Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å sette i kraft en overenskomst mellom Norge og Uruguay om opplysninger i skattesaker

Innhold

Til Stortinget

Den 14. desember 2011 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Den Orientalske Republikken Uruguay om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 18. november 2011. Overeinskomsten blei på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegner av Den Orientalske Republikken Uruguay av ambassadør Omar Mesa. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne datoen og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.

Innan utløpet av 2005 var alle skatteregime i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida blei det teke kontakt med alle jurisdiksjonar som ein meinte var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som vil kunne bli utsett for mottiltak.

Uruguay var av ymse grunner ikkje blant dei 38 jurisdiksjonane som opphavleg blei definerte som skatteparadis og som blei bede om å gje ei politisk bindande erklæring om innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. Sidan Uruguay oppfyller kriteria for skatteparadis, tok dei nordiske landa initiativ til at og Uruguay skulle inngå avtaler for effektiv informasjonsutveksling i skattesaker bygd på OECD sin modellavtale. Denne forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, og frå bankar, finansinstitusjonar, advokatar og andre rådgjevarar.

For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske landa større tyngd i forhandlingane vedtok Nordisk Ministerråd i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar av slike avtaler. Det er nå gjennomført slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa, medrekna Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne. Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for prosjektet.

Avtala er inngått på norsk, spansk og engelsk. Som vedlegg til proposisjonen følgjer utkastet til den norske og engelske teksten.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunvor Eldegard, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, lederen Torgeir Micaelsen, Knut Storberget, Dag Ole Teigen og Laila Thorsen, fra Fremskrittspartiet, Jørund Rytman, Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Arve Kambe, Jan Tore Sanner og Eli Skoland, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Egeland, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter seg til regjeringens forslag om samtykke til å sette i kraft overenskomsten om opplysninger i skattesaker mellom Norge og Uruguay.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til å sette i kraft en overenskomst mellom Norge og Uruguay om opplysninger i skattesaker underskrevet i Paris 14. desember 2011.

Oslo, i finanskomiteen, den 16. februar 2012

Torgeir Micaelsen

Gerd Janne Kristoffersen

leder

ordfører