Samandrag
- Bakgrunn
- Omtale av utbygginga
- Endringar i bompengeordninga
- Trafikk- og inntektsgrunnlag
- Utbyggings- og finansieringsopplegg
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utviding og finansiering av Bergensprogrammet, med tredje etappe av Bybanen m.m.
I perioden 1986–2011 er det gjennomført mange større prosjekt i Bergen. Vidare blei første etappe av Bybanen og Ringveg vest opna for trafikk i 2010, og Strandkaien/forlenging av Håkonsgaten blei opna for trafikk i 2011. Bergensprogrammet er seinast omtalt i Prop. 1 S (2012–2013) og i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023. Nærare bakgrunn for bompengeordninga i Bergen og hovudlinjer i Bergensprogrammet går elles fram av punkt 1 i proposisjonen
Forslaget som proposisjonen mv. no omhandlar, blei lagt fram for lokalpolitisk behandling vinteren 2012 og omfattar utviding av dagens prosjektportefølje og endring av dagens takst- og rabattopplegg. Den største endringa er heving av takstane. Det er også foreslått reduksjon av dagens maksimalrabattar og heving av det månadlege passeringstaket. Forslag til investeringsplan som blei lagt fram for politisk behandling, er vist i tabell 2.1 i proposisjonen.
Etter gjennomføringa av forvaltningsreforma er det ikkje lenger riksvegmidlar i Bergensprogrammet. Finansieringa frå staten skjer gjennom rammetilskotet til fylkeskommunen og midlar frå Belønningsordninga.
Prosjektet skal utgjera hovudstamma i kollektivtransportsystemet i sørkorridoren i Bergen. Bybanen blir bygd med dobbeltspor og skal gå frå Kaigaten i sentrum til Nesttun (første etappe, 10 km, opna for trafikk i 2010), vidare til Rådal (andre etappe, 3,6 km, planlagt opna for trafikk sommaren 2013) og til Bergen lufthamn Flesland (tredje etappe 7 km). Heile strekninga er om lag 20 km.
Med tredje etappe vil Bybanen gi eit vesentleg betre kollektivtilbod for Bergen lufthamn Flesland. Det blir lagt opp til å starta anleggsarbeida for tredje etappe i 2013, med planlagt opning for trafikk i 2016.
Omrekna til 2013-prisnivå er styringsramma for tredje etappe 3 450 mill. kroner og kostnadsramma 3 800 mill. kroner. Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for tredje etappe av prosjektet er rekna til om lag – 3,7 mrd. kroner. Netto nytte over kostnad (NN/K) er rekna til – 0,9.
Tiltak innafor programområda i Bergensprogrammet omfattar i hovudsak mindre tiltak langs eksisterande vegar, miljøtiltak i sentrum, gang- og sykkelvegar og mindre kollektiv- og trafikksikringstiltak. I tillegg kjem midlar til planlegging av nye prosjekt/tiltak inkl. kostnader til vidare planlegging av Bybanen.
Det er i perioden 2012–2025 lagt til grunn ei gjennomsnittleg årleg ramme på om lag 210 mill. 2013-kroner til tiltak innafor programområda, til saman om lag 3 050 mill. 2013-kroner.
Prosjektet Ringveg vest omfattar bygging av om lag 10 km ny firefelts veg. Første etappe, den om lag 2,5 km lange strekninga Dolvik–Sandeide, blei opna for trafikk i 2010. Andre etappe omfattar m.a. den om lag 4,3 km lange strekninga Sandeide–Liavatnet i tunnel. Andre etappe er planlagt opna for trafikk i 2015. Tredje etappe omfattar strekninga mellom Flyplassvegen og Dolvik. Finansiering av tredje etappe inngår ikkje i proposisjonen.
Prosjektet går ut på å byggja ein tunnel frå Bergen sentrum til området nord for Bryggen. Skansentunnelen er såleis eit miljø- og byutviklingstiltak. Ved den lokalpolitiske behandlinga er det lagt til grunn om lag 700 mill. 2011-kroner til Skansentunnelen. Det ligg ikkje føre godkjende planar med tilhøyrande kostnadsoverslag for prosjektet. Kostnadene er svært usikre. Sjølv om Skansentunnelen er ein del av Bergensprogrammet, legg Samferdselsdepartementet til grunn at prosjektet ikkje blir finansiert gjennom finansieringsopplegget i proposisjonen. Departementet tilrår at det blir arbeida vidare med planlegging av tunnelen. Samferdselsdepartementet vil kome attende til Stortinget når tilstrekkelege avklaringar ligg føre.
For å finansiera utbygginga av tredje etappe av Bybanen og auka satsing på programområdetiltak har kommunen og fylkeskommunen m.a. søkt om å auka takstane for lette kjøretøy (inntil 3 500 kg) frå 15 til 25 kroner og for tunge kjøretøy (over 3 500 kg) frå 30 til 50 kroner. Vidare er det søkt om å redusera rabattane ved forskotsbetaling frå 40 og 30 pst. til 20 pst. I proposisjonen er det lagt til grunn at endringane blir gjennomførte frå 2013. Endringane legg til rette for å sikra ei kontinuerleg utbygging av tredje etappe av Bybanen.
Endringane i takst- og rabattopplegget skal også fungera som restriktivt verkemiddel for å redusera biltrafikken i Bergensområdet i samsvar med tiltaksplanen for oppfølging av avtalen om belønningsmidlar.
For å vurdera trafikkveksten fram til 2025 er nytta transportmodellen for Bergensområdet som er utleia av den regionale transportmodellen.
Som følgje av endringane i takst- og rabattsystemet er det lagt til grunn ein nedgang i årsdøgntrafikken på 12 pst. Vidare er det lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 1 pst. fram mot 2025 i tråd med Prop. 108 S (2009–2010). Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) som omfattar trafikkgrunnlaget og føresetnadene for finansieringsopplegget, jf. elles pkt. 5 i proposisjonen.
Finansieringa av Bergensprogrammet i perioden 2012–2025 er basert på fylkeskommunale midlar, belønningsmidlar frå staten, midlar som fylkeskommunen garanterer for (ev. framtidige belønningsmidlar) og bompengar. Den økonomiske ramma er til saman 9 420 mill. kroner, omrekna til 2013-prisnivå.
Dei fylkeskommunale midlane i perioden 2012–2025 er til samen om lag 3 020 mill. kroner, omrekna til 2013-prisnivå.
Det er inngått ein fireårig avtale mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og staten om belønningstilskot til betre kollektivtilbod og mindre bilbruk for perioden 2011–2014. På grunnlag av avtalen frå 2011 er det lagt til grunn totalt 550 mill. kroner i belønningsmidlar, av dette 375 mill. kroner til investeringar i Bergensprogrammet.
Fylkestinget har lagt til grunn at ordninga med belønningsmidlar til betre kollektivtransport og mindre bilbruk eller anna tilsvarande ordning blir vidareført og at Bergensområdet vil motta slike midlar også for perioden 2015–2018. Dersom staten ikkje løyver belønningsmidlar eller andre tilsvarande midlar, har fylkestinget vedtatt å garantera for om lag 210 mill. kroner, omrekna til 2013-prisnivå, i perioden 2015–2018 til kollektivinfrastruktur i Bergensprogrammet.
Dagens avtale om belønningstilskot gjeld perioden 2011–2014. Samferdselsdepartementet har ikkje tatt stilling til om det er aktuelt å inngå tilsvarande avtale for Bergen utover dette.
Det er lagt til grunn 5 800 mill. kroner i bompengar til investeringar i perioden 2012–2025. Bompengar til å dekkja renter på bompengelån er rekna til om lag 2 240 mill. kroner med ei lånerente på 4,5 pst. I tillegg kjem bompengar til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet med vel 40 mill. kroner pr. år, eller om lag 600 mill. kroner i perioden 2012–2025.
Bergensprogrammet er ei bompengepakke der omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma.
Rammeverket for heilskaplege bymiljøavtalar, som er presentert i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, skal leggjast til grunn når Bergensprogrammet blir reforhandla etter 2013. Som for dei andre største byområda, legg Samferdselsdepartementet opp til at det skal vera ein omtale av Bergensprogrammet i statsbudsjettet.
Departementet legg til grunn at aktuelle prosjekt og tiltak må vurderast trinnvis, og at samfunnsøkonomisk lønnsemd vektleggjast ved prioritering av prosjekt.
Etter at Stortinget har gjort vedtak om utviding av Bergensprogrammet, vil det bli inngått ein tilleggsavtale mellom Statens vegvesen Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.