Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om representantforslag fra stortingsrepresentantene Ketil Solvik-Olsen, Henning Skumsvoll, Siri A. Meling, Bjørn Lødemel, Kjell Ingolf Ropstad, Trine Skei Grande og Borghild Tenden om å inkludere småkraftverk i en overgangsordning for grønne sertifikater
Dette dokument
- Innst. 304 S (2012–2013)
- Kildedok: Dokument 8:84 S (2012–2013)
- Dato: 16.05.2013
- Utgiver: energi- og miljøkomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
I dokumentet fremmes følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå avtalen med Sverige om elsertifikater med sikte på å utarbeide og fremme forslag med de nødvendige lovendringer mv. slik at alle kraftverk med byggestart fra og med 1. januar 2004, og som kvalifiserer for grønne sertifikater fra 2012, skal inkluderes i overgangsordningen.»
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Irene Johansen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Eirin Sund, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Oskar J. Grimstad og Henning Skumsvoll, fra Høyre, Nikolai Astrup, Bjørn Lødemel og Siri A. Meling, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Egeland, fra Senterpartiet, lederen Erling Sande, og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, viser til at et representantforslag om overgangsordningen for grønne sertifikater også var behandlet under samme sak som forslaget til lov om elsertifikater, og som ble vedtatt av Stortinget 15. juni 2011.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at overgangsordningen som ble vedtatt, omfatter alle kraftverk med byggestart etter 7. september 2009. Videre er vannkraftverk med byggestart etter 1. januar 2004 og installert effekt inntil 1 MW, omfattet. Det var også en del av ordningen at vindkraftprosjekt som hadde mottatt offentlige tilskudd gjennom Enova, kunne betale tilskuddet tilbake innen 30. april 2012, og bli en del av elsertifikatordningen.
Flertallet viser til – og som det fremgår av representantforslaget, at overgangsordningen var tema i 2003–2004. Den gangen ble det imidlertid ikke noe av ordningen med elsertifikater.
Flertallet viser videre til brev fra olje- og energiministeren av 19. april 2013 (vedlagt), der han bl.a. uttaler at det nå er viktig å bevare forutsigbarheten i systemet, og at en ikke er tjent med en vedvarende debatt om vilkår.
Flertallet er enig i dette og tilrår at representantforslaget ikke blir vedtatt.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til at det i perioden mellom 1. januar 2004 og 7. september 2009 vart bygd eit stort antal små-, mini- og mikrokraftverk i Noreg.
Desse medlemene peikar på at mange av desse utbyggingane kom etter lovnader frå styresmaktane om at utbyggarane, i tillegg til kraftprisen, skulle få inntekter frå elsertifikatmarknaden. Overgangsordninga som vart offentleggjort 7. september 2009 gjorde sitt til at 165–170 kraftverk som vart bygde i perioden 2004–2009 ikkje fekk elsertifikat, sjølv om dei vart lova det. Desse kraftverka er spreidd over store deler av landet og representerer ein årsproduksjon på om lag 1,9 TWh.
Desse medlemene viser til at då utbyggjarane tok avgjerda om å investere, la dei fleste til grunn ein langsiktig kraftpris på 25–35 øre per kWh, i kombinasjon med ein elsertifikatpris på om lag 20 øre per kWh. Sidan den gongen har prisen på elektrisk kraft gått monaleg ned. Auka tilbod av elektrisk kraft som følgje av innføringa av elsertifikat er ei årsak til dette, saman med økonomisk nedgangstider og redusert etterspørsel etter energi i Europa og kraftig fall i prisane på CO2-kvoter i den europeiske klimakvotemarknaden. I dag venter marknaden kraftpriser på rundt 25 øre per kWh dei næraste åra. På same tid legg kraftverk med elsertifikat til grunn ein sertifikatpris på om lag 20 øre per kWh. Dette gjer at kraftverk med elsertifikat får ei inntekt som er 80 pst. høgare enn kraftverk som ikkje har elsertifikat.
Desse medlemene peikar på at situasjonen for mange av dei 160–170 kraftverka som ikkje fekk dei lova sertifikata er at dei slit med dårleg økonomi, og at det var ein direkte samanheng mellom lovnaden om sertifikat og at dei tok avgjerda om å investere. Eigenkapitalen i mange av selskapa som ikkje fekk elsertifikat er liten eller negativ, slik at mange er teknisk konkurs. Mange har også problem med likviditet, og fleire må gå inn med ytterlegare eigne midlar for å halde det gåande.
Desse medlemene viser til at mange av desse kraftverka er eigde av grunneigarar. Dersom ein reknar eit gjennomsnitt på 7 eigarar på kvart av dei kraftverka som vart lova sertifikat, og som ikkje fekk, blir det meir enn 1 100 eigarar. Mange er bygd av bønder som håpa at inntektene frå kraftverket skulle kunne gje eit velkome tilskot i tillegg til sjølve gardsdrifta. No kan gardsbruk som har vore i familien i generasjonar, vere trua av konkurs som følgje av regjeringa sitt løftebrot.
Desse medlemene viser til at eit kjend eksempel frå media er Knutfoss Kraft som har meir enn 50 mill. kroner i gjeld, som dei ikkje kan betjene. Knutfoss har fått negativ eigenkapital. Selskapet har gått glipp av om lag 7,5 mill. kroner i inntekter frå elsertifikatmarknaden dersom ein føreset ein sertifikatpris på 20 øre per kWh. Med denne inntekta hadde selskapet hatt positiv eigenkapital. Eigarane av Knutfoss har varsla at dei må selje kraftverket.
Desse medlemene viser til at regjeringa, under handsaminga av innføringa av elsertifikatmarknaden i Stortinget 15. juni 2011, vart åtvara om dei økonomisk konsekvensane for dei kraftverka som ikkje fikk vere med i overgangsordninga. No ser ein at dette har fått dramatiske konsekvensar. Desse medlemene er svært uroa for at med forventa låge kraftprisar dei komande åra vil fleire kraftverk som ikkje kom med i elsertifikatmarknaden, få økonomiske problem.
Desse medlemene viser til utsegn frå dåverande olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i Stortinget 10. mars 2010, der han uttala at
«… overgangsordningen er et nasjonalt anliggende, så det er selvsagt ikke noe den svenske regjeringa har presset den norske regjeringen til å gjøre».
Desse medlemene viser vidare til svar frå noverande olje- og energiminister, Ola Borten Moe, på spørsmål frå komiteen om dersom ein ønskjer å utvide overgangsordninga i dag, slik at alle småkraftverk som var bygde mellom 1. januar 2004 og 7. september 2009 får vere med på ordninga, om dette er mogeleg å få til eller ikkje.
Statsråden svara følgjande:
«Elsertifikatberettiget produksjon under overgangsordningen omsettes i det samme markedet som annen elsertifikatberettiget produksjon. En utvidelse av overgangsordningen vil kunne påvirke elsertifikatmarkedet.»
Vidare svarar han at:
«Avtalen med Sverige gir Norge rett til å inkludere elsertifikater som utstedes under den norske overgangsordningen i det felles norsk-svenske markedet. Innholdet i den norske overgangsordningen er nevnt i Prop. 5. S (2011-2012) Samtykke til inngåelse av avtale mellom Kongeriket Norges regjering og Kongeriket Sveriges regjering, om et felles marked for elsertifikater av 29. juni 2011. Overgangsordningen er utførlig angitt i Prop. 101L (2010-2011) s. 52. Overgangsordningen var vedtatt før inngåelse av avtalen med Sverige. En eventuell utvidelse av overgangsordningen utover det som var avklart før inngåelse av avtalen med Sverige, fordrer at det tas kontakt med svenske myndigheter om dette.»
Desse medlemene peikar på at dette svaret viser at det var mogleg å inkludere småkraftverk i sertifikatordninga før avtalen med Sverige trådde i kraft, men at det no, etter at avtalen er inngått, er avhengig av samtykke frå svenske styresmakter.
Desse medlemene peikar på at eigarane av småkraftverk som vart bygde i perioden 2004–2009, og som ikkje kom inn i elsertifikatordninga, har blitt utsette for eit stort løftebrot og urettvis handsaming frå regjeringa si side. Desse medlemene meiner at når ein no ser konsekvensane av regjeringa sitt løftebrot, har ein eit moralsk ansvar for å må sjå på dei moglegheiter som fins, også etter at sertifikatmarknaden vart oppretta, for å prøva å rette opp denne uretten.
Desse medlemene tek på denne bakgrunn opp forslaget i Dokument 8:84 S (2012–2013).
Forslag fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringen gjennomgå avtalen med Sverige om elsertifikater med sikte på å utarbeide og fremme forslag med de nødvendige lovendringer mv. slik at alle kraftverk med byggestart fra og med 1. januar 2004, og som kvalifiserer for grønne sertifikater fra 2012, skal inkluderes i overgangsordningen.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Dokument 8:84 S (2012–2013) – representantforslag fra stortingsrepresentantene Ketil Solvik-Olsen, Henning Skumsvoll, Siri A. Meling, Bjørn Lødemel, Kjell Ingolf Ropstad, Trine Skei Grande og Borghild Tenden om å inkludere småkraftverk i en overgangsordning for grønne sertifikater, bifalles ikke.
Det vises til brev av 9. april 2013 fra Stortingets energi- og miljøkomité vedrørende Representantforslag 84 S (2012-2013) fra stortingsrepresentant Ketil Solvik-Olsen, Henning Skumsvoll, Siri A. Meling, Bjørn Lødemel, Kjell Ingolf Ropstad, Trine Skei Grande og Borghild Tenden om å inkludere alle kraftverk med byggestart fra og med 1. januar 2004 i overgangsordningen.
Overgangsordningen innebærer at alle kraftverk med byggestart etter 7.9.2009, og vannkraftverk med byggestart etter 1.1.2004 og installert effekt inntil 1 MW (mikro- og minikraftverk), har rett til å delta i det felles elsertifikatmarkedet. Overgangsordningen ble presentert på en pressekonferanse i 2009 og er fullt ut reflektert i Lov om elsertifikater som ble vedtatt av Stortinget 15. juni 2011.
I Representantforslaget viser forslagsstillerne til debatter i Stortinget i 2003-2004 og tidlige drøftinger om innføring av en elsertifikatordning. Disse drøftningene førte ikke frem. Andre støtteordninger ble deretter vurdert før en på nytt tok opp diskusjonen om innføring av en elsertifikatordning i 2008. Rammene for overgangsordningen ble da presisert som nevnt over.
Jeg mener at det etter flere år med diskusjon om rammebetingelsene for elsertifikatordningen nå er viktig å bevare forutsigbarheten i systemet som er etablert. Ordningen skal sikre langsiktige og stabile rammer for investorene, og markedet er ikke tjent med en vedvarende debatt om vilkår.
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 16. mai 2013
Erling Sande |
Torstein Rudihagen |
leder |
ordfører |