Samandrag
- Omtale av utbygginga av Ryfast
- Lokalpolitisk behandling
- Utbyggings- og finansieringsopplegg
- Nærare omtale av prosjektet E39 Eiganestunnelen
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av Ryfylkesambandet (Ryfast) i Rogaland. Samtidig legg departementet fram styrings- og kostnadsramme for prosjektet E39 Eiganestunnelen i Rogaland.
Saman med prosjektet E39 Eiganestunnelen vil Ryfast gi ferjefritt vegsamband mellom Nord-Jæren og Ryfylke.
Ryfast omfattar to undersjøiske toløps tunnelar. Tunnelen mellom E39 i Stavanger og Hundvåg (Hundvågtunnelen) er 5,7 km lang, medan tunnelen mellom Hundvåg og Solbakk i Strand kommune (Solbakktunnelen) er 14,3 km lang. Det er lagt opp til anleggsstart i 2012/2013, med opning for trafikk i 2018.
Det er i dag to ferjesamband mellom Nord-Jæren og Ryfylke: Sambandet Lauvvik–Oanes og sambandet Stavanger–Tau. Det er føresett at begge sambanda blir lagt ned når Ryfast blir opna for trafikk. Desse er i dag sambandet mellom Ryfylkekommunane Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand med til saman om lag 18 000 innbyggjarar, og Nord-Jæren inkl. regionsentret Stavanger, E39, Stavanger lufthamn Sola, Risavika hamn og godsterminalen ved Ganddal.
Prosjektet Ryfast er mellom anna omtalt i St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019, St.prp. nr. 1 (2005–2006) og Prop. 1 S (2011–2012).
Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2 (2002–2003) slutta Stortinget seg til innkrevjing av forskotsbompengar i dei to ferjesambanda for å finansiera planlegging av Ryfast. Innkrevjinga blei avslutta i juli 2005 etter innkrevjing i 2 1/2 år, jf. St.prp. nr. 1 (2005–2006).
Prosjektet E39 Eiganestunnelen er mellom anna omtalt i St.meld. nr. 16 (2008–2009), St.prp. nr. 1 (2005–2006) og Prop. 1 S (2011–2012). I Prop. 28 S (2011–2012) er det lagt til grunn delvis bompengefinansiering med bompengar frå Nord-Jærenpakka.
Det er ein føresetnad for Ryfast at delar av Eiganestunnelen blir bygd sidan fellesstrekninga mellom dei to prosjekta inngår i Eiganestunnelen.
I mars 2012 gjekk fylkestinget inn for at Ryfast blir bygd som eit fylkesveganlegg og overført til staten etter at utbygginga er gjennomført. Samferdselsdepartementet held fast ved at Ryfast blir gjennomført som eit riksvegprosjekt, jf. Prop. 1 S (2011–2012) der Samferdselsdepartementet gjekk inn for at Ryfast blir gjennomført som eit riksvegprosjekt og at Ryfast. blir ein del av rv. 13.
Nødvendige omleggingar av lokalvegnettet inngår i prosjektet. I tillegg til å inngå i sambandet mellom Nord-Jæren og Ryfylke vil Hundvågtunnelen gi bydelen Hundvåg/Buøy eit nytt fastlandssamband og avlasta Bybrua. Vidare vil Hundvågtunnelen saman med Eiganestunnelen avlasta vegnettet i sentrale delar av Stavanger. Reguleringsplanar for traseen til Ryfast blei godkjende i 2008.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet rv. 13 Ryfast. Samferdselsdepartementet legg til grunn, i 2012-prisnivå, styringsramme for prosjektet på 5 220 mill. kroner og kostnadsramme på 5 950 mill. kroner. Kostnadene er inkl. etablering av bomstasjonar.
Statens vegvesen har rekna samfunnsøkonomisk netto nytte for Ryfast (NN) til 140 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til 0.
Etter den lokalpolitiske behandlinga er det med unnatak av Forsand kommune lokalpolitisk tilslutnad til finansieringsopplegget og bompengeopplegget inkl. forslaget til takstar og rabattsystem. Forsand kommune ønskjer at fylkesvegprosjektet med tunnel mellom Espedal og Frafjord blir innarbeidd i opplegget. Dersom dette ikkje blir tatt til følgje, ber Forsand kommune om at Hundvågtrafikken tek sin del av utgiftene. Samferdselsdepartementet viser til at finansieringsopplegget blei lagt fram etter lokale prosessar. Dei andre kommunane og Rogaland fylkeskommune har slutta seg til finansieringsopplegget. Departementet meiner at samanhengen mellom nytte og betaling er tilfredsstillande. Departementet legg etter dette til grunn at det er tilstrekkeleg lokalpolitisk tilslutning til opplegget. Dersom økonomien i prosjektet blir betre enn føresett, går departementet likevel inn for at dette skal føra til lågare takstar i Solbakktunnelen.
Rogaland fylkeskommune og Stavanger kommune har fatta garantivedtak for eit maksimalt bompengelån på til saman 6 mrd. kroner i 30 år (2010-prisnivå). Garantien er fordelt med 70 pst. på fylkeskommunen og 30 pst. på kommunen.
Finansieringsplanen for Ryfast omfattar bompengar og lokale tilskot frå fylkeskommunen, kommunar og lokalt næringsliv.
Trafikktala er baserte på at ferjesambanda Lauvik–Oanes og Stavanger–Tau samt hurtigbåtsambandet Stavanger–Jørpeland blir lagt ned når Ryfast blir opna for trafikk. Det er lagt til grunn at sambanda blir erstatta med eit godt busstilbod.
Det er vesentleg uvisse ved trafikkgrunnlaget. Dette er i hovudsak knytt til avvising som følgje av bompengar og kor stor del av trafikken som ikkje blir særleg påverka av bompengetakstane (næringstrafikk og fritids- og turisttrafikk). Vidare kan tiltak for å avgrensa biltrafikk i byområdet påverka nivået på trafikken i bomstasjonane for Ryfast.
I St.meld. nr. 32 (1988–1989) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990–1993 og St.meld. nr. 46 (1990–1991) Om endring i rammebetingelser for bompengeprosjekter er bompengeperioden avgrensa til 15 år. Det blir likevel opna for at 20 år kan vurderast i spesielle tilfelle. For nokre ferjeavløysingsprosjekt er det derfor lagt til grunn ein bompengeperiode på om lag 20 år. Samferdselsdepartementet tilrår derfor at det blir lagt opp til ein bompengeperiode for Ryfast på om lag 20 år.
Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i automatiske, ubemanna bomstasjonar. Innkrevjinga vil skje i begge retningar.
Forslag til finansieringsplan for utbygging av Ryfast går fram av tabell 5.1 nedanfor:
Tabell 5.1 Finansieringsplan
Mill. 2012-kr | |||||
Før 2010 | 2010-2013 | 2014-2017 | 2018-2023 | Sum | |
Bompengar | 716 | 2 984 | 1 148 | 4 848 | |
Rogaland fylkeskommune | 6 | 74 | 38 | -6 | 112 |
Stavanger kommune | 20 | 90 | 90 | 200 | |
Ryfylkekommunane | 10 | 20 | 30 | ||
Stavanger Næringsforening | 10 | 20 | 30 | ||
Sum: | 26 | 900 | 3 152 | 1 142 | 5 220 |
Eventuelle kostnadsoverskridingar ut over prisstigning skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt og dei lokalpolitiske vedtaka.
I proposisjonen er det lagt til grunn samla bompengeinntekter på om lag 9,9 mrd. kroner i 2012-prisnivå. Om lag 4,8 mrd. kroner er føresett nytta til å dekkja delar av investeringskostnadene, om lag 4,7 mrd. kroner til å dekkja lånerenter (basert på 6,5 pst. lånerente) og 0,4 mrd. kroner til å dekkja inn-krevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.
Etter at Stortinget har fatta vedtak om utbygging og finansiering av rv. 13 Ryfylkesambandet i Rogaland, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei vilkåra som er lagt til grunn i proposisjonen.
Prosjektet E39 Eiganestunnelen omfattar bygging av firefelts veg utanom Stavanger sentrum mellom Schancheholen og Smiene inkl. ein 3,7 km lang tunnel. Fellesstrekninga med Hundvågtunnelen på om lag 0,9 km blir finansiert som ein del av Eiganes-tunnelen. Prosjektet vil avlasta området for gjennomgangstrafikk, auka trafikktryggleiken og redusera køproblema.
I Prop. 28 S (2011–2012) er det lagt til grunn delvis bompengefinansiering med bompengar frå Nord-Jærenpakka. Det er ein føresetnad for Ryfast at delar av Eiganestunnelen blir bygd.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet. Samferdselsdepartementet legg til grunn, i 2012-prisnivå, styringsramme på 2 110 mill. kroner og kostnadsramma 2 190 mill. kroner.
Samfunnsøkonomisk netto nytte for Eiganestunnelen (NN) er rekna til 640 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til 0,3.
Departementet vil koma tilbake til utbyggings- og finansieringsplan for prosjektet Eiganestunnelen når alle avklaringar ligg føre.