Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå justiskomiteen om lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Departementet legg i proposisjonen fram forslag til ny lov om verksemda i jordskifterettane, lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova).

Lova vil avløyse gjeldande jordskiftelov frå 1979. Gjeldande lov er revidert mange gonger, men er ikkje revidert på ein gjennomgripande måte før no. Lovforslaget byggjer på eit høyringsnotat utarbeidd av ei arbeidsgruppe i departementet. Forslaget byggjer òg på innspel frå ei referansegruppe, og alminneleg høyring. Det har vore allmenn oppslutning om at jordskiftelova bør reviderast.

Hovudformålet med forslaget er ei ny moderne jordskiftelov, som blir enklare og lettare å forstå for dei som skal bruke lova. Ved utforminga av lovforslaget er det lagt særleg vekt på at det er mange partar som prosederer sjølve for jordskifterettane. For å nå målet må språket bli klarare og lova må bli lettare å lese. Systematikken må betrast. Det må skiljast betre mellom materielle reglar (kva retten kan ta avgjerd om), og prosessuelle reglar (korleis retten skal behandle sakene).

Lovforslaget har reglar om heile verksemda i jordskifterettane, og om behandlinga av anke i lagmannsrettane. Jordskifterettane skal etter lovforslaget framleis vere særdomstolar. Lovforslaget inneheld mellom anna reglar om kva som er formålet med verksemda i jordskifterettane, korleis verksemda skal vere organisert, kva for sakstypar jordskifteretten skal behandle (jordskifte, rettsutgreiing, grensefastsetjing, skjønn og andre avgjerder etter andre lover), kva for reglar om saksbehandling som gjeld, korleis sakskostnadene skal fordelast, og korleis partane kan få prøvd avgjerdene i jordskifteretten for ein overordna rett som vil vere lagmannsretten.

Det er stort behov for ei enklare rettsmiddelordning. Etter gjeldande lov kan avgjerdene i jordskifteretten ankast til to overordna rettar (jordskifteoverretten og lagmannsretten), avhengig av kva tema anken gjeld. Ordninga er komplisert. I nokre sakstypar inneber ho òg risiko for at nokon lir rettstap. Departementet foreslår mellom anna på grunnlag av dette å slå jordskifteoverretten saman med lagmannsretten. Lagmannsretten skal styrkast med jordskiftefagleg kompetanse (jordskiftelagdommar).

Det er òg eit formål å oppdatere lova i høve til andre store lovrevisjonar dei seinare åra. Dette gjeld særleg tvistelova, plan- og bygningslova og matrikkellova.

Endringsbehovet knyter seg til dei materielle reglane. Lovforslaget fører i hovudsak vidare dei rettsendrande verkemidla jordskifteretten har. Desse verkemidla er byte av grunn og rettar, skiping og avløysing av sameige, omskiping og avløysing av rettar, bruksordning, felles tiltak og felles investeringar, etablering av lag med meir. Jordskifte er samleomgrepet for desse verkemidla. Blant forslaga til endringar er mellom anna ei utviding av den kompetansen jordskifteretten har, til å gjelde heile landet. Departementet foreslår òg at jordskifteretten får heimel til å skipe sameige mellom eigedommar. Departementet foreslår dessutan ein heimel til å lage reglar om sambruk (bruksordning) for eigarseksjonar. Departementet foreslår i tillegg å oppheve reglane om minneleg jordskifte og valdgiftsjordskifte.

Dei grunnleggjande vilkåra for jordskifte blir ført vidare i lovforslaget. Utgangspunktet er at det må liggje føre utenlege eigedoms- eller brukstilhøve på ein eller fleire av dei eigedommane som inngår i jordskiftet. Jordskiftet skal òg gi ei samla netto nytte, og jordskifteløysinga skal ikkje føre til at kostnadene eller ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett. Høvet til planar etter plan- og bygningslova skal framleis vere slik at jordskifteretten må leggje gjeldande plansituasjon til grunn når han skal velje jordskifteløysing. Jordskifteretten kan ikkje endre planar, reguleringar eller vernevedtak fastsett av offentlege myndigheiter.

Dei rettsfastsetjande sakstypane rettsutgreiing og grensefastsetjing blir òg ført vidare. Desse sakstypane utgjer ein vesentleg del av verksemda i jordskifteretten. Rettsutgreiing og grensefastsetjing er normalt ein del av grunnlagsarbeidet i jordskiftesakene, men jordskifteretten behandlar òg eit stort tal slike saker som eigne saker. Behovet for endring er mellom anna til stades når det gjeld vilkåra for rettsutgreiing, og ein samordna bruk av omgrep i jordskiftelova og matrikkellova når det gjeld kva for kategoriar av eigedom som jordskifteretten kan fastsetje grenser for.

Behandlinga av skjønn, anten det skjer i samband med jordskifte, eller som eiga sak, er òg ein vesentleg del av verksemda i jordskifteretten, og skal halde fram. Behovet for endring er i det vesentlege knytt til endringar i bruk av omgrep og systematikk, og til kva for rettsinstansar som skal behandle skjønn etter ulike lover. Departementet foreslår at jordskifteretten skal vere den einaste førsteinstans for behandlinga av skjønn eller andre avgjerder etter fleire særlovar. Det såkalla «lensmannsskjønnet» skal avviklast i fleire av særlovene. Når det gjeld kompetansen til å avgjere om det skal svarast erstatning for skade valde av rein, foreslår departementet å føre vidare ordninga med at partane kan velje mellom tingretten og jordskifteretten.

Departementet ser ikkje behov for større endringar i organisatoriske reglar som gjeld første instans. Ut frå omsynet til å redusere kostnadene ved behandlinga i retten, er det foreslått nokre endringar i reglane om sakskostnader og samansetjinga av retten i den enkelte saka. Departementet foreslår at retten som hovudregel skal setjast med ein jordskiftedommar, utan meddommarar. Retten kan likevel setjast med sakkunnige meddommarar når ein part krev det, eller jordskiftedommaren meiner det trengst for å få ei forsvarleg behandling av saka.

Reglane om samansetjinga av lagmannsretten er nye. Fordi ein legg opp til at alle sakstypar skal behandlast i lagmannsretten, må retten setjast saman slik at ankeinstansen får rett kompetanse i høve til det saka gjeld, og retten bør heller ikkje vere overdimensjonert i høve til anke. Når det er anka over jordskifteavgjerder, skal retten som hovudregel setjast med ein jordskiftelagdommar og fagkunnige meddommarar. Dette sikrar den jordskiftefaglege behandlinga av desse sakene i ankeinstansen. Ved behandlinga av anke over dom (for eksempel i tvistar), orskurd og vedtak, skal lagmannsretten setjast saman på vanleg måte med juridiske fagdommarar, men slik at jordskiftelagdommaren kan vere ein av dei tre fagdommarane dersom førstelagmannen fastset dette.

Reglane om saksbehandling vil òg etter den nye lova bestå dels i eigne reglar som er tilpassa behovet i jordskifterettane, dels av eit utval av reglane i tvistelova. Dei sentrale prosessuelle prinsippa som er nedfelte i tvistelova, skal òg gjelde for saksbehandlinga i jordskifterettane. Dette gjeld mellom anna prinsippa om at retten berre kan byggje avgjerdene på fakta som partane har hatt oppmoding til å uttale seg om, retten partane har til å føre bevis direkte for retten, likebehandling av partane, ei effektiv og ikkje for kostbar behandling og så vidare. Andre grunnleggjande prinsipp er plikta retten har til å grunngi avgjerdene, og det høvet partane har til å få avgjerder overprøvd av høgare rettsinstansar. Ein grunnleggjande forskjell mellom dei alminnelege domstolane og jordskifterettane, er at jordskifterettane kan behandle saker utan at det er tvist mellom partane. Dette særtrekket ved jordskifterettane skal førast vidare. Behovet for endring knyter seg mest til klargjering og forenkling av reglane. Dette er mellom anna gjort ved at reglane om saksbehandling er skilde ut i eit eige kapittel i lovforslaget.

Prinsippa for fordeling av sakskostnader skal førast vidare. Det er ikkje behov for grunnleggjande endringar av desse. Eit hovudprinsipp er at sakskostnader knytt til jordskifte skal fordelast mellom partane etter nytten dei har av jordskifteløysinga. Prinsippet gjeld òg ved behandling av grensefastsetjing og rettsutgreiing. Ved behandlinga av tvistar skal ein følgje dei alminnelege reglane i tvistelova. Behovet for å halde sakskostnadene nede, gjer at ein òg bør gi reglane om sakskostnader i småkravsprosessen verknad når det gjeld tvist om mindre verdiar.

I proposisjonen kapittel 2 behandlar departementet bakgrunnen for lovforslaget. Departementet gjer greie for arbeidet med høyringsforslaget. Landbruks- og matdepartementet oppnemnde i 2006 ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å gå gjennom lova. Departementet framhevar i mandatet for gruppa mellom anna at det er gjennomførd ei rekkje enkelståande endringar som har gjort gjeldande jordskiftelov uoversiktleg. Målsetjinga med revisjonen skulle vere å skape ei ny jordskiftelov som høver med tida og tilhøva og dei behova eigarar, rettshavarar og samfunnet elles har. Alle delar av jordskiftelova skulle vurderast.

Departementet gjer greie for den alminnelege høyringa. Det kom inn mange uttalar, og dei var til dels svært detaljerte og omfattande. Hovudinntrykket frå høyringa er at høyringsinstansane er samde om at jordskiftelova treng revisjon. Høyringsinstansane tilrådde òg hovudlinene i forslaga. Ei rekkje høyringsinstansar har likevel til dels omfattande kritiske merknader til konkrete forslag. Nokre meiner høyringsforslaget burde vore laga av andre enn tilsette i departementet, helst av eit offentleg utval. Andre meiner høyringsforslaget bygde på ein open og konstruktiv prosess. Nokre av instansane meiner lovforslaga burde sendast på ny høyring. Det er gjort greie for konsultasjonane med Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund om lovforslaget.

Proposisjonen kapittel 3 inneheld ei framstilling av tidlegare og någjeldande jordskiftelovgiving. Departementet gir òg ei framstilling av kva jordskifte er, og kva som er spesielt med jordskifterettane samanlikna med dei alminnelege domstolane. Departementet gir dessutan oversikt over dei sakstypane som jordskifteretten behandlar: jordskifte, rettsutgreiing, grensegang og skjønn. Dei grunnleggjande vilkåra for jordskiftesakene går departementet òg gjennom. Det same gjeld reglane om saksbehandling, anke og sakskostnader.

Jordskifte er ein rettsleg prosess knytt til grunneigedommar. Prosessen endar med ei rettsleg avgjerd gjort av jordskifteretten, som er ein domstol. Bakgrunnen for å halde ei jordskiftesak er at eigedommane er utenlege, eller vil bli det som følgje av eit tiltak, og at dei verkemidla som kan brukast i eit jordskifte, er eigna til å løyse problema.

I prosessen brukar ein dei rettsendrande verkemidla ein tradisjonelt omtalar som jordskifte. Som rettsendrande verkemiddel reknast ombyting av grunn mellom grunneigarar, oppløysing av sameige, avløysing av bruksrettar, føresegner om bruken av areal og rettar (bruksordning) med meir.

Jordskifterettane behandlar òg andre saker. Ei hovudgruppe er dei rettsfastsetjande sakstypane grensegang og rettsutgreiing, der retten fastslår kva som er rettstilstanden. Slike saker fell utanfor det tradisjonelle jordskifteomgrepet, men behandlast likevel av jordskifterettane. Jordskifteretten behandlar dessutan skjønnssaker, for eksempel om fastsetjing av erstatning ved ekspropriasjon eller vern der skjønnet anten er ein del av jordskiftesaka, eller skal haldast som eige sak. Jordskifteretten behandlar i tillegg spørsmål om avløysing og omskiping av servituttar.

Departementet gir i proposisjonen kapittel 4 ei kort oversikt over rettstilstanden i andre land. Det mest vanlege i andre europeiske land er at jordskifteverksemda blir utført av eit frittståande forvaltingsorgan. I Noreg skjer arbeidet i ein domstol. Denne grunnleggjande forskjellen gjer at utanlandsk rett får avgrensa relevans, særleg når det gjeld reglane om saksbehandling. Likskapen er større når det gjeld kva for oppgåver som er lagt til jordskifteorgana i land det er naturleg å samanlikne Noreg med.

Departementet gjer i proposisjonen kapittel 5 greie for det synet høyringsinstansane og departementet har på behovet for lovendringar. Dette gjeld mellom anna systematikken i lova. Departementet har valt den same systematikken og strukturen på den nye jordskiftelova som arbeidsgruppa foreslår i høyringsnotatet. Høyringsinstansane har i det alt vesentlege støtta opp om dette forslaget. Gjeldande jordskiftelov skil ikkje tydeleg mellom materielle reglar og reglar om saksbehandling. Dette gjer at lova ikkje er så lett å orientere seg i, særleg for partar som prosederer sjølve. Reglane om saksbehandling i gjeldande jordskiftelov er laga for jordskiftesakene, men skal òg gjelde tilsvarande for andre sakstypar, så langt dei høver. Dette bidreg til å komplisere lova. I lovforslaget er dei reglane om saksbehandling som er felles for alle sakstypane, skilde ut og plasserte i eit eige kapittel. Reglar om saksbehandling som berre gjeld enkelte sakstypar er knytt opp mot dei mate-rielle reglane. Departementet meiner dette gjer det enklare å orientere seg i lova, og styrkjer rettstrygg-leiken.

Departementet ser ikkje behov for grunnleggjande endringar i dei verkemidla som tek sikte på å skape meir tenlege eigedommar for partane gjennom jordskifte. Jordskifteretten skal framleis fastsetje grenser for faste eigedommar og rettar, og gjere rettsutgreiingar. Kompetansen til å halde skjønn og ta andre avgjerder bør oppretthaldast, men departementet foreslår visse endringar i den parallelle (overlappande) kompetansen til å halde skjønn, som jordskifteretten har i dag. Departementet foreslår mellom anna at dei såkalla «lensmannsskjønna» blir avvikla på enkelte område, og at jordskifteretten skal få eksklusiv kompetanse på desse områda.

Departementet meiner det er behov for nokre endringar i terminologien i lova og foreslår ein del nye omgrep, og fleire av dei er definerte i lova.

Det er særleg når det gjeld rettsmiddelordninga, departementet ser behov for større endringar. Gjeldande ordning, med to ankeinstansar, er komplisert og vanskeleg å finne ut av for dei som får med ankesakene å gjere. I enkelte sakstypar er det ein risiko for at partane lir rettstap. Hovudgrepet i forslaget er at rettsmiddelordninga endrast frå eit «to-spora» system, med jordskifteoverrett og lagmannsrett, til eit enklare system der lagmannsretten er einaste ankeinstans. Med berre ein ankeinstans kan ein ikkje anke til feil instans. Det inngår i ordninga at lagmannsrettane skal styrkast med jordskiftefagleg kompetanse, det vil seie med jordskiftelagdommarar.

Proposisjonen kapittel 6 gjeld namnet på lova, formål, verkeområde, definisjonar, saksinnhald og sakstilknyting.

Departementet foreslår at det geografiske verkeområdet for den nye jordskiftelova ikkje skal endrast nemnande. Lova skal framleis gjelde faste eigedommar og råderettar over fast eigedom i heile landet, utan omsyn til kvar eigedommane ligg, eller kva for planstatus som gjeld. Visse avgrensingar frå dette utgangspunktet følgjer likevel av særlovgivinga. I kapittelet behandlar departementet kva det kan reisast sak om, altså det saklege verkeområdet for lova og kven som kan reise sak. Kva det kan reisast sak om, følgjer av reglane om kompetansen retten har etter den nye jordskiftelova og særlovgivinga (mellom anna reindriftslova, servituttlova og veglova). Krav om sak for jordskifteretten kan setjast fram av den som eig fast eigedom, eller har rett knytt til fast eigedom, eller som er festar. Det er foreslått særlege reglar for reindrifta og for offentleg myndigheit.

Proposisjonen kapittel 7 gjeld organisering av jordskifterettane, samansetjinga av jordskifteretten i ulike saker, og den lovnaden jordskiftemeddommarane skal gi. I kapittelet behandlar departementet inndelinga av riket i jordskiftesokn. Inndelinga skal som før fastsetjast av Kongen. Spørsmålet om kvar ei sak høyrer heime (verneting), og spørsmålet om tenesteområdet for dei som arbeider i jordskifteretten, følgjer inndelinga i jordskiftesokn. Departementet drøftar høvet mellom jordskiftelova og domstollova, og i kva for lov dei ulike organisatoriske reglane bør stå. Departementet foreslår at den nye jordskiftelova skal innehalde reglar om høvet mellom lovene. Departementet meiner Domstoladministrasjonen (DA) bør fastsetje bemanninga ved den enkelte jordskifteretten. Dette går allereie fram av domstollova, og treng inga eiga regulering i jordskiftelova. Kapittelet gjeld elles talet på faste embete for jordskiftedommarar, tilkalling av jordskiftedommar og oppnemning av jordskiftedommar i ei enkelt sak, ordninga med jordskiftedommarfullmektigar som er ein parallell til dommarfullmektigordninga i tingrettane, lovfesting av praksisen med teknisk personale ved jordskifterettane, og kva for reglar ein bør ha for leiing av den enkelte jordskifteretten.

Departementet drøftar kva for krav til kvalifikasjonar ein skal stille til det dømmande personellet i jordskifterettane. Departementet foreslår å halde fast ved at jordskiftedommarane skal ha jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå. Dette utdanningsnivået er på line med nivået for andre dommarar, for eksempel i tingretten eller i lagmannsretten. Dette for å sikre at dømmande personell har reell fagleg kompetanse på høgt nivå. Departementet foreslår ikkje karakterkrav, ettersom utnemning av jordskiftedommarar uansett vil skje etter grundig saksbehandling. Departementet foreslår heller ikkje eigne reglar om nedre aldersgrenser for dømmande personell i jordskiftelova. Departementet foreslår likevel at reglar om aldersgrenser blir tekne inn i domstollova.

Departementet går inn for eit særskilt utval av meddommarar i kvart jordskiftesokn. Departementet meiner dette legg til rette for ein meir aktiv bruk av dei som er i utvala, enn om ein har eit utval for kvar kommune. Omsynet til likestilling mellom kjønna er teke vare på gjennom krav om at alle kommunar i jordskiftesoknet skal peike ut minst ein medlem av kvart kjønn til utvalet, og alltid like mange av kvart kjønn. Departementet foreslår ikkje å slå saman utvala for jordskiftemeddommarar og skjønnsmedlemmer. Dette har samanheng med at utvalet av skjønnsmedlemmer òg gjeld for andre skjønn enn dei som går for jordskifteretten.

Samansetjinga av jordskifteretten i den enkelte saka er drøfta. Hovudregelen i lovforslaget er at retten skal setjast med jordskiftedommaren som einedommar. Dette er ei harmonisering i høve til sivile saker for tingretten, og det kan bidra til å halde sakskostnadene nede for partane. Retten kan likevel setjast med jordskiftemeddommarar når ein av partane krev det, eller om jordskiftedommaren meiner det trengst for å få ei forsvarleg behandling av saka. Omsynet til bruk av lekdommarar i domstolane er såleis teke vare på. Jordskiftemeddommarar skal vere hovudregelen i tiltaks- og vernejordskifte, der det regelmessig vil vere behov for skjønnsmessige vurderingar. Utgangspunktet er to meddommarar, men partane kan krevje fire meddommarar, eller jordskiftedommaren kan fastsetje dette om han meiner det trengst. Tilsvarande skal det vere meddommarar i skjønn og andre avgjerder som er til behandling i samband med jordskifte. I dei tilfella skjønn og andre avgjerder etter andre lover går som eiga sak, følgjer saksbehandlinga reglane i skjønnsprosesslova, der hovudregelen er fire meddommarar.

Departementet foreslår mellom anna at meddommarane framleis skal oppnemnast, og ikkje trekkjast, fordi oppnemning gir best kontroll på at meddommarane er kunnige i det saka gjeld. Departementet foreslår å føre vidare kravet om kunnige meddommarar frå gjeldande jordskiftelov.

Proposisjonen kapittel 8 handlar om jordskifte og fordeling av planskapt netto verdiauke med vidare. Departementet gir ei kort innføring i kva jordskifte er. Etter lovforslaget er det endringar i dei verkemidla jordskifteretten kan bruke for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva som partane tek opp. Jordskifteretten kan byte om på grunn og rettar, skipe og oppløyse sameige, gi reglar for og avløyse rettar over fast eigedom, skipe bruksordningar, fastsetje felles tiltak og felles investeringar, skipe lag og fastsetje vedtekter med meir.

Det vert gjort framlegg i dette kapittelet om ei tydeleggjering av kva partane har råderett over i ei jordskiftesak. Partane har hand om kva slags utenlege eigedomstilhøve dei ønskjer at jordskifteretten skal bøte på, men retten fastset kva slags verkemiddel som er eigna for å løysa det utenlege. Det vert gjort framlegg om endringar i tilhøvet mellom omskiping og avskiping etter servituttlova og omforming og avløysing etter jordskiftelova. Det vert gjort framlegg om å endre verkemidla om jordskifte slik at dei får ei meir generell utforming til forskjell frå gjeldande reglar som i stor grad byggjer på opprekning av ulike typetilfeller. Framlegget utvidar jordskifteretten sin kompetanse. Vidare vert det gjort framlegg om ein heimel for at jordskifteretten kan opprette realsameie, og en heimel for at jordskifteretten kan gjennomføre bruksordning for eigarseksjonar. Etter framlegget skal jordskifteretten ut over dette få heimel til å avskipe negative servituttar dersom servitutten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Rollefordelinga mellom jordskifteretten og kommunen er mellom anna tydeleggjort gjennom endringar i reglane om planskapt netto verdiauke. Jordskifteretten sin kompetanse i slike saker vil vere å fordele den planskapte verdiaukinga i eit geografisk område som er fastsett ved plan dersom planmyndigheita i planen har bestemt at utbygginga er avhengig av slik fordeling. Gjeldande reglar om minneleg jordskifte og voldgiftsjordskifte vert foreslått oppheva. Det same gjeld for gjeldande reglar om utflytting.

Proposisjonen kapittel 9 gjeld rettsutgreiing. Reglane om rettsutgreiing blir i hovudsak ført vidare i lovforslaget, men med litt andre formuleringar enn i gjeldande jordskiftelov. Med rettsutgreiing i lovforslaget er meint fastsetjinga jordskifteretten gjer av innhaldet i rettar og eigedomstilhøve som eiga sak. Departementet foreslår å ta bort det særlege vilkåret i gjeldande jordskiftelov, om at rettsutgreiing berre kan utførast «når dette er nødvendig av omsyn til ein rasjonell bruk av området». Det er nok for å krevje rettsutgreiing at dei som har interesser knytt til eigedomsrett eller bruksrett i eit område, treng ei avklaring av rettstilhøva. Jordskifteretten kan fastsetje innhaldet i rettar og eigedomstilhøve som eiga sak i sameige, i område der det er sambruk eller er uklart om det er sambruk mellom eigedommar, ved registrering av uregistrert jordsameige, i område med reindrift i det samiske reinbeiteområdet, og i område der det er sambruk av uteareala som ligg til eigarseksjonar. Rettsutgreiing er normalt (saman med grensefastsetjing) del av grunnlagsarbeidet i jordskiftesakene. Rettsutgreiing kan behandlast som eiga sak, eller i kombinasjon med grensefastsetjing. Som etter gjeldande reglar skal jordskifteretten etter lovforslaget kunne avgjere tvist om underliggjande rettshøve.

Proposisjonen kapittel 10 gjeld grensefastsetjing. Reglane i lovforslaget førast i hovudsak vidare frå gjeldande jordskiftelov. Endringane ligg i det vesentlege i korleis ein brukar ulike omgrep.

Departementet foreslår å harmonisere bruken av omgrep i jordskiftelova og matrikkellova når det gjeld kva for eigedommar jordskifteretten skal kunne fastsetje grensene for. Det er gjort ved at det er vist til dei aktuelle paragrafane i matrikkellova. Det er òg foreslått at jordskifteretten kan fastsetje grenser for fast eigedom og rettar som eiga sak i samisk reinbeiteområde.

Departementet foreslår at kompetansen jordskifteretten har til å justere ulaglege grenser blir den same som matrikkelmyndigheitene har etter matrikkellova. Departementet foreslår òg at jordskifteretten skal kunne avgjere eventuelle gjerdespørsmål langs dei grensene som blir fastsette, slik at gjerder og plikt til å halde gjerde kan tilpassast dei nye grensene.

Som etter gjeldande reglar skal jordskifteretten etter lovforslaget kunne avgjere tvist om underliggjande rettshøve.

Kapittel 11 gjeld skjønn og andre avgjerder etter andre lover. Lovforslaget inneber inga innskrenking i dei heimlane jordskifteretten har til å halde skjønn i dag. Jordskifteretten held i dag skjønn når jordskifte skjer i samband med offentleg ekspropriasjon for å iverksetje tiltak (bygging, utbetring med meir) eller i samband med offentleg regulering av eigarrådvelde (vern). Jordskifteretten held òg skjønn etter reglane i ei rekkje særlover. Jordskifteretten held òg skjønn som eiga sak, når det er avtalt mellom partane. Departementet meiner omgrepet skjønn i fleire av særlovene er brukt om avgjerder der dei vurderingane retten skal gjere, ikkje er skjønn i tradisjonell meining. I nokre tilfelle er omgrepet skjønn brukt for å få fram at saka skal gå etter reglane i skjønnsprosesslova. Departementet foreslår at omgrepet skjønn berre skal brukast om avgjerder som gjeld fastsetjing av pengebeløp (erstatning, vederlag).

Departementet gjer greie for systematikken i reglane om skjønn og andre avgjerder etter andre lover. Reglane står i eit eige kapittel i lovforslaget. Departementet foreslår ein paragraf om heimelen jordskifteretten har til å halde skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte, ein paragraf om skjønn i samband med jordskifte som følgje av tiltak fastsett av jordskifteretten i vassdrag, ein paragraf om skjønn som jordskifteretten held og andre avgjerder som jordskifteretten tek i samband med sak for jordskifteretten etter særlov, ein paragraf som gjeld dei skjønna og avgjerdene som jordskifteretten behandlar som eiga sak og ein paragraf om skjønn og avgjerder som partane har avtalt at jordskifteretten kan halde. Departementet foreslår òg ein heimel for retten til å bestemme at skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett skal behandlast som eiga sak. Departementet foreslår òg ein paragraf som regulerer kva for reglar om saksbehandling med meir, som gjeld for ulike skjønn og andre avgjerder.

I kapittel 11 drøftar departementet òg spørsmålet om den stadlege avgrensinga av kompetansen jordskifteretten har. Departementet foreslår å ta bort reglar som avgrensar kompetansen jordskifteretten har til eit nærare definert geografisk område (LNFR-område etter plan- og bygningslova).

Departementet behandlar kompetansen jordskifteretten har i høve til ulike typar skjønn. For skjønn i samband med vernejordskifte, foreslår departementet ei endring slik at kompetansen i jordskifteretten blir utvida til òg å gjelde spørsmålet om det skal ytast erstatning for avgrensingar i råderetten som følgjer av eit vernevedtak. Etter gjeldande reglar er det dei ordinære domstolane som avgjer dette. I særlovene som er nemnde i kapitlet, blir det ikkje gjort endringar i reglane om kva som skal avgjerast. Departementet foreslår likevel endringar når det gjeld kven som skal ta avgjerdene.

Proposisjonen kapittel 12 gjeld reglane om saksbehandling. Departementet gjer greie for hovudprinsippa for reglane om saksbehandling og tilhøvet til tvistelova. Reglane om saksbehandling er ein kombinasjon av reglar i tvistelova, og eigne reglar tilpassa behovet i saker for jordskifteretten. Tilhøvet mellom tvistelova og jordskiftelova er ordna slik at det i lovforslaget § 6-1 er lista opp kva for konkrete kapittel og paragrafar i tvistelova som skal gjelde så langt dei høver. Andre stader i lovforslaget kapittel 6 viser departementet direkte til enkelte av reglane i tvistelova, av omsyn til informasjon. Når det gjeld behandlinga av skjønn, inneber lovforslaget at skjønn som blir behandla i samband med sak for jordskifteretten, følgjer reglane om saksbehandling i jordskiftelova. Det at jordskifte og skjønn følgjer same reglar om saksbehandling i slike «kombinerte saker» forenklar behandlinga. Skjønn som eiga sak skal følgje skjønnsprosesslova, slik at behandlinga blir lik for alle skjønn som ikkje blir behandla i samband med jordskifte.

Reglane om saksbehandling byggjer på dei same prosessuelle prinsippa som tvistelova. Dette gjeld mellom anna prinsippa om at retten berre kan byggje avgjerdene på fakta som partane har hatt oppmoding til å uttale seg om (kontradiksjonsprinsippet). Partane skal òg ha rett til å føre bevis direkte for retten. Prosessen byggjer på at sakene skal behandlast på ein effektiv og ikkje for kostbar måte, og at partane skal behandlast likt. Andre grunnleggjande prinsipp er at retten har plikt til å grunngi avgjerdene, og at partane har høve til å få avgjerder overprøvd av høgare rettsinstansar. Lovforslaget byggjer òg på at jordskifterettane er uavhengige domstolar (særdomstolar). Ein grunnleggjande forskjell mellom dei alminnelege domstolane og jordskifterettane er at jordskifterettane kan behandle saker utan at det er tvist mellom partane. Dette særtrekket ved jordskifterettane blir ført vidare.

Avgjerda av realitetane i ei jordskiftesak er etter lovforslaget ei «jordskifteavgjerd». Dette er ei ny form for avgjerd i høve til gjeldande lov. Skjønn eller andre avgjerder som blir behandla i samband med sak for jordskifteretten etter kapittel 5 i lovforslaget, er òg ei jordskifteavgjerd. Når retten avgjer realitetane i spørsmål om grenser, eigedomsrett, servituttar med meir, skal retten seie dom. Avgjerder som gjeld saksbehandlinga er anten orskurd («kjennelse») eller vedtak («beslutning»). Reglane om formene for avgjerd dannar grunnlaget for den vidare behandlinga av sakene i ankeinstansen.

Kapittel 13 gjeld sakskostnader og gebyr. Partane skal etter lovforslaget framleis betale sakskostnader.

Departementet foreslår å føre vidare regelen om deling av kostnadene partane har. Kostnadene skal delast etter den nytten dei har av saka. I tiltaks- eller vernejordskifte skal tiltakshavaren eller vernemyndigheita betale sakskostnadene. Jordskifteretten kan leggje sakskostnader knytt til tiltaks- eller vernejordskifte på partar som får netto nytte. Lovforslaget regulerer ansvaret for sakskostnadene når ei sak blir trekt eller avvist, eller krav eller opplysningar kjem for seint. Da skal kostnadene leggjast på den som har valda kostnadene. Utgift som omsynet til berre enkelte eigedommar eller ein part har valda, kan jordskifteretten leggje på vedkommande aleine.

Lovforslaget fører vidare systemet med at skjønnsprosesslova gjeld for skjønn som går som eiga sak for jordskifteretten. Det gjeld òg for reglane om sakskostnader ved skjønn.

Lovforslaget fører òg vidare kostnadsreglane ved dom og rettsforlik i tvist. I begge tilfelle gjeld reglane i tvistelova. Regelen er at ved dom skal parten som vinn, få vederlag for eigne kostnader til advokathjelp i tvisten. Til vanleg vil eit rettsforlik òg avgjere spørsmålet om sakskostnader.

Lovforslaget lovfestar at staten har same ansvar for sakskostnader ved sak for jordskifteretten som ved sak for tingretten. Etter dette vil det ikkje vere nokon tvil om at partane kan krevje erstatning for det tap som feil frå jordskifteretten har påført dei. Slik sak må reisast for tingretten.

Når det gjeld fristen for å betale, inneheld lovforslaget ei harmonisering av lengda på fristen til det som gjeld for tingrettane. Fristen vil til vanleg vere 14 dagar. Dette er ei nedkorting med ein dag. Retten kan setje ein romslegare frist.

Lovforslaget fører vidare reglane om gebyr for sak for jordskifteretten. Gebyra er inngangsgebyr, grenselengdegebyr og partsgebyr. Føresegna om at jordskifteretten kan endre dei samla gebyra dersom arbeidet med saka avvik nemnande frå det vanlege, blir òg ført vidare.

Proposisjonen kapittel 14 gjeld rettsmiddel med vidare. Omgrepet rettsmiddel omfattar både anke og krav om gjenopning. Departementet foreslår at lagmannsretten skal vere ankeinstans ved avgjerd som jordskifteretten tek. Departementet foreslår som eit utgangspunkt at ein skal kunne anke avgjerdene jordskifteretten tek.

Forslaget til regel byggjer på at prosessforma må tilpassast det saka gjeld. Dette er ei naturleg følgje av at jordskifterettane fattar ulike slag avgjerder med ulike krav til prosess i første instans. Departementet foreslår at ei ankesak som gjeld jordskifte skal følgje reglane om saksbehandling i jordskiftelova så langt dei høver. Ved anke over dom, foreslår departementet at reglane i tvistelova skal gjelde. Er det anka over skjønn eller andre avgjerder etter lovforslaget kapittel 5, skal skjønnsprosesslova gjelde. Det kan ankast over fleire typar avgjerder i den same saka. I lovforslaget foreslår departementet at slik anke kan behandlast som ei sak for lagmannsretten dersom første-lagmannen fastset dette. Sjølv om saka blir behandla som éi sak, skal prosessreglane under behandlinga følgje den enkelte avgjerda som det er anka over.

Departementet legg til grunn at lagmannsretten bør setjast saman ulikt alt etter kva det er anka over, og etter kompleksiteten i den enkelte ankesaka. Første-lagmannen, meddommarane og jordskiftelagdommaren får særlege roller ved førebuing og behandling av anke. Lovforslaget gir førstelagmannen i oppgåve å fastsetje kven som skal førebu saka, kven som skal vere leiar av retten, samansetjinga av retten, til dette i visse høve òg talet på meddommarar. Dersom det er anka over fleire avgjerder, fastset førstelagmannen òg om dei skal behandlast som éi ankesak.

Lovforslaget legg til grunn at det kan vere meddommar ved behandling av anke. Meddommarane skal hentast frå jordskifteutvala. Talet på meddommarar vil variere alt etter kva saka gjeld. Departementet foreslår likevel ei løysing som er meir fleksibel enn gjeldande løysing. Det kan redusere sakskostnadene for partane om lova opnar for at talet meddommarar i den enkelte saka kan bli færre enn i dag. Retten kan for eksempel i ei jordskiftesak setjast saman med ein meddommar, ein jordskiftelagdommar og ein juridisk dommar.

Lovforslaget legg til rette for at jordskiftelagdommaren kan delta ved behandling av anke og overskjønn i alle saker som er avgjort i jordskifteretten. I nokre saker, for eksempel i jordskiftesaker, fastset lova at jordskiftelagdommaren skal delta, i andre saksfelt, for eksempel ved overskjønn, opnar lova for slik deltaking. Fleire høyringsinstansar foreslår at lova bør opne for at retten kan setjast med jordskiftelagdommar òg ved anke over tvist avgjort av tingretten dersom saka gjeld rettshøve knytt til fast eigedom. Departementet er samd i dette, og foreslår ei slik løysing.

Departementet foreslår ein regel om at anken kan avvisast, hevast eller opphevast under saksførebuinga. Departementet foreslår òg ein tilvisingsregel som mellom anna viser at silingsregelen i tvistelova gjeld ved dom. Ved anke over jordskifteavgjerd foreslår departementet at lagmannsretten kan nekte behandling av saka dersom retten finn det klart at anke ikkje ville kunne føre fram.

Anke til Høgsterett følgjer reglane i tvistelova kapittel 29 eller 30. Gjeld anken jordskifteavgjerd, eller skjønn eller andre avgjerder tekne i samband med jordskifteavgjerd, kan det berre ankast over feil i rettsbruken eller feil ved saksbehandlinga.

Departementets forslag til reglar om gjenopning av sak er drøfta. Det er behov for eigne reglar om dette for jordskifteavgjerd. Departementet foreslår å føre vidare regelen som gjeld i dag. Det inneber at den domstolen som gjenopnar saka berre skal gjere dei endringane som trengst for å rette opp mishøvet. Vil endringa ikkje stå i rimeleg høve til det ein kan oppnå ved gjenopninga, bør det vere mogleg å gjere opp endringane heilt eller delvis i pengar eller andre verdiar.

Proposisjonen kapittel 15 gjeld ymse reglar, overgangsreglar og ikraftsetjing. Reglane i lovforslaget kapittel 9 fører vidare fleire reglar i gjeldande jordskiftelov kapittel 12. I proposisjonen blir reglane om handteringa av pengevederlag drøfta. Departementet foreslår reglar som skal hindre at for eksempel panthavarar lir tap. Departementet foreslår òg reglar om overføring av skyldnader som knyter seg til eigedom som er med i jordskifte, om den meldeplikta jordskifteretten har etter kulturminnelova, og den myndigheita jordskifteretten har til å ta avgjerd om fordeling av skogfond.

Overgangsreglane inneber at saker som er til behandling i jordskifterettane når lova trer i kraft, skal behandlast ferdig etter reglane i gjeldande jordskiftelov. Anke som er innlevert før ikraftsetjinga, men som ikkje er behandla ferdig og avgjort, blir behandla ferdig av lagmannsretten som ankeinstans, og med lagmannsretten sett saman etter den nye lova.

Proposisjonen kapittel 16 gjeld administrative og økonomiske konsekvensar.

Endringsforslaga i lova tek sikte på at ei enklare og meir moderne lov skal føre til at måloppnåinga knytt til verdiskaping og arealbruk blir betre. Dei økonomiske og administrative følgjene av lovforslaget må sjåast i lys av dette.

Ansvaret for jordskiftelova høyrer inn under Landbruks- og matdepartementet, medan ansvaret for jordskifterettane og jordskifteoverrettane høyrer under Justisdepartementet. Dei økonomiske og administrative konsekvensane for drift av domstolane ligg under Justisdepartementet.

Domstoladministrasjonen har mellom anna gjort grundig greie for omstillingskostnader og varige kostnader i lagmannsrettane knytt til ny rettsmiddelordning, greia ut om endringar i gebyr, sakstilgang, saksbehandlingssystem, personale og organisatoriske løysingar.

Proposisjonen kapittel 17 inneheld spesialmerknader til lovforslaget.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jan Bøhler, Tore Hagebakken, Sigvald Oppebøen Hansen, Anna Ljunggren og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Ulf Leirstein, Åse Michael-sen og lederen Per Sandberg, fra Høyre, André Oktay Dahl og Anders B. Werp, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, mener at det er viktig i et land å ha et godt system og regelverk for jordskifte, og spesielt i et land som Norge med mange små eiendommer og med en eiendomsstruktur mange steder som er skapt for en annen tid. I tillegg har veksten i boligeiendommer vært formidabel. Et godt regelverk for jordskifteretten vil gi grunneiere et systematisk regelverk å forholde seg til og vil derfor kunne virke konfliktdempende og løsningsorientert, og vil redusere langvarige og kostnadsmessige prosesser om slike saker for de alminnelige domstolene. Komiteen har merket seg at jordskifteloven av 1979 har hatt behov for en betydelig revisjon, og at regjeringens forslag til ny lov vil være et godt verktøy for jordskifterettene i en moderne tid. Komiteen vil i den sammenheng også vise til at jordskifte nå også kan gjennomføres i byer og urbane strøk og ikke kun i tradisjonelle landbruksområder, jf. Innst. O. nr. 30 (2005–2006). Det er også lagt vekt på at det i jordskiftesaker er mange selvprosederende parter slik at det er viktig med en lov- og prosessordning som er lett tilgjengelig for disse. Komiteen er klar over at det ikke har vært nedsatt et ordinært lovutvalg i forbindelse med utarbeidelse av loven, men at regjeringen nedsatte en arbeidsgruppe og en referansegruppe hvor fagkompetansen var godt representert. Disse har også mottatt innspill fra aktuelle aktører, som Domstoladministrasjonen og jordskifterettene under prosessen. Lovutkastet har også vært sendt ut på ordinær høring. Komiteen har også avholdt høring i forbindelse med sitt arbeid. Høringen ble avholdt 29. april 2013.

Komiteen viser til at de grunnleggende prinsippene for jordskifte blir videreført fra den tidligere loven og at hovedformålet skal være at jordskifte skal gi en samlet netto nytte for grunneierne og at prosessen ikke skal føre til at kostnadene eller ulempene skal bli større enn nytten for noen eiendom eller bruksrett.

Komiteen har merket seg behovet for å oppdatere jordskifteloven i forhold til andre større lovrevisjoner, som tvisteloven, plan- og bygningsloven og matrikkelloven.

Komiteen er enig i forslaget om å slå jordskifteoverrettene sammen med lagmannsrettene og at lagmannsrettene styrkes med jordskiftefaglig kompetanse. Dette vil også tilføre lagmannsrettene kompetanse som også kan benyttes utover de tradisjonelle jordskiftesakene.

Komiteen viser til at ved behandling av anke over avgjørelse i jordskifteretten skal lagmannsretten settes sammen forskjellig alt etter hva anken eller ankene gjelder. I noen tilfeller skal det være med en jordskiftelagdommer. I andre tilfeller er det opp til førstelagmannen å bestemme at jordskiftekompetansen skal trekkes inn. Første lagmannen kan også i noen tilfeller bestemme at både jordskiftelagdommer og en lagdommer skal være sammen i retten. I noen tilfeller skal det være meddommere i retten, mens det i andre sammenhenger ikke er lagt opp til slik deltakelse.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, støtter opp om forslaget om å gi jordskifterettene kompetanse til å danne sameie mellom eiendommer.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre merker seg at flere grunneierorganisasjoner i høringsrunden har markert en betydelig skepsis til forslaget om å gi jordskifterettene kompetanse til å danne sameie mellom eiendommer. Disse medlemmer deler i stor grad denne skepsisen. Sameie som eierform for fast eiendom i landbruket er frarådet i andre sammenhenger.

Disse medlemmer ser imidlertid at det kan være situasjoner hvor man med hjemmel i loven bør kunne etablere eierstrukturer som på en hensiktsmessig måte avklarer rettigheter til og bruk av fellesarealer og infrastruktur, særlig i byer og urbane strøk.

Disse medlemmer understreker derfor betydningen av at ordlyden i § 3-5 skal tolkes og praktiseres subsidiært i forhold til lovens § 3-8. Disse medlemmer peker også på formuleringen i § 3-8 som fastslår at det skal foreligge særlige grunner før jordskifteretten kan gi regler om sambruk.

Komiteen merker seg at de rettsfastsettende sakstypene rettsutredning og grensefastsettelse blir ført videre. Disse utgjør også en vesentlig del av saksmengden hos jordskifterettene.

Komiteen har videre merket seg behovet for å rydde opp i begrepsbruk og da spesielt med hensyn til hvilke rettsinstanser som skal behandle saker om skjønn. Komiteen er enig i denne opprydningen i begrepsbruk. I noen saker der det skal fastsettes et pengevederlag og ved behandling av noen saker etter noen særlover, blir jordskifteretten alene som førsteinstans ved behandling av saken.

Komiteen merker seg at jordskifteretten som hovedregel skal settes med en jordskiftedommer uten meddommere, men at det kan oppnevnes sakkyndige meddommere når en part krever det eller at jordskiftedommeren selv mener at det er nødvendig for behandlingen av saken.

Komiteen har over tid merket seg utfordringene med rekruttering til ledige stillinger som jordskiftedommere. Dette har også vært omtalt i tidligere budsjettinnstillinger fra komiteen, og jordskiftedommerne har fått en lønnsoppgang, men ligger fortsatt lønnsmessig under dommere i de ordinære domstolene. Komiteen ser det som viktig at det er en god rekruttering av kvalifisert personell til jordskifterettene. Komiteen har også merket seg at det nå åpnes for at flere utdanningsinstitusjoner kan tilby jordskiftefaglig utdanning, noe som også kan bedre rekrutteringen til jordskifterettene.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at lovforslaget vil innebære en endring i beregningen av ankegebyret. Dette følger av lovforslaget §§ 7-1 og 8-1 sammenholdt med reglene i rettsgebyrloven. Når alle anker skal gå til lagmannsretten, er følgen av lovforslaget at rettsgebyrloven § 8 vil gjelde ved anke. For anke over jordskifteavgjørelsene vil dette innebære en økning i gebyret i forhold til dagens regler hvor gebyr ved anke til jordskifteoverretten ligger på samme nivå som ved begjæring om overskjønn. For anke over andre avgjørelser blir det ingen endring.

Flertallet viser til at landbruks- og matministeren i brev til komiteen av 13. mai 2013 har uttalt seg om bakgrunnen for forslaget om å øke gebyret. Bakgrunnen er at departementet under forberedelsen av lovforslaget hadde vanskelig for å finne en begrunnelse for at gebyret ved anke til lagmannsretten bør være lavere for jordskifteavgjørelser enn for andre avgjørelser. Økningen i gebyret må dessuten i noen grad sees i lys av at det ikke foreslås noen «silingsregel» for jordskifteavgjørelsene, tilsvarende det en har i tvisteloven. I praksis vil gebyret kunne fungere som en lempeligere form for «siling» av anke i slike saker. Landbruks- og matministeren har i brevet også vist til at det kan gjøres tilføyelser i lovforslaget § 7-11 første ledd slik at den betalingsplikten partene har, kommer til uttrykk på en mer direkte måte gjennom en henvisning til rettsgebyrloven § 8. Det kan også gjøres tilføyelser som fører til at det bare betales ett ankegebyr når flere anker forenes til behandling som en ankesak. Videre kan det tilføyes at gebyret skal fordeles forholdsmessig mellom de som har anket. Domstoladministrasjonen har i eget brev uttalt at gebyrøkningen ved en vanlig sak med to dagers møte med dagens satser vil øke fra 8 600 kroner til 23 220 kroner. Domstoladministrasjonen anfører at det er ønskelig å beholde gjeldende gebyrløsning, og at dette kan gjøres ved å knytte regelen til krav om overskjønn.

Flertalleter klar over at løsningen i proposisjonen vil føre til gebyrøkning ved anke over jordskifteavgjørelser. Gebyrøkningen må imidlertid ses i lys av at det ikke foreslås noen silingsregel for jordskifteavgjørelsene. En slik regel finnes både ved anke over dom og ved begjæring om overskjønn. Ved slik overprøving må tvistegjenstandens verdi være over 125 000 kroner. Flertalletstøtter på denne bakgrunn forslaget til endring av ankegebyret, og foreslår at § 7-11 første ledd gis slik ordlyd som framgår av flertallets tilråding til vedtak til lov.

Flertallet fremmer følgende forslag:

«§ 7-11 første ledd skal lyde:

Den som ankar ei jordskifteavgjerd, skal betale gebyr for behandling i lagmannsretten etter lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr § 8. Den som ankar skal bere kostnadene med ankebehandlinga. Er det anka over fleire avgjerder etter § 6-23 samtidig, og førstelagmannen fastset at ankene skal behandlast som éi sak, skal det berre betalast eitt gebyr. I slike høve skal gebyret fordelast mellom dei som har anka etter høvetal. Dersom ankebehandlinga fører til ei monaleg endring i jordskiftet, skal lagmannsretten dele kostnadene med ankebehandlinga etter nytten kvar part får av det nye jordskiftet.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre har i høringen merket seg at regjeringen har foreslått en betydelig økning i saksbehandlingsgebyret for ankebehandling av jordskiftesaker i lagmannsretten. I dag betaler partene 5 ganger rettsgebyret, mens det i lovforslaget innføres et gebyr på 24 ganger rettsgebyret uten tilstrekkelig begrunnelse. Flere høringsinstanser uttalte under komiteens høring at dette kan begrense ankemulighetene for en del parter på grunn av kostnadene.

Disse medlemmer viser i denne sammenheng til brev fra Domstoladministrasjonen av 16. mai 2013 og fremmer følgende forslag:

«Jordskiftelova § 7-11 første ledd skal lyde:

Den som ankar ei jordskifteavgjerd, skal betale et gebyr for behandling i lagmannsretten etter lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr §§ 11 og 12. Den som anker skal bere kostnaden med ankebehandlinga. Er det anke over fleire avgjerder etter § 6-23 samtidig, og førstelagmannen fastset at ankene skal behandlast som ei sak, skal det berre betalast eitt gebyr, men høgste alternative gebyrsats skal nyttast. I slike høve skal gebyret fordelast mellom dei som har anka etter høvetal. Dersom ankebehandlinga fører til ei monaleg endring i jordskiftet, skal lagmannsretten dele kostnadene med ankebehandlinga etter nytten kvar part får av det nye jordskiftet.»

Komiteen vil fremheve viktigheten ved vedtak av ny lov at loven kan tre i kraft så raskt som mulig og at innføring av IKT-systemer og andre administrative tilpassinger derfor skjer innen rimelig tid. Nødvendige bevilgninger må derfor på plass slik at jordskifterettene, lagmannsrettene og partene i jordskiftesakene innen rimelig tid kan forholde seg til den nye loven. Komiteen har ingen øvrige merknader og slutter seg til forslaget til lov.

Komiteens utkast til innstilling ble 23. mai 2013 oversendt næringskomiteen til uttalelse. Næringskomiteen opplyste i brev av 28. mai 2013 at de viste til de respektive partiers merknader i innstillingen, og komiteen hadde for øvrig ingen merknader.

Forslag fra Fremskrittspartiet og Høyre:

Forslag 1

Jordskiftelova § 7-11 første ledd skal lyde:

Den som ankar ei jordskifteavgjerd, skal betale et gebyr for behandling i lagmannsretten etter lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr §§ 11 og 12. Den som anker skal bere kostnaden med ankebehandlinga. Er det anke over fleire avgjerder etter § 6-23 samtidig, og førstelagmannen fastset at ankene skal behandlast som éi sak, skal det berre betalast eitt gebyr, men høgste alternative gebyrsats skal nyttast. I slike høve skal gebyret fordelast mellom dei som har anka etter høvetal. Dersom ankebehandlinga fører til ei monaleg endring i jordskiftet, skal lagmannsretten dele kostnadene med ankebehandlinga etter nytten kvar part får av det nye jordskiftet.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak til lov

om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Kapittel 1. Formål, verkeområde, definisjonar, saksinnhald og sakstilknyting

I Formål, verkeområde og definisjonar

§ 1-1 Formålet med lova

Formålet med lova er å leggje til rette for effektiv og rasjonell utnytting av fast eigedom og ressursar til beste for eigarane, rettshavarane og samfunnet. Dette skal skje ved at jordskifteretten bøter på utenlege eigedoms- og brukstilhøve, klarlegg og fastset grenser og rettar, og behandlar skjønn og andre avgjerder etter denne og andre lover.

Lova skal òg leggje til rette for rettferdig, forsvarleg, rask, effektiv og tillitsskapande behandling av sakene gjennom offentleg rettargang for uavhengige og upartiske jordskifterettar.

§ 1-2 Verkeområde for lova m.m.

Lova gjeld for fast eigedom og rettar over fast eigedom, vassdrag og sjø i heile landet, om ikkje anna er fastsett i denne eller andre lover.

Kongen kan fastsetje at lova heilt eller delvis skal gjelde for Svalbard eller Jan Mayen, og kan da fastsetje særskilde tilpassingar etter tilhøva på staden.

Lova gjeld med dei avgrensingane som følgjer av folkeretten eller av avtale med framand stat.

§ 1-3 Definisjonar

I denne lova tyder

a) jordskifteområdet: den geografiske avgrensinga av jordskiftet, jf. § 6-9 første ledd

b) tiltaksjordskifte: jordskifte som følgje av iverksetjing av offentlege og private tiltak, jf. § 3-2 første ledd andre punktum

c) vernejordskifte: jordskifte som følgje av offentleg regulering av eigarrådvelde, jf. § 3-2 første ledd tredje punktum .

II Saksinnhald og sakstilknyting

§ 1-4 Kva det kan reisast sak om for jordskifteretten

Jordskifteretten kan behandle krav om

a) endring i eigedomstilhøve og rettar for å skape meir tenlege tilhøve, jf. kapittel 3

b) fastsetjing av eigedomstilhøve og rettar, jf. § 4-1

c) fastsetjing av grenser, jf. §§ 4-2 og 4-3

d) skjønn og andre avgjerder etter andre lover, slik det går fram av kapittel 5 og av reglane i særlovene .

§ 1-5 Kven som kan reise sak

Krav om sak kan setjast fram av den som eig fast eigedom, eller har rett knytt til fast eigedom, eller av festar.

I område med reindrift etter reindriftsloven, kan distriktsstyret, jf. reindriftsloven § 43, siidastyret, jf. reindriftsloven § 52, og leiar av siidaandel, jf. reindriftsloven § 10, krevje jordskifte i dei høve som § 3-8 fjerde ledd og § 3-9 andre ledd nemner. Det same gjeld ved krav om rettsutgreiing etter § 4-1 og grensefastsetjing etter § 4-2.

Offentleg styresmakt og andre tiltakshavarar med heimel til å ekspropriere til tiltak og anlegg, kan krevje jordskifte etter kapittel 3.

Offentleg styresmakt med heimel til å regulere eigarrådvelde, kan krevje jordskifte etter kapittel 3 og grensefastsetjing etter § 4-2.

Retten til å krevje sak kan ein ikkje skrive frå seg.

Kapittel 2. Jordskifterettane

I Organisering av jordskifterettane

§ 2-1 Jordskiftesokn (verneting)

Kongen deler riket inn i jordskiftesokn for jordskifterettane.

§ 2-2 Tilhøvet til domstolloven

Domstolloven gjeld for jordskifterettane om ikkje anna er fastsett, jf. domstolloven § 2 andre ledd.

§ 2-3 Bemanning

Jordskifteretten skal ha ein jordskifterettsleiar som òg er jordskiftedommar, og så mange jordskiftedommarar som til kvar tid er bestemt.

Jordskifteretten skal ha teknisk personale. For teknisk personale gjeld reglane i kapittel 6 i domstolloven så langt dei høver. Domstoladministrasjonen kan skipe ei eiga eining med faglege og tekniske støttefunksjonar for jordskifterettane. Eininga kan anten vere sjølvstendig eller vere knytt til ein domstol.

Jordskifteretten kan ha minst ein jordskiftedommarfullmektig som kan utføre oppgåver på vegner av jordskiftedommaren. Domstoladministrasjonen kan gi forskrift om kva for myndigheit dommarfullmektigen skal ha, og kven som kan gi slik myndigheit til dommarfullmektigen.

Domstolloven § 19 andre ledd gjeld ved tilkalling av jordskiftedommarar.

§ 2-4 Utdanningskrav

Jordskiftelagdommarar, jordskiftedommarar og jordskiftedommarfullmektigar må ha jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå med fagkrins fastsett av departementet.

§ 2-5 Utval av jordskiftemeddommarar

I kvart jordskiftesokn skal det vere eit særskilt utval av jordskiftemeddommarar. Medlemmene i utvalet skal vere kunnige i saker som jordskifteretten i jordskiftesoknet til vanleg har. Jordskifterettsleiaren fastset kor mange jordskiftemeddommarar som skal utpeikast, slik at ein kan rekne med at kvart medlem kan gjere teneste i ei sak i valperioden.

Utvalet skal utpeikast etter reglane i domstolloven om val av meddommarar. Jordskifterettsleiaren fastset kor mange det skal vere i utvalet for kvar kommune. Alle kommunar i jordskiftesoknet skal peike ut minst éin medlem av kvart kjønn til utvalet, og alltid like mange av kvart kjønn. Lagrettemedlemmer, meddommarar og skjønnsmedlemmer er ikkje fritekne for val til utvalet av jordskiftemeddommarar.

II Samansetjinga av jordskifteretten i ulike slags saker. Lovnad frå jordskiftemeddommar med meir

§ 2-6 Samansetjinga av jordskifteretten

Jordskifteretten skal setjast med ein jordskiftedommar.

Dersom ein part krev det eller jordskiftedommaren meiner det trengst, skal retten setjast med to jordskiftemeddommarar.

I tiltaks- og vernejordskifte skal retten setjast med to jordskiftemeddommarar. Dersom ein part krev det eller jordskiftedommaren meiner det trengst, skal retten setjast med fire jordskiftemeddommarar.

I omfattande saker kan jordskifterettsleiaren fastsetje at ein eller to varajordskiftemeddommarar og ein varajordskiftedommar skal følgje forhandlingane for å ta sete i jordskifteretten ved forfall.

Ei avgjerd om samansetjinga etter andre til fjerde ledd kan ikkje ankast.

§ 2-7 Oppnemning av jordskiftemeddommarar

Utan omsyn til soknegrenser skal jordskiftedommaren nemne opp jordskiftemeddommarar og varajordskiftemeddommarar frå utvalet som er nemnt i § 2-5. Jordskiftedommaren skal nemne opp jordskiftemeddommarar som er kunnige i det saka i hovudsak gjeld. Er det nødvendig for å få jordskiftemeddommarar som er særleg kunnige på eitt eller fleire område, kan jordskiftedommaren nemne opp jordskiftemeddommarar som ikkje er med i utvalet.

Dersom ein oppnemnt jordskiftemeddommar ikkje møter eller ikkje kan gjere teneste, og heller ikkje nokon av dei oppnemnde varajordskiftemeddommarane kan møte innan rimeleg tid, kan jordskiftedommaren nemne opp ein annan jordskiftemeddommar for møtet. Ein slik jordskiftemeddommar treng ikkje høyre til utvalet.

§ 2-8 Innprenting og lovnad

Første gong nokon gjer teneste som jordskiftemeddommar, skal jordskiftedommaren i rettsmøte gjere jordskiftemeddommaren kjend med dei pliktene ein jordskiftemeddommar har. Jordskiftemeddommaren skal love at han vil gjere pliktene sine samvitsfullt og etter beste overtyding i denne saka, og i alle framtidige saker.

Domstoladministrasjonen fastset ordlyden i lovnaden.

Kapittel 3. Jordskifte

I Utenlege eigedomstilhøve og bruk av verkemiddel i jordskifte

§ 3-1 Verkemiddel for å bøte på utenlege eigedomstilhøve

Jordskifteretten kan bruke verkemidla i §§ 3-4 til 3-10 for å bøte på utenlege eigedomstilhøve slik det går fram av § 3-2. Ei jordskiftesak kan omfatte eitt eller fleire av desse verkemidla. Om jordskifteretten brukar verkemiddel etter §§ 3-4 til 3-10, kan han òg bruke verkemidla i §§ 3-11 og 3-12.

For jordskifte i bygdeallmenningar gjeld lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-4. For jordskifte i statsallmenningar gjeld lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane § 16 og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift mv. i statsallmenningene § 4-2.

§ 3-2 Utenlege eigedomstilhøve

Jordskifteretten kan halde jordskifte etter §§ 3-4 til 3-10 dersom minst éin eigedom eller bruksrett i jordskifteområdet er vanskeleg å bruke på tenleg måte etter tida og tilhøva. Det same gjeld dersom det er grunn til å rekne med at minst éin eigedom eller bruksrett vil bli vanskeleg å bruke på tenleg måte som følgje av eit offentleg eller privat tiltak. Som offentleg tiltak skal òg reknast offentleg regulering av eigarrådvelde eller vedteken reguleringsplan med tilhøyrande omsynssone.

Jordskifteretten kan ikkje gjere andre endringar enn dei som er nødvendige for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva som partane har teke opp i jordskiftet.

§ 3-3 Meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet

Jordskifteretten kan berre halde jordskifte etter §§ 3-4 til 3-10 for å skape meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet.

II Verkemiddel

§ 3-4 Ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett

Jordskifteretten kan forme ut eigedom og alltidvarande bruksrett på nytt. Bruksretten må liggje til fast eigedom.

Jordskifteretten kan påby at vassleidningar, damanlegg, kraftleidningar og liknande som står på grunn som går i byte etter første ledd, blir overførte til ny eigar. Det same gjeld bygningar.

§ 3-5 Skiping av sameige

Jordskifteretten kan skipe sameige mellom eigedommar dersom dette bøter på dei utenlege eigedomstilhøva på ein betre måte enn det å gi reglar om sambruk mellom eigedommar etter § 3-8 ville ha gjort.

§ 3-6 Oppløysing av sameige og sambruk mellom eigedommar

Jordskifteretten kan løyse opp sameige og sambruk mellom eigedommar. Oppløysinga kan vere delvis eller fullstendig.

§ 3-7 Deling av eigedom

Jordskifteretten kan dele og forme ut ein eigedom med tilhøyrande bruksrettar etter eit fastsett høvetal.

§ 3-8 Reglar om sambruk (bruksordning)

Jordskifteretten kan gi eller endre reglar for eksisterande sambruk mellom eigedommar. Jordskifteretten kan skipe sambruk og gi reglar om sambruk der det ikkje er sambruk frå før, dersom det er særlege grunnar for det. Jordskifteretten kan ordne tilhøva mellom eigar og bruksrettshavar og mellom bruksrettshavarar. Jordskifteretten kan mellom anna avgrense feltet for utøving av bruksrett, og gi reglar om bruksmåte.

Jordskifteretten kan både gi varige og mellombelse reglar.

Jordskifteretten kan gi reglar om sambruk av uteareala til eigarseksjonar. Første og andre ledd gjeld for skiping av sambruk i uteareala til eigarseksjonar.

Jordskifteretten kan gi reglar om bruken i det samiske reinbeiteområdet der det blir drive reindrift. Retten kan ikkje regulere tilhøva mellom dei som driv slik reindrift.

§ 3-9 Pålegg om felles tiltak og pålegg om felles investeringar

Jordskifteretten kan påleggje felles tiltak og påleggje felles investeringar i samband med bruk av eigedommar eller bruksrettar.

Jordskifteretten kan òg påleggje felles tiltak og felles investeringar mellom reindrifta og grunneigarar eller bruksrettshavarar.

§ 3-10 Skiping av lag og fastsetjing av vedtekter. Driftsselskap

Jordskifteretten kan skipe lag for drift eller vedlikehald når fleire skal bruke eigedom eller har bruksrett. Jordskifteretten kan òg endre eksisterande lag.

Jordskifteretten skal fastsetje vedtekter for lag han skipar. I eksisterande lag skal vedtektene endrast i den mon endringar i bruksreglar eller endringar i laget tilseier det.

Tiltak som kan innebere stor risiko, kan berre gjennomførast av eit driftsselskap. Laget tek avgjerd om gjennomføring ved fleirtalsvedtak. Kvar av deltakarane har rett til å vere med i driftsselskapet så langt det svarar til høvetalet. Om nokon vil vere med som ikkje røysta for, skal det seiast frå så snart råd er og seinast tre veker etter at han har fått skriftleg melding om vedtaket med opplysing om denne fristen. Driftsselskapet skal svare vederlag for utnyttingsretten til laget, som fordelar dette til deltakarane etter høvetalet deira.

Når partane er samde, kan andre tiltak enn nemnt i tredje ledd første punktum gjennomførast av eit driftsselskap. Tredje ledd tredje og femte punktum gjeld tilsvarande.

§ 3-11 Omskiping og avløysing av tidsavgrensa bruksrett og alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom

Jordskifteretten kan omskipe ein tidsavgrensa bruksrett eller ein alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom, dersom bruksretten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Fører ikkje omskiping fram, kan jordskifteretten avløyse bruksretten.

Første ledd gjeld ikkje for tomtefeste eller forpakting. Første ledd gjeld heller ikkje rett som samane har til å drive reindrift etter reindriftsloven.

§ 3-12 Avløysing av alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom, og negativ servitutt

Jordskifteretten kan avløyse ein alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom, eller ein rett til å forby enkelte slag verksemd, bruk eller tilstand (negative servituttar) dersom dei er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing.

III Grunnlaget for jordskifteløysinga

§ 3-13 Eigedoms- og bruksrettstilhøva

Jordskifteretten skal fastsetje eigedomsrettstilhøva og bruksrettstilhøva slik dei er.

Dersom partane er samde om heile eller delar av grunnlaget for jordskifteløysinga, kan jordskifteretten byggje på denne semja.

§ 3-14 Kva jordskifteretten skal verdsetje

Jordskifteretten skal verdsetje det som går i byte.

Fører jordskifteløysinga til at vederlag skal fastsetjast i pengar eller anna, skal jordskifteretten fastsetje vederlaget særskilt.

§ 3-15 Korleis jordskifteretten skal verdsetje

Jordskifteretten skal verdsetje det som går i byte, ut frå pårekneleg bruk.

Ved verdsetjing av skog kan verdien av standskogen dragast inn i grunnlaget for jordskiftet.

IV Jordskifteløysinga

§ 3-16 Avgrensing av jordskifteløysinga

Jordskifteløysinga skal ikkje gå lenger enn nødvendig for å bøte på dei utenlege tilhøva som partane har teke opp i jordskiftet.

§ 3-17 Føresegner og løyve

Jordskifteløysinga skal ikkje vere i strid med bindande offentlege føresegner om arealbruk.

Nødvendige offentlege løyve skal liggje føre når jordskifteretten tek avgjerd om den endelege jordskifteløysinga. Jordskifteretten kan søkje om dei løyva som trengst for å setje i verk jordskiftet.

§ 3-18 Vern mot tap

Jordskifteløysinga skal ikkje føre til at kostnadene eller ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett.

§ 3-19 Korleis jordskifteretten legg ut grunn og bruksrett

Jordskifteretten skal leggje ut grunn og bruksrettar etter §§ 3-20 til 3-26 på tenleg måte ut frå grunnlaget for jordskiftet.

Jordskifteretten skal med unntak av § 3-20 andre og tredje ledd, § 3-21, § 3-25 eller § 3-26 leggje ut grunn og bruksrettar i jordskifteområdet slik at kvar eigedom får att tilsvarande den verdien som eigedommen misser.

§ 3-20 Utlegging av grunn og bruksrett

Jordskifteløysinga kan gå ut på å byte grunn mot grunn, bruksrett mot bruksrett, grunn mot bruksrett og bruksrett mot grunn.

Jordskifteløysinga kan gå ut på å byte grunn eller bruksrettar mot pengar eller andre verdiar dersom det ikkje let seg gjere å leggje ut eigedommane eller bruksrettane etter første ledd.

Jordskifteretten kan bruke pengar for å kompensere for ulik opparbeidingsgrad.

§ 3-21 Vederlag ved overføring av anlegg til vassforsyning, kraftoverføring og liknande

Når jordskifteretten med heimel i § 3-4 andre ledd påbyd overføring av anlegg eller bygningar, kan jordskifteløysinga vere eit pengevederlag eller vederlag i andre verdiar.

§ 3-22 Utlegging av grunn til særskilde formål

Dersom nokon part treng grunn til særskilde formål, kan han krevje dette utlagt av sin del.

§ 3-23 Utlegging av grunn og bruksrett som kan endre verdi

Meiner jordskifteretten at grunn og bruksrett i jordskifteområdet kan få ei utnytting som gir stor verdiendring, bør grunn eller bruksrett ikkje skifte eigar utan at det trengst for eit tenleg jordskifte. Om grunn eller bruksrett skiftar eigar, skal jordskifteretten sjå til at verdiendring som nemnt i første punktum, blir så lik som råd er før og etter jordskiftet.

§ 3-24 Leigeareal

Har jordskiftet noko å seie for leigar eller ein annan som har liknande rett, skal jordskifteretten ordne høvet mellom han og eigaren om det trengst. Jordskifteretten bør ta omsyn til leigetilhøve i jordskifteområdet.

§ 3-25 Utjamning ved overføring av standskog

Jordskifteretten fastset utjamningsmåten i samband med overføring av standskog. Hogst kan brukast som utjamningsmåte for standskog som står på areal som skiftar eigar, dersom trea eller flata er forsvarleg identifiserte.

§ 3-26 Vederlag ved avløysing av rettar

Ved avløysing av bruksrett etter § 3-11 første ledd andre punktum eller § 3-12 skal rettshavaren til vanleg få grunn eller bruksrett i staden for den bruksretten som blir avløyst. Vederlaget kan vere pengar eller andre verdiar dersom det er meir tenleg.

Ved avløysing etter § 3-11 første ledd andre punktum eller § 3-12 kan vederlaget ikkje setjast lågare enn det retten er verd for rettshavaren.

§ 3-27 Omsyn ved pålegg om felles investeringar etter § 3-9

Ved vurderinga av kva for investeringar som kan påleggjast etter § 3-9, skal jordskifteretten leggje vekt på den framtidige utnyttinga av eigedommane og ta omsyn til dei økonomiske evnene partane har.

§ 3-28 Fordeling av kostnader

Kostnader med investeringstiltak etter § 3-9 skal retten dele etter nytten kvar part har av tiltaket.

§ 3-29 Ansvar for gjeld

Når jordskifteretten skipar lag etter § 3-10, svarar kvar av deltakarane i laget overfor tredjemann etter partshøvet i laget.

V Fordeling av planskapt netto verdiauke

§ 3-30 Kompetansen jordskifteretten har

Jordskifteretten kan fordele planskapt netto verdiauke mellom eigedommar som er omfatta av ein reguleringsplan. Fordelinga kan gjerast dersom planmyndigheita med heimel i plan- og bygningsloven § 12-7 nr. 13 i reguleringsplanen har gitt føresegn om at planskapt verdiauke skal fordelast. Planmyndigheita må i reguleringsplanen ha fastsett den geografiske avgrensinga av området for fordeling.

§ 3-31 Korleis jordskifteretten skal verdsetje

Jordskifteretten skal verdsetje samla planskapt netto verdiauke i området for fordeling. Jordskifteretten skal verdsetje dei delane som kvar part skal ha av verdiauken. Jordskifteretten skal verdsetje alle eigedommane ut frå eigenskapane dei har til utbyggingsformål og uavhengig av kva som går fram av reguleringsplanen.

§ 3-32 Korleis jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke

Jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke slik at kvar eigar får den delen av den planskapte netto verdiauken som følgjer av § 3-31 andre punktum.

Jordskifteretten skal ved fordeling etter første ledd, så langt råd er, tildele ein part utbyggingsrettar på eller inntil eigedommen parten har. Når ein part får tildelt ein utbyggingsrett som ikkje ligg på eigedommen parten har, følgjer eigedomsretten den tomta som utbyggingsretten gjeld.

Dersom planskapt netto verdiauke berre utgjer ein del av ein utbyggingsrett, har delhavaren med størst del av utbyggingsretten, rett til å krevje heile utbyggingsretten tildelt til seg. Dersom ingen av delhavarane krev utbyggingsretten tildelt til seg, blir den tomta som utbyggingsretten gjeld, eit sameige mellom delhavarane. Tek ein delhavar over etter første punktum, skal andre delhavarar få oppgjer for planskapt netto verdiauke i pengar.

VI Fare for naturskade

§ 3-33 Fare for elvebrot, skred, sandfok og liknande

Der det er fare for elvebrot, skred, sandfok og liknande, skal jordskifteretten om det ikkje er mogleg å ta omsyn til det i sjølve jordskifteløysinga, fastsetje nødvendig førebyggingsarbeid eller andre tryggingstiltak og gi reglar om korleis kostnadene med arbeidet og vedlikehaldet skal delast. Er det ikkje teke omsyn til faren i jordskifteløysinga, skal jordskifteretten gi reglar for det tilfellet det blir skade, og først og fremst om korleis skaden skal delast.

Når det er gitt reglar etter første ledd, kan skadelidne krevje hjelp av jordskifteretten til å jamne ut skaden, om ikkje anna er fastsett og partane ikkje blir samde. For slike saker gjeld reglane i kapittel 6 så langt dei høver.

VII Andre reglar om jordskifte

§ 3-34 Reglar for bruken av jordskifteområdet

Jordskifteretten kan fastsetje reglar for bruken av eigedommane i jordskifteområdet som skal gjelde frå det tidspunktet saka etter § 6-19 første ledd ikkje lenger kan trekkjast utan samtykke frå jordskifteretten, og fram til jordskiftet er gjennomført.

Den som må avstå frå bruk som følgje av avgjerd etter første ledd, har krav på vederlag. Jordskifteretten fastset vederlaget.

Dersom jordskifteretten har gitt reglar om bruk etter første ledd, skal dei som har nytte av avgjerda, bere kostnadene etter nytten.

§ 3-35 Skiping og oppmåling av nye matrikkeleiningar

Jordskifteretten kan skipe nye matrikkeleiningar og slå saman matrikkeleiningar etter matrikkellova § 10 femte ledd, og slå saman matrikkeleiningar i samsvar med matrikkellova § 18 og forskrifter gitt med heimel i matrikkellova.

Jordskifteretten skipar og måler opp nye matrikkeleiningar som inngår i sak for jordskifteretten, om ikkje jordskifteretten fastset noko anna. Reglane i matrikkellova gjeld så langt dei høver.

§ 3-36 Frist for iverksetjing av avgjerd

Jordskifteretten skal i samsvar med § 6-27 setje dei fristane som trengst for å setje i verk avgjerder etter kapitlet her.

§ 3-37 Sperretid for nytt jordskifte

Det som før har vore under jordskifte etter §§ 3-4 til 3-12 eller etter tidlegare jordskiftelov, kan ikkje takast opp til ny jordskiftebehandling før ti år etter at det førre jordskiftet var rettskraftig avgjort.

Det er òg ein frist på ti år for behandling av nytt krav der jordskifte er nekta fordi vilkåra i §§ 3-2, 3-18 eller 3-19 ikkje var oppfylte. Er vilkåra oppfylte på eit seinare tidspunkt, kan nytt krav om jordskifte takast opp til behandling utan omsyn til tiårsfristen.

Det som før har vore under jordskifte, kan utan hinder av fristen i første ledd takast med i jordskifteområdet når jordskifteretten i ny jordskiftesak utvidar saka etter § 6-9 fjerde ledd.

Første ledd gjeld ikkje når for eksempel skred, elvebrot, anlegg av offentlege vegar og kjøp av tilleggsjord gjer at det ikkje lenger er naturleg å sjå området som tidlegare skifta.

Kapittel 4. Rettsutgreiing og grensefastsetjing og anna

§ 4-1 Rettsutgreiing

Jordskifteretten kan fastsetje innhaldet i rettar og eigedomstilhøve som eiga sak

a) i sameige

b) i område der det er sambruk mellom eigedommar eller uklart om det er sambruk

c) ved registrering av uregistrert jordsameige

d) i område med reindrift i det samiske reinbeiteområdet

e) i område der det er sambruk av uteareala som ligg til eigarseksjonar .

§ 4-2Grensefastsetjing

Jordskifteretten kan fastsetje grenser for fast eigedom og rettar som eiga sak, mellom anna grenser for

a) grunneigedom, jf. matrikkellova § 5 første ledd bokstav a

b) anleggseigedom, jf. matrikkellova § 5 første ledd bokstav b

c) uteareal som inngår i eigarseksjon, jf. matrikkellova § 4 første ledd siste punktum

d) jordsameige, jf. matrikkellova § 5 første ledd bokstav d

e) festegrunn, jf. matrikkellova § 5 første ledd bokstav e

f) offentleg regulering av eigarrådvelde

g) samisk reinbeite.

Jordskifteretten skal merkje og koordinatfeste grenser etter § 6-29.

§ 4-3 Andre reglar om grensefastsetjing

Jordskifteretten kan i sak etter § 4-2 ta avgjerd om gjerdehald for den grensestrekninga som er til behandling. Når retten tek ei slik avgjerd, gjeld § 3-34 så langt det høver.

Jordskifteretten kan justere grenser etter matrikkellova § 16.

For fastsetjing av grenser for bygdeallmenning eller statsallmenning, gjeld lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-4 og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene § 4-2.

Jordskifteretten kan fastsetje slike grenser som er nemnde i lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene §§ 2, 3 og 4.

Jordskifteretten set i verk grensemerking i terrenget, koordinatfesting og kartlegging etter finnmarksloven § 45.

Dersom avgjerd etter første til fjerde ledd eller §§ 4-1 og 4-2 fører til at det må registrerast eit nytt jordsameige, eller til at umatrikulert grunneigedom eller festegrunn skal matrikulerast, gjeld § 3-35.

§ 4-4 Tvist om underliggjande rettshøve

Dersom det i sak om rettsutgreiing eller grensefastsetjing er tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller anna, skal jordskifteretten etter krav frå ein part, avgjere tvisten når det trengst for å avgjere saka.

Kapittel 5. Skjønn og andre avgjerder etter andre lover

§ 5-1 Skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte

Jordskifteretten held skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte. Dette gjeld ikkje slike jordskifte i vassdrag.

§ 5-2 Skjønn i samband med jordskifte som følgje av tiltak fastsett av jordskifteretten i vassdrag

Jordskifteretten held skjønn til fastsetjing av erstatninga eigedommar utanfor jordskifteområdet skal ha som følgje av tiltak etter § 3-9.

§ 5-3 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifteretten

Jordskifteretten held skjønn og tek andre avgjerder i samband med sak for jordskifteretten etter

a) lov 14. juni 1912 nr. 1 om anlæg av taugbaner og løipestrenger mv. § 8, når det er nødvendig av omsyn til jordskiftet

b) lov 5. mai 1961 om grannegjerde

c) lov 16. juni 1961 nr. 12 om ymse beitespørsmål §§ 7, 9 og 14

d) lov 21. juni 1963 nr. 23 om vegar kapittel VII

e) lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom

f) lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann § 31 tredje ledd bokstav c, og

g) lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift .

§ 5-4 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak

Jordskifteretten held skjønn og tek andre avgjerder som eiga sak etter dei lovene som er nemnde i § 5-3. Første punktum gjeld ikkje sak etter lov 14. juni 1912 nr. 1 om anlæg av taugbaner og løipestrenger mv. § 8.

§ 5-5 Avtaleskjønn som eiga sak

Jordskifteretten kan òg halde skjønn i andre tilfelle enn dei som er nemnde i §§ 5-1 til 5-4, dersom partane er samde om det.

§ 5-6 Skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifteretten skilt ut som eiga sak

Jordskifteretten kan bestemme at skjønn og andre avgjerder etter §§ 5-1 til 5-3, skal behandlast som eiga sak. Første punktum gjeld ikkje sak etter lov 14. juni 1912 nr. 1 om anlæg av taugbaner og løipestrenger mv. § 8.

§ 5-7 Behandlinga av saker etter kapittel 5

Kapitla 1, 2, 6 og 8 gjeld så langt dei høver for skjønn og andre avgjerder som jordskifteretten held eller tek etter §§ 5-1 til 5-3. I tillegg gjeld § 7-1 andre ledd og § 7-10. Reglane for rettslege skjønn i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker gjeld så langt kapittel 1, 2, 6 og 8 ikkje har reglar om behandlinga. I tillegg gjeld reglane i dei lovene som er nemnde i § 5-3, for behandlinga.

Avgjerder som jordskifteretten tek som eiga sak etter §§ 5-4 til 5-6, følgjer reglane for rettsleg skjønn i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker. I tillegg gjeld reglane i dei lovene som er nemnde i § 5-3, for behandlinga.

§ 5-8 Tvist

Jordskifteretten avgjer under forretninga tvist om retten til og vilkåra for å fremje skjønn eller andre saker etter kapittel 5, og tvist om kva som skal vere emne for skjønn eller anna avgjerd.

Jordskifteretten avgjer under forretninga tvist om retten til og vilkåra for ekspropriasjon og tvist om kva som skal eksproprierast.

Dersom det i skjønn etter § 5-1 første punktum er tvist om eit underliggjande rettshøve om grenser, eigedomsrett eller anna innan jordskifteområdet og som det er nødvendig å ta stilling til for at saka skal kunne avgjerast, skal jordskifteretten etter krav frå ein part, avgjere dette. Jordskifteretten kan som del av skjønn i samband med vernejordskifte etter § 5-1 første punktum, avgjere om det skal ytast erstatning for den råderettsavgrensinga som følgjer av den offentlege reguleringa av eigarrådvelde.

Kapittel 6. Reglar om saksbehandling

I Tilhøvet til tvisteloven og lov om skjønn og ekspropriasjonssaker

§ 6-1 Saksbehandlinga og tilhøvet til tvisteloven og lov om skjønn og ekspropriasjonssaker

Reglane om saksbehandling i dette kapitlet gjeld for jordskiftesak etter kapittel 3, rettsutgreiing og grensefastsetjing etter kapittel 4, og skjønn og andre avgjerder etter §§ 5-1 til 5-3 i samband med sak for jordskifteretten.

Desse delane, kapitla og paragrafane i tvisteloven gjeld slik det går fram av paragrafane i lova her, og elles så langt dei høver :

a) Kapittel 2, 3 og 8, § 9-6 første og andre ledd, tredje ledd første og andre punktum og fjerde ledd, §§ 9-10 og 9-13 til 9-17, §10-5 første og andre ledd, kapittel 11, § 12-1 første til tredje ledd, § 13-1 andre og og tredje ledd, §§ 13-3 og 13-4, kapittel 13 II, kapittel 14, § 15 første ledd bokstav b, §§ 15-6 til 15-8, kapittel 16, I, II og III, §16-18, kapittel 17, §§ 18-1 og 18-2, kapittel 19 og 20, femte del og sjette del.

Lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker gjeld for behandlinga av skjønn og andre avgjerder som eiga sak etter §§ 5-4 til 5-6, jf. § 5-7 andre ledd.

II Førebuing av saka

§ 6-2 Krav om sak

Sak kan reisast ved skriftleg krav til jordskifteretten. Saka kan reisast munnleg, og kravet kan setjast opp som prosesskriv i samsvar med tvisteloven § 12-1 andre ledd. Kravet skal vere underskrive.

Så langt råd er skal det nemnast i kravet

a) kva eigedommar saka gjeld

b) namnet og adressa til partane, representantane og prosessfullmektigane

c) om det trengst meddommarar, og om dei bør ha særskild kunnskap, jf. § 2-7

d) kva parten vil oppnå med kravet , og

e) kva bevis som vil bli førte, og annan dokumentasjon.

Kravet skal utformast slik at det gir grunnlag for ei forsvarleg behandling av saka. Innhaldet i kravet må vere slik at dei andre partane kan ta stilling til kravet, og førebu saka. Kravet skal dessutan gi retten grunnlag for å vurdere om han kan behandle saka. Kravet skal om mogleg vise det geografiske området det gjeld på eit kart. Gjeld kravet jordskifte etter kapittel 3, skal det gå fram av kravet kva for utenlege eigedomstilhøve ein krev at retten skal bøte på.

§ 6-3 Kvar krav om sak skal setjast fram (verneting)

Krav om sak skal setjast fram for jordskifteretten i det jordskiftesoknet der eigedommen ligg. Dersom eigedommen ligg i fleire sokn eller det er uvisst i kva for eit sokn eigedommen ligg, kan kravet setjast fram for ein jordskifterett i eit av sokna.

Dersom det er sett fram krav for ein rett som ikkje har domsmakt på staden der eigedommen ligg, skal retten overføre saka til ein jordskifterett med slik domsmakt. Har fleire rettar domsmakt på staden, kan den som set fram kravet, velje jordskifterett.

For overføring av ei sak til ein annan jordskifterett etter søknad frå ein part eller etter tiltak frå retten sjølv, gjeld domstolloven § 38.

§ 6-4 Avgjerd om vilkåra for å reise sak er til stades

Når kravet kjem inn til jordskifteretten, skal retten undersøkje om vilkåra for å behandle saka er til stades.

Har kravet manglar som kan bøtast på, skal retten gi rettleiing og setje frist for retting etter § 6-16.

Avgjerd om vilkåra for sak er til stades eller ikkje, skal jordskifteretten ta så snart det er grunnlag for det.

Jordskifteretten skal føre inn i rettsboka at behandlinga av ei jordskiftesak har teke til.

§ 6-5 Merknader til kravet

Jordskifteretten skal forkynne kravet for dei and-re partane og be dei komme med sitt syn. Partane bør seie si meining om kravet og gi dei opplysingane dei har. Dei bør nemne dei bevisa som vil bli førte, og vise til den dokumentasjonen dei byggjer på. Merknadene treng ikkje gå lenger enn det som er nødvendig for å gi eit tilstrekkeleg grunnlag for den vidare saksførebuinga.

Dersom nokon av partane vil ha meddommarar i det første rettsmøtet i saka, må merknadene innehalde krav om det.

Til vanleg skal merknadene vere skriftlege, men munnlege merknader kan setjast opp skriftleg av retten i samsvar med tvisteloven § 12-1 andre ledd.

Frist for merknader skal normalt ikkje vere kortare enn tre veker.

§ 6-6 Aktiv saksstyring og planlegging

Jordskifteretten skal aktivt og planmessig styre saksførebuinga og saka for å oppnå rask, prosessøkonomisk og forsvarleg behandling. Tvisteloven § 11-6 gjeld så langt han høver for plikta jordskifteretten har til å styre saka aktivt.

Etter drøfting med partane skal retten lage ein plan for behandlinga av saka. Planen skal gi retten og partane oversikt over saksgangen, når viktige avgjerder i saka må takast, og når retten ser for seg at saka kan avsluttast. Retten skal halde partane orienterte om eventuelle endringar i planen.

§ 6-7 Saksførebuande rettsmøte

Jordskifteretten kan kalle partane inn til saksførebuande rettsmøte på alle steg i saka. Slike rettsmøte kan vere fjernmøte, jf. tvisteloven § 13-1 andre og tredje ledd.

Saksførebuande rettsmøte kan setjast med jordskiftedommaren som einedommar.

§ 6-8 Merknader til avgjerder om saksbehandlinga

Partane skal få høve til å uttale seg om tilhøve som har noko å seie for avgjerder om saksbehandlinga. Ein part må setje fram motsegner mot prosesshandlingar så snart han kan.

Elles gjeld tvisteloven § 9-6 så langt han høver for retten partane har til å uttale seg og setje fram motsegner, og for avgjerdene jordskifteretten tek om saksbehandlinga. Tvisteloven § 9-6 tredje ledd siste punktum gjeld likevel ikkje.

§ 6-9 Sakleg og geografisk avgrensing av saka

Jordskifteretten skal gjere ei sakleg og geografisk avgrensing av saka i samsvar med det eller dei krava som reisast, og som partane har fått ytre seg om.

Retten kan setje ein frist for partane til å fremje krav om den saklege eller geografiske avgrensinga av saka. Krav som er sette fram etter denne fristen, skal avvisast dersom retten ikkje finn gode grunnar for krava. Det skal mellom anna takast omsyn til kva dei andre partane meiner om krava, og om saka vil bli mykje forseinka.

Retten skal ta avgjerd om avgrensinga så snart det er grunnlag for det.

Om retten meiner det må til for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva i eit jordskifteområde, kan han av eige tiltak gå utanom den geografiske avgrensinga i dei krava som er reiste, og ta med attverande delar av dei eigedommane som jordskiftet gjeld. Jordskifteområdet kan likevel ikkje utvidast meir enn det som trengst for å få løyst saka slik ho er sakleg avgrensa etter dei krava som er reiste.

III Rettsmøte

§ 6-10 Innkalling til rettsmøte

Jordskifteretten fastset når saka skal behandlast. Retten skal forkynne innkalling til det første ordinære rettsmøtet for alle saka vedkjem. Namna til medlemmene av retten skal stå i innkallinga. Innkallingsfristen skal vere minst to veker.

Til dei andre rettsmøta skal retten forkynne innkalling for partar som er pålagde å møte personleg, og forkynne når det skal reknast som fråvær i saka om parten ikkje møter. Elles skal partane få slikt varsel som retten finn høveleg.

Partar med advokat som prosessfullmektig skal kallast inn ved advokaten. Parten skal varslast med kopi av innkallinga. Har jordskifteretten pålagt ein part plikt til å møte personleg, skal innkallinga forkynnast for parten personleg sjølv om han har advokat.

Er det uklart kven som er eigar eller som har ein rett, eller meiner jordskifteretten det trengst av andre grunnar, kan det kallast inn med kunngjering i eitt eller fleire lokalblad og med oppslag. Det skal gå minst seks veker frå kunngjeringa til jordskifteretten held rettsmøtet.

Tvisteloven § 13-3 gjeld for innkalling av vitne og sakkunnige til rettsmøte.

§ 6-11 Møte- og forklaringsplikt

Partar, vitne og sakkunnige som blir kalla inn i samsvar med § 6-10, har plikt til å møte og gi forklaring etter nærare reglar i § 6-15.

Tvisteloven § 13-4 gjeld for spørsmålet om gyldig fråvær frå rettsmøte. Ved fråvær ved behandling av tvist, gjeld tvisteloven § 16-10.

§ 6-12 Saksbehandlinga i rettsmøte

Jordskifteretten skal sørgje for at forhandlingane i rettsmøte går føre seg på tenleg måte. Forhandlingane skal skje konsentrert og forsvarleg utan tidsspille for retten, partane, vitne og sakkunnige. Rettsmøte kan haldast som fjernmøte etter tvisteloven § 13-1 andre og tredje ledd.

Forhandlingane i rettsmøte er munnlege, og bevisa skal førast direkte for retten.

For saksbehandlinga gjeld elles reglane om hovudforhandlinga i tvisteloven §§ 9-13 til 9-17 så langt dei høver ved behandlinga av tvist om grenser, eigedomsrett, rettar og anna.

§ 6-13 Rettsbok

Jordskifteretten skal føre rettsbok i rettsmøte. Reg-lane i tvisteloven kapittel 13 II gjeld så langt dei høver.

Partane skal ha tilgang til rettsboka.

IV Generelle reglar

§ 6-14 Grunnlaget for avgjerdene

Jordskifteretten skal ta avgjerdene sine på grunnlag av behandlinga i rettsmøte, dokumenta i saka, and-re bevis og merknader frå partane etter §§ 6-21 og 6-22.

Retten kan ikkje byggje avgjerdene på faktiske tilhøve partane ikkje har hatt oppmoding til å gi merknader om. Dersom retten likevel vil gjere dette, må retten gi partane rettleiing etter § 6-16, og om nødvendig fortsetje behandlinga etter tvisteloven § 9-17 andre ledd, for å få eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag.

§ 6-15 Bevis

Partane skal sørgje for at saka blir rett og fullstendig opplyst. Dei skal greie ut om saka og tilby dei bevisa dei har. Dei har plikt til å gi forklaringar og bevistilgang.

Kvar part skal òg opplyse om viktige bevis som parten ikkje har hand om, og som parten ikkje har grunn til å rekne med at andre partar er kjende med.

Pliktene etter første og andre ledd gjeld anten beviset er til støtte for parten sjølv eller for dei andre partane.

Jordskifteretten kan sørgje for bevisføring om ikkje partane set seg imot det. Retten er ikkje bunden av argumentasjonen partane har om bevis.

Retten kan nytte sakkunnig hjelp i særskilde spørsmål når han meiner det trengst.

Reglane i tvisteloven femte del (kapittel 21 til 28) gjeld så langt dei høver for bevisføringa i jordskifteretten.

§ 6-16 Rettleiing og retting

Jordskifteretten skal rettleie partane om reglar og rutinar for saksbehandlinga og andre formelle tilhøve som dei må kjenne til for å ta vare på interessene sine i saka. Retten skal søkje å førebyggje feil og skal gi rettleiing slik at feil kan rettast.

Retten skal gi rettleiing til partane slik at saka kan få ei rett avgjerd ut frå dei faktiske tilhøva og dei aktuelle reglane.

Retten skal ta særleg omsyn til det behovet som partar utan prosessfullmektig har for rettleiing.

Retten må gi rettleiinga på ein måte som ikkje svekkjer tilliten til at han er upartisk. Retten kan ikkje gi partane råd om standpunkt i tvistespørsmål, eller om kva prosesshandlingar dei bør setje i verk.

Elles gjeld tvisteloven § 11-5 for rettleiing av partane.

Tvisteloven § 16-5 gjeld for retting av feil. Retten kan mellom anna setje frist for retting.

§ 6-17 Minneleg løysing av saker for jordskifteretten

Jordskifteretten skal på eit kvart steg i saka vurdere om mekling kan føre til minneleg løysing.

Mekling skal skje ved at retten i rettsmøte eller gjennom annan kontakt med partane søkjer å leggje grunnlaget for ei minneleg løysing. Under meklinga skal retten ikkje halde møter med kvar part for seg eller ta imot opplysningar som ikkje kan gjerast kjende for alle partar. Retten kan ikkje komme med løysingsforslag, råd eller synspunkt som kan svekkje tilliten til at retten er upartisk.

§ 6-18 Rettsmekling

Tvisteloven kapittel 8 II gjeld så langt det høver for rettsmekling i tvist om grenser, eigedomsrett, rettar og anna for jordskifterettane.

Blir partane samde, kan resultatet av meklinga fastsetjast ved rettsforlik etter § 6-26.

Teknisk personale som nemnt i § 2-3 andre ledd første punktum kan vere rettsmeklarar. Dersom meklinga ikkje fører fram, kan teknisk personale likevel delta i det vidare tekniske arbeidet med saka, om ikkje partane krev at nytt personale tek over dette arbeidet.

Retten skal merkje, koordinatfeste, rapportere og tinglyse resultatet av rettsmeklinga etter §§ 6-29, 6-30 og 6-31.

§ 6-19 Trekking av krav

Når det er ført inn i rettsboka at behandlinga av eit jordskifte har teke til, kan rekvirenten berre trekkje krav om jordskifte dersom retten samtykkjer.

Krav om grensefastsetjing og rettsutgreiing kan trekkjast fram til retten tek avgjerd ved dom etter § 6-23. Tvisteloven § 18-4 gjeld ikkje.

§ 6-20 Delvis avslutting av sakene

Retten kan avslutte delar av sak. Kvar del som blir avslutta for seg, skal reknast som ei eiga sak med omsyn til fullføring, overprøving og ny behandling.

V Forslag til jordskifteavgjerd og fastsetjing av grenser, rettar og anna

§ 6-21 Forslag til jordskifteavgjerd

Jordskifteretten skal utarbeide forslag til jordskifteavgjerd, og forslaget skal leggjast skriftleg fram for partane.

Før forslaget blir utarbeidd, skal retten gi partane høve til å uttale seg. Partane skal òg få høve til å uttale seg om dei merknadene til forslaget som kjem inn.

Fristen for å uttale seg skal normalt ikkje vere kortare enn to veker.

Forslaget skal behandlast i rettsmøte. Dersom jordskifteretten meiner det held, og ingen av partane set seg imot det, kan forslaget behandlast skriftleg.

§ 6-22 Forslag til fastsetjing av grenser, rettar og anna

Dersom det ikkje er tvist mellom partane, skal jordskifteretten utarbeide forslag til fastsetjing av grenser, eigedomsrett, rettar eller anna, og forslaget skal leggjast skriftleg fram for partane.

Før forslaget blir utarbeidd, skal retten gi partane høve til å uttale seg. Partane skal òg få uttale seg om dei merknadene til forslaget som kjem inn.

Forslaget skal byggje på det partane er samde om.

Forslaget skal forkynnast for partane.

Fristen for å uttale seg skal normalt ikkje vere kortare enn to veker.

Forslaget skal behandlast skriftleg, om ikkje retten eller nokon av partane meiner det er nødvendig med behandling i rettsmøte.

VI Rettslege avgjerder og rettsforlik

§ 6-23 Avgjerdsformer

Ved dom tek jordskifteretten avgjerd om grenser, eigedomsrett, rettar og anna.

Ved orskurd tek retten avgjerd

a) når ei sak skal avvisast fordi formelle vilkår for å ta opp saka ikkje er oppfylte

b) når ei sak av andre grunnar blir avslutta utan realitetsavgjerd

c) ved tvist om bevis

d) når det er fastsett i lov at retten skal bruke orskurd.

Avgjerd om saksbehandlinga skal treffast som vedtak når det ikkje i lov er fastsett at avgjerda skal vere orskurd.

Ved jordskifteavgjerd tek retten avgjerd om

a) vilkåra for jordskifte i §§ 3-2, 3-3 og 3-18 er oppfylte eller ikkje

b) sakleg og geografisk avgrensing av saka, verdsetjing av det som skal gå i byte i jordskiftet, val av trasé for vegar og anna undervegs i saka

c) utsett merking og måling

d) skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 i samband med sak for jordskifteretten

e) reglar som etter § 3-34 skal gjelde for ei viss tid

f) fordeling av planskapt netto verdiauke etter § 3-30

g) sakskostnader etter § 7-6 , og

h) den endelege jordskifteløysinga.

Om ei avgjerd er teken i feil form, har det ingenting å seie for rettsverknadene eller for prøving av avgjerda. Ved bruk av rettsmiddel etter kapittel 8 skal ein følgje reglane for den avgjerda som retten skulle ha brukt.

§ 6-24 Innhaldet i avgjerdene

I avgjerdene skal dette nemnast: namnet på domstolen, medlemmene av retten, partane, saksnummeret, kva for avgjerd som er teken, og tid og stad for avseiinga av avgjerda.

Avgjerdene skal vere skriftlege og underskrivne av medlemmene av retten.

Når det er meir enn ein dommar i ei sak, skal det gå fram om avgjerda er samrøystes. Ved dissens skal det gå fram kva dissensen gjeld, og kven som har dissentert.

Dom og orskurd skal grunngivast i samsvar med tvisteloven § 19-6 fjerde ledd.

Jordskifteavgjerder skal ha ei grunngiving som inneheld

a) heimelen for avgjerda

b) ei framstilling av kva avgjerda gjeld

c) ei framstilling av dei tilhøva som har hatt mest å seie for avgjerda

d) eventuelle påstandar frå partane, med påstandsgrunnlag , og

e) dei vurderingane retten har lagt til grunn for avgjerda.

Jordskifteavgjerder skal ha ei slutning som nøyaktig viser kva avgjerda går ut på. Jordskifteavgjerd med endeleg jordskifteløysing skal ha ei slutning som inneheld alt som må til for å setje i verk dei endringane som ligg i jordskifteløysinga.

Avgjerdene skal innehalde fordeling av kostnadene etter reglane i kapittel 7, så framt retten ikkje meiner at kostnadene skal fordelast i ei anna avgjerd seinare i saka.

§ 6-25 Avseiing av avgjerd. Melding om avgjerd

For avseiing av avgjerder etter § 6-23 gjeld tvisteloven § 19-4. Jordskifteavgjerd undervegs i saka kan likevel omgjerast fram til saka avsluttast, når særlege grunnar gjer at avgjerda ikkje kan bli ståande.

Partane skal få melding om avgjerder under saksgangen. Avgjerder som setjast til påanking, skal forkynnast. Elles gjeld tvisteloven § 19-5 så langt det høver for melding om avgjerder.

§ 6-26 Rettsforlik

Partane kan berre gjere rettsforlik for jordskifteretten i slike spørsmål som retten elles kan avgjere ved dom etter § 6-23 første ledd.

Eit rettsforlik skal førast i rettsboka. Partane og jordskifteretten skal skrive under på rettsforliket.

Retten ser til at forliket nøyaktig viser det partane er samde om. Skal forliket kunne fullbyrdast må retten fastsetje ein oppfyllingsfrist. Før partane gjer forlik skal dei orienterast om verknaden av rettsforlik, jf. tvisteloven § 19-11 tredje ledd.

Dersom rettsforliket ikkje seier noko om fordeling av sakskostnader, skal retten avgjere fordelinga når partane krev det.

Elles gjeld reglane i tvisteloven §§ 19-11 og 19-12 så langt dei høver.

§ 6-27 Frist for iverksetjing av endeleg jordskifteløysing

Endeleg jordskifteløysing etter § 6-23 fjerde ledd bokstav h skal innehalde frist for overgang til nye eigedomstilhøve og andre fristar som trengst for å setje i verk endringane i jordskiftet. Utan samtykke frå alle som endringane gjeld, må det ikkje setjast kortare frist enn ein månad rekna frå forkynninga. Fristen skal ikkje vere lengre enn det som trengst for å setje i verk ei avgjerd. Berre i særlege tilfelle kan ein frist setjast til meir enn fem år. Ein frist kan aldri vere leng-re enn ti år.

Etter søknad kan jordskifteretten gi utsetjing med å gjennomføre tiltak dersom det blir bevist at det er uråd å gjennomføre tiltaket til fastsett tid, og vedkommande ikkje er skuld i eller rår for det. Om utsetjinga vil vere til skade for nokon av dei andre partane, skal jordskifteretten fastsetje vederlag for skaden.

Jordskifteretten kan etter søknad forlengje fristar for gjennomføring av felles tiltak, sjølv om vilkåra i andre ledd første punktum ikkje er oppfylte.

§ 6-28 Tvangskraft og rettskraft

For rettskraft og fullbyrding av avgjerdene jordskifteretten tek gjeld reglane i tvisteloven §§ 19-13 til 19-16 så langt dei høver.

§ 6-29 Merking og koordinatfesting av grenser

Jordskifteretten skal så langt råd er merkje og koordinatfeste grenser som blir fastsette i jordskifte. Det same gjeld for grenser som er fastsette ved dom.

Retten kan utsetje varig merking til saka er avslutta og alle avgjerder har fått rettskraft, dersom retten meiner at særlege grunnar talar for det. Retten fastset korleis kostnadene med det endelege grensearbeidet skal dekkjast.

Departementet kan gi forskrift om utforming av grensemerke.

VII Rapportering og tinglysing

§ 6-30 Rapportering til matrikkelmyndigheita

Jordskifteretten skal rapportere til matrikkelmyndigheita om at det er sett fram krav om sak, og om resultatet av saka.

§ 6-31 Tinglysing

Så snart alle avgjerder har fått rettskraft, skal jordskiftedommaren sørgje for at eit utdrag av rettsboka blir tinglyst. Alt av varig verdi skal vere med i utdraget.

Før saka er rettskraftig avgjord og om jordskiftedommaren finn grunn til det, kan melding om reglar i medhald av § 3-34, avgjerd etter § 8-2 tredje ledd og avgjerd om anna som gjeld rettshøva i jordskifteområdet, tinglysast på dei eigedommane det gjeld. Det same gjeld når eit avslutta jordskifte ikkje får rettskraft på grunn av anke.

Kapittel 7. Sakskostnader og gebyr

I Sakskostnader

§ 7-1 Sakskostnader

For sak etter kapittel 3 og 4 skal partane betale

a) gebyr etter §§ 7-2 til 7-5

b) godtgjering til jordskiftemeddommarar etter domstolloven § 105 a

c) kostnader til grensemerke

d) godtgjering til ekstrahjelp til verdsetjing etter § 3-14 og til måling og merking av grenser etter §§ 4-2 og 6-29

e) godtgjering til rettstolkar og til sakkunnige oppnemnd av retten etter lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse

f) kostnader til utskrifter eller kopiar av tinglyste dokument eller dokument frå statsarkivet som jordskifteretten hentar inn på vegner av partane

g) sideutgifter etter rettsgebyrloven § 2 andre ledd.

For skjønn og andre avgjerder i samband med jordskifte gjeld reglane om sakskostnader i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

Lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr gjeld slik det går fram av lova her, eller så langt ho høver.

II Gebyr

§ 7-2 Inngangsgebyr

Den som krev sak skal betale fem gonger rettsgebyret for krav om sak etter kapittel 3 eller 4. Det same gjeld for krav om utviding av sak etter at jordskifteretten har avgrensa saka sakleg og geografisk, jf. § 6-9.

Dersom kravet blir avvist eller trekt før realitetsbehandling, skal inngangsgebyret setjast ned til to gonger rettsgebyret.

§ 7-3 Grenselengdegebyr

Partane skal betale gebyr for merking og koordinatfesting av nye grenser og for koordinatfesting av eksisterande grenser. Departementet fastset gebyra ved forskrift.

§ 7-4 Partsgebyr

Partane skal betale to gonger rettsgebyret for kvar part i sak etter kapittel 3 og 4.

§ 7-5 Samla gebyr og arbeidstid

Jordskifteretten kan endre dei samla gebyra etter §§ 7-2 til 7-4 dersom arbeidstida i sak etter kapittel 3 og 4 avvik nemnande frå det vanlege.

III Fordeling av sakskostnader

§ 7-6 Fordeling av sakskostnader

I saker etter kapittel 3 og 4 deler jordskifteretten sakskostnadene mellom partane etter den nytten dei har av saka, med dei unntaka som går fram av andre og tredje ledd og § 7-7.

Tiltakshavar skal betale sakskostnadene i tiltaksjordskifte. I vernejordskifte skal vernemyndigheita betale sakskostnadene. Jordskifteretten kan leggje sakskostnader på partar som får netto nytte.

Vernemyndigheita skal betale sakskostnadene i grensefastsetjing etter § 4-2 første ledd bokstav f.

§ 7-7 Sakskostnader som følgje av trekking av sak, avvising med vidare

Jordskifteretten skal leggje sakskostnader knytte til

a) trekking av ei sak

b) avvising av ei sak når vilkåra for saka ikkje er oppfylte, eller

c) for seine krav eller opplysningar på dei som har valda kostnadene.

Utgift som omsynet til berre enkelte eigedommar eller berre ein part har valda, kan leggjast på vedkomande aleine.

IV Kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp

§ 7-8 Kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp

Med dei unntaka som går fram av § 7-9, skal kvar part bere sine eigne kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp i sak etter kapittel 3 og 4.

§ 7-9 Erstatning for kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp

Om det blir sagt dom i tvist, gjeld tvisteloven kapittel 20 for erstatning for kostnader som er direkte knytte til tvistebehandlinga. Dersom tvistesummen er under 125 000 kr, gjeld tvisteloven § 10-5 første og andre ledd.

Når ei sak blir trekt eller blir avvist fordi formelle vilkår for å behandle saka ikkje er oppfylte, gjeld tvisteloven kapittel 20. Tvisteloven kapittel 20 gjeld òg ved trekking av krav om endra sakleg og geografisk avgrensing av saka og ved avvising av eit endringskrav.

V Kostnader knytte til skjønn og andre avgjerder i samband med jordskifte, anke med meir

§ 7-10 Kostnader med skjønn og andre avgjerder etter §§ 5-2 og 5-3

Lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 54 gjeld for kostnader med skjønn og andre avgjerder etter §§ 5-2 og 5-3 som råkar eigedom som ikkje er med i jordskifteområdet.

Kostnader etter første ledd skal delast etter § 3-28 mellom dei partane som er knytte til investeringstiltaket.

§ 7-11 Kostnader med anke over jordskifteavgjerd

Den som ankar ei jordskifteavgjerd, skal betale gebyr for behandling i lagmannsretten etter lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr § 8. Den som ankar skal bere kostnadene med ankebehandlinga. Er det anka over fleire avgjerder etter § 6-23 samtidig, og førstelagmannen fastset at ankene skal behandlast som ei sak, skal det berre betalast eitt gebyr. I slike høve skal gebyret fordelast mellom dei som har anka etter høvetal. Dersom ankebehandlinga fører til ei monaleg endring i jordskiftet, skal lagmannsretten dele kostnadene med ankebehandlinga etter nytten kvar part får av det nye jordskiftet.

Dersom ei jordskifteavgjerd blir oppheva etter § 8-10 tredje ledd, skal den som ankar, betale kostnadene med ankebehandlinga på forskot. Dei forskotterte kostnadene med ankebehandlinga skal reknast som ein del av kostnadene med den nye jordskifteavgjerda.

Ved behandling av anke over jordskifteavgjerd skal kvar part bere sine eigne kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp for lagmannsretten. Dersom lagmannsretten seier dom i tvist som ikkje har vore behandla i jordskifteretten, gjeld § 7-9 første ledd. Ved trekking av anke over jordskifteavgjerd og ved avvising av anke over jordskifteavgjerd gjeld § 7-9 andre ledd.

Ved anke over jordskifteavgjerd om utmåling av erstatning i tiltaksjordskifte og i vernejordskifte gjeld lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker §§ 54 a og 54 b.

§ 7-12 Kostnader ved gjenopning

Reglane i dette kapitlet gjeld for gjenopning med dei unntaka som går fram av andre og tredje ledd.

Den som krev gjenopning, skal betale seks gonger rettsgebyret. Gebyret skal setjast ned til to gonger rettsgebyret dersom gjenopningskravet blir avvist eller blir trekt før realitetsbehandling. Gebyret etter første punktum kjem i staden for inngangsgebyret etter § 7-2 dersom krav om gjenopning blir teke til følgje.

Jordskifteretten deler sakskostnadene mellom partane etter den nytta dei har av heile saka dersom krav om gjenopning blir teke til følgje. Det skal takast omsyn til kostnadsfordelinga i den tidlegare saka.

VI Andre reglar

§ 7-13 Forskott

Jordskifteretten kan krevje forskott frå rekvirenten i sak etter kapittel 3 og 4 for sakskostnader etter § 7-1. Når det er ført inn i rettsboka at behandlinga av eit jordskifte har teke til, kan retten krevje forskott frå alle partar til dekking av sakskostnader etter § 7-1. Ved forskott etter første og andre punktum, gjeld lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr § 3.

Jordskifteretten kan fastsetje at det skal reknast rente av innbetalte forskott.

§ 7-14 Betalingsfrist

Pålagde forskott og sakskostnader forfell til betaling 14 dagar etter at den som kravet er retta mot, er gjort kjend med pålegget om å betale. Jordskifteretten kan setje ein annan frist.

Dersom den som krev saka ikkje held betalingsfristen for inngangsgebyret etter § 7-2, for gebyret etter § 7-12 andre ledd første punktum eller for forskott etter § 7-13 første ledd første punktum, skal det reknast jamgodt med at sakskravet er trekt tilbake.

§ 7-15 Statens erstatningsansvar

Ein part som er påført sakskostnader på grunn av feil ved saksbehandlinga til jordskifteretten, kan krevje erstatning frå staten etter tvisteloven § 20-12.

§ 7-16 Panterett for pålagd kostnad eller yting

Ved tinglysing av utdrag av rettsboka etter § 6-31 første ledd i sak etter kapittel 3 og 4, blir kostnad eller yting som jordskifteretten legg på ein part sikra med panterett i matrikkeleininga til parten. Verknaden av tinglysinga fell bort etter 10 år.

Kapittel 8. Rettsmiddel med vidare

§ 8-1 Rettsmiddel og kva for prosessreglar som gjeld ved bruk av rettsmiddel

Avgjerd teken av jordskifteretten kan prøvast med anke til lagmannsretten.

Ved anke over dom, orskurd eller vedtak, gjeld reglane i tvisteloven.

Ved anke over jordskifteavgjerd etter § 6-23 gjeld reglane i kapittel 6 så langt dei høver. I tillegg gjeld tvisteloven slik det går fram av paragrafane i kapitlet her.

Ved anke over skjønn eller andre avgjerder tekne i medhald av §§ 5-1 til 5-3 gjeld reglane i tredje ledd.

Skjønn eller andre avgjerder tekne av jordskifteretten i eiga sak etter §§ 5-4 til 5-6, kan prøvast ved krav om overskjønn til lagmannsretten etter lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

Er det i same sak anka over fleire avgjerder etter § 6-23 samtidig, kan anken behandlast som ei sak for lagmannsretten. Førstelagmannen avgjer om anken skal behandlast som ei sak. Avgjerda kan ikkje ankast.

Avgjerd etter lova her kan gjenopnast etter § 8-14.

§ 8-2 Når avgjerd kan ankast, og utsett iverksetjing av jordskiftet

Med dei unntaka som denne paragrafen nemner, kan anke berre brukast når jordskifteretten har avgjort heile saka.

Ein orskurd kan ankast når han er avsagd.

Jordskifteretten kan gjere vedtak om at det kan ankast før heile saka er avgjord. Når dom gjeld eigedom eller bruksrett for ein som ikkje er godkjend som eigar eller bruksrettshavar i jordskifteområdet, skal slik avgjerd kunne ankast før heile saka er avgjord. Det same gjeld for nabo til jordskifteområdet. Tvisteloven § 29-3 tredje ledd gjeld for vedtak om å tillate anke før heile saka er avgjord.

Er det brukt rettsmiddel mot ei avgjerd, må iverksetjing av jordskiftet utsetjast til saka er rettskraftig avgjord.

§ 8-3 Frist for anke

Frist for anke er til vanleg ein månad, og følgjer elles tvisteloven § 29-5.

§ 8-4 Avkall på rett til å anke

Rett til å anke kan ein seie frå seg etter tvisteloven § 29-6. Dette gjeld alle avgjerder tekne etter reg-lane i lova her.

§ 8-5 Ankefråsegna

Ved anke over dom, orskurd, eller vedtak, skal ankefråsegna fylle krava i tvisteloven § 29-9.

Anke over jordskifteavgjerd skal setjast fram anten skriftleg eller munnleg etter reglane i tvisteloven § 12-1 for den jordskifteretten som har hatt saka. Anken skal oppgi

a) namnet på ankedomstolen

b) saksnummer og kva avgjerd anken gjeld

c) om anken gjeld heile avgjerda eller berre visse delar av henne , og

d) ankegrunnane, der det skal stå kvifor ein ankar og kva ein vil med anken.

Når anken gjeld jordskifteavgjerd og det ikkje ligg føre særlege grunnar, skal alle som var partar i jordskiftesaka, bli partar i ankesaka òg.

§ 8-6 Saksførebuing i jordskifteretten

Ved anke over dom, orskurd, eller vedtak skal jordskifteretten førebu behandlinga av anken etter tvisteloven § 29-10.

Ved anke over jordskifteavgjerd skal jordskifteretten, dersom han ser at det er manglar ved anken eller at fristen kan ha gått ut, gi den ankande parten høve til å rette feilen etter tvisteloven §§ 16-5 og 16-6. Avgjerd om avvising eller oppfrisking skal takast av lagmannsretten etter tvisteloven § 29-10.

Anke over jordskifteavgjerd skal snarast råd forkynnast for dei partane det gjeld, med frist til å uttale seg om anken. Etter uttalefristen skal saka utan opphald sendast til lagmannsretten.

§ 8-7 Samansetjinga av lagmannsretten

Ved prøving av dom, orskurd eller vedtak skal lagmannsretten setjast saman etter domstolloven § 12.

Ved prøving av jordskifteavgjerd skal lagmannsretten setjast med ein jordskiftelagdommar og to oppnemnde jordskiftemeddommarar frå det utvalet som er nemnt i § 2-5. Om ein part krev det, avgjer førstelagmannen om lagmannsretten skal setjast med fire oppnemnde jordskiftemeddommarar. Førstelagmannen avgjer om lagmannsretten skal setjast med ein jordskiftelagdommar, ein lagdommar og ein eller tre oppnemnde jordskiftemeddommarar. Ved oppnemning av jordskiftemeddommarar gjeld § 2-7.

Er det anka over ulike avgjerder i same sak, og behandlinga av saka etter § 8-1 sjette ledd er samla i ei sak for lagmannsretten, fastset førstelagmannen samansetjinga av retten. Dersom ei av dei anka avgjerdene er ei jordskifteavgjerd, skal jordskiftelagdommaren alltid delta ved behandlinga.

Førstelagmannen avgjer kven som skal vere saksførebuande dommar og leiar for retten.

Avgjerda førstelagmannen tek etter paragrafen her kan ikkje ankast.

§ 8-8 Nekting eller avvising av anken

Anken kan avvisast, ankesaka kan hevast og ei anka avgjerd kan opphevast under saksførebuinga i lagmannsretten etter tvisteloven § 29-12 første ledd.

Ved anke over dom gjeld tvisteloven § 29-13.

Ved anke over jordskifteavgjerd kan lagmannsretten nekte å ta anken opp til behandling dersom retten finn det klart at anken ikkje vil føre fram. Tvisteloven § 29-13 andre ledd gjeld i slike høve.

Den saksførebuande dommaren kan ta avgjerd som einedommar etter tredje ledd i denne paragrafen, etter at partane har fått høve til å uttale seg.

Tvisteloven § 29-13 femte ledd gjeld så langt han høver for avgjerd etter tredje og fjerde ledd.

§ 8-9 Tilbakekalling av anke, nye fristar

Om anken blir kalla tilbake, gjeld tvisteloven § 29-19.

Blir anken kalla tilbake, skal lagmannsretten end-re fristar for iverksetjing etter §§ 3-36 og 6-27 om det trengst.

§ 8-10 Prøving av jordskifteavgjerd

Lagmannsretten kan prøve alle sider av jordskifteavgjerda.

Fører anke over jordskifteavgjerd ikkje til endring, skal anken forkastast etter tvisteloven § 29-23 andre ledd.

Fører anke over jordskifteavgjerd til endring, skal lagmannsretten ta ei ny jordskifteavgjerd eller oppheve avgjerda etter tvisteloven §§ 29-23 tredje og fjerde ledd og 29-24.

Når lagmannsretten skal treffe ny jordskifteavgjerd, kan lagmannsretten òg trekkje inn dei delane av jordskifteavgjerda frå jordskifteretten som det ikkje er anka over, og gå så langt det er nødvendig for å fylle vilkåra i §§ 3-2, 3-3 og 3-18.

Kjem det opp tvist om grenser, eigedomsrett, rettar eller anna som jordskifteretten ikkje har avgjort endeleg, kan lagmannsretten avgjere tvisten om det trengst av omsyn til jordskiftet.

Tvisteloven § 29-3 andre ledd gjeld for avgjerd om å vise ei sak tilbake til jordskifteretten.

§ 8-11 Hjelp til teknisk arbeid

Jordskifteretten skal gi teknisk hjelp når lagmannsretten ber om det i saker etter lova her.

Lagmannsretten kan fastsetje at jordskifteretten skal merkje av dei nye grensene som følgjer av ankebehandlinga.

§ 8-12 Frist for å setje i verk jordskiftet

Lagmannsretten set nye fristar for å setje i verk jordskiftet. Dersom ny frist ikkje er gitt i ankeavgjerda, og ein part krev det, kan førstelagmannen gi nye fristar.

§ 8-13 Anke til Høgsterett

Høgsterett er ankeinstans for avgjerder som er tekne av lagmannsretten etter reglane i denne lova. Tvisteloven kapittel 30 gjeld ved anke. Ei avgjerd som nemnd i § 8-1 tredje og fjerde ledd, kan berre ankast på grunn av feil ved rettsbruken eller den saksbehandlinga som ligg til grunn for avgjerda.

§ 8-14 Gjenopning

Ei sak avgjord av jordskifteretten eller lagmannsretten etter lova her kan gjenopnast etter tvisteloven kapittel 31.

§ 8-15 Særlege vilkår ved gjenopning av jordskifteavgjerd

Ei sak der det er teke jordskifteavgjerd, kan gjenopnast på dei vilkåra som er sette i tvisteloven kapittel 31, og dessutan når føresetnadene som er lagde til grunn for avgjerda, endrar seg slik at avgjerande tiltak i jordskifteløysinga ikkje kan gjennomførast og det er tvillaust at §§ 3-2, 3-3 og 3-18 ikkje er oppfylt for minst éin part.

Det kan ikkje krevjast slik gjenopning dersom fristen etter §§ 3-36 og 6-27 for gjennomføring av tiltaket er ute.

§ 8-16 Nærare om behandlinga av sak om gjenopning

Krav om gjenopning av sak avgjord av jordskifteretten, skal rettast til ein jordskifterett med jordskiftesokn som grenser til domstolen som har teke avgjerda.

Gjenopningsdomstolen skal gjere dei endringane som trengst for å rette opp mishøvet. Gjeld endringa grenser og liknande der kostnadene ikkje vil stå i rimeleg høve til det ein oppnår, kan endringar gjerast opp heilt eller delvis i pengar, skog eller andre ver-diar.

Elles gjeld reglane om gjenopning i tvisteloven kapittel 31 så langt dei høver.

Kapittel 9. Ymse reglar

§ 9-1 Utbetaling av pengevederlag

Pengevederlag for eigedom eller rett som det ligg hefte på, eller som er beslaglagd, må ikkje utbetalast til eigaren eller rettshavaren utan samtykke frå dei som har slikt hefte eller beslag.

Lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve gjeld tilsvarande for deponering av pengevederlag som ikkje kan utbetalast etter første ledd.

§ 9-2 Skyldnader knytte til eigedom som er med i jordskifte

Ein skyldnad som ligg på ein eigedom for anlegg som er sett i verk med offentleg tilskott, som for eksempel skogplantings-, senkings-, uttappings- eller førebyggingsarbeid, skal følgje det grunnstykket skyldnaden har samanheng med, om det let seg gjere utan avgjerande ulempe for det som er formålet med jordskiftet. Det same gjeld skyldnad til å halde ved like andre anlegg som for eksempel gravplassar.

§ 9-3 Meldeplikt etter kulturminnelova

Medan jordskiftet blir halde, har jordskiftedommaren meldeplikt etter lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner, ved sida av eigar og brukar.

§ 9-4 Fordeling av skogfond

Jordskifteretten kan fordele inneståande skogfondmidlar ved ny utforming av eigedom etter § 3-4, ved oppløysing av sameige etter § 3-6 og ved deling av eigedom etter § 3-7. Fordelinga skal leggjast fram for skogbruksmyndigheita til uttale.

Skogbruksmyndigheita skal gi jordskifteretten innsyn i saldo for skogfondrekneskapen for dei ak-tuelle partane.

§ 9-5 Iverksetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Samstundes held lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte opp å gjelde.

§ 9-6 Overgangsreglar

Saker som er til behandling i jordskifterettane når lova her tek til å gjelde, skal behandlast ferdig etter lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte.

Anke som er innlevert før lova her tek til å gjelde, men som ikkje er behandla ferdig og avgjord, skal behandlast av lagmannsretten, og med lagmannsretten samansett etter § 8-7. Lagmannsretten skal leggje lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte til grunn for prøving av saksbehandling og materielle tilhøve.

§ 9-7 Endringar i andre lover

Når lova tek til å gjelde, skal det gjerast desse endringane i andre lover:

1. I lov 13. august 1915 nr. 5 om domstolene skal det gjerast slike endringar:

§ 10 første ledd skal lyde:

Lagmannsrettene skal ha en førstelagmann som leder og så mange lagmenn, lagdommere og jordskiftelagdommere som til enhver tid er bestemt.

§ 10 andre ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Dette gjelder også for jordskiftelagdommere.

Nåværende tredje og fjerde punktum blir fjerde og femte punktum.

§ 12 nytt andre ledd skal lyde:

Førstelagmannen kan i sak som er anket fra jordskifterett, beslutte at en av de tre dommerne nevnt i første ledd, skal være jordskiftelagdommer. Også i andre saker som gjelder bruks- eller eiendomsrett til fast eiendom, kan førstelagmannen beslutte tilsvarende sammensetning av retten. Førstelagmannens beslutning etter første og annet punktum kan ikke ankes.

§ 12 andre og tredje ledd blir nye tredje og fjerde ledd.

§ 14 skal lyde:

I straffesaker sættes lagmandsretten med lagrette eller med meddommere og i sivile saker med meddommere i de tilfælde, som straffeprosessloven, tvisteloven og jordskiftelova bestemmer.

§ 15 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Det samme må jordskiftelagdommeren ved ankebehandling av jordskifteavgjerd.

§ 25 nytt femte ledd skal lyde:

Dersom ikke staten stiller rettslokale til rådighet for jordskifteretten, skal vedkommende kommune eller kommuner skaffe rettslokale. Andre til fjerde ledd gjelder tilsvarende for lokaler jordskifteretten bruker til rettsmøter.

§ 33 a første ledd andre punktum skal lyde:

Kongen oppnevner tre dommere, en jordskiftedommer, en representant fra de øvrige tilsatte i domstolene og to advokater til styret, og Stortinget velger to medlemmer.

§ 54 andre ledd nytt andre punktum skal lyde:

Jordskiftedommere og jordskiftelagdommere må ha fylt 25 år og ha jordskiftefaglig utdannelse på mastergradsnivå med fagkrets fastsatt etter jordskiftelova § 2-4.

§ 54 tredje ledd nytt andre punktum skal lyde:

Jordskiftedommerfullmektiger må ha fylt 21 år og ha jordskiftefaglig utdannelse på mastergradsnivå med fagkrets fastsatt etter jordskiftelova § 2-4.

§ 55 første ledd skal lyde:

Dommere til Høyesterett, lagmannsrettene, ting-rettene og jordskifterettene utnevnes som embetsmenn av Kongen etter Grunnloven § 21.

§ 55 a første ledd tredje punktum skal lyde:

Når Innstillingsrådet behandler saker som gjelder utnevnelse eller konstitusjon av jordskiftelagdommere og jordskiftedommere, deltar en jordskiftelagdommer eller en jordskiftedommer og en jordskiftekandidat i stedet for henholdsvis en dommer og juristen ansatt i det offentlige.

§ 55 b andre ledd andre punktum skal lyde:

Til dommerembeter i tingretten, i lagmannsretten og i jordskifteretten gir domstollederen skriftlig uttalelse.

§ 55 d skal lyde:

Midlertidige dommere til Høyesterett, lagmannsrettene, tingrettene og jordskifterettene kan bare konstitueres eller tilsettes i de tilfeller som er nevnt i §§ 55 e til 55 g.

§ 55 e første ledd siste punktum skal lyde:

Konstitusjon av dommer til jordskifterett kan skje for inntil fire år.

§ 55 e andre ledd første punktum skal lyde:

En dommer eller en pensjonert dommer, med unntak av jordskiftelagdommer og dommer i jordskifterettene, kan likevel alltid konstitueres ved en annen domstol for å foreta vigsler.

§ 55 g skal lyde:

Dommerfullmektiger tilsettes for inntil to år av domstollederen.

Jordskiftedommerfullmektiger tilsettes for inntil tre år.

Domstollederen kan forlenge dommerfullmektigens tjeneste, men samlet tjeneste kan ikke overstige tre år. Jordskifterettslederen kan forlenge jordskiftedommerfullmektigens tjeneste, men samlet tjeneste kan ikke overstige fire år. Departementet kan fastsette unntak fra varigheten av dommerfullmektigenes og jordskiftedommerfullmektigenes funksjonstid.

Departementet kan gi nærmere bestemmelser om tilsetting av dommerfullmektiger og jordskiftedommerfullmektiger.

§ 55 h første punktum skal lyde:

En midlertidig dommer, herunder dommerfullmektig og jordskiftedommerfullmektig, kan ikke sies opp eller forflyttes mot sin vilje og kan bare avskjediges etter rettergang og dom i den perioden konstitusjonen eller tilsettingen gjelder for.

Ny § 62 a skal lyde:

Lagmannsrettene skal ha jordskifteteknisk personale.

§ 109 nytt annet punktum skal lyde:

Det samme gjelder i forholdet mellom jordskiftedommer og jordskiftedommerfullmektig.

§ 121 b skal lyde:

En dommer i Høyesterett, lagmannsrettene, ting-rettene og jordskifterettene kan ikke utøve rettshjelp til stadighet eller mot vederlag.

§ 121 c første ledd innleiinga skal lyde:

En dommer i Høyesterett, lagmannsrettene, ting-rettene og jordskifterettene må søke om godkjenning for sidegjøremål

§ 121 e første ledd første punktum skal lyde:

Sidegjøremål for dommere i Høyesterett, lagmannsrettene, tingrettene og jordskifterettene skal registreres.

§ 235 første ledd tredje punktum skal lyde:

Når Tilsynsutvalget behandler saker som gjelder en jordskiftelagdommer eller en jordskiftedommer, deltar en jordskiftelagdommer eller jordskiftedommer i stedet for en dommer.

§ 236 første ledd skal lyde:

Tilsynsutvalget kan treffe vedtak om disiplinærtiltak når en dommer i Høyesterett, lagmannsretten, tingretten eller jordskifteretten forsettlig eller uaktsomt overtrer de plikter som stillingen medfører, eller for øvrig opptrer i strid med god dommerskikk.

§ 241 nytt tredje ledd skal lyde:

Dette gjelder på tilsvarende måte når denne eller annen lov krever jordskiftefaglig utdanning på mastergradsnivå.

2. I lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom skal det gjerast slike endringar:

§ 30 nr. 21 skal lyde:

21. Lov nr. om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

3. I lov 5. mai 1961 om grannegjerde skal det gjerast slike endringar:

§ 5 tredje punktum skal lyde:

Tvist etter denne paragrafen kan avgjerast av jordskifteretten.

§ 8 første ledd andre punktum skal lyde:

Fell det då urimeleg mykje av gjerdehaldsskyldnaden på ein av grannane etter den nytta han har av gjerdet, kan gjerdehaldsskyldnaden delast mellom dei av jordskifteretten.

§ 9 andre punktum skal lyde:

Der lende, grindhald eller andre tilhøve gjer gjerdehaldet dyrare på det eine stykket enn på det andre, skal skilnaden jamnast ut med avstytting i lengda eller på annan måte som jordskifteretten fastset.

§ 10 første ledd skal lyde:

Der det er tenlegast så, kan jordskifteretten taka avgjerd om at grannane skal ha heile eller noko av gjerdehaldet i lag eller at den eine skal ha det heile åleine mot at den andre yter honom tilskot som jordskifteretten fastset.

Overskrifta Gjerdeskjøn skal lyde:

Avgjerd om gjerdehald

§ 14 skal lyde:

Jordskifteretten avgjer spørsmål om gjerdehald i samband med sak for jordskifterett, eller som eiga sak. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.

I spørsmål om gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling kan ny avgjerd krevjast når minst 15 år er gått. Det same gjeld etter eigedomsdeling og etter andre særlege omskifte i dei tilhøva som låg til grunn for avgjerda.

§ 15 første ledd første punktum skal lyde:

Kjem jordskifteretten til at der er skyldnad til å halde gjerde, tek jordskifteretten turvande avgjerder om korleis gjerdet skal vera, og kva tid det seinast skal bli sett i lovleg stand.

§ 16 skal lyde:

Kostnaden ved avgjerd om gjerdehald etter §§ 7 og 8 ber partane i høve til den nytta kvar av dei har av gjerde, såframt ikkje jordskifteretten finn grunn til ei anna deling. Om kostnaden elles, gjeld det som er fastsett i tvisteloven kapittel 20.

§ 17 første ledd første og andre punktum skal lyde:

Avgjerdene jordskifteretten tek er tvangsgrunnlag på same måte som orskurder. Klagen har ikkje utsetjande verknad om ikkje jordskifteretten vedtek noko anna.

§ 17 andre ledd tredje punktum skal lyde:

Er det ikkje tvangsgrunnlag frå før, kan tvist om kostnadsspørsmålet avgjerast av jordskifteretten når arbeidet er gjort.

4. I lov 16. juni 1961 nr. 12 om ymse beitespørsmål

§ 11 første ledd skal lyde:

Vert det tvist om krav etter § 7 eller § 9, kan kvar av partane krevje at jordskifteretten skal avgjere spørsmålet. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.

§ 11 andre og tredje ledd skal lyde:

Kostnaden ved avgjerda ber eigaren eller innehavaren så framt jordskifteretten ikkje finn grunn til ei anna deling.

Pengesummar nokon har krav på etter avgjerd i medhald av denne paragrafen kan søkjast inn etter dei reglar som gjeld om fullføring av domar.

§ 14 andre ledd første punktum skal lyde:

Den som har beiterett og som vert råka av forbodet i denne paragrafen, kan krevja retten sin avløyst av jordskifteretten.

5. I lov 21. juni 1963 nr. 23 om vegar skal det gjerast slike endringar:

§ 53 første ledd første og andre punktum skal lyde:

Jordskifteretten kan gjere vedtak om eigedomsinngrep til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av privat veg, her òg gangstig, kløvveg og liknande, mot vederlag til den det råkar, dersom det må reknast for klårt at inngrepet vil vere meir til gagn enn skade. På same måte og vilkår kan jordskifteretten òg gi rett til å bruke veg som alt ligg der.

§ 53 tredje ledd første, andre og tredje punktum skal lyde:

Jordskifteretten tar avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, kor langt det skal gå, og kva for vilkår som i tilfelle skal settast for inngrepet. Jordskifteretten kan fastsette at vederlag for bruksrett til veg som alt ligg der, skal omfatte ein forholdsmessig part av utgiftene til anlegg og vedlikehald av vegen. Sak for jordskifterett til fastsetting av slikt vederlag kan krevjast av båe partane.

§ 53 fjerde ledd første og andre punktum skal lyde:

I det mon eigedomsinngrepet gjeld bruksrett eller annan særleg rett, og det er fastsett årleg vederlag, kan partane etter fem år krevje ny behandling av vederlaget, korleis inngrepet skal vere og kor langt det skal gå og andre vilkår for jordskifteretten. Under dei same føresetnader kan eigar eller brukar av den tenande eigedomen også krevje at jordskifteretten avgjer om inngrepet i det heile skal stå ved lag.

§ 54 tredje ledd skal lyde:

Blir dei interesserte ikkje samde om korleis plikta til vedlikehald eller utbetring skal fordelast, kan kvar av dei krevje at desse spørsmåla skal avgjerast av jordskifteretten.

§ 54 fjerde ledd skal lyde:

Er slik avgjerd og avgjerd etter § 53 tredje ledd teke etter reglar i § 55, må krav om avgjerd vere sett fram innan tre månader etter at mottakaren fekk melding om avgjerda eller kunne ha gjort seg kjent med ho og om fristen.

§ 54 femte ledd skal lyde:

Når fem år er gått sidan bindande avgjerd er tatt etter reglane i § 55 eller av jordskifteretten, kan dei interesserte eller veglaget krevje ny avgjerd av veglaget eller av jordskifteretten.

§ 55 andre ledd tredje punktum skal lyde:

I mangel av semje om slik fordeling skal veglaget leggje si avgjerd i saka fram til endeleg avgjerd for jordskifteretten etter § 54 tredje ledd.

§ 55 tredje ledd fjerde punktum skal lyde:

Veglaget har tilsynet med at pliktene blir stetta slik som fastsett av veglaget, jordskifteretten eller på anna vis.

§ 60 første ledd skal lyde:

Med unntak av skjønn som nemnt i andre ledd, skal skjønn etter denne lova haldast som rettslege skjønn etter skjønnslova.

§ 60 andre ledd opphevast.

§ 60 nytt andre ledd skal lyde:

Jordskifteretten tek avgjerder og held skjønn etter kapittel VII. Dette gjeld avgjerder og skjønn i samband med sak for jordskifterett og avgjerder og skjønn som eiga sak. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.

6. I lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker skal § 4 første ledd bokstav b lyde:

b) saker som forvaltningsorganet selv behandler eller avgjør i medhold av rettspleielovene (straffeprosesslovene, domstolloven, tvisteloven, voldgiftsloven, tvangsfullbyrdelsesloven, skjønnsloven) eller lover som knytter seg til disse lovene (konkursloven, skifteloven og gjeldsordningsloven), eller jordskiftelova eller rettsgebyrloven.

7. I Lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom skal det gjerast slike endringar:

§ 6 andre ledd første punktum skal lyde:

I slike høve skal den som krev omskipinga, svara mellomlag i jord, rettar eller pengar.

§ 7 andre ledd første punktum skal lyde:

I slike høve skal eigaren, svara vederlag i jord, rettar eller pengar.

Overskrifta Skjøn blir endra til:

Avgjerd om omskiping, avskiping eller utvising

§ 18 skal lyde:

Jordskifteretten tek avgjerder etter §§ 5 til 7 og § 13 i saker i samband med sak for jordskifterett og som eiga sak. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.

Når retten er omskipa i avgjerd etter §§ 5 eller 6, kan om- eller avskiping etter denne lova ikkje krevjast før minst 20 år har gått, eller nye tilhøve gjev rimeleg grunn til det. Det same gjeld når om- eller avskiping er nekta i realitetsavgjerd etter lova her.

§ 19 skal lyde:

Når partane er samde om det, utfører jordskifteretten nødvendig oppmålingsarbeid som del av saka. Jordskiftelova §§ 6-29, 7-1 andre ledd og 8-1 gjeld tilsvarande.

Kostnaden ved avgjerd i jordskifteretten etter denne lova skal leggjast på den parten som krev avgjerd, når ikkje jordskifteretten finn grunn til anna. Er omskipnaden til gagn for båe partar, kan kostnaden delast med ein høveleg sum på kvar.

8. I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten skal det gjerast slike endringar:

§ 16 tredje ledd andre og tredje punktum opphevast.

§ 16 femte ledd opphevast.

§ 32 første ledd andre punktum opphevast.

9. I lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsalmenningane skal § 16 and-re ledd lyde:

Jordskifteretten kan ordne beitebruken når fjellstyret har gjort vedtak om beiteordning etter første ledd, og nokon beiterettshavar som denne ordninga vedkjem, har kravt saka inn for jordskifteretten innan 6 månader.

10. I lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift skal det gjerast slike endringar:

§ 7 femte ledd andre punktum skal lyde:

Denne regel gjelder også ved jordskifte etter lov nr. … om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettsforhold på fast eigedom m.m.

11. I lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr skal § 22 første ledd nr. 9 lyde:

9. melding eller utdrag av rettsboken etter jordskiftelova § 6-31 og skjøte som inngår som del av jordskiftet og dette bekreftes av jordskifteretten i skjøtet.

12. I lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. skal § 25 åttande ledd lyde:

For gjennomføring av felles organisering kan bruksordning kreves etter jordskiftelova. Departementet kan kreve bruksordning etter jordskiftelova § 3-8 når ingen av partene vil kreve det eller resultatet av minnelig ordning ikke er hensiktsmessig.

13. I lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger skal det gjerast slike endringar:

§ 1-4 (jordskifte) skal lyde:

Bygdeallmenning kan inngå i slikt jordskifte som omhandlet i jordskiftelova §§ 3-4 og 3-9.

Jordskifteretten kan ordne beiteforhold i bygdeallmenning dersom styret for allmenningen først har gjennomført beiteordning der, og innehaver av beiteretten har krevet sak inn for jordskifteretten innen seks måneder.

Jordskifteretten kan fastsette grenser mellom statsallmenning og bygdeallmenning, mellom bygdeallmenninger og mellom bygdeallmenning og annen tilstøtende eiendom. Jordskiftelova § 4-2 gjelder tilsvarende for fastsetting av grensene.

For øvrig får jordskiftelovas bestemmelser ikke anvendelse på bygdeallmenninger.

§ 6-3 andre ledd første punktum skal lyde:

Beiteordning som er fastsatt av jordskifteretten etter § 1-4 annet ledd, skal allmenningsstyret besørge inntatt i bruksreglene for allmenningen.

14. I lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene skal § 4-2 (jordskifte) lyde:

Statsallmenning kan inngå i slikt jordskifte som omhandlet i jordskiftelova §§ 3-4 og 3-9.

Jordskifteretten kan fastsette grenser mellom statsallmenning og bygdeallmenning, mellom statsallmenninger og mellom statsallmenning og annen tilstøtende eiendom. Jordskiftelova § 4-2 gjelder tilsvarende for fastsetting av grensene.

For øvrig får jordskiftelovas bestemmelser ikke anvendelse på statsallmenninger.

Krav om jordskifte som nevnt i første ledd, eller om grensefastsetting etter annet ledd, kan fremsettes av departementet, av allmenningsstyret og av fjellstyret.

15. I lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord skal det gjerast slike endringar:

§ 10 tredje punktum skal lyde:

Dersom ein bruksrettshavar til torvuttak meiner føresegnene fører med seg at retten hans vert minka urimeleg mykje, kan han leggje spørsmålet om endring i brukstilhøva fram for jordskifteretten, jf. jordskiftelova § 3-8.

§ 12 femte ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Andre punktum gjeld ikkje når jordskifteretten deler ein eigedom etter jordskiftelova § 3-7.

Jordlova III åttande ledd opphevast.

16. I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt skal § 9-2 tredje ledd bokstav g lyde:

g. jordskifte etter jordskiftelova

17. I lov 24. november 2000 nr. 8 om vassdrag og grunnvann skal § 31 tredje ledd bokstav c lyde:

av jordskifteretten etter begjæring fra en deltaker eller etter henvisning fra vassdragsmyndigheten.

18. I lov 20. mai 2005 nr. 28 om straff skal § 412 nr. 101 opphevast. 19. I lov 17. juni 2005 nr. 85 om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark fylke skal det gjerast slike endringar:

§ 45 overskrifta skal lyde:

Grensemerking m.m. og tinglysing

§ 45 første ledd skal lyde:

Rettskraftige dommer fra utmarksdomstolen samt erklæringer og avtaler som er avgitt eller inngått i samsvar med Finnmarkskommisjonens konklusjoner, kan bringes inn for jordskifteretten som gjennomfører grensemerking i terrenget, koordinatfesting og kartlegging av grensene i samsvar med dommen, erklæringen eller avtalen. Saksbehandlingsreglene i jordskiftelova gjelder så langt de passer. Jordskifteretten settes uten jordskiftemeddommere. Det skal ikke betales gebyr etter jordskiftelova §§ 7-2 til 7-4. Partene skal heller ikke betale for kostnadene ved grensemerking, koordinatfesting og kartlegging av grensene. For tinglysing gjelder jordskiftelova § 6-31.

20. I lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering skal det gjerast slike endringar:

§ 24 sjette ledd opphevast .

§ 24 sjuande ledd blir nytt sjette ledd .

21. I lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift skal det gjerast slike endringar:

§ 8 tredje ledd skal lyde:

Dersom eiere og brukere som rår over den største delen av et fjellområde som er høvelig til tamreindrift, ønsker området disponert til slik virksomhet, men hindres i dette av enkelte grunneiere som ikke vil være med, kan bestemmelsene om felles tiltak i jordskiftelovas § 3-9 brukes tilsvarende.

§ 21 andre ledd andre punktum skal lyde:

Kan ikke partene bli enige om at forutsetningene for å kreve utvisning av tomt er til stede, eller om stedsvalg, størrelse og avgrensing, vilkår og vederlag, avgjøres dette av jordskifteretten.

§ 22 andre ledd andre punktum skal lyde:

Eventuell skade som følge av omlegging av flyttlei eller åpning av ny flyttlei erstattes etter avgjørelse ved jordskifteretten.

§ 24 andre ledd tredje punktum skal lyde:

Hvis ikke grunneieren og eventuelle bruksberettigede gir sitt samtykke, kan departementet gi tillatelse til utføring av anlegget mot vederlag fastsatt av jordskifteretten for skade og ulempe.

§ 25 tredje ledd tredje punktum skal lyde:

Oppnås ikke enighet om betalingen, kan beløpets størrelse kreves fastsatt ved jordskifteretten.

§ 63 tredje ledd skal lyde:

Spørsmål om tiltak kommer i strid med første ledd, kan avgjøres på forhånd av jordskifteretten. Jordskifteretten kan også avgjøre hvordan og på hvilke vilkår tiltaket kan gjennomføres. Krav for jordskifteretten kan fremmes av den som akter å sette et tiltak i verk eller av distriktsstyret ved lederen. Er distriktsstyre ikke opprettet, kan krav fremmes av reindriftsutøver i distrikt som vil bli berørt av tiltaket.

§ 69 overskrifta skal lyde:

Gjerder til støtte for reineierens driveplikt og sikring mot erstatningsansvar

§ 69 første ledd første punktum skal lyde:

I et reinbeitedistrikt kan så vel distriktsstyret som den enkelte reineier i mangel av minnelig overenskomst få avgjort ved jordskifteretten om reineieren skal ha adgang til å føre opp gjerde til støtte for sin driveplikt og sikring mot erstatningsansvar.

§ 69 andre ledd skal lyde:

På samme måte kan en grunneier kreve avgjort ved jordskifteretten om noen del av utgiftene ved oppføring av gjerde som nevnt i § 19 og § 68 annet ledd bør utliknes på reineierne.

§ 70 første ledd blir ny § 70 som skal lyde:

§ 70 Skade voldt av rein

I mangel av enighet som er bekreftet skriftlig av reineieren eller av distriktsstyret ved lederen, avgjøres krav om erstatning for skade voldt av rein ved skjønn ved jordskifteretten eller tingretten.

22. I lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling skal § 12-7 nr. 13 lyde:

13. krav om fordeling av planskapt netto verdiøkning ved ulike felles tiltak innenfor en nærmere bestemt del av planområdet i henhold til jordskifteloven § 3-30,

23. lov 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål skal § 39 første ledd bokstav e lyde:

e) å kreve sak etter jordskiftelova,

Oslo, i justiskomiteen, den 4. juni 2013

Per Sandberg

Hans Frode Kielland Asmyhr

leiar

ordførar