3. Programkategori 21.20 Luftfartsformål
Nye kontraktar for drift av regionale flyruter tok til å gjelde 1. april 2012. Prognosane viser no at løyvingsbehovet vil bli lågare enn tidlegare lagt til grunn. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1310 Flytransport, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, med 15 mill. kroner.
Inntektene frå m.a. sertifisering av fly har blitt lågare enn rekna med. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4313 Luftfartstilsynet, post 1 Gebyrinntekter, med 10 mill. kroner.
Departementet foreslår, på grunn av lågare rentenivå, å redusere løyvinga på kap. 5619 Renter av lån til Oslo lufthavn AS, post 80 Renter, med 3,5 mill. kroner.
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.