3. Saksbehandlingsregler i eiendomsskattesaker mv.
Departementet foreslår nye reglar for sakshandsaming i saker om eigedomsskatt, i tillegg til ei lovteknisk endring av takseringsreglane. Gjeldande sakshandsamingsreglar for eigedomsskatt er særs mangelfulle, og difor trengst det nye slike reglar. I Ot.prp. nr. 77 (2005–2006) varsla Finansdepartementet ein gjennomgang av reglane om sakshandsaming og klage i eigedomsskattesaker. Eit forslag om nye reglar for sakshandsaming blei sendt på høyring 15. november 2010, med frist for merknader den 12. februar 2011. Departementet foreslo at forvaltningslova stort sett skal gjelde i eigedomsskattesaker, men med nokre unntak.
Departementet foreslår som eit utgangspunkt at forvaltningslova skal gjelde for handsaming av eigedomsskattesaker. Dette gjeld mellom anna reglane om habilitet, dei generelle reglane for sakshand-saming i forvaltningslova kapittel 3 (rettleiing, utgreiing, rett til å bruke advokat mv.), varsel og innsyn mv.
Departementet har vurdert kva for unntak som bør gjelde frå forvaltningslova. Departementet foreslår at teieplikta skal følgje reglane i likningslova istadenfor reglane i forvaltningslova. Retten til å få dekka sakskostnader skal òg følgje reglane i likningslova. For vedtak om takst og overtakst foreslår departementet at kravet til innhaldet i grunngjevinga i forvaltningslova § 25 blir erstatta av eit krav om «stutt grunngjeving». Departementet foreslår òg eit unntak frå kravet om grunngjeving for den årlege utskrivinga av eigedomsskatt. Departementet foreslår å innføre ein særskild habilitetsregel som inneber at medlem i formannsskapet ikkje kan delta i eigedomsskattenemnder. Departementet foreslår òg eit unntak frå forvaltningslova § 11 d andre ledd, om å skrive ned observasjonar tenestemenn gjer når dei er med på synfaring i samband med taksering av eigedomen. Departementet foreslår særskilde klagereglar for eigedomsskattesaker. Ei kommunal klagenemnd skal avgjere alle eigedomsskatteklager, med mindre eigedomsskattekontoret rettar vedtaket. Klagefristen skal vere seks veker frå utsending av skattesetelen, etter mønster frå reglane i likningslova. Departementet foreslår at klage over taksten kan bli fremja kvart år i samband med utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlaget tidlegare år.
Departementet foreslår å endre dei gjeldande reglane om retting i eigedomsskattelova. Departementet foreslår at retting til ugunst for skattytar som hovudregel må skje innan 1. mars året etter utskrivinga av eigedomsskatt. For feil som følgje av at skattytar har brote plikten til å gi opplysningar eller medverke til takseringa, og for retting til gunst for skattytar, foreslår departementet at fristen for omgjering er tre år frå utgangen av skatteåret. Dette svarar til den allmenne foreldingsfristen på tre år. Departementet foreslår at reglane i likningslova skal gjelde for omgjering av skattetakstane for kraftanlegg. Departementet foreslår ei særskild regulering av omgjering av takstvedtak framover i tid.
Ifølgje eigedomsskattelova § 23 gjeld likningslova § 11-1 nr. 4 og 5 og skattebetalingslova § 17-1 fjerde og femte ledd på tilsvarande vis for søksmål og tvistar for tingretten i sak om tvangsfullføring og mellombels sikring av eigedomsskatt. Departementet foreslår ingen endringar i desse reglane for skattytar, men foreslår ei tilsvarande søksmålsfrist for kommunen. Søksmålet skal då bli retta mot leiaren av klagenemnda.
Departementet foreslår å innføre ei plikt for eigar av fast eigedom til å gi opplysningar og medverke ved taksering i samband med utskriving av eigedomsskatt, samt at skattytar ikkje kan motsetje seg nødvendig fotografering av eigedomen i samband med takseringa.
Departementet drøftar kvifor det ikkje blir foreslått å gi kommunar rett til innsyn og klage ved fastsetjing av skattegrunnlaget for kraftanlegg.
Departementet foreslår ei lovteknisk opprydding i lovføresegner om fastsetjing av skattetakstane. Departementet meiner det bør framgå av eigedomsskattelova at kommunal taksering er hovudregelen, og at reglane om fastsetjing av skattegrunnlaget for kraftverk er ein unntaksregel. Departementet foreslår difor å ta inn reglane i byskattelova §§ 4 og 5 i eigedomsskattelova, utan at det skal skje ei realitetsendring av gjeldande rett.
Departementet legg til grunn at dei økonomiske og administrative følgjene av forslaget er små. Forslaget gjer at kommunane og skattytarane vil få eit klårare regelverk å halde seg til når det gjeld utskriving av eigedomsskatt. Både kommunar og skatt-ytarar er vane med at forvaltningslova regulerer sakshandsaminga på ei rekkje område. Mange av prinsippa i forvaltningslova har dessutan vore gjeldande rett i eigedomsskattesaker på ulovfesta grunnlag.
Kommunen kan få meir arbeid og auka kostnader som følgje av forslaget. Samstundes kan kommunen ha føremon av at regelverket blir klårare og meir formålstenleg. Klageadgangen aukar, men det er uklårt i kor stort mon den vil bli brukt. Dessutan har mange kommunar allereie opna for klager i andre saker enn der klageretten er lovfesta. Med bakgrunn i dette legg departementet til grunn at overgangen til nye sakshandsamingsreglar i hovudsak, og i alle fall etter ei tid, vil innebere eit enklare regelverk og lettare arbeid for partane. Departementet legg til grunn at forslaget ikkje vil gi utslag i provenyet frå eigedomsskatten.
Departementet føreset at kommunane skal få tid til å områ seg før endringane blir sett i verk. Eigedomsskatten for skatteåret 2012 er som hovudregel allereie skrive ut, jf. eigedomsskattelova § 14. Departementet foreslår difor at forslaget skal gjelde for utskriving av eigedomsskatt frå og med eigedomsskatteåret 2013.
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre merker seg at regjeringen har foretatt en grundig gjennomgang av saksbehandlingsreglene i eiendomsskattesaker, men uten at man har benyttet denne muligheten til å komme tilbake til Stortinget med en gjennomgang av problematikken rundt maskiner og lett flyttbart utstyr. Disse medlemmer viser til Representantforslag 126 S (2010–2011) og behandlingen av dette. Problemstillingen med at maskiner og lett flyttbart utstyr inkluderes i eiendomsskattegrunnlaget brer om seg og påfører mange industribedrifter en svært tung belastning. Eiendomsskatten forsterker dermed utfordringene konkurranseutsatt industri må leve med og virker negativt inn på bedriftenes evne til å investere for framtiden. Det er motsatt resept av hva Norge må foreskrive for å kunne beholde slik virksomhet i Norge. Disse medlemmer hadde forventet at regjeringen kom med avklaring rundt disse spørsmålene når man allerede har brukt mye ressurser på en gjennomgang av saksbehandlingsreglene for eiendomsskatter.
Disse medlemmer merker seg også at departementet etter høringsutkastet ble presentert har svekket skattyters sikkerhet når det gjelder dekning av sakskostnader og klagebehandlingen (proposisjonens punkt 3.5.8 og 3.5.9). Disse medlemmer mener at forvaltningsloven også burde vært gjort gjeldende for dekning av saksomkostninger og tror at en ved klage ville være tjent med noe annet enn et lokalt organ til å behandle klagen.