1. Regionar i balanse og konkurranse
- 1.1 Sammendrag
- 1.2 Komiteens generelle merknader
I meldinga blir det vist til at regjeringa vil ta heile Noreg i bruk. Regjeringa vil halda fram med å byggje landet for komande generasjonar. Det blir peikt på at ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk har skapt eit Noreg regjeringa er stolte av. Regjeringa skal utvikle næringslivet og velferdstilbodet også i framtida, og politikken må foredlast vidare for å møte dei utfordringane som ventar. Det blir i meldinga vist til at utfordringar endrar seg, men at ein viktig visjon ligg fast: det gode liv i heile landet.
Det blir i meldinga peikt på at regjeringa vil oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret. Regjeringa vil nytte dei menneskelege og naturgjevne ressursane i heile landet for størst mogleg nasjonal verdiskaping, sikre likeverdige levekår og gje alle reell fridom til å busetje seg der dei vil.
Det blir i meldinga vist til at distrikts- og regionalpolitikken tek sikte på å påverke utviklingstrekka og dei sterke drivkreftene i samfunnet. Demografiske strukturar, flyttetendensar, næringsstruktur og næringsutvikling påverkar utviklinga. Det same gjer større krav i samfunnet om utdanning og kompetanse. På toppen av dette kjem kva preferansar folk har både sosialt og geografisk når dei skal forme liva sine.
I dag er ein vitne til djuptgåande endringar i næringsliv, arbeidsliv og demografi. Desse endringane vil prege utviklinga i heile landet og leggje føringar for korleis det blir å leve i det norske samfunnet i framtida. Slik sett er måla for distrikts- og regionalpolitikken ambisiøse og djerve. Det blir i meldinga peikt på at ein må handle no for ikkje å hamne i irreversible regionale ubalansar på lengre sikt, til ugunst for folk både i sentrale strok og i distrikta.
Det blir i meldinga peikt på at distrikts- og regionalpolitikken har vore ein suksess gjennom 50 år. Når ein samanliknar det som skjer i Noreg med utviklinga i andre land ser ein at Noreg har gode levekår over heile landet og relativt små forskjellar mellom regionane. Næringslivet tek del i den globale arbeidsdelinga, og det går godt i store delar av landet. Dei siste åra er også nedgangen i folketalet i mange distriktskommunar snudd til vekst. Kompetansearbeidsplassutvalet slo fast at ei balansert regional utvikling er ein føresetnad for ei størst mogleg nasjonalinntekt. Nasjonalinntekta legg grunnlaget for det framtidige velferdssamfunnet. Distrikts- og regionalpolitikken er difor til det beste for landet.
Meldinga til Stortinget er innretta mot ei kunnskapsbasert verdiskaping og velfungerande regionale arbeidsmarknader. Ein må leggje til rette for ei balansert regional utvikling med ein politikk og verkemiddel, som er tilpassa lokale fortrinn og utfordringar.
Det blir i meldinga vist til at Noreg i dag har ei relativt balansert utvikling i folketalet. Inntil for få år sidan var utviklinga eit nullsumspel, der vekst i folketalet i sentrale strok førte til nedgang i mindre sentrale strok. Slik er det ikkje i dag. Samla sett har ein i dag den beste folketalsutviklinga i Distrikts-Noreg på over 30 år. Hovudårsaka er innvandringa, som bidreg til at alle fylka har vekst i folketalet. 118 fleire kommunar hadde vekst i folketalet i 2011 enn i 2006.
Men det er store skilnader mellom kommunane, og framleis er det mange distriktskommunar som slit med nedgang i folketalet og med å oppretthalde det offentlege og private tenestetilbodet.
Mykje sentralisering skjer i samband med val av studiestad.
Flyttemønsteret viser at det er behov for å føre vidare ein spreidd utdanningsstruktur og utvikle gode regionale utdanningstilbod.
Den sterke veksten i folketalet i storbyane fører til press på bustadbygging, transport og offentlege tenester. Vi må difor ha ein sterkare vekst i bustadbygginga. Pressproblema i storbyregionane kan vi motverke gjennom å styrkje små og store arbeidsmarknader i heile landet.
Det blir i meldinga peikt på at kompetansearbeidsplassane er skeivt fordelte. Kompetansearbeidsplassutvalet konkluderte med at ei vidare sentralisering av kompetansearbeidsplassar kan gje store samfunnsøkonomiske kostnader fordi andre tilgjengelege ressursar ikkje blir nytta fullt ut. Humankapitalen er i dag den aller viktigaste kjelda til velstand og økonomisk vekst. Det blir i meldinga peikt på at ei høg grad av sysselsetjing i heile landet difor er avgjerande for å sikre framtidig velstand og velferd. Deltakinga i arbeidslivet er høg i Noreg samanlikna med andre land, men manglande evne til å omstille arbeidskrafta gjer at unødig mange personar somme stader hamnar utanfor arbeidslivet etter nedleggingar og nedbemanningar. Manglande kompetanse og låg økonomisk aktivitet i eit område kan føre til at folk blir utstøytte frå arbeidslivet med passivitet som resultat. Noreg er eit høgkostland, og det er først og fremst verksemder som genererer høg verdiskaping per hovud, det er lønsamt å lokalisere i dei rike landa i framtida. Både næringslivet og offentleg sektor i heile landet må difor bli meir kunnskapsbaserte.
I meldinga blir det peikt på at ein ser ei framvaksande todeling i næringslivet i Noreg. På den eine sida har ein den delen som konkurrerer globalt, og som er direkte eller indirekte kopla til dei sterke næringane innan petroleum, sjømat og sjøtransport. Dei områda som har den største eksporten av varer og tenester per sysselsett, finn ein langs kysten, med Sunnmøre i fremste rekkje. Finansiering, engineering og FoU er eksempel på tenester knytte til desse næringane, og de finn ein oftast i universitetsbyane.
På den andre sida har ein regionar med meir tradisjonelle næringar som ikkje på same måten tek del i den sterke nasjonale veksten. Det er mange slike i mindre arbeidsmarknader i Innlandet, i den indre delen av Sørlandet, inne i fjordområda på Vestlandet og i mange delar av Trøndelag og Nord-Noreg.
Det blir i meldinga peikt på at spreidd busetnad er ein sentral del av den norske eigenarten, men mindre arbeidsmarknader har andre føresetnader for vekst og utvikling enn større. Regjeringa legg difor opp til ein framleis kraftfull innsats retta mot mindre arbeidsmarknader. Arbeid med attraktive lokalsamfunn, utbygging av breiband og samferdsel, differensiert innsats for næringsutvikling, fleksibel utdanning og tilrettelegging for fjernarbeid er alle innsatsområde som er særleg viktige for mindre arbeidsmarknader. Som grunnlag for å vurdere initiativ vil departementet også kartleggje eksisterande arbeid i fylka med mobilisering, rådgjeving og tilrettelegging for etter- og vidareutdanning blant folk og verksemder.
Det blir i meldinga peikt på at Lokalsamfunn, kommunar og dei regionale arbeidsmarknadene må vere attraktive for at måla om busetjing og verdiskaping skal bli nådd i heile landet.
Kommunesektoren er hovudkanalen når det gjeld å sikre likeverdige velferdstilbod i heile landet. Det er brei politisk semje om at kommunane skal tilby likeverdige tenester.
Regjeringa vil halde fram med å prioritere kommuneøkonomien og føre vidare dei regionalpolitiske tilskota i inntektssystemet.
Mange kommunar i dei mindre arbeidsmarknadene ligg i område der det også er store, verneverdige naturområde. Regjeringa vil jobbe på lag med kommunane for å vidareføre arbeidet med å førebyggje konflikt og sikre berekraftig forvalting av ressursar i desse kommunane.
Store delar av det mest globaliserte og eksportorienterte næringslivet i landet finn ein i relativt små byregionar.
Investeringar i samferdsel gjer at mindre arbeidsmarknader kan koplast saman, og at folk i bygder og på tettstader får større valfridom når det gjeld arbeid. Regjeringa vil følgje opp perspektivet om kopling av arbeidsmarknader i framtidige prosessar med Nasjonal transportplan.
Mange små og mellomstore byar har institusjonar for høgare utdanning, sjukehus og ulike typar statlege verksemder. Regjeringa legg vekt på at organiseringa av statlege verksemder skal sikre folk i alle delar av landet god tilgang på tenester, ei jamnare regional fordeling av statlege arbeidsplassar og oppbygging og vidareutvikling av profesjonelle fagmiljø også utanom dei større pressområda.
Departementet ynskjer å leggje til rette for ei positiv utvikling i små og mellomstore byar. Men ingen byar og byregionar er like, og kvar region må analyserast for seg. Eit mål må vere å knyte næringslivet i sentra og omlanda betre saman, slik at større delar av regionen kan ta del i dynamikken i næringslivet.
Departementet har difor sett av 7,5 mill. kroner i statsbudsjettet for 2013 til å starte eit utviklingsprogram som skal styrkje små og mellomstore byar som regional utviklingskraft.
Det blir i meldinga peikt på at den sterke veksten i hovudstadsregionen og i andre storbyregionar fører med seg særskilde utfordringar. Pressproblema må løysast på to måtar. På den eine sida må offentlege planar ta høgd for den sterke veksten som er varsla dei komande åra. Veksten får følgjer for mellom anna infrastruktur, bustadmarknader, levekår, tenestetilbod og integrering. Dette er spørsmål som er teke opp i eksisterande og komande meldingar til Stortinget om integreringspolitikken, bustadpolitikken og Nasjonal transportplan. Regjeringa har også bedt Oslo og Akershus om å samarbeide om å utvikle ein samla areal- og transportplan for hovudstadsregionen.
Det går fram av meldinga at regjeringa på den andre sida vil føre ein politikk som sikrar ei meir balansert utvikling i Noreg. Det blir i meldinga peikt på at ein også må sikre at unge som veks opp i dag finn det attraktivt å bu og arbeide i område med viktige næringar også utanfor storbyområda. Det krev ein offensiv distrikts- og regionalpolitikk som kan spreie veksten til små og større arbeidsmarknader i heile landet.
Regjeringa vil føre ein offensiv og regionalt differensiert politikk for å nå dei distrikts- og regionalpolitiske måla.
Gjeninnføringa av den differensierte arbeidsgjevaravgifta i 2007 er ein sentral del av den offensive distriktspolitikken regjeringa fører. EU skal vedta nye retningslinjer for regionalstøtte i 2013. Regjeringa vil arbeide for å føre ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vidare. Regjeringa vil òg føre vidare dagens kompensasjonsordningar.
Det blir i meldinga peikt på at ein viktig del av handlingsrommet for distrikts- og regionalpolitikken er høvet til å gje investeringsstøtte til bedrifter i distrikta. Regjeringa har i dei komande forhandlingane med ESA som mål å oppnå eit best mogleg resultat for nytt verkeområde for investeringsstøtte frå 2014.
Den offentlege innsatsen må tilpassast utfordringane og potensiala i den einskilde regionen. Difor har fylkeskommunane fått eit distrikts- og regionalpolitisk oppdrag frå departementet og dei disponerer nærare 80 pst. av midlane til distrikts- og regionalpolitikk over budsjettet til departementet. Regjeringa vil framleis dimensjonere midlane for å treffe landsdelar og område med særskilde utfordringar.
I meldingas kapittel 1.2.2 blir følgjande føresetnader/tiltak oppsummert:
Attraktive lokalsamfunn
Den digitale allemannsretten
Differensiert næringspolitikk
Tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms
Fjellområda
Statleg lokaliseringspolitikk
I meldingas kapittel 1.3 blir det gitt ei utgreiing om distrikts- og regionalpolitikken gjennom 50 år.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jorodd Asphjell, Lise Christoffersen, Hilde Magnusson, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Morten Ørsal Johansen og Åge Starheim, fra Høyre, Øyvind Halleraker og Michael Tetzschner, fra Sosialistisk Venstreparti, lederen Aksel Hagen, fra Senterpartiet, Heidi Greni, og fra Kristelig Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, viser til at regjeringen i Meld. St. 13 (2012–2013) Ta heile Noreg i bruk understreker at regjeringen vil opprettholde hovedtrekkene i bosettingsmønsteret. Meldingen understreker at dette er en forutsetning for at vi kan utnytte de menneskelige og naturgitte ressursene i hele landet og derigjennom sikre en størst mulig nasjonal verdiskaping, sikre likeverdige levekår og gi alle reell frihet til å bosette seg der de vil.
Komiteen slutter seg til perspektivet i meldingen som er innrettet mot en kunnskapsbasert verdiskaping og velfungerende regionale arbeidsmarkeder, og mot at man må legge til rette for en balansert regional utvikling med en politikk og virkemidler som er tilpasset lokale fortrinn og utfordringer.
Komiteen vil understreke betydningen av å se distrikts- og regionalpolitikken i sammenheng med andre politikkområder. Komiteen viser i den forbindelse til at regjeringen nylig har lagt fram ny Nasjonal transportplan, jf. Meld. St. 26 (2012–2013), og en stortingsmelding om boligpolitikk, jf. Meld. St. 17 (2012–2013). Samferdsel- og boligpolitikk er to av mange politikkområder som har svært stor betydning for distrikts- og regionalpolitikken.
Komiteen vil understreke distrikts- og regionalpolitikken som et politikkområde med mange aktører og interessenter. Videre er utfordringene ofte svært sammensatte og dessuten ulike i forskjellige deler av landet. Helhetlig tilnærming, og lokal og regional tilpasning og differensiering av politikken er viktige stikkord. Komiteen vil peke på at distrikts- og regionalpolitikken handler om velferd og verdiskaping der folk bor. Komiteen slutter seg til ambisjonene i meldingen om å føre en offensiv og regionalt differensiert politikk for å nå de distrikts- og regionalpolitiske målene.
Komiteen viser til at det har blitt holdt åpen høring på Stortinget i forbindelse med behandlingen av stortingsmeldingen, der følgende organisasjoner deltok: Opplysningsrådet for veitrafikken, Det norske skogselskap, Frivillighet Norge, Norges Bondelag og Forskningsrådet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil tilføye at det politiske målet om å opprettholde hovedtrekkene i bosettingsmønsteret har lange tradisjoner i norsk politikk, mens det i praksis gjøres lite for å oppfylle dette målet. Verken regjeringen eller Stortinget kan vedta hvor folk skal bo, noe daværende kommunal- og regionalminister Åslaug Haga bekreftet i sitt svar på spørsmål i forbindelse med behandlingen av Dokument nr. 15:130 (2006–2007).
Som situasjonen i dag fortoner seg, mener disse medlemmer at norsk distriktspolitikk ikke har fungert etter forutsetningene og dermed må anses som feilslått. Disse medlemmer mener at veien videre for distriktsutvikling er å satse på byer og regionsentre som katalysatorer for utviklingen, i erkjennelse av at det er byer og regionsentre som skaper grunnlaget for befolkningen i distriktene.
Disse medlemmer vil vise til regjeringens lite vellykkete forsøk på å legitimere sin distriktspolitikk gjennom utredningsprosjektet «Sentraliseringens pris». Der ble det lagt et premiss for forskerne at det bare skulle være de negative virkningene av sentraliseringen som skulle undersøkes. Forskernes konklusjon ble likevel denne:
«Oppsummert gir ikke analysen grunnlag for å konkludere sterkt med at sentralisering gjennomgående har negative effekter verken for individer, regioner eller nasjonen som helhet».
Studier viser en klar sammenheng mellom urbanisering og økt produktivitet, blant annet fordi storbyer gjør det mulig med økt spesialisering av arbeidskraften og derved bedre utnyttelse av de samlete arbeidskraftressurser. Det vises i den forbindelse til Finansdepartementets svar på Fremskrittspartiets spørsmål nr. 35 til perspektivmeldingen 2013 (Meld. St. 12 (2012–2013)), der det kommer frem at urbanisering kan gi markeder med flere aktører og dermed bidra til mer konkurranse på produktmarkedene, samt gi grunnlag for å høste stordriftsfordeler.
Disse medlemmer mener at markedet vil regulere den geografiske spredningen av arbeidsplasser. Dagens bosettingsmønster er i betydelig grad et resultat av hvordan markedet fungerte i tidligere tider. Eksport av sjømat har i flere hundre år sørget for en spredt bosetting langs kysten, mens fremveksten av byene langs sørlandskysten i stor grad skyldes gode tider for handelsflåten under seilskutetiden.
Disse medlemmer er av den oppfatning at markedet og folks frie valg også i fremtiden skal styre bosettingen i Norge. For øvrig vises det til Fremskrittspartiets kommentarer angående bosettingsmønsteret i Innst. S. nr. 56 (2006–2007) til St.meld. nr. 21 (2005–2006) «Hjarte for heile landet».
Komiteens medlemmer fra Høyre mener at målet med den økonomiske politikken må være å videreutvikle det norske velferdssamfunnet, arbeid til alle, å øke verdiskapingen, å få til en rettferdig fordeling og å stimulere til en langsiktig og bærekraftig utvikling. Disse medlemmer vil peke på at det er viktig å legge til rette for at den enkelte får reell frihet til å bosette seg der han eller hun ønsker. Målet er å ta vare på hovedtrekkene i bosettingsmønsteret og å utløse verdiskapingspotensialet i alle deler av landet. Innsatsen for å fremme regionalpolitiske mål skal også medvirke til å styrke konkurranseevnen i forhold til andre land.
Disse medlemmer vil fremheve at Norge er et land med store variasjoner og rikt mangfold. Gjennom distriktspolitikken er det viktig å ta vare på og videreutvikle dette mangfoldet. Disse medlemmer viser til at Høyres hovedstrategi i regional- og distriktspolitikken er å
prioritere virkemiddel som kan medvirke til å styrke evnen til innovasjon og nyetablering i alle deler av landet, med vekt på å nå potensielle gründere og entreprenører
delegere og desentralisere mer ansvar og flere oppgaver til underliggende nivå
styrke infrastrukturen for å gjøre større deler av landet mer tilgjengelig
styrke vekstkraften der den er, og samtidig sikre grunnlaget for gode levekår i alle deler av landet
Disse medlemmer vil videre vise til at vi må ha virksomheter i alle deler av landet for å sikre den samlede verdiskapingen i nasjonen. Råvareuttak og primærproduksjon i distriktene er grunnlag for store deler av verdiskapingen i landet vårt, og det er potensial for mye mer. Tro på egne krefter er viktig for å utløse nyskaping og vekstkraft. Disse medlemmer vil peke på at staten ikke bygger landet, derimot er det statens oppgave å føre en politikk som legger til rette for at enkeltmennesker, virksomheter og institusjoner kan virke og skape verdier for seg selv og for samfunnet. Disse medlemmer støtter og vil fremheve viktigheten av å sette individet i sentrum. Dette må også gjelde i distriktspolitikken. Hver og en av oss må gis muligheten til å velge på selvstendig grunnlag hvor vi vil bo og arbeide. Det må legges til rette slik at den enkelte har reell frihet til å bosette seg der hun eller han ønsker.
Disse medlemmer vil fremheve viktigheten av at politiske avgjørelser blir tatt så nær den det gjelder som mulig. Derfor ønsker disse medlemmer å delegere mer myndighet nedover i statsforvaltningen og desentralisere mer ansvar og flere oppgaver til kommunesektoren. Disse medlemmer vil fremheve at de som er nærmest utfordringene alltid har vært, og er, dyktigst til å finne de gode løsningene. Disse medlemmer mener det er behov for nye ideer og bedre løsninger på dette feltet, og ønsker en helhetlig kommunereform for å styrke norske kommuners robusthet.
Disse medlemmer viser til at konkurranse nasjonalt er med på å stimulere til skapervilje og virketrang hos den enkelte, og samtidig er en forutsetning for at norske bedrifter skal ha konkurranseevne internasjonalt. Konkurranse virker skjerpende og er en viktig drivkraft for å få til utvikling og endring. Disse medlemmer legger vekt på at gjennom en sterkere målretting av virkemidlene vil det kompenseres for svikt i markedet og medvirke til at alle deler av landet kan få en positiv utvikling og likeverdige vilkår for å delta i konkurransen. Disse medlemmer vil presisere at hovedansvaret for verdiskapningen i Norge allikevel ligger hos enkeltmennesket, i den enkelte bedrift og i den enkelte region.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti mener god distriktspolitikk skal gjøre det mulig å bo, arbeide, drive konkurransedyktig næringsliv og ha likeverdige tjenestetilbud i hele landet. Dette medlem peker på at Distrikts-Norge har sammensatte utfordringer som må løses med differensiert distriktspolitikk, basert på regionale fortrinn og med sterk regional styring og samordning.
Dette medlem viser til at det er mange politikkområder som til sammen utgjør en god distriktspolitikk. Blant annet er kommunenes rammevilkår, infrastrukturutbygging, boligbygging og kommunikasjonsløsninger svært viktige elementer i en god distriktspolitikk. Dette medlem vil trekke frem at det også er avgjørende med arbeidsplasser i distriktene for å styrke bosettingen her.
Dette medlem støtter i all hovedsak hovedlinjene i stortingsmeldingen, men mener en mer fremoverlent politikk både hva gjelder boligbygging, arbeidsplasser og infrastruktur kunne tjent distriktene ved at både innbyggertallet og verdiskapningen i distriktene hadde økt.
Dette medlem legger til grunn at politiske beslutninger skal tas på lavest mulig hensiktsmessig nivå. For at dette skal være mulig forutsetter det at maktfordelingen og finansieringen er slik at kommunene har nok virkemidler til å ivareta sine oppgaver.
Dette medlem viser til at Norge er et langstrakt land med mange ulike kommuner og fylker, med ulike utfordringer. Dette medlem ønsker å legge til rette for et levende folkestyre lokalt og regionalt, der de folkevalgte kan utnytte sine lokale og regionale fortrinn til det beste for innbyggerne, næringslivet og samfunnet ellers. Et velfungerende lokaldemokrati er viktig, og dette medlem mener det er avgjørende at staten i hovedsak styrer gjennom rammer slik at den lokale og regionale handlefriheten øker og lokaldemokratiet styrkes.