2. Norske regionar i globalt samkvem
- 2.1 Sammendrag
- 2.1.1 Noreg i Europa – annleislandet?
- 2.1.2 Sentrale regionale samfunnsendringar i Noreg
- 2.1.2.1 Menneska er vår viktigaste ressurs
- 2.1.2.2 Rekordhøg vekst i folketalet dei siste åra, men framleis område med demografiske utfordringar
- 2.1.2.3 Framleis tydeleg arbeidsdeling i næringsverksemd
mellom by og land
- Det har vore ein utdanningseksplosjon dei siste førti åra
- Det er framleis store regionale skilnader i næringsstruktur mellom dei største og dei minste arbeidsmarknadene
- Arbeidsinnvandrarane kjem til alle næringar i heile landet
- Dei sterkaste eksportregionane finn ein langs kysten frå Telemark til Møre og Romsdal
- 2.1.2.4 Utfordringar og potensial for betre regional balanse
- 2.1.3 Er dei klassiske distriktsproblema framleis aktuelle?
- 2.2 Komiteens merknader
Det blir i meldinga vist til at Noreg skil seg ut i europeisk målestokk ved at mykje av landarealet er fjell og vidder, og ved at det ofte er store avstandar arbeidsmarknadene imellom. Samstundes er folketettleiken låg og tilgjenget til både kommunikasjonar og dei store europeiske marknadene er avgrensa.
Noreg, Sverige, Finland og særleg Island, har særs få innbyggjarar i ein europeisk samanheng. Sjølvsagt er det monalege regionale variasjonar også her.
Det blir i meldinga vist til at det mot dette bakteppet er lett å forstå at distriktsdimensjonen i distrikts- og regionalpolitikken i desse landa historisk har handla om å kompensere for ulemper knytte til mellom anna låg folketettleik og store avstandar til større marknader. I ein europeisk samanheng er dette relevant ved at EU har låg folketettleik som eit særskilt kriterium for regionalstøtte.
Det viktigaste grunnlaget for regionalpolitikken elles i Europa er knytt til inntektsutjamning (konvergens) mellom land og regionar som følgje av store skilnader i økonomiske utvikling. Regionalpolitikken utgjer meir enn ein tredel av EUs budsjett og er sentral for å nå måla om vekst og sysselsetjing.
Norske regionar – i meldinga i tydinga fylke og landsdelar – klarer seg i stor grad betre enn tilsvarande regionar i Europa. Arbeidsløysa er gjennomgåande lågare, sysselsetjinga er høgare og verdiskapinga og kjøpekrafta per innbyggjar er større. I tillegg har vi dei siste åra hatt ein auke i folketalet i det meste av landet.
I Europa, utanom Noreg, er det i hovudsak dei tettbygde regionane med korte avstandar til dei største europeiske marknadene som klarer seg best. Noreg skil seg frå denne tendensen ved at det i stort har vore positiv utvikling òg i dei delane av landet som har lågast folketal og minst tilgang til kommunikasjonar og større marknader. I tillegg er det mindre skilnader mellom fylka og landsdelane i Noreg enn i mange andre land i Europa.
Noreg er blant dei landa som har lågast fattigdomsrisiko, og i tillegg er det relativt liten skilnad mellom regionane i landet (her: landsdelar). Dette illustrerer at ein i Noreg har klart å oppretthalde ei balansert fordeling og utvikling på dette geografiske nivået.
Saman med utvidinga av EØS-området i 2004 dannar situasjonsskildringa i meldingas kap. 2.1.2 bakteppe for den store innvandringa til Noreg dei seinare åra. Det blir i meldinga peikt på at innvandringa har kome heile landet til gode og har i hovudsak vore relatert til arbeid.
I mange tilfelle er det store skilnader mellom land og regionar i Europa når ein vurderer ulike indikatorar på samfunnsutviklinga. Noreg står fram som eit paradoks ved at utviklinga her i det store og heile er svært god, sjølv om vi skårar lågt på fleire av dei faktorane som utviklingsteoriane gjerne nyttar som forklaring. Storleik, folketettleik, avstandar og tilgjenge er alt nemnt. Noreg ligg heller ikkje på topp når det gjeld faktorar som FoU-investeringar eller innovasjon i næringslivet. Trass i dette har vi altså ei særs god utvikling i landet sett under eitt, samstundes som dei regionale skilnadene er små og utviklinga relativt balansert.
Dei nordiske landa er kjenneteikna ved å vere små, opne og egalitære økonomiar som har klart å kombinere vekst og stabilitet med små skilnader, høg levestandard og stor grad av både sosial og politisk tillit. Landa har sjenerøse og universelle velferdssystem, og det er lange tradisjonar for eit nært og omfattande trepartssamarbeid mellom styresmaktene og organisasjonane i arbeidslivet. Det har vore peika på at nettopp dette nære trepartssamarbeidet mellom anna er ei av årsakene til den relativt balanserte økonomiske utviklinga vi har hatt i Norden sidan 1970-talet – ein periode der fleire andre europeiske land har hatt større utfordringar med å kome fram til felles løysingar, og der det er blitt større økonomiske skilnader.
I meldinga blir det halde fram at utviklinga soleis er eit resultat av ein vilja politikk. Distrikts- og regionalpolitikken i heile etterkrigstida har blant anna vore tufta på eit mål om god regional balanse. Etableringa av Distriktenes Utbyggingsfond og industriutbygginga, den regionalt differensierte investeringsavgifta og arbeidsgjevaravgifta, bedriftsutviklingstilskotet og kommunale næringsfond er alle døme på verkemiddel i så måte. Samstundes blir det i meldinga peikt på at ein i Noreg har klart å forvalte oljerikdommen godt, i tillegg at ein dei siste tjue åra har nytt godt av eit stadig betre byteforhold mellom eksport og import.
I sum viser dette at det slett ikkje er nokon motsetnad mellom det å vere lokalisert i randsona av Europa, og det å oppnå vekst i ein globalisert verdsøkonomi. Like fullt finn vi regionale skilnader også i Noreg. Det blir i meldinga peikt på at ein føresetnad for høgast mogleg nasjonal verdiskaping i framtida nettopp er ei balansert regional utvikling – ikkje berre mellom fylke og landsdelar, men òg mellom sentrale og mindre sentrale område – som sikrar at ressursane i heile landet blir tekne i bruk på ein optimal måte.
Det blir i meldinga vist til at Noreg i internasjonal samanheng er eitt av dei landa som har lukkast best i å omsetje naturressursar til økonomisk og sosial utvikling og større velferd for innbyggjarane. Inntektene og forvaltninga av petroleumsformuen har vore viktig i den samanhengen. Over tid er det likevel utviklinga i økonomien på fastlandet som har hatt mest å seie for den totale verdiskapinga og inntekta i Noreg. Det er soleis menneska – og vår felles arbeidsinnsats – som er den klart viktigaste kjelda til vår nasjonale formue og høge levestandard. Utrekningar syner at nasjonalformuen per innbyggjar blei fordobla frå 1985 til 2008. I hovudsak skuldast dette auka humankapital.
Det blir i meldinga peikt på at sidan arbeidskrafta er hovudgrunnlaget for vår felles velferd, er det naudsynt med høg sysselsetjing og produktivitet i heile landet. Difor må verkemidla vere tilpassa ulike regionale føresetnader.
Dei siste åra har det vore ein formidabel auke i folketalet i Noreg. I 2011 var auken større enn nokon gong før i talet på menneske (65 565 personar), og ifølgje Statistisk sentralbyrå må ein attende til 1920 for å finne ein større vekst i prosent.
Alle fylka har hatt ein auke i folketalet kvart år dei siste fire åra (2008–2011). Ein ser ei positiv utvikling òg når vi ser på utviklinga i ulike regiontypar og i det distriktspolitiske verkeområdet. Men det er framleis mange kommunar som har utfordringar knytte til nedgang i folketalet. Desse kommunane finn ein i all hovudsak i det distriktspolitiske verkeområdet. I 2011 hadde 117 av 428 kommunar nedgang i folketalet. Samstundes ville folkeveksten vore klart lågare – i alle delar av landet – dersom fordelinga mellom inn- og utvandring sidan 2004 hadde gått i null. Dei siste åra har nettoinnvandringa stått for om lag 70 pst. av veksten i folketalet i Noreg. Innvandringa er den av dei demografiske komponentane som i størst grad har vore geografisk balansert dei siste åra, med relativt små forskjellar i rate per innbyggjar mellom landsdelane og mellom sentrale og mindre sentrale strok. Dette står i motsetjing til kva som er tilfellet for fødselstala og den innanlandske flyttinga, der utviklinga, i grove trekk, vedvarande har vore betre i dei største enn i dei minste arbeidsmarknadene.
Figur 2.7 på s. 24 i meldinga illustrerer alderssamansetnaden i ulike delar av landet i 1971 og 2012. Figuren syner at det er relativt langt fleire barn og unge vaksne som bur i dei største arbeidsmarknadene i dag samanlikna med 1971. Samstundes er delen eldre blitt relativt større i dei minste arbeidsmarknadene. Ein konsekvens av denne utviklinga er at det i dag veks opp færre barn med røter i desse områda. Dette vil ha innverknad på framtidas flyttemønster.
Alderssamansetnaden i befolkninga har mykje å seie for kva offentlege tenester det er behov for i lokalsamfunna. Også næringslivet vil merke endringane, då desse vil påverke føresetnadene for rekruttering av arbeidskraft med relevant kompetanse.
Det blir i meldinga peikt på at ei høgt utdanna befolkning er ein føresetnad for ei berekraftig økonomisk utvikling i eit moderne kunnskapssamfunn.
Noreg er blant dei landa i OECD som har flest menneske med høgare utdanning, og stadig fleire investerer i slik kompetanse. Som følgje av denne utviklinga har delen av befolkninga i alderen 16 år eller meir med høgare utdanning auka frå drygt 7 pst. i 1970 til drygt 28 pst. i 2011.
Det er monalege skilnader mellom ulike regiontypar i landet når det gjeld kven som har høgare utdanning. I 2011 hadde drygt 37 pst. av befolkninga i Osloregionen høgare utdanning, mot drygt 17 pst. i dei spreiddbygde områda. Det er noko større skilnader mellom dei største og dei minste arbeidsmarknadsregionane i dag enn for 40 år sidan, men veksten i dei ulike områda har vore relativt jamn.
Kompetansearbeidsplassutvalet peikar på at den kraftige auken i delen av befolkninga med høgare utdanning både er ein konsekvens av ønskt politikk og av strukturelle endringar i økonomi og arbeidsmarknad. Etter den andre verdskrigen skjedde det ei vesentleg utbygging av utdanningstilbodet på alle nivå, der geografisk og institusjonell spreiing var ein viktig føresetnad. I dei seinare åra er det satsa meir på etter- og vidareutdanning, og studiefinansieringa er betra. Vel så viktig er likevel endringane i næringsstruktur, som har ført til at behovet for personar med høgare utdanning har auka kraftig. Det siste er blitt forsterka av at ein parallelt har hatt ein formidabel auke i yrkesdeltakinga til kvinner.
Dei same faktorane som er skildra ovanfor, forklarer på mange måtar også dei regionale skilnadene i utdanningsnivået. Ulik næringsstruktur fører til ulikt behov for utdanning. Arbeidsmarknaden er større og breiare for folk med høg utdanning i byane. Samstundes ligg dei fleste utdanningsinstitusjonane i byområde. Ulik grad av utdanningstilbøyelegheit forklarer òg noko av skilnadene. Utdanningstilbøyelegheita er svakt aukande jo større arbeidsmarknaden er, men Kompetansearbeidsplassutvalet syner at dette i hovudsak er tilfellet for den mannlege delen av befolkninga.
Det blir i meldinga vist til at parallelt med utdanningseksplosjonen er vi blitt meir produktive, og vi har gått igjennom ei omfattande omstilling av næringslivet frå primærnæringar og industri til tenestenæringar. Til dømes er delen sysselsett i primærnæringane endra frå om lag 41 pst. av alle sysselsette i 1930, til om lag 3 pst. i 2012. I same periode har delen sysselsett i tertiærnæringane auka frå om lag 36 pst. til om lag 80 pst.
I samband med omstillinga av økonomien er det vanleg å tale om utviklinga av ein kunnskapsøkonomi, der humankapitalen blir stadig viktigare for økonomisk vekst.
Dei fleste OECD-landa har dei siste tiåra vore i ein stor omstillingsprosess frå primær- og sekundærnæringar til tertiærnæringar. Tal frå OECD viser at det i dag i hovudsak er mindre skilnader i næringsstruktur mellom landsdelane i Noreg enn i OECD-landa elles. Samstundes er det like fullt store skilnader i Noreg når vi samanliknar regiontypar med utgangspunkt i storleiken på det største senteret i regionen (sentralitet), og ikkje berre samanliknar landsdelane.
Dei siste tiåra har sysselsetjinga auka sterkt i dei tenesteytande næringane, medan det har vore ein nedgang i primærnæringane. Dette er tilfellet i både dei største og i dei minste arbeidsmarknadsregionane. Som følgje av dei store variasjonane i næringsstrukturen har sysselsetjinga difor auka mest i større byområde og noko mindre i regiontypar med mindre befolkning. I grove trekk finn ein denne trenden òg om ein ser på utviklinga dei siste åra, sjølv om tala blir noko modifiserte av den store arbeidsinnvandringa til landet.
Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det frå 2008 til 2011 har vore ein vekst i sysselsetjinga på 37 000 personar. Ser ein nærare på tala, syner dei samstundes at auken i talet på sysselsette arbeidsinnvandrarar har vore på drygt 66 000 personar, medan det har vore ein nedgang i sysselsette elles på om lag 29 000 personar. Arbeidsinnvandringa har kome heile landet og alle næringane til gode. I mange tilfelle er det innvandringa som gjer at ein har hatt vekst i sysselsetjinga i ein del næringar (til dømes overnatting og servering) dei siste åra, i andre tilfelle modererer innvandringa nedgangen (til dømes primærnæringane).
For mellom anna å kaste lys over den regionale arbeidsdelinga har Menon Business Economics, på oppdrag frå departementet, gjennomført ein regional analyse av korleis norsk vare- og tenesteeksport (utanom utilverka olje og gass) fordelte seg regionalt i 2009.
I absolutte tal er eksporten størst der det bur flest menneske, det vil seie i dei største arbeidsmarknadene på Aust- og Vestlandet. Hovudbiletet er likevel at ein ser ei todeling av landet mellom dei eksporttunge områda – særleg langs kysten frå Telemark til Møre og Romsdal – og resten av landet. Mykje av den omfattande tenesteeksporten frå Osloregionen er nettopp knytt til dei store næringsklyngjene i dette området. Vidare ser ein at det jamt over er dei minste arbeidsmarknadene som sett under eitt har mest eksport per sysselsett. Her er det særleg Vestlandet som trekkjer opp snittet.
Kva forklarer desse variasjonane i eksportgrad? Ein av hovudkonklusjonane til Menon er at lokaliseringa av naturressursane framleis har mykje å seie, og at næringsstrukturen forklarer mykje, men òg at eksport avlar eksport. Vi finn eksportretta verksemder innan dei fleste næringane, men utanom eksporten av utilverka olje og gass er eksportgraden, ikkje uventa, høgast innan maritim og offshore leverandørindustri, kraftkrevjande industri og sjømatnæringa. Eksportretta bedrifter er i stort kjenneteikna av høg produktivitet og god lønsemd. Sterke klynger forsterkar den positive utviklinga. Jo meir spesialisert næringslivet er i ein region, desto høgare er eksportgraden. Jo større bedrifta er, desto meir eksporterer ho, og jo meir FoU det er i bedrifta, desto meir eksporterer ho.
Ein konsekvens av utdanningseksplosjonen, dei store omstillingane av norsk næringsliv og utviklinga av ein kunnskapsøkonomi, er at mykje av veksten i næringslivet i dag skjer i kompetanseintensive næringar. Kompetanseintensive næringar og behovet for personar med høgare utdanning veks i takt og er innbyrdes avhengige. Dette er bakgrunnen for at regjeringa sette ned eit utval – Kompetansearbeidsplassutvalet – som mellom anna fekk i oppdrag å analysere korleis skiftet i retning av eit meir kunnskapsbasert arbeidsliv har påverka utviklinga i sysselsetjinga i ulike delar av landet. (NOU 2011:3 Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet.)
Kompetansearbeidsplassutvalet presenterer tal som dokumenterer at dei kompetanseintensive næringane har hatt ein større vekst – både i prosent og i talet på arbeidsplassar – enn dei mindre kompetanseintensive næringane i perioden 1999–2009. Dei siste åra i denne perioden var det rett nok ein noko større vekst i dei mindre kompetanseintensive næringane.
Veksten i talet på sysselsette i dei kompetanseintensive næringane har vore relativt balansert mellom dei ulike regiontypane. Det har òg vore ei viss utjamning dei siste åra i perioden.
Dette er likevel berre ein del av biletet, og reflekterer utviklinga i næringsstrukturen. Dei kompetanseintensive arbeidsplassane er overrepresenterte i tertiærnæringane, det vil seie næringar som i prosent har hatt ein kraftig vekst i heile landet. Døme på slike næringar er finansiell tenesteyting, telekom og IKT, FoU, og andre informasjons-, konsulent- og rådgjevingstenester. Det er i dei største arbeidsmarknadene desse næringane utgjer den største delen av sysselsetjinga.
Ei av hovudårsakene til at det er ei overvekt av unge vaksne i regionar med store senter, er at unge flyttar frå mindre til større stader for å ta utdanning, og at dei blir verande etter å ha fullført utdanninga fordi sjansen for å få relevant arbeid der er større. Så lenge kompetansearbeidsplassane utgjer ein mindre del av alle arbeidsplassane i mindre sentrale enn i meir sentrale område, samstundes som tendensen til å ta utdanning er mykje jamnare regionalt enn utdanningsnivået i regionane, må dei sentrale stroka måtte absorbere mange av dei ferdig utdanna. Dette kan igjen vere ein sjølvforsterkande prosess.
Kompetansearbeidsplassutvalet peikar på at dei store og fundamentale omstillingstendensane i næringslivet dei siste tiåra i det store og heile har vore svært vellukka, men at ei bakside kan vere at ein i nokre tilfelle omstiller til arbeidspassivitet. Sjølv om Noreg, samanlikna med dei fleste landa i Europa, har ein svært høg grad av sysselsetjing, syner statistikken at vi finn monalege skilnader òg internt i Noreg. Desse skilnadene er likevel i liten grad relatert til storleiken på arbeidsmarknaden. Tvert imot har sysselsetjingsgraden samla sett vore høgare i dei minste arbeidsmarknadene enn i dei største dei siste åra. Desse skilnadene er likevel moderate, og kan nok til dels forklarast med at studentar og innvandrarar utgjer ein større del av befolkninga i dei største arbeidsmarknadene.
Det er på Vestlandet at ein finn dei største samanhengande områda med særleg høg sysselsetjing, medan sysselsetjinga er vesentleg lågare i einskilde geografiske lommer i Nord-Noreg, Austlandet og Sørlandet. Størsteparten av den tapte arbeidsinnsatsen er knytt til uføretrygding.
Det er stor variasjon i sysselsetjingsgrad både mellom fylka og mellom kommunane i fylka. Eit fellestrekk er at ein i nær alle fylka finn kommunar i begge endar av sysselsetjingsskalaen.
Det er fleire moglege årsaker til at det er regionale skilnader i graden av sysselsetjing. Skilnadene kan til dømes kome av at det er reelle variasjonar i sjukdomsførekomst og/eller forvaltningspraksis, ulik grad av sårbarheit, omstillingstakt og variasjonar i dei lokale arbeidsmarknadene, demografiske variasjonar og kulturelle smitteeffektar. Kompetansearbeidsplassutvalet taler om at vekst avlar vekst, men òg om at fråvær avlar fråvær. Ei anna årsak til at somme stader har utfordringar med mange personar utanfor arbeidslivet, kan vere at det er ubalanse mellom kompetansen til den ledige, lokale arbeidsstyrken og dei behova bedriftene i området har. I slike situasjonar kan det vere relativt stor arbeidsløyse samstundes som bedriftene rapporterer om problem med å rekruttere nok arbeidskraft.
Tal frå Nav syner at 12,5 pst. av bedriftene på landsbasis våren 2012 har mislukkast med å rekruttere arbeidskraft, eller måtte tilsetje personar med lågare eller annan kompetanse enn dei søkte etter. For om lag 80 pst. av desse bedriftene var mangelen på kvalifisert arbeidskraft årsaka til rekrutteringsproblema. Dette er eit fellestrekk for bedrifter i heile landet og i dei fleste næringane. Tala frå Nav syner likevel at det er klare regionale skilnader når det gjeld i kva grad bedriftene melder om rekrutteringsproblem, men skilnadene mellom regiontypane er mindre enn mellom landsdelane. Det er på Vestlandet og i Nord-Noreg at bedriftene melder om størst rekrutteringsproblem. Slik har det vore i fleire år. Av einskildfylka hadde Finnmark dei største rekrutteringsproblema våren 2012.
Det er i åra framover òg grunn til å vente at demografiske trendar kan påverke føresetnadene for rekruttering av arbeidskraft. Alderssamansetnaden varierer mellom dei ulike regiontypane i landet. Ein konsekvens av at dei mindre sentrale områda har ein større del av befolkninga over arbeidsfør alder, er at forsørgingsbøra generelt er større i desse områda. Figur 2.15 i meldinga syner utviklinga i forsørgingsbøra i ulike regiontypar frå 1981 og fram til i dag, i tillegg til prognosen for utviklinga fram til 2040. Ein ser at hovudtrenden er lik i alle områda: Små barnekull i mellomkrigstida har resultert i at talet på eldre, samanlikna med resten av befolkninga, kontinuerleg har gått ned frå byrjinga av 1990-åra og fram til i dag. Men etter kvart som dei store barnekulla som følgde i kjølvatnet av den andre verdskrigen blir pensjonistar, vil eldredelen stige markert i alle delar av landet i åra framover. Endringane vil likevel bli størst i dei meir sentrale delane av landet, som i dag har den yngste befolkninga.
I 1981 var det på landsbasis om lag 4,5 personar i arbeidsfør alder per person i pensjonsalder. Fram til 2040 er det venta at det tilsvarande talet vil falle til 2,9, men det vil variere frå om lag 3,5 personar i Osloregionen til om lag 2 personar i dei spreiddbygde områda. Dette fører med seg utfordringar som mellom anna må løysast i distrikts- og regionalpolitikken. Nøkkelen er å sikre riktig kompetanse i alle delar av landet.
Det blir i meldinga peikt på at det lenge har vore tverrpolitisk semje om at det å oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret er særs viktig, fordi spreidd busetnad er ein sentral del av den norske eigenarten. Tunge demografiske trendar, med netto utflytting og nedgang i fødselstala i distrikta, har gjort dette til ei stor utfordring dei siste tiåra. Mykje av utfordringa har bakgrunn i endringar i næringsutvikling, med sterke strukturendringar i primærnæringane og etter kvart industrien.
Utviklinga dei seinare åra har likevel vore betre enn på svært lenge. Kommunane i dei minste arbeidsmarknadene i landet har no samla sett hatt ein auke i folketalet fleire år på rad. I perioden Statistisk sentralbyrå har tal på kommunenivå, har det ikkje nokon gong vore fleire kommunar med auke i folketalet enn i dei siste tre åra (korrigert for talet på kommunar som har eksistert – frå 744 i 1951 til 428 i dag). Hovudårsaka til dette er stor innflytting frå utlandet til alle delar av landet. I mange kommunar er utfordringa no å sikre rekrutteringa til næringslivet og offentleg sektor, og å sikre inkludering av tilflyttarane, til dømes gjennom å skaffe attraktive bustader.
Likevel er det framleis område som ikkje har vekst. Dette er særleg område som i liten grad er kopla til veksten i til dømes olje- og gassindustrien og havbruksnæringa. Mange av desse områda har i tillegg ei aldrande befolkning og/eller mange i arbeidsfør alder som har hamna utanfor arbeidsmarknaden. Dette kan på sikt gje store utfordringar med å oppretthalda busetnaden og dermed føre til uttynning av alt små og sårbare miljø. Kommunane blir difor avhengige av tilflytting for å sikre arbeidskraft til både privat og offentleg sektor.
Det blir i meldinga peikt på at dei klassiske distriktsproblema med fråflytting og mangel på arbeidsplassar framleis er aktuelle, men på klart færre stader enn for berre nokre år sidan. Ulike utfordringar i ulike distriktsområde gjer det endå meir naudsynt med ein differensiert politikk for å møte utfordringar og fortrinn i distriktsområda.
Komiteen viser til at høyest mulig nasjonal verdiskaping i framtida forutsetter at ressursene i hele landet blir tatt i bruk på en optimal måte.
Komiteen vil peke på at det i sin tur forutsetter en balansert regional utvikling – mellom fylker og landsdeler, men også mellom sentrale og mindre sentrale områder.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, vil peke på at en stor del av den folketallsveksten vi har hatt i Norge de siste årene, kommer fra innvandring. I mange tilfeller er det innvandringen som gjør at man har hatt vekst i sysselsettingen i en del næringer de siste årene, for eksempel innen overnatting og servering. I andre tilfeller har arbeidsinnvandring moderert nedgangen i antall sysselsatte, for eksempel i primærnæringene.
Komiteen viser til at det i meldingen blir pekt på at demografiske trender kan påvirke både forutsetningene for å rekruttere arbeidskraft og den såkalte forsørgerbyrden. I meldingen blir det vist til at det i 1981 var om lag 4,5 personer i arbeidsfør alder per person i pensjonsalder. Fram til 2040 er det ventet at tallet vil falle til 2,9, men at det vil variere fra om lag 3,5 i Osloregionen til om lag to personer i de mest spredtbygde områdene.
Komiteen vil peke på at dette fører med seg ulike utfordringer både i sentrale og mindre sentrale områder.
Komiteen vil peke på at det lenge har vært bred politisk enighet om at det er svært viktig å opprettholde hovedtrekkene i bosettingsmønsteret. Utviklingen de senere årene har vært bedre enn på svært lenge når vi ser på antallet kommuner med folketallsvekst. De klassiske distriktsproblemene med fraflytting og mangel på arbeidsplasser er fortsatt aktuelle – men på klart færre steder enn for noen få år siden. Det er fortsatt områder som ikke har vekst.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti, er enig i det som fremgår av meldingen når det påpekes at ulike utfordringer i ulike regioner gjør det enda mer nødvendig med en differensiert politikk for å møte utfordringer og fortrinn.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil påpeke at innvandrere primært synes å ville bosette seg i områder som allerede er tett befolket. Der er det lettere å finne andre fra samme land eller med en lik kulturell bakgrunn. Følgen av dette er et sterkt økende press på infrastruktur og tjenester i byer.
Disse medlemmer har merket seg at reiselivsnæringen har gitt uttrykk for bekymring for utsiktene til serverings- og overnattingssteder utenfor pressområdene. Kombinasjonen av dårligere økonomiske kår i mange land, høye norske priser og et veinett som etter europeisk målestokk må kunne betegnes som svært dårlig, gjør at mange enten nedprioriterer ferieturer eller velger billigere og lettere tilgjengelige feriemål. Mange turister, enten de kommer med egen bil eller er på busstur, vil oppleve de store utgiftene forbundet med veibommer som sjokkartet. Dermed taper Norge arbeidsplasser som er helt eller delvis avhengig av turisme.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at behovet og mulighetene for personbevegelser på tvers av landegrensene øker som følge av økt verdenshandel, reduserte transportkostnader, nedbygging av grensehindre og tettere samhandling mellom land. Ulike kulturer kommer i kontakt med hverandre, og ideer, kunnskap og erfaringer utveksles raskere og mer omfattende enn tidligere. Disse medlemmer mener økt arbeidsinnvandring er et viktig bidrag for å ta denne utviklingen på alvor og utnytte det potensialet som ligger i globaliseringen.
Arbeidsmarkedet vil trolig være preget av økende migrasjon av arbeidstagere og tjenesteytere i årene fremover, men også av større konkurranse om arbeidskraft mellom land. Det å ha en bevisst og helhetlig politikk som sikrer en bærekraftig arbeidsinnvandring, er en av de største politiske utfordringene i årene fremover. Kunnskap og kompetanse, sammen med mangfold i arbeidsstyrken, er avgjørende for innovasjon og næringsutvikling i et stadig mer konkurranseutsatt og internasjonalt arbeids- og næringsliv.
For å opprettholde dagens velferdsnivå og sikre verdiskapning gjennom en levende kunnskapsøkonomi mener disse medlemmer at Norge må føre en politikk som gjør landet i stand til å hevde seg internasjonalt i konkurransen om den kompetente arbeidskraft.
Disse medlemmer vil understreke viktigheten av arbeidsinnvandring for Distrikts-Norge. Mange kommuner ville sett befolkningsnedgang, hadde det ikke vært for arbeidsinnvandringen. Derfor mener disse medlemmer det er svært viktig å sørge for en vekstfremmende arbeidsinnvandring. Samtidig må det føres en politikk som sørger for at den kompetansen arbeidsinnvandrerne bringer med seg til distriktene benyttes på en mest mulig hensiktsmessig måte.
Norsk arbeids- og næringsliv vil ha behov for spesialkompetanse for å klare konkurransen med internasjonale selskaper. Det utvidede internasjonale arbeidsmarkedet gir norsk næringsliv økte muligheter til å rekruttere nettopp den nødvendige arbeidskraften.
Disse medlemmer mener at i et globalisert arbeidsmarked må hovedmålet for arbeidsinnvandringspolitikken være å legge til rette for at bedrifter og virksomheter kan rekruttere arbeidskraft fra utlandet på en enkel og effektiv måte når de måtte ha behov for det. Samtidig bør rammer og tiltak utformes slik at de gevinstene som følger av arbeidsinnvandring, kan realiseres på en balansert måte for arbeidsgiver, individ og samfunn. Hver enkelt arbeidsinnvandrer skal sikres gode forhold i arbeid og samfunnsliv for øvrig. At det er arbeid å få, og at det lønnes godt, er helt avgjørende for om arbeidstagere i andre land vurderer det som aktuelt å søke arbeid i Norge.
Disse medlemmer viser til at individuelle faktorer som familieforhold, personlige nettverk, jobbmuligheter og muligheter for økt livskvalitet har betydning for migrasjonsstrømmene. Vektleggingen av ulike hensyn varierer etter personlige preferanser og økonomiske, geografiske, sosiale og kulturelle kjennetegn. For eksempel viser undersøkelser at ønsket om høyere inntekt og bedre arbeidsvilkår er viktigere motivasjonsgrunner for migrasjon blant borgere i de nye medlemslandene i EU enn blant borgere i de gamle medlemslandene.
Disse medlemmer viser til at før finanskrisen bidro arbeidstagere fra andre land med helt nødvendig arbeidskraft i Norge i bl.a. bygge- og verftsnæringene og innen flere servicebransjer. Uten denne ekstra tilgjengelige arbeidskraften ville veksten i norsk økonomi ha bremset opp. Samtidig ser man at flere av disse arbeidsinnvandrerne har slått rot i Norge, og familiene har flyttet etter. Da er det viktig at man får anledning til å lære språket skikkelig, enten gjennom arbeid eller kurs. Språkopplæring er i dag både en rett og en plikt for en rekke innvandrere. Dette bør også bli en rettighet for arbeidsinnvandrere fra EØS-land på ledighet i Norge, og arbeidsledighet bør ikke ekskludere en fra å ta del i språktrening. Slik opplæring vil gi arbeidssøkende innvandrere ytterligere kvalifikasjoner, og kan bidra til at de raskere kommer inn i arbeidslivet dersom de skulle falle utenfor.
Disse medlemmer vil understreke at det er behov for flere tiltak som mer målrettet vil tiltrekke spesiell kompetanse til Norge. Det er ingen selvfølge at den kompetente arbeidskraften søker seg til Norge. Norge betaler relativt lave lønninger for akademikere, spesialister og forskere. Det er viktig å markedsføre Norge for utenlandsk arbeidskraft. Selv om Norge er et attraktivt land for dem med lave kvalifikasjoner, søker de høykvalifiserte seg gjerne dit hvor de får bedre betalt for kompetansen. Disse medlemmer viser til at den sammenpressede lønnsstrukturen i Norge gjør landet lite attraktivt for de velutdannede. Denne problemstillingen må tas på alvor dersom Norge i fremtiden skal kunne vedlikeholde og videreutvikle velferdssamfunnet Norge til å bli en kunnskapsnasjon.
I dag er det slik at Norge taper denne konkurransen i forhold til land som USA, Canada og Storbritannia, til tross for at Norge årlig kåres til verdens beste land å bo i. Disse medlemmer viser til at Norge har en spesialistkvote for å kunne rekruttere kompetanse fra ikke-EU-land. Denne kvoten er på 5 000 personer. Det er et tankekors at en i 2009 kun rekrutterte rundt 1 700 spesialister. Norge er i ferd med å tape den internasjonale konkurransen om kvalifisert arbeidskraft. Dette er urovekkende, særlig i en tid hvor behovet for arbeidskraft i Norge er stort.
Disse medlemmer mener at bedrifter bør kunne forhåndsgodkjennes slik at faglærte/spesialister kan påbegynne arbeidet sitt der, mens Utlendingsdirektoratet (UDI) saksbehandler søknaden. Det bør innføres et hurtigsporsystem for forhåndsgodkjente bedrifter. I dagens forskrift er det regulert hvem som kvalifiseres som spesialist for å falle innenfor ordningen. Disse medlemmer mener derfor at det i større grad bør overlates til arbeidsgiverne/bedriften selv å bedømme hvorvidt en arbeidstager har den rette kompetansen. Det vil fjerne byråkrati og frigjøre ressurser til behandling av mer kompliserte saker.
Disse medlemmer vil fremheve at saksbehandlingstiden og byråkratiet som møter mennesker som vil jobbe i Norge og bedriftene som trenger arbeidskraft utenfra, er uholdbar. Fra bedrifter meldes det om saksbehandlingstider på opptil seks måneder for arbeidstagere fra ikke-EU-land. Dette er en klar ulempe for norske bedrifter som er avhengige av utenlandsk kompetanse. I tillegg er det for mange av de utenlandske arbeidstagerne som kommer hit som spesialister, svært tidkrevende å få tildelt personnummer. Personnummer er en forutsetning for å åpne bankkonto, noe som igjen er et viktig element i det å kunne få utbetalt lønn. Videre får man ikke tildelt fastlege uten personnummer, og svært utfordrende blir det å skaffe forsikring, mobiltelefon etc. Disse medlemmer vil derfor endre/forenkle prosessen med å søke om, og få tildelt, personnummer for arbeidsinnvandrere.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at bare fem pst. av innvandrerne som søker seg til EU-landene har høyere utdannelse eller er faglærte, mot over 50 pst. av dem som får oppholdstillatelse i USA. Disse medlemmer ønsker i tillegg til vurdering av endringene i dagens system en helhetlig endring av arbeidsinnvandringspolitikken gjennom å se på erfaringene EU og USA har gjort seg på feltet. Disse medlemmer ønsker derfor å vurdere innføringen av et såkalt «Blått kort» lik EU-landene, etter modell fra det amerikanske «Green Card».