2. Skattlegging ved uttak av eiendeler og forpliktelser fra norsk beskatningsområde
Ved lov 12. desember 2008 nr. 99 blei det, med verknad frå og med 7. oktober 2008, vedteke generelle lovføresegner om skattlegging av latente ge-vins-tar ved uttak av eigedelar og skyldnader frå norsk skattleggingsområde. Ein viser til skattelova § 9-14, jf. § 14-27 og Ot.prp. nr. 1 (2008–2009) kapittel 8.
Dei gjeldande reglane om skattlegging ved uttak av enkeltobjekt frå norsk skattleggingsområde går ut på at latent gevinst på ein eigedel eller skyldnad som mister tilknyting til norsk skattleggingsområde skal skattleggjast som om eigedelen eller skyldnaden var realisert. Reglane skil mellom på den eine sida fysiske driftsmiddel, finansielle eigedelar og skyldnader, og på den andre sida immaterielle eigedelar og objekt meint for omsetnad.
For fysiske driftsmiddel, finansielle eigedelar og skyldnader kan skattytaren krevja at skattebetalinga skytast fram til tidspunktet for faktisk realisasjon. Det skal ikkje svarast renter av skattebeløpet, men i somme høve må skattytaren stille sikkerheit for beløpet. Vidare vil skatten falle bort dersom objektet ikkje er faktisk realisert innan fem år etter uttaksåret. Verdifall i tida fram til faktisk realisasjon vil redusere skatten motsvarande.
For immaterielle eigedelar og objekt meint for omsetnad må skatten betalast med ein gong, utan høve til utsetjing, og skatten vil ikkje bli redusert ved eventuell seinare verdireduksjon. Skatten for desse eigedelane vil heller ikkje falle bort dersom objektet ikkje er faktisk realisert innan fem år etter uttaksåret.
Departementet gjer framlegg om fleire endringar i reglane om utsett skattebetaling for fysiske driftsmiddel, finansielle eigedelar og skyldnader, jf. punkt 2.2 i proposisjonen. Ein foreslår at det skal svarast renter av skattebeløpet for tida fram til betaling. Skattytarane må også utan unntak stille sikkerheit for skattebeløpet. Tidsfristen for faktisk realisasjon (femårsfristen) skal etter forslaget falle bort, slik at betalingsutsetjinga, med krav om renter og sikkerheit, skal vare ved fram til tidspunktet for faktisk realisasjon, utan omsyn til når dette hender. Skattytarar som høyrer heime utanfor EØS, skal ikkje lenger ha rett til utsett skattebetaling i noko tilfelle. I samanheng med innstrammingane foreslår ein også enkelte tilpassingar i reglane knytt til frådrag for tap, frådrag (kredit) for gevinstskatt til utlandet, fritaksmetoden for skattlegging av aksjeinntekter o.a. og inntaksverdi for objekt som på nytt takast inn i norsk skattleggingsområde.
Dei nemnde endringane har dels samanheng med utviklinga i EU- og EØS-retten, mellom anna EU-domstolens avgjerd av 29. november 2011 i sak C-371/10 National Grid Indus. Avgjerda er omtalt under punkt 2.2.3 og 2.2.4 i proposisjonen.
Departementet foreslår også enkelte klårgjeringar i lovføresegnene om skattlegging av latente gevinstar ved uttak av eigedelar og skyldnader frå norsk skattleggingsområde, jf. punkt 2.3 i proposisjonen. Ein foreslår at det tas inn ei føresegn i skattelova § 9-14 andre ledd, som gjer det klårt at som uttak reknes tilfelle der ein eigedel i eit underliggjande deltakarlikna selskap mister si tilknyting til norsk skattleggingsområde. I tillegg foreslår ein ei klårgjering av at opprekninga av uttakstilfella i skattelova § 9-14 andre ledd ikkje er meint å være uttømmande.
For ikkje å komplisere overgangen til den nye ordninga for utsett skattebetaling ved uttak frå norsk skattleggingsområde foreslår departementet at endringane gjennomgåande berre skal ha verknad for uttak som blir gjennomført frå og med datoen for framlegget av proposisjonen, det vil seie frå og med 15. mai 2012. Endringane bør få verknad med ein gong, for å hindre tilpassingar til endringane, ved at objekt takast ut av norsk skattleggingsområde før endringane får verknad. Ingen av forslaga skal få verknad med omsyn til objekt som er tatt ut av norsk skattleggings-område før 15. mai 2012. Retten til skattebetalingsutsetjing fell bort mellom anna ved faktisk realisasjon av objektet som er tatt ut av norsk skattleggingsområde. Etter den føreslåtte iverksettingsregelen vil konsekvensane av slike disposisjonar, mellom anna plikta til å betale opparbeidde renter på skattebeløpet fram til disposisjonstidspunktet, avhenge av tidspunktet for det tidlegare uttaket frå norsk skattleggingsområde. Tidspunktet for den faktiske realisasjonen o.a. skal ikkje ha noko å seia med omsyn til iverksetjinga av endringane. Etter dei nye reglane skal flytting til ein stat utanfor EØS-området føre til opphøyr av retten til betalingsutsetjing. Det følgjer likevel av det som er sagt ovanfor at flytting til ein stat utanfor EØS ikkje skal føre til opphøyr av retten til betalingsutsetjing dersom uttaket er hendt før 15. mai 2012 og vilkåra for betalingsutsetjing elles er oppfylt. Når det gjeld skattytarar som allereie ved uttaket høyrer heime i ein stat utanfor EØS, vil dei ikkje ha høve til betalingsutsetjing dersom uttaket er gjennomført 15. mai 2012 eller seinare. Ein viser til forslag til iverksettjingsføresegn til endringane i skattelova § 9-14.
Forslaget vil ikkje føre til monaleg meirarbeid for skatteetaten eller skattytarane. Forslaget dreier seg i hovudsak om utflytting av større driftsmiddel av mobil karakter, som til dømes riggar og immaterielle eigedelar som patent o.a. Omfanget av slike transaksjonar er relativt avgrensa, men enkelte transaksjonar kan vere store. Omfanget varierar mykje frå år til år. På denne bakgrunnen er dei økonomiske verknadene av endringsforslaget knapt mogeleg å rekne ut. Reglane skal forhindre tap av skattegrunnlag ved uttak til andre skattejurisdiksjonar, og provenyverknadene på kort sikt vil derfor truleg ikkje vere nemnande stor.
Problemstillingane som er omtalt under punkt 2.3.1 og 2.3.2 i proposisjonen, gjeld også for føresegnene i skattelova § 14-60 flg. om avskrivingar og inntektsoppgjer for driftsmiddel som takast inn i og ut av norsk skattleggingsområde. Departementet foreslår derfor å ta inn presiseringar som nemnt også i skattelova § 14-60. Ein viser til forslag til endring i skattelova § 14-60 tredje ledd første punktum samt nytt tredje punktum.
Departementet foreslår at endringane tar til å gjelde straks.
Endringane vil ikkje ha økonomiske eller administrative verknader.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, slutter seg til regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til regjeringens forslag om å skjerpe reglene om beskatning av eiendeler som tas ut av norsk beskatningsområde. Disse medlemmer mener rammebetingelsene må være så fleksible som mulig, slik at de ikke hemmer norske bedrifters omstillingsevne. Dette gjelder også omstillinger på tvers av landegrensene. Disse medlemmer registrerer at regjeringen begrunner forslaget med beslutninger fattet i EU-domstolen. Disse medlemmer mener imidlertid at regjeringen legger til grunn en unødvendig streng fortolkning av domstolens beslutning.
Disse medlemmer vil derfor gå imot forslag til endringer i skatteloven § 9-14 og § 14-60 om skattlegging ved uttak av objekt fra norsk skattleggingsområde.