9. Bruken av nynorsk i kommunane
Det overordna målet for regjeringas språkpolitikk er å sikre det norske språket sin posisjon som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg, jf. St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. For å få til eit meir systematisk arbeid for å styrkje nynorsk språk og den nynorske skriftkulturen på brei basis, er det m.a. naudsynt å rette merksemda mot språk og språkbruk i kommunar og fylkeskommunar.
Fjell kommune vann prisen Årets nynorskkommune på 100 000 kroner i 2011. Kommunal- og regio-naldepartementet vil også i 2012 dele ut denne prisen på 100 000 kroner til beste nynorskkommune.
Komiteen har ingen merknader.