Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2012.

Som følgje av lågare driftskostnader ved ordinære mottaksplasser er det forventa eit mindreforbruk på 40 mill. kroner under kap. 490 post 21 i 2012.

Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg belegg i mottak på 15 740, med 280 i mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar, jf. Prop. 111 S (2011–2012). Nyare prognosar viser at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 15 700, med 270 i mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Mindreutgifta som følgjer av dette knytt til drift av asylmottak, vert anslått til 7,07 mill. kroner.

Samla vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 21 med 47,07 mill. kroner.

Det er venta færre intervju som følgje av at dei nye prognosane anslår 500 færre asylsøkjarar i 2012 enn kva som tidlegare er lagt til grunn. Vidare har det i mindre grad enn forventa vore brukt tolk ved ankomstintervju. På denne bakgrunn vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 22 med 4 mill. kroner.

Det er venta eit meirforbruk på i underkant av 8 mill. kroner knytt til barnehagetilskot for 4- og 5-åringar. Vidare er det venta auka utgifter til alternativ mottaksplassering (AMOT) på om lag 6 mill. kroner. I tillegg er det venta lågare utgifter knytt til kompensasjon for talet på mottaksplassar og til særtilskot ved omsorgsovertaking og som følgje av redusert gjennomsnittsbelegg i mottak.

Samla vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 60 med 8,548 mill. kroner.

Det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak vert noko lågare enn det som er lagt til grunn for 2012, jf. omtale under kap. 490 post 21. Det gir eit venta mindreforbruk på om lag 1,3 mill. kroner under kap. 490 post 70. På grunn av endra samansetning av bebuarar i mottak er det eit ytterlegare forventa mindreforbruk på 8 mill. kroner.

Samla vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 70 med 9,255 mill. kroner.

På bakgrunn av forseinka framdrift i planlagde tiltak, er det venta eit mindreforbruk på posten. Løyvinga under kap. 490 post 72 vert difor i proposisjonen foreslått redusert med 3,5 mill. kroner.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 75 med 1,778 mill. kroner.

Nokre av utgiftene som er knytt til retur og tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 72 vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 1 med 3,5 mill. kroner.

Nokre av utgiftene som er knytt til retur og tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av forslag om auke i løyvinga under kap. 490 post 75 vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 3490 post 3 med 3,414 mill. kroner.

Nokre av utgiftene som er knytt til mottak for asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av at talet på asylsøkjarar som har budd meir enn eitt år i mottak har auka, og reduksjon i løyvinga under kap. 490 post 21 og post 70, vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 4 med 107,823 mill. kroner.

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår i proposisjonen å redusere løyvinga under kap. 491 post 1 med 1 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 491 post 21, jf. omtale under kap. 491 post 21. Dette gjer det mogleg å auke saksavviklinga i UNE i 2012.

På grunn av fleire nemndhandsamingar enn tidlegare lagt til grunn, er det venta eit meirforbruk på 1 mill. kroner under kap. 491 post 21. På denne bakgrunn vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 491 post 21 med 1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 491 post 1.