Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité, bortsett fra opphevingen av § 31 og endringen i § 16 som fremmes av komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i odelslova

I

I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten skal det gjerast følgjande endringar:Tittelsen på lova skal lyde:Lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten (odelslova)

§ 8 første ledd første punktum skal lyde:

Utanom odlaren får også etterkomarane hans odelsrett dersom nokon av foreldra har ått heile eigedomen med odel, eller nokon av besteforeldra er siste eigar av heile eigedomen med odel.

§ 16 fjerde ledd skal lyde:

Jord som blir lagt til ein eigedom som tilleggsjord, går inn under odel eller odling på den eigedomen jorda blir lagt til når departementet har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord. For odelsjord må i tillegg foreldingstida vere ute.

§ 31 blir oppheva.

§ 33 første og andre ledd skal lyde:

Før det blir tatt avgjerd om odelsfrigjering etter §§ 30 eller 32, skal odelsretthavarane så langt det lar seg gjere, gjevast høve til å uttale seg om spørsmålet innan ein frist på ein månad. Overfor den som det er vanskeleg å gi individuelt varsel, er det nok med kunngjering i Norsk Lysingsblad og i ei avis som er ålment lesen på staden.

Når det er tatt steg til odelsfrigjering etter §§ 30 eller 32, skal odelsløysingssak som er eller blir reist, stoggast til spørsmålet om odelsfrigjering er avgjort.

II

  • 1. Lova gjeld frå den tida Kongen bestemmer. Kongen kan bestemme at dei enkelte føresegnene skal gjelde frå forskjellig tid.

  • 2. Endringane i § 8 får ingen verknad for tilhøve der det etter tidlegare gjeldande reglar har vorte høve til å bruke odelsrett når lova her tek til å gjelde.

  • 3. I tilfelle der nokon som har ein aktuell odelsløysingsrett når lova her tek til å gjelde, går til løysingssak, gjeld likevel § 31. For behandlinga av slike saker gjeld § 33.