Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å sette i kraft en overenskomst mellom Norge og Botswana om opplysninger i skattesaker
Dette dokument
- Innst. 330 S (2012–2013)
- Kildedok: Prop. 125 S (2012–2013)
- Dato: 21.05.2013
- Utgiver: finanskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Den 20. februar 2013 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Botswana om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 11. januar 2013. Overeinskomsten blei på vegne av Noreg underskriven av chargé d’affaires Vegar Brynildsen og på vegne av Republikken Botswana av ambassadør Lameck Nthekela. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime i medlemslanda, men peikte og på behovet for å treffe sameinte mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.
Innan utløpet av 2005 var alle skatteregime i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida blei det teke kontakt med alle jurisdiksjonar som ein meinte var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som vil kunne bli utsett for mottiltak.
Botswana var av ymse grunner ikkje blant dei 38 jurisdiksjonane som opphavleg blei definerte som skatteparadis og som blei bede om å gje ei politisk bindande erklæring om innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. Sidan Botswana oppfyller kriteria for skatteparadis, tok dei nordiske landa initiativ til at òg Botswana skulle inngå avtaler for effektiv informasjonsutveksling i skattesaker bygd på OECD sin modellavtale. Denne forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, og frå bankar, finansinstitusjonar, advokatar og andre rådgjevarar.
For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske landa større tyngd i forhandlingane vedtok Nordisk ministerråd i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar av slike avtaler. Det er nå gjennomført slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa, medrekna Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne. Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti, Finansdepartementet. Han har òg leia styringsgruppa for prosjektet.
Avtala følgjer i det alt vesentlige OECD sin modell. Som vedlegg til proposisjonen følgjer utkastet til den engelske teksten og ei norsk omsetjing.
Merknader til dei enkelte materielle føresegnene i avtaleutkasta er omtala i proposisjonens kapittel 2.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jette F. Christensen, Gunvor Eldegard, Gerd Janne Kristoffersen, Marianne Marthinsen, lederen Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim og Knut Storberget, fra Fremskrittspartiet, Jørund Rytman, Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter seg til forslaget til overenskomst med Botswana om opplysninger i skattesaker.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker i at Norge setter i kraft en overenskomst mellom Norge og Botswana om opplysninger i skattesaker underskrevet 20. februar 2013.
Oslo, i finanskomiteen, den 21. mai 2013
Torgeir Micaelsen |
Christian Tybring-Gjedde |
leder |
ordfører |