Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Oppgavefordelig mellom skatteetaten og arbeids- og velferdsetaten

Skatteetaten og arbeids- og velferdsetaten (Nav) har eit felles, men ikkje overlappande, ansvar for å sikre inntekter til folketrygda ved fastsetjing og innkrevjing av trygdeavgift. Gjennomgang av dagens praksis viser at det ikkje er samsvar mellom den faktiske oppgåvefordelinga mellom dei to etatane og den rettslege reguleringa. Departementet foreslår difor å endre folketrygdlova §§ 24-1 og 24-2. For å leggje til rette for ei føremålstenleg og effektiv overføring av oppgåver, foreslår departementet ein forskriftsheimel i lova, med nærmare regulering av oppgåvefordelinga i forskrift. Samstundes foreslår ein å oppheve skatteetatens plikt til å berekne pensjonspoeng. Vidare foreslår ein at skatteetaten ikkje skal gi opplysningar om opptening av pensjonsrettar i skatteoppgjøret, men i staden vise til Nav sine tenester der den trygda kan få korrekte opplysningar.

Ein viser til forslag til endringar i folketrygdlova § 24-1 og oppheving av folketrygdlova § 24-2, samt til endra tilvisingar i § 24-4 og § 24-5.

Departementet legg til grunn at forslaget til endringar i folketrygdlova kapittel 24 ikkje vil ha vesentlege økonomiske eller administrative verknader. Forslaget er i hovudsak ei teknisk endring ved at ein flyttar reguleringa av oppgåvene til skatteetaten og arbeids- og velferdsetaten frå lov til forskrift. Ein foreslår at lovendringane trer i kraft straks. Det kan likevel, i skatteoppgjeret for inntektsåret 2011 og i endringsoppgjer for tidlegare år, vere mindre grunn til å endre innhaldet om pensjonspoeng.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.