Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.1 Bakgrunn

Det er to føremål med proposisjonen. For det fyste å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp eit nytt investeringsprosjekt for framskaffing av pansra køyrety til Hæren. For det andre å orientere Stortinget om etableringa av Forsvaret sitt operative hovudkvarter på Reitan.

Hærens to mekaniserte manøverbataljonar skal vidareutviklas og styrkjast, éin i Troms og éin i Øster-dal garnison. Bataljonane skal løyse oppdrag aleine eller som manøverbataljonar i ein brigadeoperasjon. Ved etablering av to likeverdige og tilgjengelege mekaniserte bataljonar dannar desse kjernen i kvar si bataljonstridsgruppe. Ei slik vidareutvikling vil auke tilgjengelegheiten av Hæren og dermed auke Forsvaret si evne til å bidra med brigadekapasitetar.

For å kunne klare å vidareutvikle og styrkje dei mekaniserte manøverbataljonane som nemnd over, er mellom anna nytt og oppgradert materiell ein vesentleg føresetnad.

Målsettinga med prosjektet er å fornye Hæren sine manøverbataljonar ved å tilføre auka kapasitetar og dekkje opp for eksisterande manglar av middels-tunge panservogner og oppklaringskøyrety. Prosjektet skal difor framskaffe stormpanservogner og varian-tar av støttevogner til Hæren.

Prosjektet går ut på å gjenbruke og oppgradere eksisterande 103 stk. stormpanservogner, vidare å framskaffe stridsleiingspanservogner, stormingen-iørpanservogner og ei multirollevogn. Prosjektet skal levere 74 stormpanservogner, 15 stridsleiingsvogner, 16 stormingeniørvogner og 16 multirollevogner. Multirollevognene kan fylle fleire funksjonar, til dømes som bombekastar- eller logistikkvogn.

Det er eit behov for å framskaffe 21 oppklaringskøyrety. Framskaffingane i denne delen av prosjektet vil verte gjennomførde med ombygging av pansra køyrety av typen CV-90. Det skal i tillegg framskaffast mellom anna små ubemanna luftfarty, fjernstyrde våpenstasjonar og kommunikasjonssystem.

Hovuddelen av materiellet vil verte framskaffa frå utanlandske leverandørar. I tråd med Forsvarsdepartementet sine retningsliner for industrielt samarbeid ved kjøp frå utanlandske leverandørar er det òg for dette prosjektet kravd gjenkjøp/industrisamarbeid for 100 pst. av verdien av kontrakten.

På område som sensorar, kommunikasjon-, kommando- og kontrollsystem er det planlagd at prosjektet sine leveransar i hovudsak skal bestå av materiell frå norske leverandørar.

Den tilrådde kostnadsramma (post 45) for prosjektet er 9 345 mill. kroner medrekna ei avsetjing for usikkerheit. Gjennomføringskostnadene (post 1) for prosjektet er venta å bli 224 mill. kroner.

Ved handsaminga av Innst. S. nr. 318 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 48 (2007–2008), vedtok Stortinget å leggje ned Forsvaret sitt fellesoperative hovudkvarter (FOHK) på Jåtta og Landsdelskommando Nord-Noreg (LDKN) på Reitan og etablere Forsvaret sitt operative hovudkvarter (FOH) på Reitan. I St.prp. nr. 48 (2007–2008) vart det gjort greie for dei økonomiske konsekvensane av tiltaket, inkludert det samla investeringsbehovet knytt til etableringa av FOH. Investeringsbehovet vart anslått til ca. 452 mill. 2008-kroner. Samlinga til eitt hovudkvarter på Reitan vart berekna til å gje ei årleg driftsmessig innsparing på ca. 91 mill. 2008-kroner. Tiltaket hadde ei berekna positiv noverdi på 526 mill. kroner i eit 20-årspers-pektiv. Etter Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 370 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 70 (2008–2009), vart investeringsbehovet auka til ca. 485 mill. 2009-kroner. FOH vart offisielt opna 21. august 2009.

Etableringa av FOH er i all hovudsak ferdigstilt. Etableringa er venta gjennomført innanfor godkjent kostnadsramme, basert på investeringsbehovet som vart lagt til grunn for vedtaket, justert for årleg prisendring og tillegg for avsetjing til usikkerheit. Driftsinnsparingane er føresett å kome hovudsakeleg i 2013 og utover.