Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Vedlegg

Eg viser til brev 7. desember 2011 frå Kommunal- og forvaltningskomiteen, med oversending av representantforslag om etablering av eit uavhengig tvisteløysingsorgan mellom stat og kommune (Dokument 8:32 S (2011–2012)).

Forslaget om å etablere ein uavhengig rettsinstans for løysing av tvistar mellom stat og kommune i forvaltningssaker reiser omfattande og kompliserte problemstillingar som ikkje er tilstrekkeleg kartlagde.

Forslagstillarane løfter fram alternative tvisteløysingsordningar. Nokre av alternativa i forslaget vil innebere ei vesentleg omlegging av systemet for tvisteløysing. Ei eventuell innføring av slike tvisteløysingsordningar, som til dømes ein forvaltningsdomstol, krev eit solid kunnskapsgrunnlag og viktige prinsipielle og praktiske avklåringar.

Eg har ikkje kunnskapsgrunnlag til å vurdere og kommentere kvar og ei av dei alternative ordningane som er løfta fram i forslaget, men vil peike på at eg er kjend med den nemnde nemndbaserte tvisteløysingsordninga for utgiftsdelinga innanfor barnevernet, jf. ei samarbeidsavtale 19. august 2008 mellom Barne- og likestillingsdepartementet og KS. Det er òg lagt føringar for å etablere eit nasjonalt uavhengig organ som skal handsame tvistar mellom stat (spesialisthelsetenesta) og kommune (den kommunale helse- og omsorgstenesta) om gjennomføringa av dei nye lovpålagte avtalane mellom kommunar og helseføretak i Prop. 91 L (2010–2011) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) kapittel 28.6.7. Tvisteløysingsorganet skal bli etablert etter avtale mellom Helse- og omsorgsdepartementet og KS og verke på same måte som barnevernet sitt tvisteløysingsorgan.

Dei ovannemnde tvisteløysingsordningane gjev moglegheit til å prøve ut ei nasjonal, uavhengig tvisteløysing i mindre skala og på avgrensa område. Når ordningane har fått verke ei tid, kan dei gje eit kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere om ordningane eventuelt bør overførast til andre forvaltningssektorar.

Dette svaret er utforma i samråd med fornyings-, administrasjons- og kyrkjeministeren og justis- og politiministeren.