Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2012 under Nærings- og handelsdepartementet
Dette dokument
- Innst. 150 S (2012–2013)
- Kildedok: Prop. 26 S (2012–2013), kap. 5613
- Dato: 11.12.2012
- Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2012.
Som følgje av rentestrukturen på statspapira som dei nye låna til SIVA SF i 2012 er knytt opp til, er det grunnlag for å redusere renteinntektsløyvinga med 3,3 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet i proposisjonen framlegg om å redusere løyvinga med 3,3 mill. kroner, frå 29,5 til 26,2 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Lise Christoffersen, Håkon Haugli, Hilde Magnusson, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Morten Ørsal Johansen og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael Tetzschner, frå Sosialistisk Venstreparti, Aksel Hagen, frå Senterpartiet, Heidi Greni, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, handsamar i innstillinga det budsjettkapitlet som høyrer inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling og bolig, og har ellers ingen merknader.
Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2012 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Inntekter | |||
5613 | Renter frå SIVA SF | ||
80 | Renter, blir redusert med | 3 300 000 | |
frå kr 29 500 000 til kr 26 200 000 |
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 11. desember 2012
Aksel Hagen |
leiar og ordførar |