Tilråding frå komiteen
Tilrådinga frå komiteen vert fremma av Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.
Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
1. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til førehandsinnkrevjing av bompengar til å finansiera vidare planlegging og prosjektering av E39 Rogfast i Rogaland etter vilkåra i Prop. 117 S (2012–2013) og Innst. 282 S (2012–2013).
2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetja nærare reglar for innkrevjinga.