10. Økonomiske og administrative konsekvensar
Nye tiltak i stortingsmeldinga som har økonomiske konsekvensar blir dekte innanfor gjeldande budsjettrammer. Tiltaka er alt omtalt i departementet sin budsjettproposisjon for 2013.
Dersom geografien i dagens differensierte arbeidsgivaravgift blir vidareført, vil regjeringa også vidareføre dei alternative verkemidla. Regjeringa legg til grunn at ordninga skal vere om lag provenynøytral og at utgangspunktet for vurdering av nivået skal vere slik satsane var før omlegginga i 2004. Om forhandlingane med ESA fører til at det geografiske området blir endra frå 2014, vil også slike endringar bli tekne med i utrekninga av provenynøytraliteten. Forslag til løyvingar for å imøtekomme dei økonomiske konsekvensane av eventuelt endra verkeområde eller endra satsar for arbeidsgjevaravgift vil bli fremja som ein del av den ordinære budsjettprosessen. I samband med dei årlege budsjettprosessane kan det òg vere aktuelt å gjere mindre justeringar på innretninga av kompensasjonsmidlane.
Dei ulike tiltaka i meldinga har samla sett små administrative konsekvensar og blir dekte innanfor gjeldande budsjettrammer.
Komiteen viser til meldingen og har for øvrig ingen merknader.