1. Sammendrag
- 1.1 Innleiing
- 1.2 Bakgrunn
- 1.3 Låneverksemda i Husbanken i 2012
- 1.4 Økonomiske konsekvensar
- 1.5 Framlegg om endringar
Kommunal- og regionaldepartementet gjer framlegg om å auke låneramma i Husbanken i 2012.
I proposisjonen blir det vist til at Husbanken skal supplere kredittmarknaden og gje lån til føremål som er samfunnsøkonomisk og fordelingspolitisk ynskjelege.
Det blir vidare vist til at låneramma er på 15 mrd. kroner i 2012. På bakgrunn av den høge etterspurnaden etter lån frå Husbanken i 2009 til og med 2011, bad fleirtalet i kommunal- og forvaltingskomiteen regjeringa følgje situasjonen nøye og kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av trongen for auka låneramme i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012, jf. Innst. 16 S (2011–2012). Då revidert nasjonalbudsjett blei handsama, var det for tidleg å seie noko sikkert om talet på søknader om lån i Husbanken.
Det blir i proposisjonen peikt på at ei tilstrekkeleg ramme vil gjere Husbanken i stand til å gje fleire lån slik at byggjenæringa kan byggje bustader med gode kvalitetar og gjere det mogleg å byggje fleire nye bustader i åra som kjem.
I proposisjonen blir det vist til at Husbanken gjev grunnlån til utbetring, oppføring og kjøp, startlån og lån til barnehagar.
Grunnlånet skal bidra til å fremje viktige bustadkvalitetar som universell utforming og energisparing i nye og eksisterande bustader. Pr. 31. august 2012 er det gjeve om lag 7 mrd. kroner i grunnlån. Den høge etterspurnaden etter grunnlån har mellom anna samanheng med ein stor aktivitet i byggsektoren i 2012 og låg rente. Den største delen av rammeauken vil difor bli nytta til å dekkje den store etterspurnaden etter grunnlån.
Startlån blir gjeve for å hjelpe dei som slit med å etablere seg i eigen bustad. Det er venta at Husbankens strategiske kommunesatsing vil auke etterspurnaden etter startlån. Pr. 31. august 2012 er det gjeve om lag 5,7 mrd. kroner i startlån.
Lån til barnehagar blir gjeve til bygging av nye barnehageplassar som er privat eigde. Pr. 31. august 2012 er det gjeve om lag 0,8 mrd. kroner i barnehagelån.
Samla sett er lån på om lag 13,5 mrd. kroner belasta låneramma til Husbanken pr. 31. august 2012. Samstundes ligg det søknader på vent på om lag 6,7 mrd. kroner. I tillegg vil det fortsette å kome inn søknader i 2012.
Det blir i proposisjonen vist til at for å leggje til rette for framleis høg låneverksemd i 2012, blir det gjort framlegg om å auke låneramma med 5 mrd. kroner, frå 15 mrd. kroner til 20 mrd. kroner.
Det blir i proposisjonen vist til at det ikkje er venta endringar i tap på utlån i 2012 og 2013 som følgje av auka låneramme. Det er på bakgrunn av framlegget om auka låneramme i 2012 trong for å endre løyvingane på følgjande kapittel og postar i 2012.
Det blir i proposisjonen vist til at det i budsjetteringa av utbetaling av husbanklån blir lagt til grunn ein utbetalingsprofil som går over fire år.
Ei auka låneramme vil først kunne bli disponert etter at Stortinget har fatta eit vedtak. Innanfor den auka låneramma blir det lagt til grunn at færre tilsegn vil bli utbetalte i 2012 enn normal utbetalingsprofil skulle tilseie. For auken på 5 mrd. kroner er det anslått at 5 pst. av tilsegna blir utbetalte i 2012 og 63 pst. i 2013. Den største budsjetteffekten kjem difor i 2013. Føresetnadene for utbetaling tredje og fjerde år og fråfall er dei same som for låneramma i saldert budsjett 2012.
Det er berekna at det er trong for å auke løyvinga på posten med 250 mill. kroner i 2012 på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kroner.
Posten er i revidert nasjonalbudsjett for 2012 budsjettert med 9 714 mill. kroner. Det er berekna at innbetaling av avdrag vil auke med om lag 1 mill. kroner på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kroner.
Posten er i revidert nasjonalbudsjett for 2012 budsjettert med 3 862 mill. kroner. Det er berekna at renteinntektene vil auke med om lag 1 mill. kroner på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kroner.
Regjeringa gjer framlegg om å auke låneramma i Husbanken med 5 mrd. kroner i 2012, frå 15 mrd. kroner til 20 mrd. kroner, jf. framlegg om endra løyvingar og framlegg til romartalsvedtak.
På bakgrunn av framlegget om å auke låneramma gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga for 2012 på kap. 2412 post 90 Lån frå Husbanken med 250 mill. kroner til 16 382 mill. kroner og på kap. 5312 post 90 Avdrag med 1 mill. kroner til 9 715 mill. kroner. Regjeringa gjer òg framlegg om å auke løyvinga på kap. 5615 post 80 Renter med 1 mill. kroner til 3 863 mill. kroner.