Innstilling frå finanskomiteen om samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Noreg og Bahrain om opplysningar i skattesaker

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Den 15. september 2011 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Kongeriket Bahrain om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 18. april 2011. Overeinskomsten vart på vegne av Noreg underskriven av chargé d’affaires a.i. Vegard Brynhildsen og på vegne av Kongeriket Bahrain av finansminister H.E. Sh. Ahmed bin Mohammed Al Khalifa. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse. Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.

Innan utløpet av 2005 var alle skatteregime i medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida blei det teke kontakt med samtlege jurisdiksjonar som ein meinte var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog. Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis som vil kunne bli utsett for mottiltak.

Alle dei 38 jurisdiksjonane som blei definerte som skatteparadis, har nå gitt ei slik politisk bindande erklæring om innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. I samarbeid med dei første 11 av dei jurisdiksjonane som gav slik erklæring, har OECD utarbeidd ei modellavtale for effektiv informasjonsutveksling i skattesaker. Ho forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, også frå banker, finansinstitusjonar og advokatar og andre rådgjevarar.

For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske landa større tyngd i forhandlingane vedtok Nordisk Ministerråd i juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske gjennomføringa av forhandlingar av slike avtaler. Det er nå gjennomført slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa, medrekna Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne. Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for prosjektet.

Avtala, som i det alt vesentlege følgjer OECD sin modell, er inngått på norsk, arabisk og engelsk. Som vedlegg til proposisjonen følgjer den engelske og norske teksten.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Roald Aga Haug, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, leiaren Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim og Knut Storberget, frå Framstegspartiet, Jørund Rytman, Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, og frå Venstre, Borghild Tenden, samtykker i regjeringa sitt forslag om å sette i kraft ein overeinskomst mellom Noreg og Bahrain om opplysningar i skattesaker.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Noreg og Bahrain om opplysningar i skattesaker, underskriven i Paris 15. september 2011.

Oslo, i finanskomiteen, den 19. januar 2012

Torgeir Micaelsen

Gunvor Eldegard

leiar

ordførar