Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

I denne proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2012 i samsvar med punkt 1.1 nedanfor.

Stortinget vedtok i desember 2011 å opprette ei statleg eining som skulle forvalte ordninga med offentleg støtta eksportkredittar, jf. Prop. 34 S, Prop. 42 S og Innst. 138 S (2011–2012). Nærings- og handelsdepartementet inngjekk ein avtale med Eksportfinans ASA om ei overgangsordning fram til ei ny statleg eining var oppretta 1. juli 2012.

I samband med etableringa av overgangsordninga blei det oppretta ein ekstern kontrollfunksjon for låna under ordninga. Stortinget løyvde 6,5 mill. kroner til dette i samband med behandlinga av Prop. 111 S og Innst. 375 S (2011–2012). Overgangsperioden er avslutta, og det er utbetalt om lag 5,5 mill. kroner til å dekkje utgifter til kontrollfunksjonen.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 6,5 til 5,5 mill. kroner.

Brønnøysundregistra har hatt auka utgifter som følgje av mellom anna utgreiingsoppdrag og andre inntektsgjevande oppgåver enn det som låg til grunn i opphavleg løyving.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner, frå 322,6 til 331,6 mill. kroner, mot tilsvarande auking under kap. 3904, post 2.

Brønnøysundregistra har hatt auka utgifter og inntekter som følgje av fleire tenesteeigarar, fleire applikasjonar og oppdrag frå Skattedirektoratet i samband med nye versjonar av Altinn II.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 202,7 til 217,7 mill. kroner, mot tilsvarande auking under kap. 3904, post 3.

Skipsregistra og Sjøfartsdirektoratet blei slått saman 1. januar 2012. Ved samanslåinga gjekk dei tilsette i Skipsregistra inn i Sjøfartsdirektoratet si ordning der pensjonskostnadene fullt ut blir belasta arbeidsgjevar og dekkja av løyvinga under kap. 910, post 1. Sjøfartsdirektoratet vil såleis få auka utgifter til innbetaling av pensjon med om lag 1,1 mill. kroner i 2012, og Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner, frå 337,85 til 338,95 mill. kroner.

Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til anna valutakurs enn den som blei lagt til grunn i saldert budsjett. Samla utgjer valutakursjusteringane ei innsparing på om lag 5,6 mill. kroner. Samstundes har det vore justering i kontingentoppkallinga frå ESA i budsjettåret, noko som gir auke på om lag 14,2 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 8,6 mill. kroner, frå 131,5 til 140,1 mill. kroner.

Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og i amerikanske dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet, til andre valutakursar enn dei som blei lagt til grunn i saldert budsjett. Samla utgjer valutakursjusteringane ei innsparing på om lag 13,9 mill. kroner. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga av programmidlar frå ESA i 2012, noko som gir ei auke på om lag 34,6 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 20,7 mill. kroner, frå 333,8 til 354,5 mill. kroner.

Eurokursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som blei lagt til grunn i saldert budsjett. I 2012 har den norske innbetalinga til Galileo blitt nedjustert med om lag 5,9 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,9 mill. kroner, frå 103,5 til 97,6 mill. kroner.

Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og handelsdepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging av programma. Faktiske utbetalinar til Europakommisjonen har vore vesentleg lågare enn forventa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 9 mill. kroner, frå 35 til 26 mill. kroner.

I samband med etableringa av ei overgangsordning for eksportfinansiering, jf. omtale under kap. 900 post 22, inngjekk Nærings- og handelsdepartementet og Eksportfinans ASA ein avtale om at Eksportfinans ASA skulle leggje til rette og inngå låneavtalar på vegne av staten. Overgangsperioden er avslutta, og det er utbetalt om lag 77 mill. kroner under posten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 80 til 77 mill. kroner.

I samband med etableringa av ei overgangsordning for eksportfinansiering, jf. omtale under kap. 900, post 22, løyvde Stortinget 40 mrd. kroner i 2011 til lån under ordninga. Løyvinga blei gjort overførbar. Overgangsperioden er avslutta, og utbetalingane i perioden var på om lag 21,5 mrd. kroner. Av dette utgjorde utbetalingane i 2012 om lag 14,8 mrd. kroner. Ein syner til kap. 2429 post 90 for nærare omtale av låneutbetalingar i andre halvår 2012.

Dei samla utgiftene for 2012 vil venteleg bli om lag 26 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner, frå 25,7 til 26,0 mill. kroner.

Innlåna har blitt auka noko i 2012 ut over det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2012. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325 post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 450 mill. kroner, frå 42,1 til 42,55 mrd. kroner.

Regjeringa varsla i Meld. St. 22 (2011–2012) Verktøy for vekst – om Innovasjon Norge og SIVA SF, at ein etter ei samla vurdering ville fremme forslag om å overføre eigarskapet til Investinor AS frå Innovasjon Noreg til Nærings- og handelsdepartementet. Investinor AS blei oppretta som eit dotterselskap av Innovasjon Noreg for at dei bedriftsretta verkemidla skulle samlast og tilpassast brukarane. Dette har vist seg å ha mindre verdi, ettersom Investinor AS opererer uavhengig av Innovasjon Noregs andre aktivitetar. Vidare har styringsmodellen blitt komplisert etter at fylkeskommunane kom inn som deleigarar av Innovasjon Noreg i 2010. Det indirekte eigarskapet medfører òg at Investinor AS ikkje formelt er underlagt retningslinene for statleg eigarskap og leiarlønn.

Nærings- og handelsdepartementet gjer med dette framlegg om å overføre eigarskapet i Investinor AS frå Innovasjon Noreg til departementet i 2012. Nærings- og handelsdepartementet gjer òg framlegg om at den formelle overføringa, til kostpris på 2,2 mrd. kroner, og omklassifiseringa av eigarskapet i den statlege kapitalrekneskapen, blir gjort gjennom eige romertalsforslag, jf. Forslag til vedtak II.

Eksportkreditt Noreg AS har vært i verksemd sidan juli 2012. Selskapet forvaltar den nye statlege eksportkredittordninga på vegne av staten. Nytt anslag viser at Eksportkreditt Noreg AS vil gi fleire lån enn tidlegare antatt. Det mest sannsynlege anslaget for samla låneutbetalingar i andre halvår 2012 er no 12,8 mrd. kroner. Ein syner til kap. 934 post 90 for nærare omtale av låneutbetalingar i første halvår 2012.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,8 mrd. kroner, frå 10 til 12,8 mrd. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 0,15 mill. kroner, frå 57,1 til 57,25 mill. kroner.

Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2012. Dette gjeld særleg Lausøyreregisteret og meldingar om kapitalnedsetting til Føretaksregisteret som følgje av endringar i aksjelova.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 50 mill. kroner, frå 463 til 513 mill. kroner.

Løyvinga foreslås auka med 9 mill. kroner, frå 29 til 38 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904, post 1, jf. omtale over.

Løyvinga foreslås auka med 15 mill. kroner, frå 53,2 til 68,2 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904, post 22, jf. omtale over.

Forvaltninga av lån som er gitt frå staten under overgangsordninga for eksportfinansiering, jf. omtale under kap. 900, post 22, er overført til Eksportkreditt Noreg AS frå 1. juli 2012. Gebyrinntekter, avdrag og renteinntekter knytt til utlåna er budsjettert på dette kapitlet for første halvår 2012 og under kap. 5329 og 5629 for andre halvår 2012.

Overgangsperioden er avslutta, og det er innbetalt gebyr på om lag 9,8 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 8,8 mill. kroner, frå 1 til 9,8 mill. kroner.

Det vert gjort framlegg om å opprette ein inntektspost knytt til tilbakeføring av dei gjenverande midlane frå verdsutstillinga EXPO 2010. Dette gjeld overskotet etter avvikling og sal av Noreg sin paviljong.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på ny post 71 på 10 mill. kroner.

Overgangsperioden er avslutta, og det er innbetalt renter på om lag 76 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 84 til 76 mill. kroner.

Overgangsperioden er avslutta, og det er innbetalt avdrag på om lag 240 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 130 mill. kroner, frå 370 til 240 mill. kroner.

I statsbudsjettet for 2012 er det løyvd 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførde, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

Nærings- og handelsdepartementet inngjekk i 2011 tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.

Generalforsamlinga i Telenor ASA gav i mai 2011 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 5 pst. av eigne aksjar, tilsvarande 83 mill. aksjar. Etter at kapitalnedsettinga hadde trått i kraft fekk staten utbetalt eit vederlag på 2 323,6 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 54 pst.

Generalforsamlinga i Yara International ASA gav i mai 2011 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 5 pst. av eigne aksjar, tilsvarande om lag 14 mill. aksjar. Etter at kapitalnedsetjinga var sette i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 318,9 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 617,5 mill. kroner, frå 25 til 2 642,5 mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 900 mill. kroner, frå 41,9 til 42,8 mrd. kroner.

Nytt og betre anslag på gebyrinntekter under ordninga som Eksportkreditt Noreg AS forvaltar er 10 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner, frå 1 til 10 mill. kroner.

Nytt og betre anslag tyder på at avdragsinnbetalingane under ordninga vil bli om lag 880 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 320 mill. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 880 mill. kroner.

Som følgje av rentestrukturen på statspapira som dei nye låna til SIVA SF i 2012 er knytt opp til, er det grunnlag for å redusere renteinntektsløyvinga med 3,3 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,3 mill. kroner, frå 29,5 til 26,2 mill. kroner.

Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å justere løyvinga ned på grunn av lågare rentesatsar enn det som var lagt til grunn ved endring av løyvinga i revidert nasjonalbudsjett 2012.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 70 mill. kroner, frå 350 til 280 mill. kroner.

Nytt og betre anslag tyder på at renteinntektene vil bli på 274 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner, frå 278 til 274 mill. kroner.

I høve til inneliggande overslag for utbyte, som blei redusert til 12 302,635 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2012, er innbetalt utbyte frå selskapa 20 mill. kroner høgare. Dette skuldast endringar i utbyte frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, Mesta Konsern AS, Nammo AS, Entra Eiendom AS, Aker Kværner Holding AS og Norsk Eiendomsinformasjon AS.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 20 mill. kroner, frå 12 302,653 til 12 322,653 mill. kroner.