslege forpliktingane kommunane har for å skaffe bustader til vanskelegstilte, let dette seg vanskeleg gjere utan å gje individuelle rettar. Det var ikkje intensjonen til utvalet å gje individuelle rettar.
Utvalet meinte at gjeldande lovverk er komplisert og vanskeleg å få oversikt over. Etter at NOU 2011:15 blei lagt fram, er det utarbeidd eit nytt rundskriv til Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. Rundskrivet tydeleggjer kva forståing som skal leggjast i lovføresegnene og kva for omsyn det skal leggjast vekt på i skjønnsmessige vurderingar.
Rundskrivet tek til ei viss grad høgde for dei momenta som utvalet grunngav lovframlegga med. Det blir i meldinga gitt kommentarer til omtale av § 15 og § 27 i lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltninga.
Dersom Arbeidsdepartementet etter at det nye rundskrivet har blitt godt kjend i kommunane, mottek meldingar om at § 15 Boliger til vanskeligstilte framleis blir opplevd som uklar, vil departementet vurdere å endre ordlyden i denne paragrafen.
Utvalet føreslo òg å tydeleggjere ansvaret for ein forsvarleg busituasjon som del av det ansvaret kommunane har for helse- og omsorgstenester. Dei omsyna som dei føreslåtte lovføresegnene skal ta vare på, er allereie langt på veg dekte av § 3-7 c i helse- og omsorgstenestelova der det i dag kjem fram at kommunen har eit medverknadsansvar.
Utvalet viste òg til at individuell plan er ein viktig reiskap i planlegging og gjennomføring av bustadtiltak og oppfølging i bustad. I Meld. St. 12 (2011–2012) Stat og kommune – styring og samspel varsla regjeringa ei samla evaluering av dei ulike lovføresegnene om individuell plan. Fram til Stortinget har fått lagt fram for seg resultata frå evalueringa, vil regjeringa ikkje gjere framlegg om nye lovføresegner om individuell plan.
Husbanken er den viktigaste reiskapen til regjeringa når ho skal gjennomføre den statlege bustadpolitikken.
Husbanken skal tildele og forvalte bustøtte, tilskot og lån i tråd med nasjonale mål og føringar som er gjevne av Stortinget og departementet. Rapporteringa frå bruken av verkemidla skal gje grunnlag for evaluering og vidareutvikling. Husbanken forvaltar òg ordningar som rentekompensasjonsordningar for kyrkjer og skular, tilskot til studentbustader, lån til barnehagar og investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.
Husbanken har dei siste åra fått eit større ansvar for å leggje til rette for ein heilskapleg og lokalt tilpassa bustadpolitikk. I tilrettelegginga involverer Husbanken andre statlege aktørar som har tilgrensande ansvar og oppgåver, i tillegg til KS, byggjenæringa, den frivillige sektoren og brukarorganisasjonar.
Husbanken forvaltar ein budsjettpost til forskings- og utviklingsprosjekt. Resultata av kunnskapsutviklinga gjev eit grunnlag for politikkutforminga, og er tilgjengelege for kommunar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar.
Regjeringa vil vidareutvikle og forsterke verksemda til Husbanken på fleire område. Rolla til Husbanken innanfor bustadbygging skal først og fremst vere å bidra til at det blir bygd fleire bustader med gode kvalitetar, at det blir skaffa fleire kommunalt disponerte utleigebustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, og studentbustader.
Husbanken skal supplere, ikkje konkurrere med, private kredittinstitusjonar. Gjennom startlånet skal Husbanken medverke til å senke terskelen til eigaretablering blant vanskelegstilte slik at fleire kan skaffe seg ein eigd bustad. Gjennom å gje grunnlån skal Husbanken stimulere til kvalitetar som miljø, energi og universell utforming i bustader og andre bygningar. Dette føreset ein tett dialog med både kommunane og næringa.
Husbanken må ha lokal kunnskap om situasjonen på bustadmarknaden og dei utfordringane kommunane står overfor. Det blir i meldinga peikt på at regional organisering av Husbanken er viktig for å få nærleik til kommunane og god dialog om dei lokale bustadpolitiske utfordringane. I 2012 blei det etablert regionale råd i Husbanken. Dei regionale råda skal bidra til nærleik og dialog mellom Husbanken og kommunane.
Det blir i meldinga vist til at Husbanken må setje inn ein særleg innsats mot kommunar i alle regionar med store bustadsosiale utfordringar. Gjennom langsiktig og forpliktande samarbeid skal kommunane få betre grunnlag for å styre og organisere arbeidet. Kommunane må sjølve ha eigarskap og forankre arbeidet med å identifisere utfordringane og finne løysingar. Dette skal medverke til ein meir heilskapleg bustadpolitikk i kommunane og til at det blir teke meir bustadsosiale omsyn i kommuneplanlegginga. Husbanken må leggje til rette for regionalt samarbeid på område der det er gagnleg, og for at alle kommunar kan dra nytte av erfaringane frå utviklingsarbeidet.
Det blir i meldinga vist til at Husbanken skal utvikle og formidle kunnskap som kan medverke til auka måloppnåing i både den lokale, den regionale og den nasjonale bustadpolitikken. Husbanken skal leggje til rette for arenaer for erfaringsutveksling, kunnskapsutvikling og formidling av kunnskap om arbeidsmetodar. Det er særleg viktig å styrkje kommunane innanfor dei nasjonalt og lokalt prioriterte satsingsområda.
Det blir i meldinga vist til at Husbanken skal vidareutvikle rolla som forvaltar av dei økonomiske verkemidla. Husbanken har gjennom sitt IKT-moderniseringsprogram, SIKT, sett i gang arbeid med å modernisere og forenkle den elektroniske sakshandsaminga.
Husbanken skal samarbeide med andre statlege instansar slik at kommunane opplever ein samordna, heilskapleg og konsistent statleg bustadpolitikk. Ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid skal bidra til å samle den statlege innsatsen overfor kommunane, og Husbanken vil få eit ansvar for å koordinere arbeidet med strategien på direktoratsnivå.
Husbanken skal samarbeide med Direktoratet for byggkvalitet om å fremje kvalitet i bustader og bygg. Klima, miljø, tilgjengelegheit og universell utforming er sentrale område for samarbeidet. Meld. St. 28 (2011–2012) Gode bygg for eit betre samfunn varslar at Husbanken skal vidareutvikle rolla si som nasjonalt senter for byggjeskikk og godt bumiljø.
Departementet vil prioritere forsking som ser bustadpolitikken som ein del av velferdspolitikken og som viser viktige samanhengar med andre velferdsområde, som arbeid, utdanning, helse og miljø, oppvekst og integrering. Det er viktig å få fram fleire prosjekt som dokumenterer effektar av bustadpolitikken. Vidare skal forskinga gje kunnskap om sentrale sider ved bustadmarknaden. Det bustadsosiale arbeidet kjem til å stå sentralt i forskinga.
Departementet skal sikre god og kritisk forsking med relevans for utviklinga innanfor arbeidsområdet til departementet. Finansiering av forsking som kan nyttast i politikkutforming og forvaltning, vil bli prioritert. Forsking er også viktig for å evaluere dei statlege verkemidla, som lån og tilskot, for å sjå kva effektar dei gjev.
Sektoransvaret inneber òg å arbeide for at det finst fagmiljø med god kompetanse på området, og at det finst oppdatert og god kunnskap i bustad- og byggjesektoren, og inneber ei arbeidsdeling mellom departementet og dei underliggjande etatane. Den langsiktige kunnskapsinnhentinga til departementet er det sytt for mellom anna gjennom medfinansiering av forskingsprogrammet «Velferd, arbeidsliv og migrasjon» (VAM) i regi av Noregs forskingsråd.
Husbanken står for ein stor del av den prosjektorienterte kunnskapsinnhentinga.
Det blir i meldinga peikt på at departementet og Husbanken har ei viktig rolle med å gjere forskinga kjent og formidle forskingsresultata.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at regjeringens visjon for boligpolitikken er at alle skal bo trygt og godt. Boligpolitikken skal bidra til å møte boligbehovene for den enkelte, i samfunnet og for framtidige generasjoner. Flertallet viser videre til at regjeringen har følgende mål for bolig- og bygningspolitikken:
Boliger for alle i gode bomiljø
Trygg etablering i eid og leid bolig
Boforhold som fremmer velferd og deltakelse
Godt utformede, sikre, energieffektive og sunne bygg
Bedre og mer effektive byggeprosesser
Flertallet støtter regjeringens visjon og mål for bolig- og bygningspolitikken.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre er enig i at hvordan vi bor, i stor grad legger grunnlaget for hvordan vi som enkeltmennesker opplever vår sosiale situasjon. Disse medlemmer har merket seg at meldingen ikke inneholder noen programerklæring eller overordnet visjon for boligpolitikken i Norge. Disse medlemmer viser til at man tidligere opererte med samfunnsmessige mål for hvor stor del av disponibel gjennomsnittsinntekt som skulle gå med til å dekke boligutgiftene. Hvis disse medlemmer skulle formulere en målsetting for boligpolitikken, ville den blitt slik:
«Boligpolitikkens mål er å legge til rette for at alle kan skaffe seg en tjenlig og trygg bolig som kan finansieres gjennom vanlig inntekt, at boligmarkedet kan levere en variasjon av boligtyper som passer den enkelte husstand og livssituasjon, og at offentlige boligløsninger og boligsubsidier bør brukes mer målrettet for å hjelpe svakstilte grupper bedre.»
Disse medlemmer vil fremheve betydningen av at ordinære banker gis mulighet til å betjene sine boliglånskunder, mens Husbankens låneordninger i stor grad forbeholdes dem som ikke får finansiert sin bolig helt eller delvis gjennom ordinær bank.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til at Husbanken er et vesentlig virkemiddel til å virkeliggjøre den offentlige boligpolitikken. Dette medlem mener det er et førende hensyn at befolkningen har en trygg og god boligsituasjon uansett inntektsforhold. De boligpolitiske tiltakene må ses i sammenheng med andre offentlige ytelser, kommunalt ansvar og med den økonomiske politikken for øvrig. Dette medlem viser til at Husbanken supplerer lånetilgangen som ellers ytes fra ordinære banker ved å gi lån som er fordelingspolitisk ønskelig og samfunnsmessig forsvarlig. Startlånet for yngre og vanskeligstilte er et eksempel på den vellykkede dreiningen av boligsubsidiene fra å være en støtte for hustyper og organisasjonsformer, til å bli rettet inn mot grupper med særlige behov.