Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Treprosentregelen i fritaksmetoden anvendt på utdeling fra deltakerlignet selskap

Treprosentregelen inneber at 3 pst. av visse inntekter som er fritekne for skatt under fritaksmetoden, likevel tas til inntekt. Inntektsføringa inneber ein sjab-longmessig reversering av frådrag for kostnader knytt til ervervet av dei fritekne inntektene.

Frå 1. januar 2012 gjeld inntektsføring etter treprosentregelen ved utdeling frå deltakarlikna selskap, dvs. selskap kor overskotet vert skattlagd hos deltakaren etter ein nettolikningsmetode og ikkje hos selskapet sjølv. Ved fastsetjinga av berekningsgrunnlaget for inntektsføringa av utdelingar frå slike selskap, skal det gjerast eit frådrag som tilsvarar skatten på overskotsandelen som selskapsdeltakaren er ilikna ved nettolikninga. Ei slik fortolking fremjar skattemessig likebehandling mellom utdeling frå deltakarlikna selskap og utbytte frå aksjeselskap. Finansdepartementet foreslår her at denne fortolkinga vert presisert i lovteksten.

Presiseringa er i samsvar med gjeldande fortolking av regelen og vil såleis ikkje ha administrative eller økonomiske konsekvensar. Departementet foreslår at endringa får verknad frå og med inntektsåret 2012.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.