Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Lise Christoffersen, Håkon Haugli, Hilde Magnusson, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Morten Ørsal Johansen og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael Tetzschner, frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Aksel Hagen, frå Senterpartiet, Heidi Greni, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, meiner at alle kommunar og fylkeskommunar må prioritere å ha god styring av ressursane, både i kommunen si eiga verksemd og ved eigarskap til verksemd som er skilt ut i heil- eller deleigde selskap.

Komiteen meiner prinsipp for god eigarstyring er viktig i både privat og offentleg eigde selskap.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre, ser det som viktig å gjennomføre foreslåtte endringar i kommunelova og tilhøyrande forskrifter for å styrke rolla og drifta til kontrollutvalet.

Fleirtalet meiner at endringane som blir gjort i kommunelova, vil bidra til meir openheit og styrka eigenkontroll, og dermed også styrke tilliten til kommunane frå både innbyggjarane og staten.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at § 30 nr. 4 fastset at avgjersla om at eit møte skal haldast for lukka dører skal førast i møteboka og at heimelen for avgjersla går fram. Dette fleirtalet meiner dette òg bør gjelde for styret i kommunale føretak. Dette fleirtalet ynskjer difor ei tilvising til § 30 nr. 4 i § 29 nr. 4. Denne tilvisinga inneber at § 30 nr. 4 vil gjelde for eit kommunalt føretak si protokolleringsplikt etter § 68 nr. 9.

På denne bakgrunn gjer dette fleirtalet følgjande framlegg til endring i kommunelova:

Ǥ 29 nr. 4 skal lyde:

Bestemmelsene gjelder ikke for kommunale eller fylkeskommunale foretak, jf. kapittel 11. Bestemmelsene i §§ 30 nr. 4, 31, 31 a og 36 til 38 a kommer likevel til anvendelse.»

Dette fleirtalet ber regjeringa vurdere om det trengs ei presisering i lovverket om at kontrollutvalet si rapportering til kommunestyret eller fylkestinget om kva for forvaltningsrevisjonar som er gjennomførde og resultata av desse, skal skje årleg, jf. kontrollutvalsforskrifta § 11.

Dette fleirtalet ser at det i små kommunar kan være utfordrande å finna personer som er valbare etter § 77 nr. 2 til å sitje i kontrollutvalet. Fleirtalet ber regjeringa vurdere om tilsette i kommunen på visse vilkår bør være valbare til kontrollutvalet.

Dette fleirtalet er tilfreds med at Kommunal- og regionaldepartementet har sendt på høyring ei vurdering om teieplikta til kommunerevisorar skal mjukast opp (ref. høringsnotat om endringer i kommuneloven og offentleglova (innbyggerinitiativ, revisors taushetsplikt, utsatt offentlighet).

Komiteen ser behov for ein heilskapleg gjennomgang av kommunelova for å styrkje det kommunale sjølvstyret, og ber regjeringa kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet synest på generelt grunnlag at mange av framlegga i Prop. 119 L (2011–2012) er uproblematiske og utgjer korreksjonar til ulike lover.

Desse medlemene viser til, som regjeringa òg gjer i proposisjonen i kapittel 3.5.4, at mellom anna KS går inn for å utelukke leiarar og styremedlemer frå val til kontrollutvalet. Desse medlemene deler ikkje regjeringa sitt syn på at dette på avgjerande vis utelukkar «ei ny gruppe innbyggjarar frå val til kontrollutvalet». Desse medlemene meiner omgrepet «ubunden» avspeglar at ein ikkje har daglege bindingar til den delen av kommunal verksemd som vert teken opp, og at dette i små kommunar er viktig for å gje innbyggjarane innsyn i viktige lokale saker.

På denne bakgrunn gjer desse medlemene føljande framlegg:

«I kommunelova skal § 77 nr. 2 lyde:

Utelukket fra valg er ordfører, fylkesordfører, varaordfører, medlem og varamedlem av formannskap og fylkesutvalg, medlem og varamedlem av kommunal eller fylkeskommunal nemnd med beslutningsmyndighet, medlem av kommuneråd eller fylkesråd, medlem og varamedlem av kommunestyrekomité og fylkestingskomité etter § 10a, ansatte i kommunen eller fylkeskommunen, og ledere og styremedlemmer i kommunale selskap

Desse medlemene meiner openheit og innsyn er viktige demokratiske prinsipp. Desse medlemene støtter difor at også møte i interkommunale selskap og kommunale føretak skal vere opne, men meiner det finst tungtvegande grunner til å skilje mellom interkommunale selskap og kommunale føretak som driv med næringsverksemd og dei som ikkje gjer det.

På denne bakgrunn gjer desse medlemene følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa gjere dei nødvendige framlegg som avgrensar prinsippet om opne møte til bare å gjelde interkommunale selskap og kommunale føretak si handsaming av næringssaker.»

Elles er det etter desse medlemene si oppfatning lite gunstig at kommunar og fylkeskommunar driv kommersiell næringsverksemd.

Desse medlemene meiner kontrollutvala må få rammer slik at fleire forvaltningsrevisjonar blir bestilt. Desse medlemene meiner dette kan gjerast ved at føresegn om årleg forvaltningsrevisjon vert innskjerpa, slik at den no gjeldande ordlyden i forskrifta faktisk praktiserast. Desse medlemene viser mellom anna til forvaltningsrevisjonsregisteret som Norsk Kommunerevisorforbund (NKRF) driv i samarbeid med KS, og som viser at viktige forvaltningsområde sjeldan blir forvaltningsrevidert, noko som går ut over både nasjonale og lokale politiske målsettingar.

Ut frå kommunelovas § 77 nr. 6 skal kontrollutvalet rapportere om si verksemd til kommunestyre/fylkesting. Kontrollutvalet er bestillerorgan for forvaltningsrevisjon, og i kontrollutvalsforskriftens § 11 er utvalets rapporteringsplikt om forvaltningsrevisjon.

Desse medlemene gjer på denne bakgrunn føljande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa sjå til at krav om rapportering av forvaltningsrevisjon vert gjort årleg til kommunestyre eller fylkesting om kva forvaltningsrevisjonar som er gjennomførde og om resultata av desse.»

Desse medlemene meiner revisjonsmandatet til Riksrevisjonen og kommunal revisjon må samordnast. Desse medlemene viser til at på dei aller fleste velferdsområde er nivåa innanfor offentleg sektor avhengige av kvarandre. Desse medlemene meiner det er lite føremålstenleg at tenester som heng saman skal reviderast etter ulike prinsipp. Dagens skilnader kan føre til at verdien av styringsinformasjonen vert svekka, noko desse medlemene meiner skader legitimiteten.

Desse medlemene peiker på at på viktige velferdsområde er det utstrakt samhandling mellom kommunal og statleg sektor, til dømes fylkes- og riksvegar, Nav, og ikkje minst helsesektoren gjennom samhandlingsreforma. Desse medlemene meiner det er ulogisk at det skal leggjast andre faglege standardar til grunn for revisjon av ein riksveg enn for ein fylkesveg, når det er Statens vegvesen som gjer mykje av jobben.

Desse medlemene meiner teieplikta til kommunerevisorar må mjukast opp og samordnast med dei same prinsipp som gjeld for Riksrevisjonen. Desse medlemene viser til at ein kommunerevisor i dag har ei veldig streng teieplikt, som er nesten altomfattande og går mykje lenger enn føresegner om teieplikt for Riksrevisjonen. Desse medlemene merkjer seg at somme tolkar teieplikta for kommunens revisor til å omfatte også offentlege opplysingar og offentlege dokument. Desse medlemene meiner dette ikkje er høveleg for den offentlege debatten og kan skade lokaldemokratiet.

Desse medlemene gjer på denne bakgrunn følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa leggja frem dei nødvendige framlegga som justerer revisor si teieplikt i kommunelova slik at denne er meir i harmoni med dei prinsipp som gjeld for Riksrevisjonen.»

Desse medlemene ynskjer ei mindre streng føresegn om teieplikt, men er på same tid oppteken av å kvalitetssikra opplysingar før dei når det offentlege rom. Desse medlemene meiner difor at det bør innførast ei utsatt offentlegheit for revisors høyringsutkast, og at kommunens administrasjon har rett til å uttale seg innan endeleg rapport leggjast fram. Desse medlemene visar til at høyringsutkast i dag ikkje er unnateken offentlegheit på kommunen si hand, slik Riksrevisjonens høyringsutkast er når dei sender sine rapportar på høyring. Desse medlemene meiner at rapporter frå kommunens revisorar bør handsamast etter same prinsipp som gjeld for rapporter frå Riksrevisjonen, og visar til lov om riksrevisjonen § 18 andre ledd.

Desse medlemene meiner kommunale revisjonsrapportar bør handsamast på same vis som i staten ved at det innførast utsatt offentlegheit for høyringsutkast, og gjer på denne bakgrunn følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa fremje dei nødvendige framlegg om å innføre utsatt offentlegheit for høyringsutkast.»

Medlemene i komiteen frå Høgre viser til at framlegga i denne proposisjonen i hovudsak kan delast inn i to. Den eine, sjølve innhaldsdelen om avgrensingar i høvet til å finansiere med lån når investeringa gjev rett til momskompensasjon, og ein del som i hovudsak gjeld føresegner som regulerer eigenkontrollen i kommunane, og har sin bakgrunn i den nemnde arbeidsgrupperapporten.

Desse medlemene støttar presiseringa i proposisjonen av at ein ikkje skal kunne låne opp momsandelen på investeringsprosjekt, fordi det i realiteten vil bety å omgå forbodet mot å låne til drift. For desse medlemene er det lokale sjølvstyret viktig, og sjølv om mange av forslaga kan vere gode isolert sett, er dette føresegner kommunane sjølve kan vedta. Ein ser òg at kommunane allereie i dag klarar å regulere desse forholda sjølve, innanfor eksisterande lovverk. Organisasjonsforma med kommunale føretak er søkt tilpassa meir forretningsprega verksemd, og føretaket bør difor ha tilnærma same rammevilkår som eventuelle private konkurrentar. Desse medlemene vil derfor ikkje støtte regjeringa sitt forslag til endringar i kommunelova §§ 17 nr. 2 tredje punktum, 17 nr. 3 første punktum og 77 nr. 2.

Desse medlemene meiner difor at det er riktig å halde fast ved eksisterande ordning med lukka styremøte, med mindre kommunestyret har fastsett noko anna i vedtekta. Ei formell opning kan medføra større grad av faktisk lukking, ved at aktørane føretek det dei meiner er naudsynte samtalar og gjer avtalar før møte. Desse medlemene meiner difor ein av omsyn til å sikra maktspreiing ikkje treng lovfesting av dei tiltaka som no er foreslått i delen om nye lokale reguleringar.

Desse medlemene ynskjer å gje uttrykk for offentlegheit som prinsipp for interkommunale selskap, fordi dei er å finne på eit område som ligg utanfor kommunen. Kommunane har her delegert myndigheit ut av kommunen, til utanforståande. Veljarane, gjennom sjølvsyn eller presse, må ha innsyn i korleis vedkommande kommune opptrer i det interkommunale selskapet.