8. Folketrygdfondets virksomhet i 2011
- 8.1 Innledning
- 8.2 Statens pensjonsfond Norge
- 8.3 Statens obligasjonsfond
- 8.4 Særlovselskapet Folketrygdfondet
Folketrygdfondet er eit statleg særlovselskap som har til oppgåve å forvalta Statens pensjonsfond Noreg (SPN) og Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet. Verksemda i dei to fonda er regulert gjennom overordna mandat som er fastsette av departementet, medan styret i Folketrygdfondet er ansvarleg for den operative forvaltninga. Målet med Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er høgast mogleg avkastning målt i norske kroner. Det finansielle målet for Statens obligasjonsfond er høgast mogleg avkastning over tid innanfor det regelverket som gjeld for forvaltninga. Samstundes skal det takast omsyn til målet om å medverka til auka likviditet på, og betre kapitaltilgang til, kredittobliga-sjonsmarknaden i Noreg. Finansdepartementet følg-jer opp Folketrygdfondet si forvaltning av dei to fonda mellom anna gjennom kvartalsvise møte.
Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er omtala i Meld. St. 17 (2011–2012) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2011, der departementet òg gjer greie for sine vurderingar av dei oppnådde resultata i forvaltninga. Folketrygdfondet si forvaltning av Statens obligasjonsfond er omtala i avsnitt 8.4 under.
Folketrygdfondet har for 2011 utarbeidd ein årsrapport og halvårsrapport om forvaltninga av SPN, i tillegg til ein årsrapport om forvaltninga av Statens obligasjonsfond. Årsrapporten frå Folketrygdfondet følgde som utrykt vedlegg til Meld. St. 17 (2011–2012).
I samsvar med § 13 i lov om Folketrygdfondet har departementet peika ut ein ekstern revisor til å revidera rekneskapen for Folketrygdfondet, inkludert forvaltninga av SPN og Statens obligasjonsfond. Det skjedde etter ein offentleg konkurranse der tilbydaren med det samla sett økonomisk beste tilbodet fekk tilslaget. Det er òg inngått ei avtale med revisor om eit attestasjonsoppdrag for å stadfesta at forvaltninga av SPN er i samsvar med lov, mandat, forskrift o.a. som er fastsette av departementet. Riksrevisjonen skal følgja opp og føra tilsyn med Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. riksrevisjonslova § 9.
Departementet har i ei særskild forskrift fastsett nærare reglar om korleis rekneskapen for Folketrygdfondet skal førast, jf. forskrift 8. desember 2011 nr. 1217 om årsregnskap m.m. for Folketrygdfondet. Etter lov om Folketrygdfondet § 12 skal årsrekneskapen og årsmeldinga til Folketrygdfondet godkjennast av departementet og leggjast fram for Stortinget. Finansdepartementet godkjende årsrekneskapen og årsmeldinga 30. mars 2012.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.
Marknadsverdien til SPN var ved utgangen av 2011 129,5 mrd. kroner, som er 5,4 mrd. kroner lågare enn ved inngangen til året. Verdien av aksjane i SPN utgjorde ved årsskiftet 78,7 mrd. kroner.
Realiserte porteføljeinntekter utgjorde 8 372 mill. kroner. Av dette utgjorde renteinntekter 2 959 mill. kroner, utbyte 3 437 mill. kroner, netto realiserte gevinstar 2 295 mill. kroner og andre porteføljeinntekter -319 mill. kroner. Netto urealiserte gevinstar var på -13 661 mill. kroner. Forvaltningskostnadene utgjorde 110 mill. kroner, og dei vert dekte ved at godtgjersla til Folketrygdfondet vert trekt frå bruttoavkastninga i SPN.
I 2011 var avkastninga av SPN -3,92 prosent målt nominelt i kroner, og resultatet er særleg prega av den svake utviklinga på aksjemarknaden i fjor. Folketrygdfondet oppnådde i 2011 betre resultat enn referanseindeksen for norske aksjar og obligasjonsinvesteringar. Meiravkastninga vart 1,26 prosenteiningar før forvaltningskostnader, det vil seia 1,26 prosenteiningar høgare avkastning enn avkastninga på referanseindeksen.
Styret i Folketrygdfondet seier i årsmeldinga for 2011 at det strukturelle rammeverket som er etablert, høver med dei oppgåvene Folketrygdfondet er sett til å ta seg av.
I årsmeldinga for 2011 peikar styret på at Folketrygdfondet har eit godt risikostyringssystem for forvaltninga av SPN jamført med beste praksis. Styret meiner dei fastsette risikorammene er forsvarlege, og den venta relative volatiliteten har i heile 2011 lege innanfor rammene.
Ekstern revisor for Folketrygdfondet, Ernst & Young, har gjeve revisjonsmelding for 2011. Ifølgje meldinga er årsrekneskapen for SPN levert i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit rett bilete av den økonomiske stillinga til SPN per 31. desember 2011 og av resultatet i rekneskapsåret, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.
I Meld. St. 17 (2011–2012) er det gjeve ei nærare vurdering av korleis Folketrygdfondet har forvalta SPN.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.
Statens obligasjonsfond vart skipa i mars 2009 med ei ramme på 50 mrd. kroner. Meininga med fondet er å medverka til auka likviditet og betre kapitaltilgang på kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. Statens obligasjonsfond er eit generelt verkemiddel overfor obligasjonsmarknaden ved at fondet saman med andre investorar vil kjøpa obligasjonslån som er lagde ut av norske føretak på både fyrstehandsmarknaden og andrehandsmarknaden.
Folketrygdfondet er ansvarleg for forvaltninga av Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet, med eit mandat som er åtskilt frå mandatet for Statens pensjonsfond Noreg. Finansdepartementet fastsette 18. mars 2009 ei forskrift om forvaltninga av Statens obligasjonsfond som slår fast at fondet skal ha ei klår finansiell målsetjing. Forskrifta vart oppdatert og skifta ut med eit nytt mandat 21. desember 2010 i samband med endringar i det formelle rammeverket for SPN, jf. Meld. St. 15 (2010–2011) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2010.
Folketrygdfondet er ansvarleg for å gjera investeringsval i samsvar med dei retningslinene som er gjevne. Fondet skal gjera einskildinvesteringar på forretningsmessig grunnlag, uavhengig av Finansdepartementet, og skal ikkje leggja investeringsavgjerdene fram for Finansdepartementet på førehand.
Investeringane skal skje på marknadsmessige vilkår, og risikoen skal vera spreidd på ei rekkje utferdarar i fleire sektorar. Kravet om marknadsmessig prising er viktig for at investeringane i Statens obligasjonsfond skal vera i samsvar med dei føresetnadene som vart lagde til grunn då lovframlegget vart fremja. Dette er òg avgjerande for å gå klar av EØS-reglane om ulovleg statsstønad.
Det har vore eit kraftig fall i rentenivået sidan Statens obligasjonsfond vart skipa vinteren 2009, og kredittpåslaga på verdipapir i norske kroner er no lågare enn då dei toppa seg under finanskrisa. Dette gjer at kostnadene er lågare enn i 2009 for norske føretak som ynskjer å finansiera verksemda si gjennom den norske kredittobligasjonsmarknaden.
Ved utgangen av 2011 var 8,1 mrd. kroner av den samla ramma på 50 mrd. kroner plassert i obliga-sjons-marknaden. Resten av midlane står på ein ikkje-renteberande konto i Norges Bank i påvente av kjøp av obligasjonar. Det var investert i totalt 66 ulike lån, og drygt halvparten av investeringane var lån til selskap innanfor bank- og finanssektoren. 76,2 prosent av dei investerte midlane er lån som er gjevne til selskap som har høg eller moderat kredittkvalitet («investment grade»), medan 23,8 prosent er lån som er gjevne til selskap med lågare kredittkvalitet («non-investment grade»).
Ved utgangen av 2011 var marknadsverdien av eigedelane i Statens obligasjonsfond 51,6 mrd. kroner, som er 0,4 mrd. kroner høgare enn året før. Utviklinga i marknadsverdien i fyrste del av 2011 var prega av god likviditet og kapitaltilgang i den norske obligasjonsmarknaden. Utetter i andre halvdel av 2011 vart likviditeten svekt som følgje av uro i dei internasjonale finansmarknadene. Styret i Folketrygdfondet peikar i årsmeldinga på at det vart ein sterk auke i aktiviteten på obligasjonsmarknaden i 2011, og med ein meir velfungerande marknad minkar behovet for at Statens obligasjonsfond skal delta i nyemisjonar.
Statens obligasjonsfond kjøpte nye obligasjonar for i alt 1 230 mill. kroner i 2011, fordelte på 13 obligasjonslån. Samstundes vart det selt obligasjonar for 1 698 mill. kroner fordelte på 18 obligasjonslån. 14 av sala vart gjennomførde ved at Statens obligasjonsfond selde obligasjonar for 1 194 mill. kroner til Statens pensjonsfond Noreg. Alle handlane vart gjennomførde til marknadspris slik mandatet for Statens obligasjonsfond krev.
I mandatet for Statens obligasjonsfond er det presisert at fondet i heilt spesielle situasjonar som gjeld finansielle restruktureringar i selskap i porteføljen til fondet, kan vika av frå reglane i mandatet dersom det trengst for å sikra verdiane i fondet, jf. Meld. St. 21 (2010–2011) Finansmarknadsmeldinga 2010 og brev til finanskomiteen i Stortinget 14. juni 2011. Stortinget handsama Finansmarknadsmeldinga 16. juni 2011, og finanskomiteen hadde ingen merknader til presiseringa i mandatet.
Som følgje av ei selskapshending i 2011 vart Statens obligasjonsfond tildelt aksjar som tilsvara 11,9 prosent av aksjane i selskapet.
Avkastninga av Statens obligasjonsfond var i fjor på 4,4 prosent målt i høve til nivået på dei investerte midlane, rekna som ei tidsvekta avkastning.
Mandatet for Statens obligasjonsfond slår fast at Folketrygdfondet innan utgangen av 2013 skal leggja fram ein plan for avvikling av fondet.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.
Administrasjonskostnadene til Folketrygdfondet utgjorde om lag 120 mill. kroner i 2011. Dei samla administrasjonskostnadene var om lag 20 mill. kroner høgare enn i 2010. Overførde forvaltningshonorar frå SPN utgjorde 110 mill. kroner, eller 0,083 prosent av forvaltningskapitalen i 2011. Overførde forvaltningshonorar frå Statens obligasjonsfond utgjorde om lag 10 mill. kroner. Dette er samla sett innanfor ramma som er fastsett av departementet.
Årsrekneskapen for Folketrygdfondet for 2011 viser eit overskot på 2,1 mill. kroner. Av dette er det gjort framlegg om at 1 mill. kroner vert sett av til utbyte til staten, jf. Prop. 1 S (2009–2010). Eigenkapitalen til folketrygdfondet var 31. desember 2011 på 27,4 mill. kroner, mot 26,2 mill. kroner ved utgangen av 2010.
Ekstern revisor for Folketrygdfondet konkluderer i revisjonsmeldinga for 2011 med at årsrekneskapen for Folketrygdfondet er i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit korrekt bilete av resultatet i rekneskapsåret og den økonomiske stoda per 31. desember 2011, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.
Revisor har for året 2011 fått eit attestasjonsoppdrag som gjeld internkontrollsystemet i Folketrygdfondet og korleis Folketrygdfondet har følgt reglane som er gjevne i lov om Folketrygdfondet og i mandat frå Finansdepartementet. I attestasjonsfråsegna dagsett 16. mars 2012 skriv revisor at det ikkje har kome fram noko som gjev grunn til å tru at internkontrollsystemet til Folketrygdfondet ikkje i det store og heile er i samsvar med internasjonalt tilrådd praksis. Revisor skriv òg at ikkje noko tyder på at det har skjedd vesentlege brot på reglane som er gjevne i lov om Folketrygdfondet og i mandat frå Finansdepartementet, jf. Meld. St. 17 (2011–2012).
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.