Samandrag
- Endringar i statsbudsjettet for 2012
- Post 1 Driftsutgifter
- Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
- Post 1 Driftsutgifter
- Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
- Post 71 Forskingstenester, TCM DA, kan overførast
- Post 71 Unitisering, kan overførast
- Post 2 Oppdrags- og samarbeidsverksemd
- Post 4 Sal av undersøkingsmateriale
- Post 1 Gebyrinntekter
- Post 80 Renter, TCM DA
- Post 70 Bidrag til kulturminnevern
- Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda
- SDØE – deltaking i utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel
- Mål for energieffektivisering i bygningar
Olje- og energidepartementet (OED) kjem i proposisjonen med:
framlegg til endringar i statsbudsjettet for 2012
bruk av fullmakt under petroleumsverksemda
SDØE-deltaking i utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel som tidlegare er behandla av Stortinget
oppmodingsvedtak om mål for energieffektivisering av bygningar.
Departementet foreslår følgjande endringar:
Kap. 1800 Olje- og energidepartementet
Det er foreslått ei tilleggsløyving på 2,5 mill. kroner i 2012. Nytt forslag til løyving er om lag 159,9 mill. kroner.
Kap. 1810 Oljedirektoratet
Det blir foreslått å redusere løyvinga knytt til Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeidsverksemd med 5 mill. kroner. Utgiftsreduksjonen motsvarer ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4810, post 2 Oppdrags- og samarbeidsverksemd. Nytt forslag til løyving er 457,1 mill. kroner.
Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Det blir foreslått å redusere løyvinga knytt til NVEs tilsyn med økodesigndirektivet med 2,5 mill. kroner. Utgiftsreduksjonen motsvarer ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820, post 1 Gebyrinntekter. Nytt forslag til løyving er 446,95 mill. kroner.
Kap. 1833 CO2-handtering
På bakgrunn av endringar som det er gjort rede for i proposisjonen angående fullskala CO2-handtering på Mongstad – Mongstad Steg 2, transport og lagring av CO2, CCS moglegheitsstudie og ekstern bistand er løyvinga foreslått redusert med totalt 333 mill. kroner. Nytt forslag til løyving er 617 mill. kroner. Disponibelt budsjett under posten, inkludert overførte midlar frå 2011, utgjer totalt om lag 725 mill. kroner for 2012.
Kjøp av forskingstenester er budsjettert til 697 mill. kroner i 2012, ein auke på netto 28 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett for 2012.
Det er anslått at staten sin del av driftskostnadene vil auke med 33 mill. kroner i forhold til det som vart lagt til grunn i revidert budsjett 2012.
Utgifter til nedbetaling av lånet er reduserte med 10 mill. kroner som følgje av at renta på lånet til TCM DA er redusert, jf. kap. 4833 post 80.
Endringane medfører ein netto auke i utgifter til meirverdiavgift på 5 mill. kroner.
Kap. 1870 Petoro AS
Løyvinga til arbeidet med unitiseringa av Johan Sverdrup-funnet blir foreslått redusert med 5 mill. kroner. Totalt er Petoro sin del av dette arbeidet rekna til å bli inntil 80 mill. kroner i perioden 2012–2014. Nytt forslag til løyving for 2012 er 35 mill. kroner.
Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
Grunnlaget for forslaget til nye løyvingar kjem frå ein oppdatert prognose for 2012 frå Petoro, som er basert på rekneskapsføring for inntekter og utgifter per 30. september 2012 og overslag for resten av året.
Endringane nemnde i proposisjonen fører til at kap. 5440 post 24, Driftsresultat, blir auka med 6 200 mill. kroner, frå 137 200 mill. kroner til 143 400 mill. kroner.
Endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE aukar med 6 600 mill. kroner, frå 136 400 mill. kroner til 143 000 mill. kroner.
Kap. 2490 NVE Anlegg
Endringar i underpostar for driftsinntekter og driftsutgifter fører ikkje til endring i driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490, post 24 i høve til gjeldande løyving for 2012.
Kap. 4810 Oljedirektoratet
Løyvinga blir foreslått redusert med 5 mill. kroner, og nytt forslag til løyving er 143,4 mill. kroner.
Posten er foreslått redusert med netto 75,6 mill. kroner. Nytt forslag til løyving er 518,4 mill. kroner.
Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Løyvinga er foreslått redusert med 2,5 mill. kroner, jf. tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 1820 post 1. Nytt forslag til løyving er 62,5 mill. kroner.
Kap. 4833 CO2-handtering
Renteinntekter frå TCM DA er rekna til 37 mill. kroner i 2012, ein reduksjon på 10 mill. kroner i høve til gjeldande budsjett 2012.
Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet
Det blir budsjettert med 2,4 mill. kroner i inntekter under posten i 2012.
Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytt til petroleumsverksemda, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2011–2012).
Det er i proposisjonen gjort greie for bruk av 2 slike fullmakter i 2012.
Departementet viser til at det ved ein inkurie i Prop. 85 S (2011–2012) Utbygging og drift av Martin Linge-feltet ikkje er inkludert ei eiga omtale av budsjettkonsekvensar for SDØE og eit eige romartalvedtak. Det er likevel i gjeldande budsjett for 2012 teke omsyn til budsjettkonsekvensane som følgje av plan for utbygging og drift av Martin Linge-feltet når det gjeld investeringskostnader, driftskostnader og kalkulatoriske renter som kjem til i år.
Olje- og energidepartementet har òg gått gjennom tidlegare proposisjonar som er sende Stortinget i utbyggingssaker tilbake til 1998. I dei utbyggingane der det har vore statsdeltaking er det inkludert ei omtale av budsjettkonsekvensar for SDØE i proposisjonen. Eit eksplisitt romartalsvedtak om at Stortinget samtykkjer i at SDØE kan delta i utbygginga er likevel utelate i Prop. 53 S (2011–2012) Utbygging og drift av Åsgard undervasskompresjon og Prop. 85 S (2010–2011) Utbygging og drift av Valemon. For desse prosjekta har det òg vore budsjettdekning innanfor gjeldande budsjett for SDØE-deltakinga i det året som Stortinget slutta seg til prosjektet.
Det er foreslått at Petoro AS, som rettshavar for SDØE, deltek i utbygginga av Martin Linge-feltet, Åsgard undervasskompresjon og Valemon, jf. forslag til vedtak II.
Ved behandlinga av Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk, fatta Stortinget følgjande vedtak:
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med et mål for energieffektivisering i bygg i løpet av 2012.»
Regjeringa legg i proposisjonen fram eit langsiktig mål for bustader og yrkesbygningar og talfester effekten av dei viktigaste tiltaka for å betre energieffektiviteten i bygningar fram til utgangen av 2020.
Regjeringa vil at bygg i framtida skal vere utforma etter beste praksis når det gjeld design, konstruksjon og drift. Regjeringa sitt overordna og langsiktige mål er at nye bygg skal vere berekraftige med eit lågt avtrykk på miljø i heile byggets levetid. Fram mot 2040 vil regjeringa leggje til grunn ei tenking for bygg der materialar, forbruk av energi og vatn, innemiljø, forureining, transport og avfall vert sett i ein heilskapleg samanheng. Regjeringa sin ambisjon er at energibruken i bygg per kvadratmeter skal vere vesentleg lågare i 2040 enn i dag.
Det vert vist til at det finst fleire ulike studiar som identifiserer eit potensial for energieffektivisering i eit slikt langsiktig perspektiv. Det er likevel knytt stor uvisse til desse. Regjeringa legg til grunn at frå 2010 til 2020 vil dei iverksette verkemidla gje ein effekt på 15 TWh energieffektivisering i bygg. I klimameldinga og i byggemeldinga har regjeringa gjort greie for tiltak som vil gjere dette mogleg. Fleire av desse verkemidla vil ha klart større effekt etter 2020. Dette gjeld mellom anna dei byggtekniske krava.
Regjeringa har ein offensiv politikk for energieffektivisering. Energibruken i bygningar er for ein stor del pålagt avgifter som gjer at prisen på energivarene til sluttbrukarane blir høgare enn produsentprisen. Grunngivinga for dei forskjellige avgiftene er ulik, men verknaden er uansett at lønsemda ved energieffektiviseringstiltak blir betre. I tillegg har regjeringa innført fleire reguleringar og støtteordningar for å oppnå energieffektivisering:
Byggteknisk forskrift (TEK) vart skjerpa i 2007 og 2010, og set ambisiøse krav til energieffektivitet i bygningar.
Enova og Husbanken er styrkt monaleg, og stimulerer til tiltak utover krava i TEK.
Det er sett krav til energieffektivitet for produkt.
Med bakgrunn i desse tiltaka meiner regjeringa det er realistisk å nå 15 TWh energieffektivisering. Verknaden av utviklinga i prisar og avgifter er halden utanom reknestykka som ligg til grunn for målet i 2020.
Det vert i proposisjonen vist til at regjeringa legg stor vekt på bruk av skattar og avgifter, og informasjon og rådgiving i miljø- og klimapolitikken. NVE har, på usikkert grunnlag, anslått energieffektiviseringa som kjem frå mindre vedlikehalds- og oppussingsarbeid til å vere om lag 3 TWh i perioden 2010–2020.
Det er nytta forskjellige metodar for å vurdere om regjeringa har ein politikk som gjer at 15 TWh energieffektivisering i 2020 er realistisk. Til dømes har departementet fått gjort vurderingar av effekten av byggteknisk forskrift ved å framskrive areal, og effektane av energieffektive produkt er framskrivne ved hjelp av talet produkt og hushald. 15 TWh energieffektivisering i bygningar i 2020 er etter regjeringa si vurdering ambisiøst, men realistisk.
Regjeringa har varsla at det vil komme nye tiltak for meir effektive bygningar framover, jf. behandlingsplanen for energieffektivisering i klimameldinga (Meld. St. 21 (2011–2012)):
«Regjeringa vil:
Skjerpe energikravene i byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringen vil senere fastsette bestemmelser som definerer passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Beslutning om kravnivå gjøres på bakgrunn av utredninger av samfunnsøkonomiske og helsemessige konsekvenser og kompetansen i byggenæringen.
Innføre komponentkrav for eksisterende bygg og klargjøre for hvilke byggearbeider og komponenter disse kravene skal gjelde, blant annet ut fra en vurdering av energieffekter og kostnader.(…)»
Departementet viser til at innføring av nye krav i 2015 vil ha liten effekt i sparte TWh i 2020. Innan 2040 vil derimot ein vesentleg del av bygga vere ført opp eller rehabilitert etter passivhus eller nesten nullenerginivå.
I 2007 oppretta regjeringa Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering. Fondet har i dag ein samla kapital på 25 mrd. kroner, noko som gir ein avkastning til Energifondet på om lag 996 mill. kroner per år. Regjeringa har no endra namnet på fondet til Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging, slik det vart lagt opp til i Klimameldinga. Det er lagt opp til å styrkje fondet med 25 mrd. kroner fram mot 2016. Samstundes er det frigjort midlar frå Energifondet etter at Enova avvikla støtteordninga til vindkrafta i samband med innføringa av elsertifikatordninga. I juni 2012 underteikna departementet og Enova ei ny avtale som inneber at satsinga på mellom anna energieffektivisering i bygningar blir stor i åra framover.
Regjeringa ser på energieffektivisering som eit element i arbeidet med energiomlegging, der både val av oppvarmingsløysingar og effektiv energibruk er viktige element.
Om ein skal rangere dei ulike verkemidla innbyrdes, vil avgiftene vere dei mest kostnadseffektive. Støtteordningar og standardar gir avgrensa rom for individuelle tilpassingar og blir rekna for å vere mindre kostnadseffektive verkemiddel.