1. Sammendrag
Det blir i proposisjonen fremja framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2013 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2013.
Ein syner til forskrift fastsett ved kongeleg resolusjon 24. mai 2013 om grunnbeløp, reguleringsfaktorar, satsar for minste pensjonsnivå i folketrygda frå 1. mai 2013 og verknadstidspunkt for regulering av kravet til minsteinntekt for rett til dagpengar.
Grunnbeløpet er auka frå 82 122 kroner til 85 245 kroner frå 1. mai, det vil seie med 3,80 pst. Uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 3,80 pst.
Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken på 3,80 pst. deretter fråtrekt 0,75 pst. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 3,02 pst. frå 1. mai 2013.
Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 3,80 pst. og deretter justerte for effekten av levealdersjustering, noko som inneber at satsane er auka med 3,29 pst. Satsane er frå 1. mai 2013 sette til 133 546 kroner for låg sats, 155 372 kroner for ordinær sats, 167 963 kroner for høg sats og 251 957 kroner for særskilt sats. Det vises til kapittel 1.2 i proposisjonen der det er gjort detaljert greie for reguleringa av grunnbeløpet, pensjonane og satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2013
Meirutgiftene for 2013 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar blir om lag 6 397 mill. kroner.
Ein syner til proposisjonens kapittel 3, som gjer greie for utviklinga i grunnbeløpet, pensjonar og lønn dei seinare åra.
Når det gjeld skattereglane for pensjonistar i 2013 er dette gjort greie for i kapittel 4 når det gjeld:
Særskilde reglar for AFP- og alderspensjonistar
Særskilde reglar for uføre
Minstefrådraget for pensjonsinntekter
Trygdeavgift.
I proposisjonens kapittel 5 og 6 er det nærare gjort greie for:
Pensjonar og ytingar frå folketrygda
Pensjonar mv. frå Statens pensjonskasse
Avtalefesta pensjon i privat sektor
Pensjonstrygda for sjømenn
Krigspensjonering
Supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg.
Reglane for regulering av pensjonar i folketrygda går fram av folketrygdlova § 1–4 og 19–14 og forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om berekning av lønnsveksten som skal nyttast ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygda. Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med eit gjennomsnitt av lønns- og prisveksten.
Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne.
Det er lagt til grunn ei venta lønnsauke på 3,5 pst. i 2013. I trygdeoppgjeret 2012 vart det lagt til grunn for reguleringa av grunnbeløpet ei venta lønnsauke på 3,75 pst. Faktisk lønnsauke for 2012 er anslått til 4,0 pst. (frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsopppgjera av 25. mars 2013). Partane er samde om at det ligg føre eit avvik på 0,25 prosentpoeng for 2012. I trygdeoppgjøret 2012 vart det lagt til grunn ei faktisk lønnsauke på 4,2 pst. i 2011. Faktisk lønnsauke for 2011 (Det tekniske berekningsutvalet) er framleis sett til 4,2 pst. Partane er samde om at det dermed ikkje ligg føre eit avvik for 2011.