Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

7. Sosiale medium og personvern

I rapporten sin tek Personvernkommisjonen opp tilhøvet mellom personvernet og media og personvernet for barn og unge. Kommisjonen fremjar fleire forslag til tiltak på desse to områda, til dømes å vedta ei eiga medieansvarslov som blant anna skal regulere redaktøransvar for alle medium, å utvide ordninga med fritt rettsråd til å omfatte visse saker mot media, og å etablere eit organ for nettytringar, slettehjelp og styrking av personvernet ved bruk av digitale medium.

Etter at Personvernkommisjonen leverte rapporten sin i 2009, er sosiale medium og personvern drøfta av Medieansvarsutvalet (NOU 2011:12 Ytringsfridom og ansvar i ein ny mediekvardag), medan personvernutfordringar for barn og unge ved bruk av sosiale medium er drøfta nærmare i NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverking, kapittel 8.

Det blir i meldinga vist til at tilbydarane av sosiale medium får tilgang til store mengder av personopplysningar, og brukarane har liten eller ingen kontroll over korleis tilbydarane bruker opplysningane.

Stadig fleire opprettar profilar på ulike sosiale nettverk – både privatpersonar, offentlege personar, kommersielle aktørar og offentlege verksemder. Facebook er det største sosiale nettverket i verda, med om lag 800 millionar brukarar. Det finst uendeleg mange andre sosiale nettverk som nordmenn bruker dagleg.

Barn og unge er hyppige brukarar av sosiale medium. Ei «trygg bruk»-undersøking frå Medietilsynet frå 2010 Fakta om barn og unges bruk og opplevelse av digitale medier viser at barn og unge startar tidlegare med digitale medium no enn dei gjorde i 2008.

Barn har fått eit særskilt internasjonalt vern gjennom FNs barnekonvensjon artikkel 16.

Dei redigerte media fyller ein særleg demokratisk funksjon som kjelder til nyhende og som plattform for den offentlege samfunnsdebatten. Sosiale medium, bloggar og andre brukargenererte elektroniske tenester kan innanfor avgrensa brukargrupper eller tema fylle noko av den same funksjonen, men vil normalt mangle den breidda i innhald og nedslagsfelt som gir dei redigerte massemedia ei særleg stilling. Dei vil òg mangle det bransjeetiske grunnlaget og dei journalistiske profesjonsnormene som ligg til grunn for verksemda til massemedia.

Skiljet mellom redigerte og ikkje-redigerte medium er relevant i diskusjonen av personvernspørsmål.

Den vidare omtala i dette kapitlet er avgrensa til særlege problemstillingar knytte til utviklinga av sosiale medium.

Eit særtrekk ved sosiale medium er at kvar einskild brukar kan publisere informasjon for ein vid krins utan å vere under kontroll av ein redaktør og utan å ha profesjonell erfaring eller etiske normer å rette seg etter.

Fleire ulike variantar av sosiale medium har fått fotfeste og er utbreidde over heile verda. Dei sosiale media, som Facebook, Twitter og YouTube, er ikkje lenger berre ungdomsfenomen, men blir brukte av stadig større delar av befolkninga. Likevel er mange av dei utfordringane som følgjer med det å eksponere seg på nett, særleg aktuelle for barn og unge, fordi barn ikkje har dei nødvendige føresetnadene for å forstå korleis personopplysningar blir behandla, og konsekvensane av det. Samstundes er det ein aukande tendens til at vaksne legg ut informasjon og bilete av barna sine på nett utan å vurdere konsekvensane for barna eller spørje barna om dei synest slik eksponering er greitt. Ein generell konsekvens av den auka nettbruken er at brukarane oftare opplever å få personvernet sitt krenkt på nett. Dei fleste veit i realiteten lite om kva som blir lagt igjen av informasjon på nettet.

Den norske marknaden for sosiale medium er i dag dominert av utanlandske tenestetilbydarar.

For ein norsk nettbrukar treng ikkje nasjonaliteten til ei teneste ha noko å seie. Erfaringa har vist at det er først når brukaren ønskjer å kontakte tenestetilbydaren, at nasjonalitet kan spele inn. Sjølv om det kan vere like vanskeleg å kome i kontakt med ein norsk tilbydar som med ein utanlandsk, vil det alltid vere lettare å spore opp ansvarssubjekta bak eit norsk sosialt medium. Juridisk har nasjonaliteten til ein tilbydar derimot meir å seie. Jamvel om Internett i seg sjølv er globalt, er lovgivinga som regulerer nettet, først og fremst nasjonal.

Det blir i meldinga vist til at ei overordna utfordring med mange sosiale medium er manglande openheit og transparens. Sjølv om dei fleste tenestetilbydarar krev samtykke til dei vilkåra tenesta har fastsett, gir innhaldet i desse vilkåra ofte ikkje svar på kva opplysningar som blir behandla, kva som er føremålet med behandlingane, korleis opplysningane blir brukte, og kor lenge opplysningane blir lagra.

Dei kan i praksis ha mykje å seie for ivaretakinga av personvernet til brukarane.

Det er vanleg at tilbydarar av sosiale medium lèt brukarane sjølve avgjere tilgangen til ein del av opplysningane dei genererer. Ei utfordring er likevel at standardinnstillingane ofte ikkje er sette til det mest personvernvenlege nivået, og at brukarane ikkje i tilstrekkeleg grad er merksame på standardinnstillingane, kva dei inneber, og korleis dei kan endrast. I meldinga blir det peika på ulike døme.

Gjennom digitale spor får kommersielle nettenester store mengder opplysningar som dei kan nytte til marknadsføring. I sosiale medium legg brukarane igjen personopplysningar i byte mot tenester. Datatilsynet stilte i juni 2011 ei rekkje spørsmål til Facebook om innsamling og bruk av personopplysningar. Facebook stadfesta i svarbrevet til Datatilsynet at det innhaldet brukarane skriv på sida si, blir brukt til å målrette reklame. Det er ei viktig oppgåve å hindre at kommersielle nett-tenester registrerer, lagrar og utnyttar digitale personopplysningar på måtar som trugar integriteten og sjølvråderetten til den einskilde.

I 2011 fekk slettmeg.no (sjå meir om denne tenesta nedanfor) over 6 000 personlege førespurnadar. Det blir i meldinga vist til at det er ei utfordring i dag at mange tilbydarar av sosiale medium anten ikkje aksepterer sletting, eller at dei er så gode til å skjule informasjon om korleis ein kan slette personopplysningar eller melde seg ut av tenesta, at brukarane ikkje finn ut korleis dei skal gjere det.

I tillegg er det ei utfordring at sletting av ein konto ikkje alltid inneber sletting av opplysningar som er kopla til kontoen.

Det blir i meldinga vist til at Facebook er eit viktig sosialt medium for mange. Ein reknar med at over 2,7 millionar nordmenn har brukarprofil på Facebook (tal frå Ipsos MMI oktober 2012).

Mange av personvernbekymringane som har kome til uttrykk ved ulike revisjonar av Facebook, er òg aktuelle for andre sosiale nettverk. Kombinasjonen av lite informasjon til brukarane og til dels manglande høve for brukarane til å påverke korleis personopplysningane deira blir brukte, gjer at brukarane kan miste kontroll over eigne opplysningar. Dette kan tale for at ein burde stille strengare krav til samtykke til behandling av personopplysningar i sosiale nettverk. Det bør òg stillast strengare krav til utforminga av verktøy som gjer at brukarane kan kontrollere korleis personopplysningane knytte til dei, blir behandla. Ein kan for eksempel tenkje seg å gjennomføre dette ved å utarbeide meir detaljerte norske retningsliner for kva informasjon som bør liggje til grunn for samtykke, og kva tekniske val og funksjonar som skal vere tilgjengelege for brukarane av sosiale nettverk.

Det er kvar einskild som har ansvaret for å setje seg inn i gjeldande vilkår for den tenesta han eller ho er brukar av, og stå til ansvar for det ein sjølv har publisert. For vaksne kan dette verke nokså sjølvsagt. Likevel gjer kompliserte brukarvilkår det vanskeleg å setje seg inn i korleis personopplysningar blir behandla i mange sosiale medium. Sidan ein stor del av brukarane av sosiale medium er barn og unge, som ikkje har same føresetnadene som vaksne for å setje seg inn i brukarvilkåra, bør tenestetilbydarane ta omsyn til det når dei utformar vilkår og design for tenestene.

Gjennom informasjonsarbeid tek også det offentlege eit ansvar for å førebyggje krenkingar på nett.

Medietilsynet sitt Trygg bruk-prosjekt fungerer som det nasjonale koordineringsorganet for initiativ retta mot å fremje trygg og sikker bruk av digitale medium for barn og unge.

Nettvett.no er ein nettstad der brukarane finn informasjon, råd og rettleiing om trygg bruk av Internett. Informasjonen er retta både mot forbrukarar og små og mellomstore bedrifter.

Undervisningsprogrammet Du bestemmer er eit samarbeidstiltak mellom Teknologirådet, Datatilsynet og Senter for IKT i utdanninga. Målet er å gi barn og unge betre kunnskap om personvern og gjere dei meir medvitne om val dei tek når dei bruker digitale medium som Internett og mobiltelefon.

På oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet laga Datatilsynet ei utgreiing om korleis ei slettehjelpsteneste kunne driftast, og leverte forslaget sitt til departementet den 30. januar 2009. Slettmeg.no vart lansert i mars 2010. Føremålet med tenesta er å gi råd og rettleiing om korleis ein kan slette uønskt og personvernkrenkjande materiale som ligg på nett, men i særlege tilfelle kan ho òg yte praktisk bistand til å slette slikt materiale.

Datatilsynet hadde ansvar for drift av slettmeg.no i 2010 og 2011. Ansvaret for slettmeg.no vart frå og med januar 2012 overført frå Datatilsynet til Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS). Der blir tenesta no driven vidare på permanent basis.

I 2011 gjaldt den vanlegaste typen førespurnader sletting av eigen profil på nettet.

Uønskt biletpublisering på Internett er eit stort problem i dag. 11 pst. av alle førespurnadene som kom til slettmeg.no i 2011, gjaldt bilete som nokon hadde lagt ut mot klagaren sin vilje.

Det blir allereie gjort mykje godt førebyggjande arbeid. Regjeringa er oppteken av å utnytte ressursane best mogleg for å få gode tenester som er lett tilgjengelege for publikum. Betre samordning av arbeidet kan vere eit alternativ for å nå dette målet. Regjeringa ønskjer derfor å vurdere om det er mogleg å samordne ulike haldningsskapande tiltak for å redusere talet på og omfanget av nettkrenkingar.

Det blir i meldinga peikt på at personvern og ytringsfridom er godt forankra både i norsk og internasjonal lovgiving. I norsk lovgiving er tilhøvet mellom personvern og ytringsfridom regulert i personopplysningslova § 7, som gjennomfører personverndirektivet artikkel 9. Reglar om ytringsfridom og personvern finst òg fleire andre stader i norsk lovgiving (sjå meldinga).

Ny teknologi gjer det enkelt å publisere informasjon på Internett, og tilgangen på informasjon aukar. Dette aktualiserer spørsmål om korleis personvern og ytringsfridom skal balanserast mot kvarandre.

Det har i lengre tid vore ei utfordring at reglane i personopplysningslova ikkje har omfatta visse ytringar på nett, fordi ytringane har vore framsette med «opinionsdannande» føremål. Slike ytringar har ikkje vore omfatta av reglane i lova, jf. personopplysningslova § 7. Sjå meldinga for nærmare omtale.

Sett i lys av dei mange moglege måtane som finst til å publisere personopplysningar på nett, tyder praksis og vurderingar om personvern og ytringsfridom på at dette er eit område der det òg i framtida vil vere utfordringar.

Hovudregelen er at mindreårige som har fylt 15 år, sjølve kan samtykkje i innhenting og bruk av eigne personopplysningar. For barn under 15 år må eventuelt foreldre/føresette samtykkje i innhenting og bruk av opplysningar om barnet. For innhenting og behandling av sensitive personopplysningar, for eksempel helseopplysningar, opplysningar om livssyn og seksuelle forhold, krevst det uansett samtykke frå foreldra fram til barnet er myndig. Både den mindreårige og dei føresette kan når som helst trekkje tilbake eit samtykke. Opplysningane skal slettast når samtykket er trekt tilbake.

Det kan vere gode grunnar til å vere varsam med kva opplysningar som blir publiserte om barn og unge på Internett.

Når barn og unge er målgruppa, må det leggjast til rette for at dei skal forstå konsekvensane av å samtykkje i at personleg informasjon kan leggjast på nettet. Informasjonen som blir gitt, må blant anna vere tilpassa barns kognitive evner. Ivaretaking av barns rettar kan by på særlege utfordringar når personlege opplysningar blir publiserte på internasjonale nettsider der norske reglar om vern av barn ikkje gjeld.

Personvernet gjeld for levande personar. Personopplysningslova vernar opplysningar om avdøde berre dersom opplysningane også seier noko om levande personar, for eksempel opplysningar om gen. Ein kan derfor sjeldan bruke reglane i personopplysningslova for å få uønskte opplysningar om avdøde personar fjerna frå nettet. I 2011 tok slettmeg.no imot 234 førespurnader frå personar som ønskte å få fjerna ein profil eller konto til ein familiemedlem eller ein ven som hadde gått bort.

Det blir i meldinga peikt på at det er legitime grunnar til at personopplysningar om avdøde personar skal ha same vernet som personopplysningar om levande personar. Frå ein norsk ståstad kan det diskuterast om det er praktisk og riktig at personopplysningslova ikkje gjeld avdøde personar.

  • Kommunikasjon i sosiale medium kan innebere ei utfordring for ivaretakinga av personvernet til brukarane.

  • Personvernutfordringane i sosiale medium er overnasjonale og gjer det nødvendig med internasjonalt samarbeid.

  • Personvernet til barn og unge er særleg utsett på nett. Det må setjast av ressursar til å vidareføre og styrkje førebyggjande arbeid i form av opplysningsverksemd.

  • Det bør vurderast ei betre samordning av dei ulike netthjelpstiltaka.

Komiteen understreker at mange nettsteder kjennetegnes av å være uten kontroll av en redaktør, og uten profesjonelle eller etiske normer å rette seg etter. At flere tilbydere står utenfor norsk rettshåndhevelse, gjør det påkrevet med internasjonalt engasjement for å påvirke regeldannelsen i de internasjonale fora hvor Norge deltar.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener sosiale medier er en del av den digitale virkeligheten de fleste befinner seg i. Disse medlemmer viser til at annen teknologi har vært viktig for å nedkjempe diktaturer og totalitære ideologier i vår nære historie. Disse medlemmer viser til at kopieringsmaskiner, telefakser, telex og vanlig trykkpresse var viktige virkemidler for mangfoldiggjøring av informasjon som dissidentgrupper i Sentral- og Øst-Europa formidlet på 1980- og 1990-tallet for å bringe sine diktaturer i kne.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti er enig i den gjennomgående problematisering av at barn og unge på grunn av manglende evne til å overskue konsekvensene, kan få sitt personvernvern truet langt utover det tidspunkt man har kommet i skade for å legge ut bilder eller opplysninger som er av privat karakter. 6 000 henvendelser siden starten til slettetjenesten slettmeg.no sier sitt. Viktige leverandører av nettjenester som Google, Facebook, Twitter o.a. er imidlertid internasjonale, sterke aktører stort sett utenfor norsk jurisdiksjon. Deres sterke stilling overfor unge brukere kan bare balanseres gjennom et målrettet internasjonalt samarbeid, i første rekke gjennom EU.

Disse medlemmer forventer tilbakemelding om hvilke bestrebelser som vil bli gjort, og resultater som oppnås, for å sikre norske barn og unge en sterkere stilling og større råderett over opplysninger om egen person.