Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

10. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir i meldinga tilrådd ulike generelle løysingar og tiltak for så god ivaretaking av personvernet som råd.

Personvernvenlege løysingar kan vere dyrare enn mindre gode løysingar. Innkjøpskostnadene kan dermed vere noko høgare ved val av løysingar som tek hand om personvernomsyn og prinsippa i denne meldinga på ein god måte, og som gjer at ein står betre rusta til å oppfylle personvernvilkåra i eksisterande regelverk. Det er likevel å vente at dersom ein legg til grunn dei prinsippa som meldinga held fram, kjem dei som behandlar personopplysningar, til å utvikle rutinar og system som på sikt effektiviserer behandlinga av personopplysningar og lettar regeletterlevinga. Kor stor innsparinga kan bli, kan variere frå sektor til sektor, avhengig av mellom anna kva personopplysningar som blir behandla, og kva høve det er til effektivisering.

Effekten av tiltaka kan liggje eit stykke fram i tid, utan at det er råd å seie nøyaktig når han kjem. Kostnader ved val av personvernvenlege løysingar er eitt av fleire moment som må ha vekt når ein skal velje. Desse kostnadene må i kvart einskilt tilfelle dekkjast av den verksemda som skal gjere innkjøpet.

Å endre eksisterande system så dei blir meir personvernvenlege, kan vere kostbart. Det blir ikkje lagt opp til at eksisterande system skal endrast for å oppfylle tilrådingane i denne meldinga.

I meldinga blir det på fleire område lagt opp til å utarbeide rettleiingar og/eller informasjonsmateriell som skal leggje til rette for betre regeletterleving på personvernområdet. Kostnadene ved å utarbeide slikt materiell blir dekte innanfor dei vanlege budsjettrammene til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Datatilsynet. Når slike rettleiingar ligg føre, er dei med og lettar regeletterlevinga, og det fører venteleg til både administrative og økonomiske fordelar for dei behandlingsansvarlege på sikt.

Kostnader ved deltaking i internasjonalt personvernarbeid blir dekte innanfor dei vanlege budsjettrammene til departementa og dei underliggjande etatane.

Komiteen har ingen merknader.