6. Merverdiavgift – endringer i representantordningen
Eit avgiftssubjekt som ikkje har forretningsstad eller heimstad i meirverdiavgiftsområdet skal registrere seg i Meirverdiavgiftsregisteret ved representant.
Departementet legg fram forslag til endringar i meirverdiavgiftslova som inneber at slike representantar ikkje lenger skal vere ansvarlege for betaling av meirverdiavgift. Forslaget gjeld berre dei tilfella der den næringsdrivande høyrer heime i ein stat som Noreg har avtale med om utveksling av informasjon og innkrevjing av meirverdiavgift.
Departementet vil òg oppheve gjeldande krav om at ein skal sende salsdokument gjennom representant. Dette forslaget krev endringar i meirverdiavgiftsforskrifta og bokføringsforskrifta. Departementet tek sikte på å endre forskriftene frå 1. juli 2013 slik at endringane kan tre i kraft samtidig med den endring i meirverdiavgiftslova som departementet foreslår her.
I høyringsnotatet blei det òg lagt fram forslag om å oppheve kravet om at ein skal sende salsdokument gjennom representant. Forslaget krev ikkje lovendring.
Høyringsfristen var 22. april 2013. Høyringsnotatet blei sendt til 55 organisasjonar og instansar. 10 irekna instansar som ikkje sto på høyringslista, har realitetsmerknader.
Meirverdiavgifta er ei generell avgift på forbruk som skal leggjast på alle varer og tenester. Meirverdiavgifta utgjer om lag 20 pst. av statens samla skatteinntekter og er såleis ei viktig inntektskjelde for staten.
Det er særlege utfordringar når det gjeld å krevje inn meirverdiavgifta frå utanlandske næringsdrivande som ikkje er etablerte her i landet. Det er ønskjeleg å ha rettslege verkemiddel som kan sikre at meirverdiavgifta blir rekna ut og innbetalt i tråd med regelverket. Dette kan tale for at representantordninga blir vidareført.
På den andre sida verkar ordninga i dag noko tungvinn og gammaldags og kan føre til at ein som ikkje er etablert i Noreg ikkje registrerer sin meirverdiavgiftspliktige omsetning i Noreg, noko som ikkje er ønskjeleg. Ordninga inneber mellom anna kostnadar for dei utanlandske næringsdrivande ved at dei kan måtte leige inn eit norsk advokatfirma, revisjonsselskap e.l. som representant.
På bakgrunn av dette har departementet sett i gang eit arbeid for å vurdere heile representantordninga. Dette er eit arbeid som vil ta litt lengre tid, men som er prioritert. Som ei mellombels løysing for å avhjelpe dei innvendingane som er nemnde ovanfor og som er påpeikt av ESA, foreslår departementet enkelte endringar slik at dagens ordning blir enklare. Endringane inneber lette i representanten sitt ansvar og plikter. Endringane inneber ei modernisering av regelverket slik at det òg blir enklare å praktisere for dei utanlandske næringsdrivande.
Departementet foreslår å oppheve representanten sitt ansvar for betaling av meirverdiavgift etter meirverdiavgiftslova § 11-1 tredje ledd. Forslaget om at representanten ikkje skal ha ansvar for å betale meirverdiavgifta gjeld berre dersom norske styresmakter har inngått avtale med den utanlandske næringsdrivande sitt heimland om utveksling av opplysningar og gjensidig bistand om innkrevjing av meirverdiavgift. Norske styresmakter har inngått slik avtale med følgjande land: Belgia, Danmark, Finland, Frankrike, Island, Italia, Nederland, Polen, Portugal, Slovenia, Spania, Sverige, Storbritannia, Tsjekkia og Malta. I dei tilfella Noreg har slike avtalar meiner departementet at moglegheitene til å krevje inn avgifta er gode nok slik at behovet for å gjere representanten ansvarleg ikkje er naudsynt. Det er derfor ikkje grunn til å vidareføre kravet.
Forslaget inneber at det berre er den utanlandske næringsdrivande som er ansvarleg for innbetaling av avgifta. Den norske representanten vil ikkje lenger vere solidarisk ansvarleg for avgifta, og avgiftsstyresmaktene kan ikkje krevje avgifta av denne. Lovforslaget inneber ei lemping i representanten sine plikter slik at avgiftsstyresmaktene ikkje kan krevje han for meirverdiavgifta. Dette gjer det mindre byrdefylt å vere representant og inneber ei enklare ordning.
For avgiftsstyresmaktene vil det vere noko meir arbeidskrevjande å krevje inn meirverdiavgift via bistandsavtale enn å krevje den inn frå ein norsk representant, men etter gjeldande forvaltningspraksis blir avgifta i første rekkje kravd inn frå den utanlandske næringsdrivande. Forslaget vil derfor ikkje innebere store endringar i praksis når det gjeld innkrevjing av avgifta.
NARF sine innvendingar gjeld i første rekkje forslaget om å endre meirverdiavgiftsforskrifta slik at salsdokument ikkje må sendast gjennom representant. Departementet viser til at avtale om å vere representant er eit forhold mellom den utanlandske næringsdrivande og den norske representanten. Representanten kan i avtalen krevje at den utanlandske næringsdrivande framleis skal sende salsdokumentet gjennom representanten. Departementet viser vidare til at i ei rekkje tilfelle har det vist seg at kravet er umogleg eller tungvint å oppfylle. Utanlandske næringsdrivande og deira representantar har derfor bedt om at kravet blir oppheva. Departementet meiner derfor at kravet ikkje bør vere fastsett i forskrift.
Det blir ikkje fremja forslag om endringar i dei andre pliktene representanten har etter meirverdiavgiftslova, meirverdiavgiftsforskrifta og bokføringsforskrifta. Dette inneber at representanten framleis vil ha plikt til å rekne ut meirverdiavgift, levere omsetningsoppgåve mv. Pliktene etter bokføringslova og bokføringsforskrifta står òg ved lag.
Som nemnt vil departementet vurdere heile representantordninga. Departementet viser til at fleire og fleire land ikkje lenger stiller krav om at ein utanlandsk næringsdrivande har representant. Departementet vil komme tilbake til saka.
Departementet viser til forslag til § 11-1 tredje ledd nytt andre punktum i meirverdiavgiftslova.
Oppheving av representanten sitt ansvar for betaling av meirverdiavgift kan redusere kostnadene ved å ha representant for den utanlandske næringsdrivande. For avgiftsstyresmaktene vil dei administrative kostnadene ikkje auke i særleg grad. Departementet legg til grunn at forslaget ikkje har provenymessige konsekvensar.
Fleire høyringsinstansar meiner at betalingsansvaret bør bli oppheva òg for krav som har oppstått før 1. juli 2013.
Departementet viser til at lovendringar som hovudregel gjeld framover i tid. Dessutan held avgiftsstyresmaktene seg i første rekkje til den utanlandske næringsdrivande. Departementet viser òg til at når partane gjorde representantavtale, blei det lagt til grunn at ansvaret gjaldt tilbake i tid. Departementet finn derfor ikkje grunnlag for å oppheve representanten sitt ansvar tilbake i tid.
Departementet foreslår at endringa i meirverdiavgiftslova tek til å gjelde 1. juli 2013.
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at merverdiavgiftsreglene ikke er en del av EØS-avtalen, og at Norge ikke er bundet av bestemmelsene i merverdiavgiftsdirektivet 2006/112/EC. Samtidig er harmonisering av merverdiavgiftsregelverket viktig for at det indre markedet fungerer, og for å unngå konkurransevridninger innad i markedet. Disse medlemmer viser til at ESA har påpekt at det er en begrensning av de grunnleggende friheter å kreve at utenlandske virksomheter skal oppnevne en representant som er solidarisk ansvarlig for at merverdiavgift blir beregnet og betalt. Disse medlemmer støtter derfor regjeringens forslag, og mener at man på sikt bør legge opp til en ordning som harmonerer med representantordningen hos Norges naboland.