1. Sammendrag
- 1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
- 1.2 Bakgrunnen for lovforslaget. Høyring.
- 1.3 Om fiskesalslaga
- 1.4 Sentrale tema i høyringa
- 1.5 Krav til kvalitet ved handtering av fisk
- 1.6 Fiskesalslaga og forholdet til forvaltningslova
- 1.7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Fiskeri- og kystdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til ny lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar (fiskesalslagslova). Forslaget erstattar lov om omsetning av råfisk (råfiskloven) som tredde i kraft 1. januar 1952.
Forslaget inneber at det vert etablert ei ny og moderne lov om omsetning av dei viltlevande marine ressursane, og at lova vert harmonisert med resten av lovverket som regulerer fiskerinæringa, medrekna havressurslova og deltakarlova. Lovutkastet fører i det vesentlege vidare dagens råfisklov. Samtidig følgjer lovutkastet opp arbeidsgrupperapporten «Gjennomgang av råfiskloven», som Fiskeri- og kystdepartementet tok imot 31. oktober 2011, og som har vore til offentleg høyring.
Lovutkastet gjer det tydeleg korleis førstehandsomsetninga av viltlevande marine ressursar føregår, og kva for viktig rolle fiskesalslaga har i ressursforvaltninga. Sett i lys av havressurslova og deltakarlova kan det hevdast at dagens råfisklov er lovteknisk svak på fleire område. Sjølv om det er lagt til grunn at råfisklova skal medverke til å auke lønsemda i fiskerinæringa gjennom å sikre gode og stabile prisar, har ikkje lova ei eiga formålsføresegn. Eit anna døme er at råfisklova ikkje har føresegner om verkeområde som klargjer rammene for førstehandsomsetninga. Mellom anna ved å foreslå føresegner om formål og sakleg og stadleg verkeområde ønskjer departementet å gje eit tydelegare og meir pedagogisk bilete på fiskesalslagssystemet i Noreg. Føresegner om stifting, godkjenning og tilbakekall av godkjenning gjer det meir føreseieleg for fiskesalslaga og styresmaktene, og stadfestar på ein betre måte den rolla salslaga har i norsk fiskeriforvaltning.
Fiskesalslaga sin rett til å fastsetje minsteprisar er ikkje uttrykkeleg nemnt i råfisklova, men er ein del av retten til å fastsetje forretningsreglar etter lova § 4, jf. § 2. Heimelen til å fastsetje minsteprisar er eit sentralt instrument innanfor førstehandsomsetninga, og den bør difor gjerast tydeleg og framhevast. I lovutkastet foreslår departementet å gjere det klart korleis minsteprisar skal fastsetjast, og kva prosedyrar som skal følgjast dersom det oppstår usemje om fastsetjinga av minstepris.
Lovutkastet har med eit nytt forslag om føresegn som gjev departementet heimel til å påleggje fiskesalslaga å kontrollere råstoffkvalitet og råstoffhandtering til havs og etter landing.
Departementet foreslår at det eksisterande forskriftsverket og enkeltvedtak fastsett i eller etter råfisklova, vert vidareført inntil det vert oppheva. Departementet vil ha ein gjennomgang av forskriftene som er fastsette etter råfisklova for å harmonisere føresegnene så langt det er mogeleg eller ønskjeleg.
Lov om omsetning av råfisk (råfiskloven) tredde i kraft 1. januar 1952. Formålet med lova var opphavleg å sikre fiskarane gode og stabile prisar for fisken, men salslagssystemet har seinare utvikla seg monaleg. Systemet medverkar i dag til klare og føreseielege oppgjersvilkår for alle som handlar med fisk i første hand, og er ei sentral kjelde for forvaltninga til informasjon om fangstaktiviteten. Ordninga er avgjerande for kvotekontroll, sporing og kartlegging.
Det er likevel stilt spørsmål ved enkelte sider av salslagssystemet. Dette gjeld særleg spørsmålet om legitimiteten til ordninga fordi lova gjev dei fiskareigde salslaga rett til einsidig å fastsetje minsteprisar, som er bindande både for seljar og kjøpar av fisk i første hand. Salslaga og organisasjonane til fiskekjøparane vart i 2005 samde om å opprette ei prøveordning med privat meklingsinstans ved usemje om minsteprisen, under føresetnad av at fiskesalslaga beheldt retten til å einsidig fastsetje endeleg minstepris. Prøveordninga varte i to år, i 2007 og 2008, og til saman vart det gjennomført åtte meklingar. På oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet evaluerte Kontali Analyse AS i 2009 denne prøveordninga. Regjeringa har i Meld. St. 8 (2009–2010) Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2007 og 2008, orientert Stortinget om at departementet ville vurdere korleis evalueringa skal følgjast opp. Næringskomiteen uttalte i den samanhengen at dei ser fram til ei tilbakemelding til Stortinget om dette.
På denne bakgrunnen bestemde Fiskeri- og kystdepartementet å opprette ei partssamansett arbeidsgruppe for å gjennomgå
erfaringane frå prøveordninga med meklingsinstans ved usemje om fastsetjing av minstepris på omsetning av fisk i første hand og evalueringa som er gjort av prøveordninga, og eventuelt foreslå tiltak
oppdatering av råfisklova i høve til utviklinga av salslagssystemet etter at lova vart vedteken i 1951
Rapporten frå arbeidsgruppa vart send på offentleg høyring 2. desember 2011, med høyringsfrist 2. mars 2012. På bakgrunn av arbeidsgruppa sin rapport, innspel frå høyringsinstansane og behovet for lovteknisk gjennomgang av råfisklova, har Fiskeri- og kystdepartementet utarbeidd forslag til ny lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar.
Fiskeri- og kystdepartementet sende rapporten frå arbeidsgruppa på allmenn høyring 2. desember 2011, med frist til 2. mars 2012.
I dag er det seks fiskesalslag som forvaltar omsetningsretten etter råfisklova. Fiskesalslaga er i rettsleg forstand samvirkeforetak, som er eigde og vert styrte av fiskarar. Ansvarsfordelinga mellom salslaga heng saman med kva for fiskeslag som vert omsett og kva for geografisk ansvarsområde fangsten skal landast i. Norges Sildesalgslag har ansvaret for all førstehandsomsetning av sild, makrell, lodde og andre pelagiske fiskeslag, uavhengig av kvar fangstane vert landa. Dei andre fiskesalslaga har ansvar for alle andre artar. Norges Råfisklag har ansvaret for fisk som vert landa frå og med Finnmark til og med Nordmøre. Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (SUROFI) har ansvar for Sunnmøre og Romsdal, Vest-Norges Fiskesalslag for Sogn og Fjordane og Hordaland, Rogaland Fiskesalgslag for Rogaland og Skagerakfisk for kyststrekninga frå og med Vest-Agder til og med Østfold.
Gjennom St.meld. nr. 19 (2004–2005) om marin næringsutvikling (Den blå åker) vart det gjort opptak til eit prøveprosjekt mellom salslaga og landindustrien om langsiktige leveringsavtalar. Prøveprosjektet gjekk frå 1. august 2005 til 1. september 2007. I praksis var det berre dei tre største salslaga som kom til å nytte slike avtalar.
Fiskeriforsking gjennomførde ei omfattande evaluering (2007) av prøveprosjektet og fann at ulike flåtegrupper har ulike erfaringar med slike avtalar. I stortingsmeldinga vart også salslaga, FHL og NSL oppmoda om å etablere ein meklingsinstans som ei prøveordning. Meklingsinstansen skulle nyttast dersom det ikkje vart semje om prisen i førstehandsomsetninga.
I etterkant av prøveordninga fekk Kontali Analyse i oppdrag av departementet å lage ein rapport med gjennomgang og evaluering av prøveordninga. Evalueringa viste at pelagisk sektor var vesentleg meir positiv enn det kvitfisksektoren var, og at kjøparane var langt meir fornøgde enn fiskarane.
Etter råfisklova skal all fisk som vert omsett i første hand, omsetjast gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag. Dette inneber at omsetning, utførsel eller tilverking av fangst er forbode så sant det ikkje skjer gjennom det ansvarlege fiskesalslaget. Råfisklova inneber også at omsetninga må skje etter forretningsreglar som fiskesalslaga har vedteke.
Fiskesalslaga har også gjennom forretningsreglane utarbeidd oppgjersvilkår for korleis pengetransaksjonane mellom fiskar og fiskekjøpar skal gjennomførast. Det er eit viktig element i salslagssystemet at oppgjeret etter salet ikkje skjer på kaikanten direkte mellom fiskar og fiskekjøpar. I all hovudsak er det fiskesalslaga som står for utbetalinga til fiskarane, ikkje mottaksbedrifta. Dette kjem blant anna av at fiskesalslaget gjev fiskekjøparane kreditt, noko som inneber at kjøpar ikkje treng å betale for fangstane like etter landing.
Ut over dette gjev også råfisklova salslaga fullmakt til å regulere fisket av omsyn til avtaket eller for å få til ei tenleg utnytting av fangstane.
Råfisklova gjev også salslaga fullmakt til å dirigere fangstar til bestemte kjøparar eller til bestemt bruk når det er nødvendig, anten for å få omsett fangstane på den mest tenlege måten for fiskarane eller for å få ei heldig gjennomføring av fiske, avtak, produksjon eller vidareomsetning.
Salslaga har sidan 1990 hatt eit ansvar i arbeidet med den nasjonale ressurskontrollen. Dette arbeidet har vorte stadig viktigare dei seinare åra fordi Noreg legg stor vekt på berekraftig forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og på innsatsen mot ulovleg, uregistrert og urapportert fiske. Kontrollarbeidet til fiskesalslaga omfattar også kvotekontroll og inndraging av fangst utover kvote. Den nye havressurslova som vart vedteken 6. juni 2008 gjev salslaga eit større ansvar og vidare heimlar når det gjeld den nasjonale ressurskontrollen. Desse endringane er gjennomgått i Ot.prp. nr. 20 (2007–2008) kapittel 8.1.9. Salslaga skal også kontrollere at omsetningssystemet vert følgt, og at førstehandsomsetninga skjer i tråd med råfisklova eller føresegner gjevne etter råfisklova. Salslaga har, gjennom den daglege kontakten med fiskarar og kjøparar og kontrollen med uttaket, tileigna seg god kunnskap om dei utfordringar styresmaktene og næringa har. Bidraget til god ressurskontroll og langsiktig forvaltning av ressursane er i dag ein av grunnane til eksistensen til salslaga.
I Innst. 213 S (2009–2010) bad næringskomiteen om ei evaluering av kvaliteten og ressursbruken i salslaga sitt kontrollarbeid. Departementet har difor kartlagt innhaldet og omfanget av kontrollarbeidet i dei ulike salslaga. Evalueringa tek mellom anna føre seg om ressursbruken er kostnadseffektiv, og kor sannsynleg det er at brot på reglane vert oppdaga ved kontroll. Vidare inneheld evalueringa ei kartlegging av kva type kontrollar dei enkelte salslaga utfører og korleis desse vert utført, samt kva det er reagert mot og korleis det er reagert. Gjennomgangen kan bidra til å belyse kontrollaktiviteten og sikre likebehandling på tvers av salslaga. I Meld. St. 16 (2011–2012) om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010, ga departementet i kapittel 3.6 ei vurdering av kontrollarbeidet til salslaga. Departementet vil i denne samanheng vise til lovutkastet § 7, som legg til rette for samarbeid mellom salslaga om oppgåver nemnde i Meld. St. 16 (2011–2012) som kan vere tent med slike løysingar.
Råfisklova § 3 andre ledd fastset at Fiskeri- og kystdepartementet skal ha høve til å oppnemne ein offentleg kontrollør i kvart salslag. Det er i dag oppnemnde kontrollørar for alle salslag. Den viktigaste funksjonen er å føre kontroll med at den delen av verksemda til salslaget som er forvaltningsverksemd, vert utført i samsvar med gjeldande regelverk. Instruksen seier vidare at kontroll med prisfastsetjing eller prisforhandlingar ligg utanfor oppgåvene til kontrolløren, med mindre Fiskeri- og kystdepartementet oppmodar om slik kontroll.
Råfisklova har ingen formålsparagraf, men det er lagt til grunn at lova skal medverke til å auke lønsemda i fiskerinæringa gjennom å sikre gode og stabile prisar.
Etter departementet sitt syn er det tenleg at ei ny og moderne lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar har ein formålsparagraf. Omsetningssystemet og fiskesalslaga fyller fleire viktige roller som bør gå tydeleg fram av formålet.
Høyringsinstansane som representerer fiskarsida viser til at forslaget frå arbeidsgruppa manglar ein fiskarretta profil. Formålet med lova legg vekt på samfunnsdimensjonane, slik også havressurslova og deltakarlova gjer, vert det hevda. Dette meiner fiskarsida er uheldig og viser til at formålet bak fiskesalslaga er å sikre fiskarane inntekt. Formålet bør difor leggjast nærare opp til fiskesalslaga sine eigne formålsføresegner, vert det sagt.
Førstehandsomsetninga, som lova skal regulere, har etter departementet sitt syn ein større dimensjon enn berre å sikre fiskarane inntekt. Lova skal mellom anna sikre stabile rammevilkår for omsetninga, noko som er til fordel for både industrisida og flåtesida. Førstehandsomsetninga påverkar også resten av verdikjeda, og medverkar til arbeidsplassar i landindustrien. Fiskesalslaga fyller i dag fleire roller – marknadsplass, interesseorganisasjon og myndigheitsorgan. Spørsmålet er kva for roller lovgjevar bør framheve gjennom lovformålet. Departementet viser til at formålet både etter havressurslova og deltakarlova framhevar samfunnsdimensjonane ved lovene, og departementet meiner, slik som arbeidsgruppa, at dei tre hovudlovene i fiskeriforvaltninga bør harmoniserast når det gjeld formål.
Det vil vere opp til dei politiske styresmaktene å avgjere korleis ein best mogleg kan medverke til å nå formåla innanfor dei rammene lova gjev. Kva omsyn som eventuelt kan føre til mest mogleg berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar, kan endre seg over tid. Å trekkje fram spesifikke grupper eller omsyn i ein slik samanheng vil etter departementet sitt syn ikkje vere tenleg.
Departementet meiner at det framleis skal kunne fastsetjast ein minstepris. Dette er i samsvar med forslaga frå arbeidsgruppa og innspela i høyringsfråsegnene. Minsteprisen er eit viktig element innanfor førstehandsomsetninga av viltlevande marine ressursar, og det tilseier at heimelen vert framheva og utbygd i lova. Minsteprisen kan vere ein faktor som har stor vekt for å skape føreseielege vilkår for partane i førstehandsomsetninga. Arbeidsgruppa gjer i punkt 5.1 i rapporten greie for kva minsteprisen har å seie i dag. Departementet meiner at denne utgreiinga reiser ein del sentrale problemstillingar.
Departementet meiner at minstepris skal avgjerast etter forhandlingar mellom fiskesalslaget og fiskeindustrien i fellesskap, og fastsetjast formelt av fiskesalslaga. Dette vil innebere at den praksisen som fiskesalslaga allereie følgjer i dag, vert lovfesta. Fiskesalslaget skal fastsetje den minsteprisen som det har vorte semje om gjennom forhandlingane. Dersom det er fastsett ein minstepris vil partane vere bundne av prisen. Førstehandsomsetning til ein lågare pris enn minstepris vil vere i strid med lova.
Departementet støttar arbeidsgruppa sitt forslag til formål med minsteprisen. Formålet skal vere å oppnå ei rimeleg fordeling av inntekt frå marknaden mellom fiskar og industri. Departementet presiserer likevel at det bør vere opp til partane å vurdere kva moment det skal leggjast vekt på i ei vurdering av kva som er rimeleg, og viser til at minstepris vil kunne ha ulike verknader i ulike situasjonar.
Sjølv om det i mange høve vil vere ein fordel for både fiskarane og landindustrien at det vert fastsett minsteprisar på ulike artar, meiner departementet at det ikkje skal liggje føre ei legal plikt til å fastsetje minsteprisar. Spørsmål om det er tenleg å innføre minstepris bør drøftast og løysast gjennom dialog mellom partane og avgjerast etter gjeldande prosedyre for minsteprisfastsetjing. Det same gjeld spørsmålet om minsteprisen skal vere differensiert for ulike storleikar og produkttilstand.
I spørsmålet om korleis eventuell usemje om minsteprisen skal handterast, konstaterer departementet at høyringsinstansane deler seg etter same mønster som arbeidsgruppa.
I høyringsrunden var det berre LO, og til dels FHL, som støtta forslaget frå LO sin representant i arbeidsgruppa om å opprette ei meklingsnemnd der resultatet av meklinga skulle vere bindande for partane. Etter departementet sitt syn er det ei svakheit med forslaget at det opnar eit høve for partane til å posisjonere seg før prisforhandlingane. Dette vil kunne svekkje forhandlingsviljen og medverke til lite løysingsorienterte drøftingar. På sikt kan dette føre til større polarisering mellom partane og auka misnøye med systemet, noko som er uheldig og lite eigna til å oppnå formålet med lova. Departementet meiner det har ein del å seie at prosedyrane for løysingsmekanismane er føreseielege, medrekna at det ligg føre ei avgjerdsmakt som kan avgjere minsteprisspørsmålet endeleg. Departementet konstaterer i lys av dette at forslaget ikkje behandlar situasjonen som kan oppstå dersom det ikkje vert semje i meklinga, og ser difor ikkje dette som eit aktuelt forslag.
Forslaget frå fiskarsida om meklingsinstans, men der salslaget framleis vil ha rett til å fastsetje minstepris dersom verken forhandlingar eller mekling fører fram, kan angripast med at det i realiteten berre inneber ei vidareføring av råfisklova. Det er klart at forslaget ikkje inneber ei formell juridisk utjamning av maktubalansen som fleire i næringa opplever i dag. Forslaget inneber likevel ei endring av råfisklova ved at det vert etablert ei plikt til å gjennomføre mekling dersom det ikkje vert semje gjennom prisdrøftingar.
Høyringsinstansane på fiskarsida, som har gått inn for dette forslaget, har peikt på at fiskesalslaga er avhengige av politisk legitimitet i forvaltninga av minsteprissystemet. Dersom salslaga over tid misbrukar myndigheita si ved til dømes å setje for høg minstepris, vil dei misse denne legitimiteten med risiko for at lovgrunnlaget vert fjerna, vert det hevda. Departementet er einig i dette, og går difor ut frå at fiskesalslaga vil vere svært tilbakehaldne med å overprøve meklingsinstansen. Det vert såleis lagt til grunn at forslaget om meklingsinstans vil medverke til å fremme konstruktive og reelle forhandlingar mellom partane, og leggje til rette for at minsteprisen får auka legitimitet i heile sjømatnæringa.
Departementet ser også positive moment ved forslaget om at ein oppmann skal kunne avgjere minsteprisen når forhandlingane ikkje fører fram. Først og fremst vil det kunne tvinge partane til å forhandle på grunnlag av godt dokumenterte posisjonar, som ein må stå for i ettertid og kunne vise fram grunnlaget for. Samstundes vil dette forslaget føre til at oppmannen vert ståande ansvarleg for dei minsteprisane som vert fastsette når forhandlingane ikkje fører fram. Departementet ser dette som særs vanskeleg. Forslaget om ei mekling der salslaget likevel har siste ordet dersom meklinga ikkje fører fram, sikrar på same måten som dagens system at ein kan peike på kven i næringsstrukturen som er ansvarleg for den minsteprisen som vert fastsett.
Departementet vil på denne bakgrunn gå inn for forslaget om at minstepris skal fastsetjast etter forhandlingar mellom salslaget og partane, at det skal meklast dersom forhandlingane ikkje fører fram, men at salslaget kan bestemme minstepris dersom heller ikkje meklinga fører til semje.
Råfisklova § 4 fastset at fiskesalslaga skal ha forretningsreglar som inneheld dei alminnelege salsvilkåra til organisasjonen. Kjøparane må forplikte seg til å halde føresegnene til salslaga. Salsvilkåra legg til rette for at det gjeld like konkurransevilkår for aktørane, og trekkjer opp dei grunnleggjande rammevilkåra for førstehandsomsetninga.
Departementet støttar fleirtalet i arbeidsgruppa i at salsvilkår og omsetningsformer skal fastsetjast av fiskesalslaga. Dette er også i tråd med høyringsinnspela frå fiskarorganisasjonane. Departementet foreslår difor at salslaga skal behalde retten sin til å kunne fastsetje salsvilkår og omsetningsformer. Det vert vist til at salslaga skal sikre at fiskarane får oppgjer. Dette inneber, som også fleirtalet i arbeidsgruppa og høyringsinstansane frå fiskarsida hevdar, at salslaga må ha høve til å fastsetje krav om garanti og andre betalingsvilkår. Departementet meiner vidare at fiskarane sjølve gjennom salslaga skal kunne leggje til rette for at fiskarane kan nytte fangstane på best mogleg måte. Salslaga må difor bestemme om salet skal skje ved hjelp av auksjon, om det skal opnast for leveringsavtalar eller om det skal fastsetjast andre måtar å organisere omsetninga på.
Industrisida legg vekt på at fiskesalslaga si rolle ikkje må vere så omfattande at det hindrar utvikling av normale og tette forretningsforhold mellom to likeverdige industriaktørar på sjø og land. Departementet tek denne argumentasjonen til etterretning. Lova i seg sjølv er ikkje er til hinder for at det vert etablert tette forretningsforhold mellom sjø og land. Vidare er det fiskarane som eig salslaga og salslaga vil truleg ikkje setje andre krav til omsetningsformer enn det fleirtalet av fiskarane, som seljarar, sjølve ønskjer.
Gjeldande råfisklov har inga føresegn som regulerer kva salsvilkåra skal innehalde, til dømes krav til kvalitet eller oppgjersvilkår. Departementet ser heller ikkje grunn til at salsvilkåra skal regulerast nærare i lovforslaget. Salslaga varierer når det gjeld storleik, verksemd og korleis dei ønskjer å gjennomføre omsetninga, og det er verken tenleg eller ønskjeleg å regulere dette nærare i lova. Departementet meiner vidare, til liks med fleirtalet i arbeidsgruppa, at endringar i salsvilkår eller omsetningsformer skal leggjast fram for partane før det vert teke endeleg avgjerd.
Salslaga kan etter råfisklova § 5 leggje ned mellombels forbod mot fangst «når hensynet til avtaket krever det, eller for å oppnå en hensiktsmessig utnyttelse av fangstene». Eit slikt fangstforbod vedkjem ressursforvaltninga indirekte, sjølv om det er reine økonomiske lønsemdsvurderingar som ligg bak. Det er omsynet til avtaket eller utnyttinga av råstoffet som kan grunngje eit fangstforbod, slik at dårleg prisnivå ikkje kan nyttast som grunngjeving for fangststopp. Det er vidare klart at ressursomsyn, som innverknad på andre fiskeri, heller ikkje kan nyttast som grunngjeving innanfor råfisklova § 5.
Departementet konstaterer at fleirtalet i høyringsrunden gjev støtte til at salslaga sin rett til å gjennomføre regulering og dirigering kan vidareførast. Høyringsinstansane deler seg, til liks med arbeidsgruppa, i spørsmålet om tiltaka skal kunne leggjast fram for ein uavhengig tredjeperson, ein oppmann, for lovkontroll. Departementet er einig med fleirtalet i arbeidsgruppa som viser til at tiltaka vert sette i verk for å avgrense eller styre aktiviteten i flåten, og at fiskarane difor sjølve bør ha full myndigheit til å bestemme dette. Departementet foreslår difor at føresegnene i råfisklova om dirigering og regulering vert vidareførte.
Departementet går ut frå at det er delte meiningar også blant fiskarane om slike tiltak. Departementet legg til grunn at salslaga ikkje gjennomfører tiltak om regulering eller dirigering utan at dei er nødvendige og innanfor formålet i lova. Når det er nødvendig til dømes å setje i verk regulering, er det viktig at salslaga kan setje inn tiltaket på ein hurtig og effektiv måte. Etter departementet sitt syn ligg det ikkje føre sterke omsyn som gjer det nødvendig å leggje vedtak om regulering eller dirigering fram for særskilt lovkontroll. Vedtaket kan leggjast fram for departementet for lovkontroll, men det kan også forfølgjast rettsleg. Denne lovkontrollen vil etter departementet sitt syn ivareta tilfelle der salslaga set i verk lovstridige tiltak, som til dømes stans i fisket for å oppnå høgare prisar.
Departementet meiner at fiskeindustrien skal varslast før regulering eller dirigering vert sett i verk. Dette er ryddig, samtidig som det er med og gjev landindustrien meir føreseielege vilkår. Departementet legg til grunn at fiskesalslaga, så langt det er mogleg, fører ein open og god dialog med fiskeindustrien i forkant og under situasjonar som krev at ein set i verk tiltak.
Departementet meiner at det vil vere tenleg å gje salslaga ei større rolle i å følgje opp næringa sitt eige ansvar for kvalitet ved handtering av fisk om bord i fiskefartøy og fartøy som vert nytta til transport av fisk til land, og etter landing. Dette gjeld også fangst, transport og sleping av levande fisk. Det er naturleg at dette vert fastsett i ei forskrift.
For fiskeindustrien er det ideelle målet at all fisk ved landing har ein kvalitet som gjev industrien høve til fritt å velje kva produksjon og tilverke råstoffet skal nyttast til. I dag er det varierande kvalitet på det råstoffet som vert landa. For å sikre at råstoffkvaliteten held ønska standard legg ein opp til at fiskesalslaga, som i dag har ei viktig rolle i ressurskontrollen, også skal få ei rolle i å sjå til at næringa tek ansvar for kvaliteten på råstoff før og etter landing. Departementet meiner det er ønskjeleg at oppgåvene til salslaga omfattar tilsyn med handteringa av fisken om bord, inkludert kvaliteten ved levering, og sleping, transport og lagring av levande villfisk. Oppgåvene vil også gjelde kvalitetsfremmande arbeid i bedriftene.
Departementet meiner at oppgåvene til salslaga i tilsynsarbeidet bør ha heimel i fiskesalslagslova. Dette vil understreke at salslaga òg skal kontrollere råstoffkvalitet og råstoffhandtering. Fiskesalslagslova skal nettopp vere ei lov som regulerer sentrale deler av salslaga si offentlege utøving av avgjerdsmakt. Dette forslaget endrar ikkje Mattilsynets ansvar og tilsynsrolle for matryggleik mv. i alle ledd som tilverkar mat. Mattilsynet har etter matlova det overordna ansvaret for dette. Det vil difor vere tenleg å få ein ny gjennomgang av rutinane for samarbeid og ansvarsdeling mellom Mattilsynet, Fiskeridirektoratet og fiskesalslaga før forslag til forskrift vert sendt på høyring og den nye ordninga trer i kraft.
Sjølv om råfisklova har verka sidan 1952 er forholdet mellom verksemda til fiskesalslaga og forvaltningslova etter måten lite behandla i juridisk teori og praksis. Ei årsak til dette kan vere at temaet ikkje har vorte aktualisert eller sett på spissen, men det kan heller ikkje utelukkast at det heng saman med at saksområdet er komplekst og lite tilgjengeleg for utanforståande. Det er vanskeleg på generelt grunnlag å gje nokre konklusjonar på dei spørsmåla som temaet reiser. Departementet meiner det likevel er tenleg at forholdet mellom verksemda til fiskesalslaga og forvaltningslova vert belyst.
Spørsmålet som reiser seg er i kva grad salslaga, som i utgangspunktet er private rettssubjekt, er omfatta av forvaltningsrettslege reglar.
Når fiskesalslaga tek avgjerder etter dei fullmaktene lova gjev, vil salslaga utøve offentleg myndigheit, og difor i utgangspunktet vere underlagt forvaltningsrettslege og offentlegrettslege skrankar. Når det er sagt, vil ikkje alle avgjerder som vert tekne «under utøving av offentleg myndigheit» vere vedtak etter forvaltningslova. Sjølv om det i enkelte tilfelle kan vere tvil om føresegnene i forvaltningslova kjem til bruk for verksemda i salslaga, vil somme avgjerder vere enklare å kategorisere som vedtak etter reglane i forvaltningslova. Dette vil vere avgjerder der fiskesalslaget utøver myndigheit med direkte heimel i lova, og som gjeld for alle partar i førstehandsomsetninga uavhengig av medlemskap i fiskesalslaget. Sjølv om det kan tenkjast unntak, bør det rettslege utgangspunktet difor vere at føresegnene i forvaltningslova kjem til bruk ved dei typar avgjerder som er nemnde ovanfor.
Dei særlege reglane i kapittel VII i forvaltningslova vert likevel heller ikkje no gjort gjeldande for fastsetjing av minstepris mv., då lova sjølv regulerer kontakten med partane. I dei tilfella der laga gjer enkeltvedtak som kan påklagast, vil klageinstansen kunne prøve alle sider av saka og ta omsyn til nye omstende, jf. forvaltningslova § 34. Dette gjeld også dei enkeltvedtak etter denne lova som kan påklagast. Den praksis som klageinstansen legg seg på i slike saker, vil salslaget som førsteinstans måtte rette seg etter innanfor rammene for ordinær forvaltningsrett. Når lova legg myndigheit direkte til salslaget, som til dømes reglane om fastsetjing av salsvilkår og omsetningsformer, vil departementet likevel ikkje kunne instruere laget om korleis det skal utøve denne myndigheita.
Lovutkastet legg opp til å vidareføre dagens salslagsstruktur og verksemda til dei laga som allereie er etablerte. Dette inneber ei vidareføring av dei oppgåvene som laga utfører i dag. I tillegg vil laga få visse nye oppgåver som følgje av forslaget om ny heimel knytt til råstoffkvalitet og råstoffhandtering. Dette forslaget vil også ha økonomiske konsekvensar for næringa ved at tilsynsoppgåvene vert finansierte av salslaga som har sine inntekter frå lagsavgift. Kva dette vil innebere er avhengig av behovet for og omfanget av tilsynet. Det vil vere naturleg å drøfte slike konsekvensar nærare når forslag om oppgåver knytt til kvalitetskrav vert sendt på høyring. Dei organa til styresmaktene som samarbeider med eller på andre måtar er i kontakt med salslaga vil ikkje få mange nye oppgåver.
På nokre områder legg lovutkastet opp til betre samhandling mellom salslaga og mellom laga og departementet og Fiskeridirektoratet. Dette gjelder særleg på kontrollområdet, der lovutkastet også har heimlar som kan nyttast til å effektivisere samhandlinga med andre kontrollstyresmakter. Dette vil kunne gje betre utnytting av dei samla ressursane.
På nokre andre områder legg lovutkastet opp til utvida rutinar for salslaga. Dette gjeld særleg meklingsordninga ved fastsetting av minstepris. Dette vil ha økonomiske og administrative konsekvensar, men desse vil etter departementet si vurdering vere av svært avgrensa storleik.
Departementet kan elles ikkje sjå at lovutkastet vil ha særlege distriktsmessige konsekvensar, eller konsekvensar for det samiske folk.