Samandrag
Prosjektet E39 Rogfast vil gi ferjefritt vegsamband på E39 mellom Nord-Jæren og Haugalandet. Prosjektet omfattar ein undersjøisk tunnel på om lag 25 km med to løp mellom Harestad i Randaberg kommune og Arsvågen i Bokn kommune. I tillegg er det planlagt ein undersjøisk tunnel på om lag 4 km med eitt løp som arm til Kvitsøy. Rogfast vil bli verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel.
Det ligg føre godkjente kommunedelplanar for prosjektet. Arbeidet med reguleringsplanar pågår, og det er venta at reguleringsplanane kan bli godkjente i løpet av 1. halvår 2013.
Kostnadsoverslaget for Rogfast er no rekna til vel 12,2 mrd. kroner. Det er fortsatt knytt uvisse til kostnadene. Prosjektet er omtala i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023. Det er lagt til grunn 250 mill. kr i statlege midlar til prosjektet i perioden 2014–2017.
Ferjesambandet Mortavika–Arsvågen er det nest mest trafikkerte ferjesambandet i Noreg. I 2012 var årsdøgntrafikken (ÅDT) om lag 3 700 kjøretøy. Både ferjesambandet Mortavika–Arsvågen og Mekjarvik–Kvitsøy, som er eit fylkesvegsamband, vil bli lagt ned dersom Rogfast blir realisert. Vidare er det føresett at dagens E39 over Rennesøy til Mortavika blir omklassifisert til fylkesveg.
Det vert foreslått eit opplegg for førehandsinnkrevjing av bompengar i ferjesambandet Mortavika–Arsvågen. Frå 1. april 2001 har det vore førehandsinnkrevjing av bompengar i ferjesambandet Mortavika–Arsvågen for å delfinansiera prosjektet fv. 47 T-sambandet. Det er lagt opp til at innkrevjinga skal starta så snart T-sambandet er opna for trafikk, ventelig i mai 2013. I tråd med gjeldande retningslinjer er det lagt opp til førehandsinnkrevjing til Rogfast i inntil tre år før eit ev. vedtak om bygging av prosjektet ligg føre. Dei same takstane som i dagens innkrevjingsordning for T-sambandet er lagt til grunn, dvs. eit bompengepåslag som tilsvarar 12 takstsoner. Brutto bompengeinntekter er rekna til vel 85 mill. kroner per år, dvs. om lag 260 mill. kroner over tre år.
Samferdselsdepartementet legg vekt på at Rogfast vil vera eit svært viktig prosjekt for utviklinga av Vestlandsregionen, jf. Meld. St. 26 (2012–2013). Det er lokalpolitisk tilslutnad til å finansiera vidare planlegging og prosjektering ved førehandsinnkrevjing av bompengar i ferjesambandet Mortavika–Arsvågen.
Samferdselsdepartementet strekar under at det ikkje er lagt opp til at Stortinget skal ta stilling til prosjektet no. Departementet må koma tilbake til dette når tilstrekkelege avklaringar av m.a. kostnader og finansieringsopplegg ligg føre.