Brev fra Miljøverndepartementet v/statsråden til energi- og miljøkomiteen, datert 6. mars 2012

Representantforslag 61 S (2011-2012)

Eg viser til brev 6. mars frå Energi- og miljøkomiteen med Representantforslag 61 S (2011-2012) frå stortingsrepresentantane Trine Skei Grande og Borghild Tenden om klimatiltak i Noreg.

Regjeringas klimapolitikk er gitt i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Politikken er breidt forankra i Stortinget gjennom Avtalen om klimameldinga mellom regjeringspartia og Høgre, Kristeleg folkeparti og Venstre frå januar 2008.

Klimaforliket har lagt til grunn at det er realistisk ha som mål redusere norske utslepp med 15 – 17 millionar tonn CO2-ekvivalenter (tilsvarande om lag 2/3 av den samla målsettinga om 30 prosent reduksjon) samanlikna med utslippsframskrivingane for 2020 i Nasjonalbudsjettet 2007, nr opptak av CO2 i norsk skog er medrekna, jf. Innst. S. nr. 145 (2007 – 2008). Måloppnåing var blant anna basert på tiltaksanalysar frå Statens forureiningstilsyn frå 2007, dei sektorvise klimahandlingsplanane samt eksisterande bruk av verkemiddel.

Om verda ikkje reduserer utsleppa av klimagassar dei næraste åra aukar risikoen for at vi vil oppleve alvorlege konsekvensar av klimaendringane. Klimapolitikken er viktig og det har stor betyding for framtida kva resultat vi oppnår. Om ein ikkje lukkar gapet mellom mål og handling vil klimaendringane bli alvorlege.

Derfor vil klimapolitikken også i framtida vere sentral for denne regjeringa. Noreg skal vere eit føregangsland i klimapolitikken og ein pådrivar i arbeidet for ein ny og meir ambisiøs internasjonal klimaavtale med bindande føresegner.

Klimaforliket byggjer blant anna på prinsippet om at forureinar betaler og at klimapolitikken skal gi størst mogleg utslippsreduksjon for innsatsen, og utslippsreduksjonar både i Noreg og i utlandet.

Noreg har i mange år hatt ein ambisis klimapolitikk. I internasjonal samanheng har Noreg og andre nordiske land lenge hatt ein sterk verkemiddelbruk. Klimatiltak satt i verk etter 1990 blir ansltt ha redusert utsleppa av klimagassar med 11-14 millionar tonn CO2-ekvivalenter i 2010 og 13-17 millionar tonn CO2-ekvivalenter i 2020. I tillegg bidreg Noreg til utslippsreduksjonar i utlandet gjennom ei rekkje tiltak.

Det er varsla at Regjeringa vil leggje fram ei ny klimamelding for Stortinget frå sommaren. Den komande meldinga vil innehalde ei vurdering av klimapolitikken og behov for endra verkemiddel.

Representantane har lagt fram ein omfattande gjennomgang av klimapolitikken og føreslått konkrete tiltak. Eg takker for dette bidraget. Vi har merka oss representantane sine vurderingar og forslag.