Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

9. Ny lovbestemmelse for tollkontroll

Gjennom å vere til stades ved grensa og kontrollere vareførselen har toll- og avgiftsetaten ei sentral rolle når det gjeld å verne samfunnet. For å redusere risikoen ved store varestraumar, transportmiddel og personar inn i landet er det viktig å føre ein effektiv og målretta grensekontroll. Grensekontrollen tolletaten utfører skal avdekkje og førebyggje toll- og avgiftsunndraging samt anna ulovleg vareførsel. Det er viktig at kontrollheimlane etaten brukar er klare og føreseielege, og at det er openheit rundt kontrollen. Kontrollen må vegast opp mot kravet til rettstryggleik.

Personopplysningar i kontrollstøttesystema (datasystema) til tolletaten blir i dag brukte til å planleggje og gjennomføre ein effektiv og målretta grensekontroll for å avdekkje ulovleg vareførsel. Datatilsynet har gitt mellombelse konsesjonar for dei tre kontrollstøttesystema til tolletaten. Konsesjonane gjeld fram til 15. oktober 2013.

I lys av dette har departementet sendt eit forslag til ei ny lovføresegn på høyring. Denne skal vidareføre og tydeleggjere kva moglegheit tolletaten har til å innhente, lagre, bruke og samanstille personopplysningar når dei planlegg, målrettar og gjennomfører kontroller. Etter høyringsforslaget skal føresegna òg heimle moglegheit til å behandle visse sensitive personopplysningar samt ikkje-verifiserte opplysningar frå ulike tredjepartar.

Departementet fremjar i proposisjonen eit lovforslag som byggjer på høyringsforslaget, men som er justert noko etter innspel frå høyringsinstansane.

Departementet viser til forslag om endringar i tollova ny § 13-10. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.